Hopp til innhald

Herzliya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Herzliya
הֶרְצֵלִיָּה
Hertzliya
by
Flagg
Våpenskjold
Namneopphav: kalla opp etter Theodor Herzl
Land  Israel
Distrikt Tel Aviv distrikt
Koordinatar 32°10′N 34°50′E / 32.167°N 34.833°E / 32.167; 34.833
Areal 21,585 km²
Folketal 88 734  (2011)[1]
Folketettleik 4 111 / km²
Grunnlagd 1924
Borgarmeister Yehonatan Yas'ur
Kart
Herzliya
32°09′20″N 34°50′32″E / 32.155555555556°N 34.842222222222°E / 32.155555555556; 34.842222222222
Kart som viser Herzliya.
Kart som viser Herzliya.
Kart som viser Herzliya.
Wikimedia Commons: Herzliya

Herzliya (hebraisk skrift הֶרְצֵלִיָּה) er ein bysentralkysten i Israel, nord i Tel Aviv distrikt. Han har 87 000 innbyggjarar.[1] Byen er kalla opp etter Theodor Herzl, grunnleggjaren av moderne sionisme, og dekkjer eit område på 21,6 km². I vest ligg bydelen Herzliya Pituah, eit av dei mest velståande distrikta i Israel og heim til ambassadørar, utanlandske diplomatar og forretningsfolk.

Herzliya vart grunnlagd i 1924 som ein delvis fellesgard (moshava) med ein blanda folkesetnad av nye immigrantar og folk som hadde vore fastbuande i området. Etter Israel vart oppretta i 1948, slo store mengder immigrantar seg ned her. I 1960 hadde folketalet nådd 25 000 og Herzliya fekk bystatus.[2]

I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå er innbyggjarane i Herzliya av dei mest velståande i Israel.[3]

Byen har to fotballag, Maccabi Herzliya og Hapoel Herzliya. Begge held til på Herzliya kommunale stadion som har ein kapasitet på 7 100 tilskodarar. Bnei HaSharon basketballlag spelar kampar i Herzliya og Ra'anana (klubben vart danna då laga i Herzliya og Ra'anana vart slått saman).

Herzliya Pituah

[endre | endre wikiteksten]
Dan Acadia-stranda
Herzliya Marina

Nokre av dei dyraste heimane og finaste strendene i Israel ligg i Herzliya Pituah, eit nabolag på vestsida av Herzliya. Herzliya Pituach er eit ynda område for høgteknologiselskap, og båthamna, dei mange restaurantane og uteplassane gjer at Herzliya har eit yrande natteliv.[3]

Midtaustenkonflikten

[endre | endre wikiteksten]

Den 11. juni 2002 vart Hadar Hershkowitz (14) drepen i ei restaurantbombing i Herzliya.[4][5] Den 30. mai 2006 vart ein innbyggjar i Herzliya, Re'ut Feldman (20), drepen i Kedumim-bombinga.[6]

Venskapsbyar

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1 2 «Table 3 - Population of Localities Numbering Above 2 000 Residents and Other Rural Population» (PDF). Israelsk statistisk sentralbyrå. 30. juni 2010. Henta 4. september 2015.
  2. «Herzliya». Israel Wonders. GoIsrael.com. Henta 4. september 2015.
  3. 1 2 Shemes, Hen; Dattel, Lior. «Herzliya: For the Young at Heart, Not the Young». Henta 5. september 2015.
  4. «A funeral instead of graduation,» Arkivert 2011-06-12 ved Wayback Machine. Tovah Lazaroff, 13. juni 2002, Jerusalem Post.
  5. Hadar Hershkowitz
  6. Re'ut Feldman
  7. «Banská Bystrica Sister Cities». copy© 2001-2008. Arkivert frå originalen 3. mars 2012. Henta 23. oktober 2008.
  8. «Beverly Hills street to honor Herzl». Henta 3. mai 2010.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]