Hopp til innhald

Nasjonal turistveg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skilt for nasjonal turistvei
Kvinnefossen er omtrent 2 km austom Hella ferjekai, ein del av riksveg 55

Nasjonal turistveg (Nasjonal turistvei) er vegar i Noreg som har fått offisiell status som veg der det skal investerast ekstra for å få ein infrastruktur som passar turistnæringa og reisande langs desse vegane. Initiativtakar for prosjektet er Statens Vegvesen og dei presenterer prosjektet som ei ferd i harmoni med det ytre landskapet og eins eige indre.

Satsinga på nasjonale turistvegar vart vedteke av Stortinget i 2001.

Målsettinga er å tilby vegfarande bilturistar 18 nasjonale turistvegar med ei samla lengd på ca. 1800 km innan 2015. Denne særskilde turistattraksjonen skal stimulere vegfarande turistar til å nytte Noreg som sitt feriemål og gjennom det styrke næringsgrunnlaget. Godkjende strekningar vil bli profilert med ein eigen logo (turistvegsymbolet).

I 2012 fekk turistvegane arkitekturmagasinet Topos sin spesialpris for arkitekturen som blir brukt på kafébygg og utkikksposter.[1][2]

Krav til standard

[endre | endre wikiteksten]

For å oppnå dette må det gjerast store investeringar for å få løfta vegane opp på det naudsynte nivået. Dette omfattar:

  • Standard og tryggleik på sjølve vegen
  • Rasteplassar av god kvalitet på rett stad
  • Utsiktspunkt som er tilrettelagt
  • Informasjon
  • Serverings- og overnattingshøve
  • Aktivitetstilbod og opplevingar utover sjølve køyreturen

Godkjende strekningar

[endre | endre wikiteksten]
Montering av gangbru og utsiktspunkt over Vøringsfossen, sommaren 2020.
Reine i Lofoten, staden ligg langs Europaveg 10
Foto: Lukas Beck
Nybygget på Trollstigen rett før opning i 2012.

18 veisystem har blitt klassifisert som Nasjonal turistveg.[3] Alle 18 strekningar er per 2012 merka med symbolet for nasjonale turistveger. Ein del arbeid på nokre strekninger skal utførast fram mot år 2020.[4]

Nye kandidatar

[endre | endre wikiteksten]

Av femti søkarar har Vegdirektoratet plukka ut følgjande vegar med potensial til å få status som nasjonal turistveg:

I nær framtid

[endre | endre wikiteksten]

Etter vurderingane til vegdirektoratet er det berre 15 - 25 strekningar som har potensial til å oppnå status i løpet av dei neste 25 åra.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]