Hardingdialekt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ei kvinne i hardingbunad med skaut. Bilete frå mellom 1890 og 1900.
Foto: Ukjent / Library of Congress
Kart over Hardangerfjorden og tettstadene rundt.

Hardingdialekt, hardingmål, hardangerdialekt eller berre harding er samlenemningar på dialektene som vert snakka i dei sju noverande herada i Hardanger: Eidfjord, Granvin, Jondal, Kvam, Odda, Ullensvang og Ulvik. Desse dialektene høyrer med til dei sørvestlandske målføra i Noreg. Dialekta i fjellbygda Røldal i Odda kommune har mykje til felles med dialektene i Ryfylke, men høyrer likevel med til hardingmålet. Likeeins har dialekta i Granvin mykje til felles med vossamål, og Jondal, Strandebarm liknar mykje på sunnhordlandsdialekt. Halldor O. Opedal rekna òg dialekta på Varaldsøy i Kvinnherad med til hardingmålet av di ein del trekk er felles.

Ordet Hardanger vart uttala har'angúr eller har'anger med trykk på fyrste stavinga i den tradisjonelle dialekta. Ordet «harding» blir enno uttala med stum d.

Forsking på hardingdialekta[endre | endre wikiteksten]

Den som har gjort mest lingvistisk forsking på hardingdialekta er Halldor O. Opedal (1895-1986). Opedal var mest aktiv som folkeminnesamlar, men han gav ut to bøker om dialekta med lister over gamle ord og uttrykk frå Hardanger: Hardanger-målet (1960) og Hardingmålet (1980). Desse to finst i samleutgåva Hardingmålet frå 2005, der namnegranskaren Botolv Helleland har skrive ein artikkel om hovuddraga i dialekta.

Men Hardanger-dialekta vart undersøkt ofte av tidlege dialektgranskarar. Den aller fyrste var prestesonen Marcus Schnabel (1744-1780) frå Ulvik. Han skreiv ei bok med den talande tittelen Prøve paa hvorvidt det gamle norske Sprog endnu er til udi det Hardangerske Bondemaal, og var dermed tidlegare ute enn Ivar Aasen med slike idéar. I boka samanlikna Schnabel norrøne ord som han fann i Kongsspegelen med parallell-ord frå Hardingdialekta, men ordlista hans kom ikkje lenger enn frå A - F.[1]

Hardanger vart også vitja av Ivar Aasen under målferdene hans i 1840-åra, så dialekta vart til hjelp for målreisinga hans. Elles skreiv geologen Sjur Sexe artikkelen «Ei Prøva taa eit Bygdamaal» i Morgenbladet i 1852. Lækjaren Christian Bang Vidsteen (1832-1915) frå Kvinnherad gav ut eit lite skrift som han kalla Bygdemaalene i Hardanger i 1885. I tillegg har Kjell Venås skrive ned nokre dialekttekstar frå Hardanger blanda med dansk skriftspråk, gitt ut i Den fyrste morgonblånen (1990). Her finst mellom anna ei bryllaupsvise som vart dikta av Ullensvang-presten Niels Hertzberg.[2]

Sørvestlandsk a-mål[endre | endre wikiteksten]

Som andre sørvestlandske målføre er dialekta eit såkalla a-mål. Det er to grunnar til denne nemninga. For det fyrste endar infinitivsformene alltid på trykklett -a. Det heiter: å hoppa, å pitla, å eta. I tillegg er den trykklette a-en òg ending i svake hokjønnsord, som i ai jenta, ai gryta. Dei svake hokjønnsorda skil seg ut frå sterke hokjønnsord i dialekta i bestemt form:

Substantiv
Eintal
Ubestemt form Bestemt form
Sterkt hokjønn ai dør
dan døræ
Svakt hokjønn ai jenta
dan jento

Uttalereglar[endre | endre wikiteksten]

Vokalsystemet[endre | endre wikiteksten]

Botolv Helleland opererer med 11 lange og 11 korte vokalfonem når han skildrar hardingmålet. Dei er:

Kort vokal [a]
[e]
[i]
[o]
[u]
[ú]
[y]
[ý]
[æ]
[ø]
[å]
Lang vokal [a:]
[e:]
[i:]
[o:]
[u:]
[ú:]
[y:]
[ý:]
[æ:]
[ø:]
[å:]

Det er særleg to vokalar som skil seg ut frå annan norsk. Den eine er vossa-u, ein vokal som er karakteristisk for dialektene i Hardanger og på Voss. Vossa-u er ein open u-lyd som hallar mot o, tildels mot å nokre stader. Lyden vart uttala i harding i ord som húg (lang) og fúgl (kort).

