Oktoberrevolusjonøya
79°30′N 97°30′E / 79.500°N 97.500°E
Oktoberrevolusjonøya (russisk Остров Октябрьской Революции, Ostrov Oktjabrskoj Revoljutsij) er den største øya i øygruppa Severnaja Zemlja i Russland. Ho har eit areal estimert til 14 170 km², noko som gjer ho til den 56. største øya i verda.[1] Det høgaste punktet på øya er Karpinskijfjellet på 965 meter over havet.
Halve øya er dekt av isbrear som rekk ned til sjøen. I dei isfrie områda består av øya av ørken eller tundra. Øya vart først utforska og namngjeve av ekspedisjonen til G.A. Usjakov og Nikolayj N. Urvantsev i 1930 - 1932.[2] Oktoberrevolusjonøya har fem store isbrear som heiter Rusanov, Karpinskij, University, Vavilov og Albanov.[3] Vêrstasjonen Vavilov var i drift frå 1974 til 1988 nord på Vavilovbreen.[4] Andre mindre isbrear på øya er mellom anna Maljutkabreen.
Elvene Podemnaja og Bolsjaja renn nordvestover mellom Vavilov- og Albanovbreen, medan elvane Bedovaja og Obryvistaja renn nordover mellom Albanov og Rusanov.[5]
Ostrov Vjsokij er ei lita øy som ligg i ei bukt sørvest på Oktoberrevolusjonøya.
Det har vore føreslått å endre namnet på øya til Svjataja Aleksandra (St. Aleksander).
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «October Revolution Island» frå Wikipedia på engelsk, den 12. august 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ McCoy, John F. (ed.) (2002) Geo-Data: The World Geographical Encyclopedia Thomson-Gale
- ↑ Октябрьской Революции Остров[daud lenkje] Store sovjetiske leksikon
- ↑ Severnaja Zelmja - OceanDots.com
- ↑ Bassford, R.P. et al. (2006) "Quantifying the Mass Balance of Ice Caps on Severnaya Zemlya, Russian High Arctic. I: Climate and Mass Balance of the Vavilov Ice Cap" Arctic, Antarctic, and Alpine Research 38(1): s.1-12 lenkje til samandrag
- ↑ Männik, Peep et al. (2002) "Silurian and Devonian strata Severnaya Zemlya and Sedov archipelagos (Russia)" Geodiversitas 24(1): s. 99-122;