Georg Trakl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Georg Trakl
Georg Trakl.jpg
Georg Trakl
Nasjonalitet Austerriksk
Fødd 3. februar 1887
Salzburg
Død

3. november 1914
Kraków

Yrke Farmasøyt
Tema Død, forgjengelegdom, liding, vondskap, undergang, kaos, modernitetskritikk og religiøs skuldkjensle.
Påverka av Friedrich Hölderlin, Charles Baudelaire, Fjodor Dostojevskij, Arthur Rimbaud, Paul Verlaine
Periode 1906-1914
Rørsle Ekspresjonisme
Sjanger Lyrikk
Debut 1913
Georg Trakl på Commons

Georg Trakl (fødd 3. februar 1887 i Salzburg, død 3. november 1914 i Krakow) var ein austerriksk diktar og blant dei viktigaste lyrikarane i den tidlege ekspresjonismen. Diktinga til Trakl var i byrjinga påverka av den franske symbolismen, representert av forfattarar som Charles Baudelaire, Arthur Rimbaud, Paul Verlaine og den seine Friedrich Hölderlin. Sidan utvikla Trakl ein eigen unik tone, prega av tungsinn og ei kjensle av lengsle og sorg. Diktinga hans krinsar om emne som liding, forgjengelegdom og undergang, kaos og det vonde. Trass i at han berre rakk å fullføre to diktsamlingar i løpet av tida han levde, fekk diktinga hans stor innverknad på den ekspresjonistiske lyrikken i mellomkrigstida og på tysk lyrikk etter 1945, og Trakl har blitt omtala som den fremste lyrikaren innan den tyske ekspresjonismen.[1]

Trakl har blitt attdikta til norsk fleire gongar: Av Ellinor Lervik i 1974, Odd Abrahamsen i 1976, Olav H. Hauge i 1991 og Arild Vange i 2002.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Oppvekst og tidlege år[endre | endre wikiteksten]

Georg Trakl blei fødd i Salzburg i det dåverande Austerrike-Ungarn, som fjerde barn i ein søskenflokk på seks. Far hans var jarnvarehandlar, og han voks opp i ein velståande familie med kulturelle interesser. Trass i dette gjorde Trakl det aldri godt på skulen, og grunna dårleg resultat blei han mellom anna nøydd til å gå fjerde klasse om att, etter å ha fått strykkarakter i matematikk, latin og gresk. I sjuande klasse strauk han i dei same faga, men valde heller å avslutte skulegangen enn å ta året på nytt. Jamvel om han var mislukka i akademisk samanheng, var han interessert i både musikk og litteratur. Frå 1904 skreiv han vers og lyriske skisser som var påverka av forfattarar som Nikolaus Lenau, Charles Baudelaire, Paul Verlaine, Stefan George og Hugo von Hofmannsthal. På denne tida møtte han også likesinna i diktarsamlaget «Apollon» (seinare «Minerva»). Han utvikla ei stor ovundring for den russiske forfattaren Fjodor Dostojevskij og filosofen Friedrich Nietzsche, men tok seinare i livet avstand frå sistnemnde. Trakl prøvde også kloroform for første gong i denne perioden, ei røynsle som blei byrjinga på ein livslang avhengnad til narkotiske stoff.

I september 1905 byrja Trakl som apotekarlærling i Salzburg, for seinare å kunne studere farmasi. Han blei kjent med dramatikaren Gustav Streicher, og gjode sine første freistnader på å skrive for teateret, med blant andre August Strindberg og Henrik Ibsen som viktige førebilete. Våren 1906 fekk han sett opp einaktaren Totentag i Salzburger Stadt-Theater. Stykket blei berre framsynt ein gong, men fekk god mottaking. Han fekk på denne tida også publisert sitt første dikt i avisa Salzburger Volksblatt. Seinare same haust sette han opp einaktaren Fata Morgana, men dette stykket fekk derimot dårlege meldingar. Den kjølege mottakinga gjorde Trakl vonbroten, og han enda opp med på å destruere dei to einaktarane. Han blei etter kvart fortruleg med sterkare rusmiddel, og eksperimenterte med morfin og veronal.

