Rod Evans

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rod Evans

Fødd19. januar 1947 (77 år)
FødestadSlough i Berkshire i England
FødenamnRoderick Evans
OpphavStorbritannia, USA
Aktiv1959–1973
1980
SjangerRock, progressiv rock, hardrock, pop
InstrumentVokal
Stemmetypebaryton
Tilknytte artistarDeep Purple, Captain Beyond, The Maze, The Horizons
Verka somSongar
PrisarRock and Roll Hall of Fame

Rod Evans (fødd 19. januar 1947) er ein engelsk songar, mest kjend som den første vokalisten i Deep Purple frå 1968. Han syng på dei første tre albuma, inkludert hitsinglane «Hush» og «Kentucky Woman». Han vart erstatta av Ian Gillan i 1969.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Tidleg karriere og Deep Purple[endre | endre wikiteksten]

Før han vart medlem av Deep Purple, var Evans saman med Ian Paice i bandet MI5 som skifta namn til The Maze. Han var òg med i bandet The Horizons på midten av 1960-talet. Evans var ein av originalmedlemmene i Deep Purple,[1] og den mest kjende Deep Purple-låten med Evans som vokalist er singel-hitten «Hush».

Etter å ha spelt inn tre album med Deep Purple, fekk han i 1969 regelrett sparken[2] på grunn av at han ynskte at bandet skulle spele meir pop-orientert musikk, medan Ritchie Blackmore, Ian Paice og Jon Lord ville spele hardrock.

Etter Deep Purple[endre | endre wikiteksten]

Etter at han måtte slutte i Deep Purple, gav han ut ein singel som soloartist på Capitol Records før han starta bandet Captain Beyond saman med Johnny Winter sin tidlegare trommeslagar Bobby Caldwell, den tidlegare Iron Butterfly-bassisten Lee Dorman og gitaristen Larry «Rhino» Reinhardt, som òg hadde ei fortid i Iron Butterfly.

Dette var eit band som vart rekna som ein musikalsk suksess, men som aldri tok heilt av salsmessig. Evans spelte inn to album med bandet, og på grunn av manglande kommersiell suksess vart bandet oppløyst etter det tredje albumet. Evans forlét deretter musikken for å konsentrere seg om ein karriere innan medisin[3]

Rettssak om namnet «Deep Purple»[endre | endre wikiteksten]

I 1980 var han involvert i ei rettssak om rettane til namnet Deep Purple. Sidan Deep Purple ikkje eksisterte som band på den tida, starta han like så godt opp sin eigen versjon av bandet, men møtte kraftig motbør av både publikum og (det eigenlege) Deep Purple-managementet. Dette «Deep Purple»-bandet bestod av Rod Evans, gitaristen Tony Flynn, bassisten Tom de Rivera, keyboardisten Geoff Emery, og Dick Jurgens III på trommar.

Etter rettssaka vart han frådømt retten til å nytte namnet Deep Purple, og dessutan måtte han betale ein skadeerstatning på 672 000 dollar. Han vart òg frådømt rettane til framtidige royaltyar frå albuma han faktisk medverka på.

Han har ikkje vist seg offentleg sidan rettssaka, og ein trur at han arbeider innan medisin i USA, truleg i San Francisco

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Med Deep Purple[endre | endre wikiteksten]

Med Captain Beyond[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]