Only You (And You Alone)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Only You (And You Alone)
Singel av The Platters
frå albumet The Platters
B-side

«Bark, Battle and Ball»

Språk engelsk
Utgjeve Mai 1955
Innspelt April 26, 1955
Sjanger Doo-wop
Lengd 2:36
Selskap Mercury
Komponist Buck Ram
Tekstforfattar Buck Ram
Låtskrivar(ar) Buck Ram

«Only You (And You Alone)» (ofte berre kalla «Only You») er ein popsong skriven av Buck Ram.[1] Han vart opphavleg innspelt av The Platters med vokal av Tony Williams i 1955.[2]

The Platters-versjonen[endre | endre wikiteksten]

The Platters spelte inn den første versjonen av songen for Federal Records den 20. mai 1954, men innspelinga vart ikkje gjeven ut. I 1955 spelte bandet inn songen på nytt, den 26. april, etter å ha flytta til Mercury Records, og han vart ein stor hit då han kom ut i mai. I novemebr det året gav Federal Records ut den originale singelen med B-sida «You Made Me Cry», men denne selde dårleg.[3] Bassongar i Platters, Herb Reed, fortalte sinare korleis gruppa prøvde å få til ein suksessrik versjon: «Me prøvde så mange gonger og det var frykteleg. Ein gong øvde me i bilen... og bilen rykte til. Tony song 'O-oHHHH-nly you.' Me lo først, men då han song dette i den songen - var det eit teikn på at me hadde treft noko.»[4] I følgje Buck Ram braut stemma til Tony Williams under ei øving, men dei valde å halde denne effekten på innspelinga. Dette var den einaste Platters-innspelingar der låtskrivare og managaren Ram spelte piano.[2]

Songen låg på toppen av den amerikanske R&B-lista i sju veker, og nådde femteplassen på Billboard Hot 100-lista.[5] Han låg inne på lista i 30 veker og konkurrerte med ein versjon av eit kvitt band kalla The Hilltoppers. The Platters-songen, «The Great Pretender» (som etter kvart vart meir populær enn «Only You»), var den første bandet gav ut i Storbritannia og Europa. I filmen Rock Around the Clock frå 1956 deltok The Platters med både «Only You» ogo «The Great Pretender».

Ringo Starr-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Only You
Singel av Ringo Starr
frå albumet Goodnight Vienna
B-side

«Call Me»

Språk engelsk
Utgjeve 11. november 1974 (US)
15. november 1974 (UK)
Sjanger doo-wop
Lengd 3:16
Selskap Apple
Komponist Buck Ram
Tekstforfattar Buck Ram
Låtskrivar(ar) Buck Ram
Ringo Starr-kronologi 
«Oh My My»
(1974)
Only You «No No Song»
(1974)


I 1974 spelte Ringo Starr inn denne songen (med «Call Me») for albumet hans Goodnight Vienna etter forslag frå John Lennon. Denne versjonen vart gjeven ut på singel 11. november i USA,[6] og han nådde sjetteplassen på den amerikanske Billboard Hot 100 og toppen av easy listening-lista tidleg i 1975.[7] Han vart gjeven ut i Storbritannia den 15. november.[8] Lennon spelte akustisk gitar på innspelingar og spelte inn ein rettleiiande vokal som produsenten Richard Perry beheldt. Harry Nilsson syng harmonivokal og er med Starr i ein humørfullt musikkvideo som vart filma på toppen av Capitol Records-bygningen i Los Angeles. Lennon sin vokalversjon kom ut på Anthology i 1998.

Andre kjende versjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Ein versjon spelt inn i 1956 av den walisisk-fødde songaren Malcolm Vaughan. Ein instrumentalversjon av Franck Pourcel kom i 1957 og selde over tre millionar eksemplarar fram til 1959. Carl Perkins spelte inn songen i 1957 på albumet Dance Album.
  • Den amerikanske vokalgruppa Deep River Boys med Harry Douglas og orkesteret til Arne Bendiksen spelte inn songen i Oslo den 8. august 1956.
  • Ein instrumentalversjon frå 1959 av franske Franck Pourcel nådde topp 10 på Billboard-lista.
  • Roy Orbison spelte inn songen i 1969 for albumet The Big O.
  • Brenda Lee spelte songen i 1962 på albumet hennar Sincerely, Brenda Lee. Denne versjonen nådde topp fem i Flandern seint i 1963 då han kom på singel i Belgia.
  • Bobby Hatfield frå The Righteous Brothers nådde 95. plassen på Billboard-lista i 1969 med sin versjon av songen.
  • Den engelske songaren Jeff Collins frå Enfield spelte inn songen i 1972. Han var populær i Europa og nådde 40. plassen på den britiske singellista.[9]
  • I 1973 gjekk Stein Ingebrigtsen til topps i Noreg med ein norskspråkleg versjon av songen kalla «Bare du». Teksten var skriven av plateprodusenten Arve Sigvaldsen. Ein svensk versjon av songen, «Bara du», vart òg spelt inn av Ingebrigtsen, og denne vart populær i Sverige. Ingebrigtsen spelte òg inn ein tysk versjon av songen kalla «So wie du» med tekst av Ralph-Maria Siegel.
  • Countrysongarane Norro Wilson, Freddie Hart, Reba McEntire, The Statler Brothers og Travis Tritt har alle spelt inn versjon av songen i høvesvis 1969, 1978, 1982, 1986 og 1995.
  • The Hi-Marks, eit populært band på New Zealand i 1970-åra, spelte inn ein versjon av songen for debutalbumet Showtime Spectacular.
  • Popbandet Child gav ut songen på singel i 1979 og denne nådde då 33. plassen på den britiske singellista.
  • John Alford spelte inn songen og gav han ut på singel i lag med «Blue Moon» i 1996. Denne nådde niandeplassen på den britiske singellista.
  • Den japanske artisten Shikao Suga spelte songen i 2001 på singelen «Hachigatsu no Serenade».
  • Stevie Holland spelte songen i 2006 på albumet hennar More Than Words Can Say.
  • I videospelet Batman: Arkham City frå 2011 syng The Joker, med Mark Hamill si røyst, ein skummel versjon av songen acapella. Den originale songen av The Platters er òg å høyre i oppfølgjaren Batman: Arkham Knight.

Bruk i media[endre | endre wikiteksten]

Songen er brukt i filmmusikken til mange filmar:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. For copyright reasons, Ram, who was registered with ASCAP, also added one of his pen names, Ande Rand.[treng kjelde]
  2. 2,0 2,1 Buck Ram interviewed on the Pop Chronicles (1969)
  3. Goldberg, Marv (2008). «The Platters». Henta 14. februar 2018. 
  4. «Herb Reed (Obituary)». The Telegraph. Juni 6, 2012. Henta 14. februar 2018. 
  5. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 463. 
  6. Harry, Bill (2004). The Ringo Starr Encyclopedia. London: Virgin Books. s. 183. ISBN 9780753508435. 
  7. