Hallelujah av Deep Purple

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hallelujah
Singel av Deep Purple
B-side

April Part I

Utgjeve 25. juli 1969 [1]
Innspelt 7 & 12. juni 1969
Lengd 3:38
Selskap Harvest (Storbritannia), Tetragrammaton (USA)
Låtskrivar(ar) Roger Greenaway, Roger Cook
Produsent Deep Purple
Deep Purple-kronologi 
«Emmaretta»
(1969)
Hallelujah «Black Night»
(1970)


«'Hallelujah'» er ein song av den engelske hardrockgruppa Deep Purple, gitt ut i 1969. Det er den første singelen med vokalisten Ian Gillan og bassist Roger Glover, og han vart gitt ut mellom deira sjølvoppkalla album frå 1969 og konsertalbumet Concerto for Group and Orchestra. A- og B-sida var ei redigering av det instrumentale albumsporet «April».

Sporet vart spelt inn 7. og 12. juni 1969. På det tidspunktet hadde Glover enno ikkje vorte med i bandet og spelte på sporet som studiomusikar.[2][3]

Songen vart skriven av Roger Greenaway og Roger Cook, og opphavleg gitt ut som «I am the Preacher» av The Derek Lawrence Statement tidlegare same år.[4] Versjonen til Deep Purple floppa, trass i TV-opptredenar for å promotera plata i Storbritannia.[5] Gitaristen Ritchie Blackmore sa til Record Mirror at det nye bandet «må ha ei kommersiell plate i Storbritannia», og skildra songen som «ein mellomting» – ein mellomting mellom det bandet vanlegvis ville laga, men med eit kommersielt motiv.[5] Gillan var misnøgd med singelen fordi han ikkje hadde skrive teksten.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Popoff, Martin (2016). The Deep Purple Family (2nd utg.). Wymer Publishing. s. 60. ISBN 978-1-908724-42-7. 
  2. Robinson, Simon (1995). Deep Purple in Rock (CD Booklet). Deep Purple. London: EMI. s. 5. 7243 8 3401925. 
  3. 3,0 3,1 Gillan & Cohen 1993, s. 62.
  4. 45cats oppføring om The Derek Lawrence Statement: «I am the Preacher» 1969 7"
  5. 5,0 5,1 Bloom, Jerry (2008). Black Knight: Ritchie Blackmore. Omnibus Press. s. 128. ISBN 978-1846097577.