Den andre avvikande vokalen er ý, ein mellomting mellom y og ø. Til dømes blir substantivet ei bør i harding uttala ai býr. Stadnamnet Høl i Eidfjord kommune skal eigentleg òg uttalast med denne lyden i harding: Hýl. Uttalen skil seg frå uttalen av substantivet «eit hyl» i dialekta.

I tillegg skal æ-lyden ikkje uttalast som austnorsk, open æ som i «blåbær». Lang æ-lyd fanst ikkje i tradisjonell harding. Bokstaven æ signaliserer i staden ein halvopen e-lyd, om lag som i sunnhordlandsdialekt i ord som «hest» og «lærar». Fonemet e/e: skal sameleis uttalast nærmare ein i-lyd, men ikkje like trong. Denne lyden finst i dialektordet for preposisjonen etter, «ette» og i uttalen av «kne». I tradisjonell harding kan ein dermed få skilnad på talordet «tri», substantivet «aitt tre» og verbet «å træ».

Diftongar[endre | endre wikiteksten]

Utsyn over Jondal.
Foto: Helge Gunnar Byrkjeland

Diftongar var vanlege å høyra i tradisjonell harding, og dei høyrdest breiare ut enn i annan norsk. Ei vart til ai og øy vart til åi. I tillegg vart mange monoftongar uttalte som svake diftongar. Til dømes kunne substantivet «ein gut» uttalast ain geut, og «sola» uttalast såolæ. Lange norrøne a-ar vart i Hardanger diftongert til ao-lydar. Uttalen av «ein båt» vart dermed ain baot, «åsar» vart aosar, «klårt» vart klaort, «å våka» vart å vaoka, osb. Ifylgje Halldor O. Opedal fanst ao-lyden i både Odda, Ullensvang, Eidfjord, Ulvik, Granvin og Kvam før i tida. Grenda Heradstveit mellom Kvam og Jondal utgjorde eit skilje mellom å og ao på Opedal si tid.

R-uttale[endre | endre wikiteksten]

Ivar Aasen konstaterte at skarre-r var komen til Ullensvang allereie i 1844. Korleis denne «moderne» lyden var komen dit så tidleg, er eit mysterium, for han fanst ikkje elles i Hardanger på denne tida. Kommunane Ulvik, Kvam, Jondal og Eidfjord heldt lenger på rulle-r, men det er no berre eldre hardingar som rullar her. Skarre-r-en har i dag òg spreidd seg til fjellbygda Røldal, på grensa mot Telemark.

Segmentering og differensiasjon[endre | endre wikiteksten]

Dialekta får innskot av d-ar i to tilfelle. Det eine, differensiasjon, er når d-en har kome i staden for ein norrøn -r. Døme på dette er ord som ain bjødn (ein bjørn), kódn (korn), hódn (horn) og skodna mine (skorne mine). Differensiasjonen kunne også finna stad ved norrøne s-ar, som i dialektforma for treslaget hassel: hatl.

Men d-ar koma inn i trykktunge konsonantsegment, og då blir eitt segment til to segment. Dette blir difor kalla segmentering. Døme på dette er úppao fjedle (oppå fjellet), adle (alle), fúdl'ú (full) og gardsnamnet Hedland (Helleland). Men d-en forsvinn dersom den etterfylgjande lyden er ein annan konsonant; det heitte dermed te fjells, aitt kónnband (eit kornband) og fúllgó (fullgod). Dersom den etterfylgjande lyden er ein vokal, held d-en seg, som i fossefallet Bjødnabykse i elva Opo i Ullensvang.

I gamal harding kunne ein også få segmentering av gamalnorske -nn-segment, som i raidn av gamalnorsk. hreinn (reinsdyr), men dette blir lite brukt no til dags.

Palatalisering av k og g[endre | endre wikiteksten]

Dei velare lydane k og g blei ofte til kj (ç) og gj når den etterfylgjande lyden var ein trykklett -e, t.d. i substantiv i bestemt form eintal. Det heitte ai bok, men dan bokjæ. Substantiv som hage og kjake fekk ikkje palatalisering i fleirtal. Dei vart bøygd slik: ain hagje, dan hagjen, flaire hagar, adle hagane eller: ain kjakje, kjakjen, kjakar, kjakane. Verb som «leggja» og «byggja» vert ikkje uttala med affrikat, som til dømes i sunnhordlandsdialekt, men med palatal gj-lyd. Verb som «setja» og «søkja» blir begge uttala med kj-lyd (ç).

