Songen Light of Love
| Light of Love Singel av T. Rex frå albumet Bolan's Zip Gun | ||
| B-side |
Explosive Mouth | |
|---|---|---|
| Utgjeve | 13. juli 1974 | |
| Sjanger | Glamrock | |
| Lengd | 3:17 | |
| Selskap | EMI (Storbritannia) | |
| Låtskrivar(ar) | Marc Bolan | |
| Produsent | Marc Bolan | |
| T. Rex-kronologi | ||
| «Teenage Dream» (1974) |
Light of Love | «Zip Gun Boogie» (1974)
|
«Light of Love» er ein song frå 1974 av den britiske glamrock-gruppa T. Rex. Songen kom ut på albumet Bolan's Zip Gun og på ein eigen singel. B-sida til singelen var «Explosive Mouth», frå albumet Zinc Alloy and the Hidden Riders of Tomorrow frå 1974. I USA kom begge songane ut på det amerikanske albumet Light of Love. Rolling Stone-skribenten Ken Barnes likte den «livlege og økonomiske» stilen på songen i ei melding frå 1974 og hevda at songen var «frisk og attraktiv».[1]
«Light of Love» vart produsert av Marc Bolan og var den første T. Rex-singelen som ikkje var produsert av Tony Visconti.
Singelen låg på den britiske singellista i alt fem veker og nådde 22. plassen,[2] og er kjend som den første T. Rex-singelen som ikkje nådde topp 20. Songen vart nytta under rulleteksten til Vince Vaughn-filmen Delivery Man (2013).
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Light of Love (T. Rex song)» frå Wikipedia på engelsk, den 16. juli 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Barnes, Ken. «Light of Love». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 24. september 2015. Henta 16. juli 2021.
- ↑ Official UK Charts Company. http://www.officialcharts.com/artist/_/t.%20rex/ Henta 1. januar 2014