Undredal stavkyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 60°57′3″N 7°6′8″E

Undredal stavkyrkje
kyrkje
Undredal stave church 25may2006.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Vestland
Kommune Aurland
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Sogn
Sokn Undredal
Fellesråd Aurland
Stad Undredal
Teknikk stavverk
Material tre
Innvigd slutten av 1100-talet
 - Vigd til St. Nikolas
 - Endringar utvida mot vest, 1722.
Preikestol 1696
Døypefont 1680
Sitjeplassar 40

Undredal stavkyrkje
60°57′1″ N 7°6′12″ E
Wikimedia Commons: Undredal stavkirke

Undredal stavkyrkje er ei stavkyrkje i bygda Undredal i Aurland kommune i Vestland. Kyrkja vert ut frå stilhistorie og annan kunnskap datert til slutten av 1100-talet.[1]

Ho er den minste kyrkja i Skandinavia som framleis er i bruk, med berre 40 sitjeplassar. Skipet er knapt sju meter langt utvendig, kor og våpenhus kjem i tillegg med 4 og 2 meter.

Mot koret
Kyrkjeskipet

Det er spor etter svalgang rundt kyrkjeskipet. Skipet er forlenga mot vest med klokketårn og eit våpenhus med saltak. Kyrkjekoret er nyare og i same breidd som skipet.

Inne i kyrkja heng den første kyrkjeklokka frå mellomalderen, men kyrkjeklokka er teken ut av bruk. I klokketårnet er det to nye klokker datert 1884 og 1996.

Veggane har den originale dekoren i limfarge frå 1600-talet, og i taket er det måla bibelfigurar og englar.

Inne i kyrkja er det mellom anna ein kneleskammel frå 1647, døypefat frå kring 1680, preikestol med datering 1696 og to lysestakar med skjold datert 1702.

Vestenden er i tømmer (laft) - tårnet var opphavleg ein frittståande stopul som vart bygd i hop med skipet etter reformasjonen.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kyrkja er første gong nemnt i skriftlege kjelder på 1320-talet, då som capellam beati Nicolai de Undradal.[3][4] I 1665 vert det nemnt svalgangar på kyrkja, som då måtte vølast.[3] I 1722 blei svalgangane kring kyrkja fjerna og dei første vindauga vart sette inn. Kyrkja vart dette året skildra som "en ældgammel og liden Stavkirke" med "Taarn paa".[3] Kring 1850 vart våpenhuset og siste del av skipet påbygd. Kyrkja vart òg måla kvit innvendig. På slutten av 1800-talet trudde ein at den gamle stavkyrkja var riven, og at kyrkja som stod i Undredal var bygd ein gong etter 1722. Lorentz Dietrichson hadde ikkje vore i Undredal og baserte seg berre på skriftlege kjelder.[5] Først tidleg på 1900-talet vart det oppdaga at det faktisk var den gamle stavkyrkja som framleis stod. Etter ei stor ommvøling i 1961 vart den kvite målinga vaska av og dei originale måleria kom til syne att. Kyrkja vart òg restaurert i 1984, med nytt kyrkjegolv, og ny bordkledning utvendig. Seinare vart òg taket og kyrkjetårnet reparert. Ved fleire høve har det vore planar om flytting av kyrkja, sist gong var i 1913, men flytting vart det ikkje noko av.

Kyrkja er soknekyrkje i Undredal sokn i Sogn prosti. Fram til prestegjelda vart fasa ut frå 2004 låg ho i Aurland prestegjeld.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Torkjell Djupedal (1997). «Kan vi tru på årstalet 1147?». Undredal : kyrkja og bygda. Undredal: Undredal sokneråd. s. 129. ISBN 8291722013. 
  2. Anker, Peter (1997): Stavkirkene: deres egenart og historie. Cappelen.
  3. 3,0 3,1 3,2 Lorentz Dietrichson, De norske stavkirker (Kristiania og Kjøbenhavn, 1892)
  4. Primærkjelde i Diplomatarium Norvegicum IV, 151
  5. Anker, Peter (1997): Stavkirkene: deres egenart og historie. Cappelen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]