Fireball

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fireball
Studioalbum av Deep Purple
Utgjeve juli 1971 (USA og Canada), 15. september 1971 (Europa)
Innspelt september 1970 til juni 1971 i London
Sjanger Hardrock, heavy metal
Lengd 40:30
Selskap Harvest Records (UK)
Warner Bros. (US)
Produsent Deep Purple
Kritikk
Deep Purple-kronologi
Deep Purple in Rock
(1970)
Fireball Machine Head
(1972)


Fireball er eit album av det engelske rockebandet Deep Purple, gjeven ut i 1971. Det var det femte studioalbumet deira og det andre albumet til den klassiske Mark II-besetninga. Det vart spelt inn mellom september 1970 og juni 1971. Albumet vart det første albumet deira som klatra til førsteplassen i Storbritannia, men det låg ikkje like lenge på lista som føregjengaren, In Rock.

Versjonar[endre | endre wikiteksten]

Den originale britiske versjonen hadde «Demon's Eye» som tredje spor, men inneheldt ikkje «Strange Kind of Woman», som var meint som singel der. På den amerikanske og japanske versjonen var det motsett.

Den boogie-inspirerte «Strange Kind of Woman»-singelen nådde åttandeplassen i Storbritannia. Songen vart fast på konsertane deira. Songen «Fireball» vart òg spelt ein del på konsertane, hovudsakleg som ekstranummer. «Strange Kind of Woman» og «The Mule» er på konsertalbumet Made in Japan frå 1972, der sistnemnde glir over i ein trommesolo av Ian Paice.

«Anyone's Daughter» vart framført på turneane i 1993-1994, medan «Fools», «No One Came», «I'm Alone», «Demon's Eye» og «No No No» har alle vorte spelt på forskjellige turnear sidan 1996.

I september 2010 vart albumet gjeven ut som ein avgrensa 24k gull-CD på Audio Fidelity.

Utanom Ian Gillan reknar ikkje resten av bandet dette albumet som ein klassikar. Gillan har derimot sagt at å ta med «Anyone's Daughter» på albumet var «moro, men feil».[2] Særleg Blackmore har offentleg sagt at han ikkje var særleg nøgd med Fireball, og sa om produksjonen, «Me kom på alt i studio. Me arbeidde så hardt, me hadde aldri tid til å sitte oss ned og tenke ut nye idear».[3]

Gitarvirtuos Yngwie Malmsteen sa i ein episode av 'That Metal Show' i 2011 at den eldre systera hans gav han dette albumet då han var åtte år gammal og at «det endra alt for han».Black metal-pioner King Diamond nemner òg Fireball som det første studioalbumet han kjøpte som tenåring og at det hadde stor innverknad på den framtidige karrieren hans.[4]

Sporliste[endre | endre wikiteksten]

Alle songar skrivne av Ritchie Blackmore, Ian Gillan, Roger Glover, Jon Lord og Ian Paice.

Original europeisk utgåve[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Fireball»   3:25
2. «No No No»   6:54
3. «Demon's Eye»   5:19
4. «Anyone's Daughter»   4:43
Side to
# Tittel Lengd
5. «The Mule»   5:23
6. «Fools»   8:21
7. «No One Came»   6:28
Bonusspor på 25-årsjubileumsutgåva
# Tittel Lengd
8. «Strange Kind of Woman» (a-side-remiks '96) 4:07
9. «I'm Alone»   3:08
10. «Freedom» (frå innspelinga av albumet) 3:37
11. «Slow Train» (frå innspelinga av albumet) 5:38
12. «Demon's Eye» (remiks '96) 6:13
13. «The Noise Abatement Society Tapes»   4:17
14. «Fireball» (take 1 - instrumental) 4:09
15. «Backwards Piano»   0:56
16. «No One Came» (remiks '96) 6:24

Original amerikansk og japansk utgåve[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Fireball»   3:25
2. «No No No»   6:54
3. «Strange Kind of Woman»   4:07
4. «Anyone's Daughter»   4:43
Side to
# Tittel Lengd
5. «The Mule»   5:23
6. «Fools»   8:21
7. «No One Came»   6:28

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Deep Purple

Lister[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

År Liste Plassering
1971 Storbritannia 1
1971 Noreg 2

Singlar[endre | endre wikiteksten]

År Singel Liste Plassering
1971 «Strange Kind of Woman» Storbritannia 8
1971 «Fireball» Storbritannia 15

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Allmusic review
  2. Album liner notes in anniversary booklet
  3. Welch, Chris. «The Story of Deep Purple.» In Deep Purple: HM Photo Book, copyright 1983, Omnibus Press.
  4. King Diamond's official website: http://www.covenworldwide.org/bandhistory02.php

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]