Little Richard's Greatest Hits: Recorded Live!

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Little Richard's Greatest Hits - Recorded Live!
Konsertalbum av Little Richard
Utgjeve Juli 1967
Innspelt 25. januar 1967
Sjanger Rock and Roll
Lengd 35:51
Selskap Okeh
Produsent Larry Williams
Little Richard-kronologi
The Explosive Little Richard
(1967)
Little Richard's Greatest Hits - Recorded Live! The Rill Thing
(1970)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Rolling Stone(positiv)[1]

Little Richard's Greatest Hits - Recorded Live! er det andre og siste albumet Little Richard spelte inn for Okeh. Det vart spelt inn som eit konsertalbum i CBS Studios i Hollywood .

Historie[endre | endre wikiteksten]

Etter utgjevinga av albumet sa Richard sjølv[2] «Eg var inne i det andre året hos Okeh og det var framleis ikkje ein hit. Så eg reiv sundt kontrakten. Kontrakten gav meg ikkje løyve til å avgjere songane eg skulle spele inn eller kva som skulle gjevast ut. Larry Williams var den verste produsenten i verda. Han ønskte at eg skulle kopiere Motown og eg var ikkje ein Motown-artist. Okeh-songane selde ikkje i det heile tatt, fordi Okeh var eit R'n'B-selskap - eit svart selskap. Eg burde ha spelt inn for Epic, fordi eg er ikkje hovudsakleg ein svart artist. Det ville ha blitt mykje betre.»

Etter innspelinga av dette albumet, spelte Richard inn tre songar til for Okeh den 17. mai 1967. Ein av dei kom ut i 2004 («Golden Arrow»), og dei to andre er aldri gjevne ut. Han spelte så inn seks spor i New York, Los Angeles og Chicago for Brunswick Records seint i 1967 og i 1968. Brunswick-songane vart gjevne ut mellom desember 1967 og september 1968, men ingen av dei vart hittar.

Richard tok så ein pause frå platestudioet og kom først attende i mars 1970 for Reprise Records.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Lucille»   2:30
2. «The Girl Can't Help It»   1:34
3. «Tutti Frutti»   1:29
4. «Send Me Some Lovin'»   2:48
5. «Get Down With It (aka Do The Jerk)»   6:24
6. «Long Tall Sally»   1:43
Side to
# Tittel Lengd
7. «True Fine Mama»   3:04
8. «Jenny, Jenny»   1:55
9. «Good Golly Miss Molly»   2:37
10. «Whole Lotta Shakin' Going On»   3:03
11. «Anyway You Want Me»   2:54
12. «You Gotta Feel It»   4:22

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Trommeslagaren er ikkje identifisert.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Album

År Liste Plassering
1967 Billboard Pop Albums 184
1967 Billboard Black Albums 28

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Harris, Ken (26 July 1969). «Records». Rolling Stone (San Francisco: Straight Arrow Publishers, Inc.) (38): 36–37. Henta 10 September 2015. 
  2. White, Charles. (2003). The Life and Times of Little Richard: The Authorised Biography. Omnibus Press.