The Rill Thing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Rill Thing
Studioalbum av Little Richard
Språk engelsk
Utgjeve August 1970
Innspelt 11. mars 1970 - 2. juni 1970
Sjanger Rock, soul
Lengd 39:22
Selskap Reprise
Produsent Little Richard
Little Richard-kronologi 
Little Richard's Greatest Hits: Recorded Live!

(1967)

The Rill Thing Mr. Big

(1971)


The Rill Thing var eit studioalbum av Little Richard og det første albumet hans på tre år. Det hadde ein ny stil og er stort sett eit swamp rock-album med den største singelen til Little Richard etter Specialty Records-tida med «Freedom Blues». Denne singelen nådde Billboard topp 50. Ein mindre suksessrik oppfølgjar, «Greenwood, Mississippi», nådde topp 90 på Billboard-lista og 56. plassen på Cashbox Black Singles-lista. Tittelsporet er ein ti minuttar lang instrumental skriven av Richard. Trass i suksessen til dei to singlane og to coverversjonar, gjekk ikkje sjølve albumet inn på nokre lister.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Mellom utgjevinga av The Rill Thing og det førre albumet til Little Richard, Little Richard's Greatest Hits: Recorded Live! (1967) kom det ut fleire album, men dette var berre nyutgjevingar av eldre songar.

Albumet kom ut mindre enn eit år etter Richard hadde spelt på Atlantic City Pop Festival, og med «Freedom Blues» hadde han den største hitten sin på 13 år. Denne perioden var kort tid før det vart rapportert at han brukte kokain[1] og konsertane for å marknadsføre albumet var stadig meir ujamne, men han hadde ein minneverdig konsert i Madison Square Garden i oktober 1970. Då albumet ikkje gjekk inn på listene, valde Richard å gå i studio att i mai 1971 for å produsere oppfølgjaren for Reprise, med ein meir «tenåringsstil».

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Freedom Blues» (Richard Penniman, Esquerita)3:01
2.«Greenwood, Mississippi» (Travis Wammack, Albert Lowe Jr.)3:32
3.«Two-Time Loser» (Larry Lee)3:20
4.«Dew Drop Inn» (Richard Penniman, Esquerita, Keith Winslow)2:41
5.«Somebody Saw You»3:39
6.«Spreadin' Natta, What's The Matter?» (Richard Penniman, Robert Bumps Blackwell, Maybelle Jackson)4:37
Side ein
Nr.TittelLengd
7.«Rill Thing» (Richard Penniman)10:27
8.«Lovesick Blues» (Hank Williams)4:34
9.«I Saw Her Standing There» (John Lennon, Paul McCartney)3:31

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Spor 1,4,7[endre | endre wikiteksten]

Resten av musikarane er ikkje identifiserte.

Spor 3,5,7,8,9[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. White, Charles. (2003). The Life and Times of Little Richard: The Authorised Biography. Omnibus Press.