Førkrigsåra[endre | endre wikiteksten]

I 1908 tok Trakl avsluttande prøve som apotekarlærling med gode resultat. Frå hausten 1909 byrja han på farmasistudiet ved Universitetet i Wien. I Wien studerte også søstera Grete, som han hadde eit særs nært tilhøve til, ved musikkakademiet. Eit drygt år seinare debuterte Georg Trakl i Wien-pressa, etter at forfattaren Hermann Bahr oppmoda Neues Wiener Journal til å trykke tre av ungdomsdikta hans. På seinåret 1909 blei dei tidlege dikta hans sende til eit forlag i München, men enda opp med å bli refuserte.

I 1910 tok Trakl avsluttande eksamnen, og var ferdig utdanna farmasøyt. På denne tida var han dessutan i ferd med å mognast som lyrikar, og skriv nokre av dei dikta som kom til å bli ståande for ettertida. I oktober byrja han på avteninga av den eittårige militærtenesta ved ei sanitetsavdeling i Wien. Etter militærtenesta arbeidde han i kort tid ved eit apotek i Salzburg, men sleit med å halde på ein fast jobb. I Salzburg var han ein del av krinsen kring tidsskriftet Pan, som inkluderte kulturkritikaren Karl Hauer. I det heile var Trakl ein rastlaus person, og var stadig på reisefot mellom Wien, Salzburg og ikkje minst Tirol, der han tykte seg «...mest i samklang med naturen».[2]

I desember 1911 blei han utnemnd til militærmedikamenttenestemann med løytnants rang, og frå april året etterpå var han stasjonert i apoteket ved eit garnisonhospital i Innsbruck, der han mistrivst og var deprimert. I Innsbruck kom han samstundes i kontakt med Ludwig von Ficker, utgjevaren av tidsskriftet Der Brenner og medarbeidarane hans. Desse inkluderte filosofen Carl Dallago og Karl Röck, den seinare utgjevaren av dikta hans. Allereie 1. mai stod dei første dikta hans på trykk og dei neste to og eit halvt åra sette von Ficker i alt 65 Trakl-dikt på prent i bladet. 1. oktober var prøveperioden hans i militæret over, og trass i at dei overordna tilrådde han til ei fast stilling, bad han sjølv om å bli overført til ei reservestilling for å kunne gå ut i sivilt arbeid. Søknaden om overføring blei akseptert 30. november, og avslutta det som skulle vise seg å bli den lengste yrkesaktive perioden hans. Seinare i livet kom dei borgarlege stillingene hans aldri til å vare lengre enn ei veke. I etterkant av militæropphaldet blei han endå ein gong råka av djup depresjon. Attende i Wien vanka han med personlegdomar som litteraten og utgjevaren Karl Kraus, arkitekten Adolf Loos og målaren Oskar Kokoschka.

Vinteren 1913 reiste Trakl attende til Innsbruck og fullførte diktet «Helian», som han sjølv skildra som «Det mest dyrebare og smertelege eg nokon gong har skrive».[3] Seinare same året kontakta Karl Kraus ein føreleggjar i Leipzig, som fatta interesse og sende Trakl ein førespurnad om å gje ut dikta hans. Den austerrikske forfattaren Franz Werfel var konsulent for manuskriptet, og blei djupt gripen av det han las. I august kom den første diktsamlinga til Trakl ut på Kurt Wolff Verlag under namnet Gedichte («Dikt»). Trass i den litterære framgangen leid han framleis under sterke depresjonar og alkoholmisbruk. I løpet av hausten skreiv han fleire tunglynde og fortvila brev til von Ficker, og det har blitt spekulert i om Trakl sine problem på denne tida kan ha samanheng med eit mistenkt incestuøst forhold mellom han og søstera Grete, jamvel om det er umogleg å stadfeste at eit slikt forhold har eksistert mellom dei to søskena.[4]

