Hopp til innhald

Maharashtra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Maharashtra
महाराष्ट्र
delstat
Symbol
Forkorting: IN-MH
Land  India
Hovudstad Mumbai
Areal 307 713 km²
Folketal 112 372 972 (2011)[1]
Grunnlagd 1. mai 1960
Språk Marathi
Kart
Maharashtra
18°58′N 72°49′E / 18.97°N 72.82°E / 18.97; 72.82
Kart som viser Maharashtra.
Kart som viser Maharashtra.
Kart som viser Maharashtra.
Wikimedia Commons: Maharashtra

Maharashtra (महाराष्ट्र) er ein delstat vest i India. Han har kyst i vest mot Arabiahavet og grensar elles til Gujarat, Madhya Pradesh, Chhattisgarh, Telangana, Karnataka, Goa og Dadra og Nagar Haveli. Hovudstaden er millionbyen Mumbai (Bombay), og staten er den nest mest folkerike i landet etter Uttar Pradesh. Målt i flatevidd er han den tredje største, etter Rajasthan og Madhya Pradesh. Hovudspråket i delstaten er marathi.

Sahyadri er marathinamnet på den delen av den vestlege fjellkjeda som går langs kysten av landet frå grensa mellom Maharashtra og Gujarat til Tamil Nadu, nesten ved sørspissen av India. Mange viktige elver, som Godavari, Krisjna og Káveri oppstår her, og fjella er grøne og frodige. Aust for fjella ligg det tørre Dekkanplatået, medan Konkanområda langs vestkysten av Maharashtra er lågtliggande, fruktbar mark med ei breidde på 50–80 km.

Viktige byar er Mumbai, Pune, Jangaor, Ahmednagar, Sholapur, Nasik, Kolhapur, Aurangabad og Nagpur.

Delstaten blei danna 1. mai 1960 etter krav frå marathiane om å få sin eigen stat. Delstaten Bombay blei delt i dei to statane Maharashtra og Gujarat etter kva som var hovudspråk. Det var stor usemje om kva stat sjølve Bombay (no Mumbai) skulle høyra til, men regjeringa lét han til slutt høyra til Maharashtra.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Maharashtra
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.