Giv'atayim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 32°04′11″N 34°48′42″E
Giv'atayim
גִּבְעָתַיִם, Givatayim, Givataim
by
none  Panorama av Giv'atayim
Panorama av Giv'atayim
flagg
Våpenskjold
Namneopphav: To høgder
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Tel Aviv distrikt
Koordinatar 32°04′11″N 34°48′42″E
Areal 3,211 km²
Folketal 54 700 (2011) [1]
Folketettleik 17 035 / km²
Grunnlagd 1922
 - Bystatus 1959
Borgarmeister Ran Kunik
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Givatayim

Giv'atayim (hebraisk skrift גִּבְעָתַיִם, tyder «To høgder») er ein by i Israel aust for Tel Aviv. Han er ein del av storbyområdet kalla Gush Dan. Givatayim vart grunnlagd i 1922 av pionerar under den andre Aliyah. Han hadde eit folketal på 54 700 innbyggjarar i 2011.[1]

Namnet på byen kjem frå dei to høgdene han vart grunlagd på, Borochovhøgda og Kozlovskyhøgda. Kozlovsky er den høgaste åsen i Gush Dan-området med ei høgd på 85 meter over havet. Byen vart utvida i 1930-åra og dekkjer no i røynda 4 høgder.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Givatayaim rådhus

Arkeologiske ruinar syner at det har budd folk i området som i dag er Giv'atayim attende til koparsteinalderen. Den moderne byen vart grunnlagd den 2. april 1922 av ei gruppe på 22 pionerar leia av David Schneiderman. Gruppa kjøpte 300 mål land i utkanten av Tel Aviv som vart bydelen Borochov, det første arbeidarstrøket i landet. Han vart kalla opp etter Dov Ber Borochov, grunnleggjaren av arbeidarpartiet Poalei Zion. Seinare kom 70 nye familiar til gruppa, og fekk mindre tomter. Landområdet vart kjøpt med private midlar, men vart frivillig overført til Jewish National Fund, som organiserte jødisk busetjing på den tida, i tråd med sosialisttrua til pionerane.[2]

Giv'atayim hadde òg den første daglegvarehandelen i landet, som vart drive som eit samvirkelag (Tzarkhaniya) [3]. Denne var i drift fram til 1980-åra.

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Giv'atayim er venskapsby med:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]