May-Irene Aasen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
May-Irene Aasen

Fødd3. november 1963 (60 år)
FødestadOslo
OpphavNoreg
Verka somfotograf, musikar

May-Irane Aasen (fødd 3. november 1963) er ein norsk biletkunstnar og musikar.

Biletkunst[endre | endre wikiteksten]

Ho har fotoopplæring frå Sogn vidaregåande skule 1983–1984 og Fatamorgana Danmarks fotografiske Billedkunstskole i København frå 1992.

Aasen har hatt separatutstillingar i Oslo, Malmö, Trondheim, Vega, Sande i Vestfold, Sørvågen, Svelvik, Moss, Stavanger, Skåtøy (Kragerø) og Kristiansand.

I Noreg har ho delteke på utstillingar i mellom anna Oslo, Høvikodden, Trondheim, Porsgrunn, Drammen, Harstad, Vardø, Bergen og Toten; og dessutan to gonger på Østlandsutstillingen. I utlandet har ho vore representert på utstillingar i København, Hamburg, Paris, Arles og Barcelona.

Bileta hennar er kjenneteikna av lyssetting og stemning, ofte i svart/kvitt. Ho oppdaga tidleg fotografiet som eit eige visuelt kommuniserande språk gjennom arbeida til Christer Strömholm, Robert Frank, Berenice Abbott, August Sandar og Arnold Newman.

Kunsten hennar er kjøpt inn av Oslo kommune, VGs kunstsamskipnad og NBBLs kunstklubb. Ho har òg arbeidd som frilansfotograf, illustratør til plakatar, plateomslag og tidsskrift, og dessutan laga to videoar for Kulturhistorisk museum. Ho fotograferte mellom anna plateomslaga for Joachim Nielsen sine plateutgjevingar (bortsett frå Trygge Oslo) etter Jokke & Valentinerne. Aasen har undervist ved VGs fotoklubb, foredrag 2002; Merkantilt Institutt Oslo, illustrasjonslinja – foto workshop, 2000–2001 og Kunstuka, Svelvik kommune – trommeworkshop 1999–2006.

Ho er medlem av Norske Billedkunstnere, TONO og GramArt, og har fått stipend frå NBK, Billedkunstnernes vederlagsfond, Vega kommune, TONO og Norsk Kassettavgiftsfond.

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Aasen har òg gjort seg merka som musikar. Ho var med å danna Jokke & Valentinerne i 1982 og var trommeslagar i bandet fram til siste konsert, 23. desember 1998 (på rockeklubben Mars i Oslo). Ho spelte seinare i Vera Cruise (1989–1991) med Hella Stensbak (vokal) Martin Caspersen (gitar) og Arne Ertnes (bass) og var vokalist i Sunshine Kids med Guttorm Nordø (gitar), Petter Pogo (bass) og Wenke Simensen (trommer).

I 2011 vart Aasen og Jokke & Valentinerne innvalde i Rockheim Hall of Fame saman med a-ha, Åge Aleksandersen, Wenche Myhre og Alf Prøysen.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Jokke & Valentinerne[endre | endre wikiteksten]

  • Alt kan repareres (1986)
  • Et hundeliv (1987)
  • III (1990)
  • Frelst! (1991)
  • Alt kan repeteres (1994)
  • Spenn! (1995)
  • Prisen for popen (2002)
  • Levende (så lenge det varer)... (2009)
  • Stopp! (Siste skive fra graven) (2014)
Singlar/EP-ar
  • Spenn (1985)
  • 2 fulle menn (1987)
  • Sola skinner (1987)
  • Her kommer vinteren/Kleggen og Knugern (1991)
  • Gnukk (1991)
  • Hyttetur (1994)
  • Ta meg med/Jeg er redd (1994)

Sunshine Kids[endre | endre wikiteksten]

  • Tubed (1995)

Vera Cruise[endre | endre wikiteksten]

  • Vera Cruise (1990)
  • Material Freak (1991)

Maysern & Guttis[endre | endre wikiteksten]

  • 1991 (Refreshing Mess) (2016)

Delteke på[endre | endre wikiteksten]

  • Bellona: Norske utslipp (1988)
  • Les Petits Fiers: Les Petits Fiers (1991)
  • Sister Rain: Wild Flowers Grow (1991)
  • Stiff Nipple Records: Stiff Nipples Volume One (1993)
  • Pogomax: Actionbird (1994)
  • Paul Værlien: Lost Victories (1994)
  • Joachim Nielsen: Nykter (1996)
  • Jokke med Tourettes: Positiv kjærlighetssang/Johnny Nonsens (1997)
  • Arm, Clop Neplat, Jazkamer & KA: Good Music (2000)
  • DDR: Norwegische Superknüller (2001)
  • Origami Arktika: Origami Arktika at Snippen (2001)
  • Scream Music Entertainment: Volum 4,5%... den andre drekka enda mer! (2001)
  • Jokke med Tourettes: Tomgang (2005)
  • Joachim Nielsen-hyllest: Det beste til meg og mine venner (2005)
  • Jokke med Tourettes: Billig lykke (2006)
  • Barneselskapet: Barna synger Pophits (2006)
  • Joachim Nielsen-hyllest: Kom igjen (2007)
  • Skada Vara: Et apeliv (2012)
  • Raga Rockers-hyllest: Sannhet på boks – en hyllest til Raga Rockers (2015)
  • Emma Hegermann: Emma Hegermann (2017)

Bokutgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: May-Irene Aasen