Siste leveår og krigsutbrotet[endre | endre wikiteksten]

6. mars 1914 hadde Trakl fullført ei ny samling dikt, Sebastian i draumen, og sende henne til forlaget sitt for utgjeving. Nokre dagar seinare reiste han til Berlin, og i den tyske hovudstaden møtte han diktaren Else Lasker-Schüler. Seinare tileigna han diktet «Aftenland» til henne, og etter Trakl sin død skreiv Lasker-Schüler tre dikt til han. Trakl kom attende til Innsbruck i dårleg forfatning. I den same perioden blei manuskriptet til Sebastian i draumen godkjend av forlaget.

28. juni 1914 erklærte Austerrike-Ungarn krig mot Serbia, og Trakl melde seg til teneste under den ålmenne mobiliseringa. 24. august rykka Trakl fram saman med ei sanitetskolonne frå Innsbruck. Etter slaget ved Grodek utanfor Lvov fekk Trakl ansvaret for 90 alvorleg såra og døyande soldatar i to døger utan lækjarhjelp på ein låve. Ein av dei såra skaut seg sjølv, og medsoldatar måtte hindre Trakl frå å gjere det same.[5] I byrjinga av oktober blei han overført til psykiatrisk avdeling på eit garnisonhospital i Krakow. Trass i at han hadde det vanskeleg på sjukehuset, fullførte han i løpet av dei neste vekene dikta «Klage» og «Grodek», som kom til å bli dei siste tekstane han skreiv i levande live. 3. november døydde Trakl av ein overdose kokain. Det er uråd å seie om dødsfallet var eit sjølvmord, eller om det berre var snakk om ein uheldig overdose. Georg Trakls død gjekk tungt inn på søstera Grete, som etter år med avhengnad til narkotika og alkoholisme, tok livet av seg i 1917. I 1925 blei dei jordiske leiviningane etter Trakl overførd til Austerrike, og 7. oktober same året blei han jordfesta i Innsbruck.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Minneplakett med eit dikt av Trakl i fødebyen Salzburg

Georg Trakl var ein viktig føregangsmann for den tyske ekspresjonismen som nådde sitt høgdepunkt i tida mellom dei to verdskrigane. I dag blir han rekna blant dei viktigaste tyskspråklege diktarane i det 20. hundreåret, og har påverka mange kunstnarar og intellektuelle. Ludwig Wittgenstein, som las Trakl først etter at han var avliden, skreiv til Ludwig von Ficker om dikta at «eg forstår dei ikkje, men eg kjenner meg rikeleggjort av dei. Det er tonen til det verkeleg geniale menneske».[6] Den vidgjetne diktaren Rainer Maria Rilke skreiv til same mann om «det framtonande og henklingande» i Trakl si dikting. I akademisk samanheng har blant andre Martin Heidegger arbeidd med Trakl sin forfattarskap. Georg Trakl har også påverka norske forfattarar som Olav H. Hauge og Jon Fosse.[7]

Dikting[endre | endre wikiteksten]

Ein del av særpreget i diktinga til Trakl ligg i det musikalske og klanglege, som ofte får ein sentral plass i lyrikken hans. Trakl var framfor alt påverka av den franske symbolismen, som ønskte å oppheve skiljet mellom fantasi og røyndom, og understreka at innhaldet i diktet og tydinga av det, laut vere underlagt magien og bildedynamikken i språket: det Trakl i eit brev sjølv skildrar som ein «uendeleg vellyd».[8] Jamvel om den leksikalske tydinga av ord er underordna den reint klanglege kvaliteten i dikta hans, er fleire av Trakl sine dikt produkt av djupe, eksistensielle opplevingar, slik ein til dømes kan sjå målbore i dei to siste dikta hans, «Grodek» og «Klage».[9]

Grodek

Um kvelden dyn dei haustlege skogane
av drepande våpen, dei gylne slettone
og blå sjøane; soli rullar
tunglynd yver; natti femner
døyande soldatar, den ville klagen
frå sundrivne munnar.

