Space Truckin'

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Space Truckin'
Song av Deep Purple
frå albumet Machine Head
Språk engelsk
Utgjeve mars 1972
Innspelt 6. - 21. desember 1971
Montreux i Sveits
Sjanger Hardrock, heavy metal
Lengd 4:34
Selskap EMI (UK)
Warner Bros. (US)
Tekstforfattar Ian Gillan
Låtskrivar(ar) Ritchie Blackmore
Ian Gillan
Roger Glover
Jon Lord
Ian Paice
Produsent Deep Purple

«Space Truckin'» er ein song av det engelske hardrockbandet Deep Purple. Det er den sjuande og siste songen på Machine Head frå 1972. Teksten omhandlar romreiser og syner dugleiken til Ian Gillan som vokalist og den kraftfulle trommestilen til Ian Paice. I følgje Ritchie Blackmore er hovudriffet basert på Batman Theme.

Konsertutgåver[endre | endre wikiteksten]

Då songen vart først spelt på konsertar, nytta bandet ein instrumental som opphavleg hadde vore ein del av songen «Mandrake Root» frå det første albumet deira, men gradvis utvikla han seg slik at Jon Lordhammondorgel og Ritchie Blackmore på gitar fekk vise seg fram på instrumenta sine. Dette gjorde at songen vanlegvis vart opp i over 20 minuttar lang, og vart alltid framført som den siste songen i hovudsettet. Eit godt døme på dette arrangementet finn ein på konsertalbumet Made in Japan der Blackmore òg spelar delar av «cello»-soloen på «Fools» frå Fireball.

Jon Lord spelte soloen gjennom ein ringmodulator eller spelte noko av soloen på ein ARP-synthesizer. Samstundes delte Ritchie Blackmore vanlegvis gitarsoloen i to, ein roleg del utan trommer, og ein del med heile bandet. Under den andre delen knuste Blackmore ofte gitaren sin, spelte på han med foten eller kasta han opp i lufta. På ein konsert i California Jam festival i 1974, kasta han gitaren over scenekanten, knuste ein annan mot eit fjernsynskamera og sette forsterkaren i brann, som så eksploderte.

Då Deep Purple vart gjenforeint i 1984, vart dette utvida arrangement omarbeidd og seinare inneheldt utdrag frå andre songar.

Introen til songen vart nytta i ein episode av fjernsynsserien WKRP in Cincinnati. Songen finst som ein nedlastbar spor for videospelet Rock Band.

Songen vart òg nytta i filmen Lords of Dogtown.

På den nymastra versjonen av albumet Live in London frå 1982 er det ein 31 minuttar lang versjon av songen. Denne inneheld mykje improvisasjon frå bandet og ein del av han inneheld hovudriffet frå «Child in Time».

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]