Vizeøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Plasseringa til Vizeøya i Karahavet.
Vize1.PNG

Vizeøya eller Wieseøya (russisk Остров Визе, Ostrov Vize eller Земля Визе, Zemlja Vize) er ei isolert øy i Nordishavet, heilt nord i Karahavet, om lag midt mellom Frans Josefs land og Severnaja Zemlja. Administrativt høyrer ho til Krasnojarsk kraj i Russland.

Øya er aude og utsett for det harde arktiske klimaet, men har ikkje isbrear. Om sommaren er store delar av øya is- og snøfri. Ho har eit totalt areal på 289 km². Samanlikna med andre arktiske øyar er ho relativt stor og flat og det høgaste punktet er berre om lag 30 meter over havet. Det næraste landområde er Usjakovøya som ligg 140 km lenger nord.

Havet omkring øya er fylt med pakkis om vinteren og sjølv om sommaren er det mykje isflak.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1924 studerte oseanografen V. Ju. Vize kor det uheldige russiske skipet «Svjataja Anna» dreiv under ekspedisjonen til Georgij Brusilov medan ho var fanga i isen i Karahavet. Professor Vize merka seg eit merkeleg avvik i måte skipet dreiv på som følgje av variasjonar i havstraumar og retninga isen tok. Han rekna med at avviket kom frå ei uoppdaga øy og klarte å rekne ut koordinatane til øya sidan han visste posisjonane til «St. Anna». Denne informasjonen vart gjeve av navigatøren Valerian Albanov, ein av berre to overlevande frå «St. Anna».

Til slutt vart øya oppdaga 13. august 1930 av ein sovjetisk ekspedisjon leia av Otto Schmidt om bord på isbrytaren «Sedov» under kaptein Vladimir Voronin. Øya vart kalla opp etter professor Vize frå det sovjetiske polarinstituttet, som var med på «Sedov» og sette fot på øya han hadde forventa å finne.

Den første overvintringa på Vizeøya fann stad i 1945-1946. Ein polarstasjon vart oppretta der 1. november 1945. Polarstasjonen på Vizeøya er ein av dei nordlegaste i verda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 79°18′00″N 76°32′24″E