Nera i Romania

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nera
elv
Reka Nera.jpg
Land Flag of Romania.svg Romania, Flag of Serbia.svg Serbia
Nedslagsfelt 1 240 km²
Lengd 124 km
Middelvassføring 2,8 /s
Kjelde Semenicfjella
Munning Donau, nær Stara Palanka

Nera i Romania
44°49′52″ N 21°21′18″ E
Kart over Nera
Kart over Nera
Wikimedia Commons: Nera

Nera (serbisk: Нера (Nera), ungarsk: Néra) er ei 124 km lang elv i Romania og Serbia, og ei av sideelvane til Donau frå venstre.

Romania[endre | endre wikiteksten]

Nera spring ut i Semenicfjella, den austlegaste delen av regionen Banat sør for byen Reşiţa i Caraş-Severin fylke i Romania. Elva startar der dei to mindre elvane Nergana og Nerganiţa renn saman sør for fjelltoppen Piatra Grozbe. Ved landsbyen Borlovenii Vechi snur Nera sørvestover og renn mellom Semenic- og Banatfjella. Her mottar Nera Rudăria frå venstre og renn gjennom landsbyane Prilipeţ, Dalboşeţ og Moceriş, før ho når Şopotu-Nou, der ho brått snur nordvestover og rundt Semenicfjella. Ho renn så gjennom landsbyane Sasca Română, Sasca Montana, Slatina Nera og Naidăş, og frå her vert ho ei grenseelv mellom Romaina og Serbia dei siste 27 km av elva.

Grenseelv[endre | endre wikiteksten]

Som grenseelv renn Nera gjennom senkinga Bela Crkva (Belocrkvanska kotlina; kyrillisk: Белоцркванска котлина). Av busetnader på den rumenske sida finn ein Lescoviţa, Zlatiţa og Socol, og på den serbiske sida er det berre ein landsby ved sjølve elva, Kusić. Vračev Gaj ligg i nærleiken av elva og her snur elva sørover og munnar ut i Donau nær landsbyen Stara Palanka.

I den siste delen av elva er ho 20-40 meter brei med varierande djup. Elveleiet består hovudsakleg av grus, og renn over i fleire limanar fylt med gjørmete vatn.

Nera har eit nedslagsfelt på 1240 km², som høyrer til Svartehavet. Elva er ikkje farbar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Nera River (Danube)» frå Wikipedia på engelsk, den 6. juli 2008.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
      • Mala Prosvetina Enciklopedija, Third edition (1985); Prosveta; ISBN 86-07-00001-2
      • Jovan Đ. Marković (1990): Enciklopedijski geografski leksikon Jugoslavije; Svjetlost-Sarajevo; ISBN 86-01-02651-6
      • Administraţia Naţională Apelor Române - Cadastrul Apelor - Bucureşti
      • Institutul de Meteorologie şi Hidrologie - Rîurile României - Bucureşti 1971
      • Trasee turistice - judeţul Caraş [1]