Stormbringer av Deep Purple
Stormbringer Studioalbum av Deep Purple | ||
Utgjeve | 10. desember 1974 | |
Innspelt | august 1974 Musicland Studios i München i Tyskland | |
Sjanger | Hardrock, heavy metal, bluesrock[1] | |
Lengd | 36:31 | |
Selskap | EMI/Purple (UK) Warner Bros. (US) | |
Produsent | Martin Birch & Deep Purple | |
Kritikk | ||
---|---|---|
Deep Purple-kronologi | ||
Burn (1974) |
Stormbringer | Come Taste the Band (1975)
|
Stormbringer er det niande studioalbumet til Deep Purple. Det kom ut i november 1974. På dette albumet er soul- og funkelementa som ein kunne høyre hint av på Burn mykje tydelegare. Ritchie Blackmore forlet bandet etter dette albumet, men kom attende til bandet for innspelinga av Perfect Strangers i 1984.
Plateomslag og tittel[endre | endre wikiteksten]
Biletet på plateomslaget til Stormbringer er basert på eit foto. Den 8. juni 1927 vart ein tornado nær byen Jasper i Minnesota fotografert av Lucille Handberg.[3] Bilete hennar vart eit klassisk bilete,[4] og vart nytta og redigert for plateomslaget. Det same biletet vart nytta for plateomslaget til Siouxsie and the Banshees-albumet Tinderbox i 1986.
Stormbringer er òg namnet på eit magisk sverd skildra i fleire romanar av Michael Moorcock. David Coverdale har nekta for at han kjende til dette før kort tid etter albumet vart spelt inn.[5] Nokre år seinare samarbeidde Moorcock med Blue Öyster Cult om å skrive «Black Blade», ein song som faktisk omhandlar sverdet Stormbringer.[6]
I følgje Glenn Hughes er den utydelege talen av David Coverdale i starten av songen den same baklengsdialogen som karakteren til Linda Blair seier i filmen The Exorcist då ho vert utspurt av presten.[7]
Innhald[endre | endre wikiteksten]
Original utgjeving[endre | endre wikiteksten]
- Side ein
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Stormbringer» | Blackmore, Coverdale | 4:03 |
2. | «Love Don't Mean a Thing» | 4:23 | |
3. | «Holy Man» | Coverdale, Hughes, Lord | 4:28 |
4. | «Hold On» | Coverdale, Hughes, Lord, Paice | 5:05 |
- Side to
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
5. | «Lady Double Dealer» | Blackmore, Coverdale | 3:19 |
6. | «You Can't Do It Right (With the One You Love)» | Blackmore, Coverdale, Hughes | 3:24 |
7. | «High Ball Shooter» | 4:26 | |
8. | «The Gypsy» | 4:13 | |
9. | «Soldier of Fortune» | Blackmore, Coverdale | 3:14 |
35-årsjubileumsutgåva[endre | endre wikiteksten]
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
10. | «Holy Man» (Glenn Hughes-remiks) | Coverdale, Hughes, Lord | 4:32 |
11. | «You Can't Do It Right» (Glenn Hughes-remiks) | Blackmore, Coverdale, Hughes | 3:27 |
12. | «Love Don't Mean a Thing» (Glenn Hughes-remiks) | 5:07 | |
13. | «Hold On» (Glenn Hughes-remiks) | Coverdale, Hughes, Lord, Paice | 5:11 |
14. | «High Ball Shooter» (instrumental) | 4:30 |
Medverkande[endre | endre wikiteksten]
- Ritchie Blackmore - gitar
- David Coverdale - vokal
- Glenn Hughes - bass, vokal
- Jon Lord - orgel, tangentinstrument
- Ian Paice - trommer
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Stormbringer (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 3. juni 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «AllMusic: album overview Stormbringer».
- ↑ Allmusic review
- ↑ Tornado Historical Photos and Information
- ↑ Lane, F.W. The Elements Rage (David and Charles 1966), plate 11: «The classic photograph of a tornado"
- ↑ (2009) Plateomslagstekst for Stormbringer 35th Anniversary Edition avDeep Purple. EMI.
- ↑ See Michael Moorcock's post on the Moorcock's Miscellany forum: [1].
- ↑ «Episode 31». Spicks and Specks. Australian Broadcasting Corporation. 26 august 2009.