Frå Dikt i umsetjing av Olav H. Hauge
Utdrag.[10]

I symbolverda til Trakl spelar døden og nærværet av dei døde ein viktig rolle. I mykje av diktinga hans kan ein lese ei veksling mellom mørke og lyse motiv, på ein måte som gjer at det gode og det vonde kan seiast å avløyse kvarandre kontinuerleg, slik at det harmoniske eller ekstatiske kan opptre side om side med det uhyggelege og uhugnadlege. Wolfgang Schneiditz har på dette punktet samanlikna Trakl med Friedrich Hölderlin, og skriv at hjå Trakl er den lyse og den mørke sida ved tilværet lagt over kvarandre, medan dei hjå Hölderlin kan seiast å vere oppstilt som to oppslåtte boksider.[11]

Vegard Tverberg har identifisert to moglege tolkingsvegar til Georg Trakl sin poesi: ein ytre og ein indre. Den ytre vegen er å tolke dikta som modernitetsskeptisk sivilisasjonskritikk. Ein slik tolkingsmåte stemmer godt overeins med Trakl sitt dokumenterte hat og forakt for det urbane livet i industrialiserte storbyar. Ei slik tolking, seier Tverberg, finn også atterklang i motivkrinsen ein finn i Trakl sine dikt, som er dominert av bilete av jegerar, fiskarar, veidemenn og einsame vandrarar. Den indre tolkingsvegen ser derimot diktinga hans som ei skildring av eit indre landskap, fylt av personleg angst og uro. I omgangskrinsen til Trakl var mange opptekne av kristendom og religiøse spørsmål, og diktinga hans kan også sjåast i ljos av ei kristen skuldkjensle. Trakl tykte seg spesielt nærskyld til Dostojevskij sin forfattarskap, og kort tid før han reiste til fronten omtala han diktinga si som ei «ufullkomen soning». Den eksistensielle stemninga i dikta hans blir forsterka av det religiøse biletmotivet: «Det manglar ikkje på englar eller gudar. Sola, som er til stades i dei fleste av dikta, synest òg som ein gud. Men det er skuggefulle, tause englar og gudar som ikkje grip inn. Mennesket er tapt og forlate hos seg sjølv».[12]

Utvald bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Gedichte (1913)
  • Sebastian im Traum (1915)
  • Das Herbst des Einsamen (1920)
  • Gesang des Abgeschiedenen (1933)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Georg Trakl» i Store norske leksikon, snl.no.
  • Lervik, E. (1974) «Hvem var Georg Trakl?» i – Trakl, G. Åpenbaring og undergang : dikt i utvalg (s. 7-16). Oslo: Solum.
  • Vange, A. (2002a) «Tidstavle» i – Trakl, G. Dødens nærhet (s. 192-205). Oslo: Aschehoug.
  • Vange, A. (2002b) «Etterord» i – Trakl, G. Dødens nærhet (s. 206-211). Oslo: Aschehoug.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Zetterholm, Tore (1986). «Ekspresjonismen». Levende litteratur - fra Gilgamesj til Bob Dylan. Oslo: Den norske Bokklubben. s. 259. 
  2. Lervik 1974, s. 11
  3. Vange 2002a, s. 198
  4. Vange 2002a, s. 201-202
  5. Lervik 1974, s. 8
  6. Vange 2002b, s. 206
  7. Økland (25. januar 2013). «Fosse skriv dikt igjen». Bergens Tidende. Henta 10. september 2015. «Georg Trakl er vel den poeten eg set høgast. Saman med Rilke og Hölderlin.» 
  8. Vange 2002b, s. 206
  9. Vange 2002b, s. 209
  10. Hauge H, O. (2008). Dikt i umsetjing. Oslo: Det Norske Samlaget. s. 97. 
  11. Lervik 1974, s. 10
  12. Tverberg, Vegard (07.11.2014). «Ein diktar døyr». Dag og Tid: 24.