Vavoom: Ted the Mechanic

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vavoom: Ted the Mechanic
av Deep Purple
frå albumet Purpendicular
Utgjeve Februar 1996(UK)
April 1996 (USA)
Innspelt 1995–1996
Sjanger Hardrock
Lengd 4:16
Selskap BMG (Storbritannia)
CMC International/Prominent Records (USA)
Låtskrivar(ar) Ian Gillan, Steve Morse, Roger Glover, Jon Lord, Ian Paice
Produsent Deep Purple

«Vavoom: Ted the Mechanic» er den første songen på Purpendicular, det første studioalbumet til Deep Purple med gitaristen Steve Morse. Songen er kjend for bruken sin av klypeharmoniar. Han heldt fram med å vere den første låten på konsertane deira etter albumutgivinga, slik at Morse kunne starta showet med å spela dei første tonane frå det nye albumet.

Songaren Ian Gillan har uttalt[1] at teksten er basert på ei sann historie om ein mann han ein gong møtte på ein pub under innspelinga av 1987-albumet The House of Blue Light. Dei to byrja å snakka saman, og Gillan skreiv ned historia hans på nokre serviettar som han deretter la bort og gløymde. Han fann dei igjen fleire år seinare, og dei vart grunnlaget for teksten til «Vavoom: Ted the Mechanic». Songen var fast på konsertane under Purpendicular-turneen, og vart òg spelt på seinare turnear.

«Vavoom» i tittelen til songen kjem frå slutten av kvart vers, der Gillan seier ordet som leiar inn i refrenget. På alle livealbum som inneheld låten, er tittelen likevel berre oppført som «Ted the Mechanic».

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Caramba!-Wordography». gillan.com. Henta 3. desember 2020.