Crying in the Chapel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
«Crying in the Chapel»
Låtskrivar Artie Glenn[1]
Publisert 1953

«Crying in the Chapel» er ein song skriven av Artie Glenn for sonen Darrell. Darrell spelte inn songen medan han framleis gjekk på high school i 1953, i lag med bandet til Artie, The Rhythm Riders. Songen vart avvist av Hill and Range Songs og Acuff-Rose Music. Han vart sidan publisert av Valley Publishers som òg gav han ut på singel med Darrell Glenn. Songen vart først ein lokal hit, før han sidan slo gjennom nasjonalt. Den originale versjonen (Valley 105) vart gjeven ut i 1953.[2][3] Songen vart ein av dei mest innspelte i 1953. Darrell Glenn sin original nådde toppen av Cash Box-lista (der alle versjonane vart slått saman) og sjetteplassen på Billboard. Rex Allen sin versjon nådde åttandeplassen på Billboard-lista, Ella Fitzgerald sin 15. plassen og Art Lund 23. plassen.[4]

Ei innspeling av June Valli med orkester dirigert av Joe Reisman vart spelt inn i New York City den 11. juni 1953. Denne kom ut på RCA Victor Records[5] og av EMIHis Master's Voice. Denne vart den mest populære popversjonen på Billboard-lista der han nådde fjerdeplassen 1. august 1953.

Elvis Presley-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Den 30. oktober 1960 spelte Elvis Presley inn ein versjon av songen under innspelinga for gospelalbumet His Hand in Mine. Songen kom ikkje med på dette albumet, men vart halden attende av RCA og til slutt gjeven ut som ein singel i april 1965.[6] Han nådde då tredjeplassen på Billboard Hot 100-lista og toppa Easy Listening-lista i sju veker,[7] den største suksessen til Presley på lista på seks år. Singelen gjekk til topps på den britiske singellista i 1965 og låg der i to veker.[8] Han vart seinare gjeven ut som eit bonusspor på gospelalbumet til Presley, How Great Thou Art, i 1967.[9] Singelen selde til slutt til platina i USA for over ein million selde eksemplar.

Bob Marley & The Wailers-versjonen[endre | endre wikiteksten]

I april 1968 spelte vokaltrioen The Wailers, i lag med Bob Marley på solovokal og gitar, Rita Marley og Peter Tosh på harmonivokal, ein versjon av songen i Kingston i Jamaica. Teksten var tilpassa frå Orioles-versjonen av Rasta-leiaren Mortimo Planno, som òg produserte og trykte singelen kalla «Selassie Is the Chapel», den første rastafarisongen som vart spelt inn og utgjeven av Bob Marley.

Det vart berre trykt nokre få hundre eksemplar av singelen på dent ida og songen var vanskeleg å få tak i før han vart gjeven ut på ny på plata Selassie Is the Chapel i 1997 og som ein del av Complete Bob Marley & the Wailers 1967 to 1972. Ein vinylsingel med songen vart òg gjeven ut av JAD i 2002.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Mange artistar har spelt inn versjonar av «Crying in the Chapel».[10]

Instrumentalar[endre | endre wikiteksten]

Dansk[endre | endre wikiteksten]

Ein dansk versjon av songen kalla «Når kirkeklokken ringer» vart skriven av Knud Pheiffer. Denne vart framført Gustav Winckler med Bertrand Bech og rytme i 1954.

Tysk[endre | endre wikiteksten]

Ein tysk versjon kalla «Tränen in den Augen» vart skriven av Hans Bradtke. Den første utgåva vart framført av Wolfgang Sauer i 1954. Andre artistar som har spelt inn denne versjonen er Bobby Solo i desember 1965, Costa Cordalis i 1972, Roland Kaiser i februar 1985 og Cagey Strings i 2006.

Ein annan tysk versjon heiter «Fliegt ein Albatros nach Süden» og vart skriven av Joachim Horn-Bernges. Denne vart framført av Tommy Steiner i 1983.

Tsjekkisk[endre | endre wikiteksten]

Ein tsjekkisk versjon vart skriven av Jiří Štaidl og kalla «Cesta rájem». Denne vart framført av Karel Gott i 1965.

Italiensk[endre | endre wikiteksten]

Ein italiensk versjon kalla «La casa del Signore» vart skriven av Franco Migliacci og framført av Bobby Solo 22. oktober 1965.

Nederlandsk[endre | endre wikiteksten]

John Spencer skreiv og framførte ein nederlandsk versjon av songen kalla «Ik zag jouw tranen» i 1985.

Svensk[endre | endre wikiteksten]

Ein svensk tekst vart skriven av Arne Alm, kalla «Klockorna i dalen». To versjonar vart gjevne ut i november 1953, først av Raya Avellán og Yngve Stoor, og så Maj Lindström med Sune Waldimirs Orkester.

Spansk[endre | endre wikiteksten]

«Llorando en la capilla» er ein spanskspråkleg versjon av songen skriven av Ben Molar. Denne vart først framført av Los 5 Latinos i 1965.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Rice, Jo (1982). The Guinness Book of 500 Number One Hits (1st utg.). Enfield, Middlesex: Guinness Superlatives Ltd. s. 93. ISBN 0-85112-250-7. 
  2. «Darrell Glenn». Hillbilly-Music.com. 1990-04-09. http://www.hillbilly-music.com/artists/story/index.php?id=12491. Henta 5. desember 2016. 
  3. Coming Up in the Trade. Country & Western. Billboard May 23, 1953 page 138
  4. Joel Whitburn's Pop Memories 1890-1954
  5. «RCA Victor 20-5000 - 5500 78rpm numerical listing discography». 78discography.com. http://www.78discography.com/RCA205000.htm. Henta 5. desember 2016. 
  6. «Elvis Diskografi 1965». Sergent.com.au. http://www.sergent.com.au/elvis/1965.html. Henta 5. desember 2016. 
  7. Whitburn, Joel (2002). Top Adult Contemporary: 1961-2001. Record Research. s. 196. 
  8. «ChartArchive - The Chart Archive». Chartstats.com. http://www.chartstats.com/songinfo.php?id=713. Henta 5. desember 2016. 
  9. «Elvis Diskografi 1967». Sergent.com.au. http://www.sergent.com.au/elvis/1967.html. Henta 5. desember 2016. 
  10. «Original versions of Crying in the Chapel written by Artie Glenn». SecondHandSongs. http://www.secondhandsongs.com/work/1792. Henta 5. desember 2016.