Pronomen[endre | endre wikiteksten]

Hardangerbrua under bygging.
Foto: Bengt-Inge Larsson

Pronomensystemet var ikkje einskapleg i heile Hardanger før i tida. I Kvam sa ein me, oss og vaor, og Jondal fylgde det same systemet, utan å diftongera å-en. Men i Granvin, Eidfjord, Ullensvang og Odda sa ein me, aoko og aokan(s). I tabellform ser pronomensystemet i harding slik ut:

Pronomen
Tal og person Subjektform Objektform Eigeform/eigeord
1. person eintal eg meg minn, mi, mitt, mine/mina
2. person eintal du deg dinn, di, ditt, dine/dina
3. person eintal han han hans
3. person eintal ho hinne, 'ne, hinna, hena, henas
3. person eintal da da - (te da)
1. person fleirtal me aoko/oss aokan(s)
vaor, vaort, vaore
vår, vårt, våre
2. person fleirtal de deko, dóka, dóke dekan(s), dekas
3. person fleirtal dai/di dai/di dairan(s)

I 3. person fleirtal sa ein dai når ordet var trykktungt og di når det var trykklett. Likeeins, i objektforma for hokjønn sa ein hinne i trykktunge stavingar og 'ne i trykklette.

Skiljet mellom mine/mina og dine/dina retta seg etter kjønnet på referanseordet: det heitte brødna mine, men systena mina i Ullensvang på Opedal si tid. [3]

Systemendring[endre | endre wikiteksten]

Pronomensystemet er i endring no, særleg grunna fråflytting, tilflytting og industrimålet i Odda og Tyssedal. Der vil ein seia vi for «me», dåke for både «de» og «dykk», og vidare oss, våras/våre. Mange unge i det tradisjonelle de/deko-området har no mist skiljet mellom subjekt og objekt i 2. person fleirtal, slik at det er vanleg å høyra unge som seier ka ska deko? Formene aoko/aokans kan likevel enno høyrast i Indre Hardanger. Dette skjer samtidig med at mange unge tek til å seia det i staden for «da». Dersom ein brukar «det», blir det umogleg å halda fast på subjektspronomenet «de», som høyrest nett likt ut.

Bøying[endre | endre wikiteksten]

Hardanger Folkemuseum på Utne gjer ein viktig innsats for å ta vare på kulturen i Hardanger.
Foto: Jarle Vines

Verb[endre | endre wikiteksten]

I tradisjonell harding kunne verb tidbøyast på tre ulike måtar:

  • Å kasta - eg kastar - eg kasta - eg ha kasta.
  • Å reisa - eg reise - eg reisste - eg ha reisst.
  • Å koma - eg kjæm'e/ kjæm'ú - eg kom - eg ha kóme.

Såkalla «blanda bøying» er òg å finna i hardingdialekta i verb som i nynorsk ville få same bøying som «å kasta». I harding kan ein seia å bruka - eg brukar - eg brukte - eg ha brukt, å hoppa - eg hoppar - eg hoppte - eg ha hoppt, og å dansa - eg dansar - eg danste - eg ha danst.[4]

Verbet «å gå» blei i tradisjonell harding bøygd ulikt i Indre og Ytre Hardanger. I midtre og ytre strok ville ein bøya det slik:

  • Å ga - eg gaor - eg gjekk - eg ha gaott.

I Indre Hardanger ville det derimot bøyast slik:

  • Å ga - eg gjeng'ú - eg gjekk - eg ha gjengje.

Substantiv[endre | endre wikiteksten]

Substantiv vart bøygd på varierande vis i dei ulike herada. I dialekta i Kvam og Jondal får substantiv bortfall av -r i ubestemt form fleirtal: der heiter det ein hest - hesta, ein sau, saue. I dei andre kommunane held r-en seg.

Svarabhaktivokal[endre | endre wikiteksten]

Dialekta har svarabhaktivokal i sterke verb. Dette dialekttrekket reflekterer ein opphavleg norrøn -r som har vore i desse orda tidlegare. Presens av å koma heitte kemr i norrønt. Tradisjonelt lydde dette verbet kjemú i Indre Hardanger og kjeme i lenger ut i fjorden. Svarabhaktivokal fanst også i adjektiv bøygde i hankjønn eller hokjønn eintal. Det heitte aitt stort hus, men ain stor-ú/stor-e mann.

Utsikt over Odda med Sørfjorden i bakgrunnen.

