Heibergøyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Heibergøyane
øygruppe
Land  Russland
Kart
Heibergøyane
77°37′46″ N 101°25′18″ E
Wikimedia Commons: Heiberg Islands
Plasseringa til Heibergøyane i Karahavet.

Heibergøyane, òg skrive Geiberg eller Gejberg (russisk острова Гейберга, ostrova Gejberga eller острова Акселя Гейберга, ostrova Akselja Gejberga) er ei gruppe på fire småøyar i Karahavet i Russland, mellom Tajmurhalvøya og Severnaja Zemlja. Øyane ligg mellom 35 og 45 km frå kysten.

Heibergøyane ligg i inngangen til Vilkitskijsundet frå aust på 77° 40' N og 101° 27' E. Den største av øyane er berre om lag 5 km lang.

Havet omkring Heibergøyane er dekt av fast is om vinteren, som er lang og bitter. Pakkisen ligg i havet omkring øyane sjølv om sommaren, så øyane er knytt til fastlandet det meste av året.

Heibergøyane vart namngjevne av Fridtjof Nansen og kalla opp etter konsul Axel Heiberg, som direktør i det norske bryggeriet Ringnes, som finansierte Framekspedisjonen i Arktis. Ei øy i dei kanadiske polområda heiter Axel Heibergs land og må ikkje forvekslast med desse øyane.

Øygruppa er ein del av Krasnojarsk kraj og Det store arktiske statlege naturreservatet, det største naturreservatet i Russland.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det vart oppretta ein sovjetisk arktisk vêrstasjon på Heibergøyane i 1940 for å hjelpe skipsfarten langs Nordaustpassasjen. Etter at Sovjetunionen braut saman vart det mindre skipsfart i området. I dag finn ein nesten berre fast skipsfart frå Murmansk til Dudinka i vest og mellom Vladivostok og Pevek i aust. Området rundt Tajmyrhalvøya, inkludert Vilkitskijsundet, har nesten ikkje noko skipsfart i det heile.

Polstasjonen på Heibergøya er i dag forlaten, men det står framleis mykje utstyr her.

Nærliggande øyar[endre | endre wikiteksten]

  • Mellom øyane og kysten ligg det ei 3 km lang øya kalla Ostrov Gellanda-Gansena. Vanlegvis vert ikkje denne øya rekna som ein del av Heibergøyane, men ligg berre 28 km søraust for øya Vostotsjnijøya. Øya er kalla opp etter den norske oseanografen Bjørn Helland-Hansen (1877-1957).
  • Lenger sør ligg to øyar nær kysten. Povorotnij er den største og ligg nærast kysten. Den mindre heiter Vetsjernij.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]