Oddamålet[endre | endre wikiteksten]

Ei undergrein av hardingmålet er oddamålet, som voks fram grunna stor innflytting frå heile landet til industristadene Odda og Tyssedal. Oddamålet fekk pronomen som vi, oss, våras og dåkas og omfattande bruk av e-ending i verb i presens, «eg hoppe, eg reise, eg komme». Desse formene held seg godt i Odda enno i dag, og har til ei viss grad spreidd seg til grenseområda. Eit liknande industrimål har vorte danna i Ålvik i Kvam.

Nokre smakebitar frå harding[endre | endre wikiteksten]

Forelda dialekttrekk i harding[endre | endre wikiteksten]

Eit eldre bilete frå Ulvik, mellom 1890 og 1900.
Foto: Ukjent / Library of Congress

Restar av omlyd[endre | endre wikiteksten]

Botolv Helleland noterer at a og ó veksla med kvarandre i tradisjonell harding. Døme på dette er å seia «aitt glas», men «flaire glós», «ain gamadlú mann», men «ai gómól kóna». Når ein bøygde substantivet ein vott, sa ein «ain vott - aitt vattapar - flaire vetter». Opedal nemner fleire døme i talbøying av inkjekjønnsord. Det heitte «aitt bla», men «flaire bló», «aitt lag», men «flaire lóg», «aitt land», men «flaire lónd», «aitt par», men «flaire pór».

Konjunktiv[endre | endre wikiteksten]

Konjunktiv, eller ynskjeform fanst tidlegare i Granvin og Eidfjord. Preteritumsforma «hadde» vart til «hedde» i konjunktiv, og kunne høyrast i eidfjordsuttrykket «hedde me sigl». Likeeins vart konjunktivsforma av «skulle» uttalt «skjé», og når nokon hadde teke det siste kakestykket, kunne ein seia: «Du skjé'kje tekje da sista!»

Fleirtalsbøying av verb[endre | endre wikiteksten]

Dei eldre hardingane kunne på Halldor O. Opedal si tid seia «eg vait», men «me víta», «eg kjemú», men «me koma».

Kasus[endre | endre wikiteksten]

Halldor O. Opedal skreiv ned døme på dativbruk i harding, sjølv om folk flest ikkje brukte dativ på hans tid. Opedal noterte ein fiskar frå Odda som sa: «Eg sette gadn'e utmæ elvene» - altså «ved elva». Likeeins sa ei gamal kone frå Ullensvang: «De mao væ varsame mæ saltkódnúna, bodn, dai veks' ikkje pao jorinna, dai» - altså «dei veks ikkje på jorda».

I fleirtal var det vanleg at dativforma enda på -o: «Eg lyt'e neri garo», noterte Opedal ein odding som sa, og ein kvemming fortalde han at «Da viste ette labbo aot bjødnen.»

Dativformer er framleis å sjå i stadnamn i Hardanger. Odda er opphavleg dativ eintal av «ein odde», og Hauso er gamal dativ fleirtal. Fleirtalsdativ finst òg i faste, arkaiske uttrykk: «om hausto» - om haustane, «om medno» - om morgonane og «om kveldo» - om kveldane. Dativ er framleis i bruk på Voss.

Genitiv har forsvunne frå dialekta før dativ forsvann, men restar kan sjåast i faste uttrykk og i orddanning. Når einkvan skulle til byen, kunne ein seia «te byar» og når nokon skulle gravleggjast, kunne ein seia at personen var «te gravar». I orddanning dukkar slike genitivsformer opp som avvikande bindefuger. Eit hardinguttrykk for ordet naudstilfelle var «aitt nauarhøvé». Dette er restar av genitivsbøyinga i norrønt, der nauð var eit sterkt hokjønnsord som fekk forma nauðar i genitiv.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Opedal, Halldor O. (2005) Hardingmålet. Ord og vendingar og stil. Ny og auka utgåve ved Oddmund Hus. Frå denne boka er særleg artikkelen Målsamlaren Halldor O. Opedal brukt, skriven av Botolv Helleland.
  • Sandøy, Helge (1991) Norsk dialektkunnskap

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Norsk Biografisk Leksikon: Marcus Schnabel. Forfattar: Kjell Venås.
  2. (Venås, 1990)
  3. [Opedal, Halldor O. (2005) Hardingmålet. Ord og vendingar og stil. Ny og auka utgåve ved Oddmund Hus., s. 14]
  4. Sandøy, Helge (1991) Norsk dialektkunnskap, s. 210

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]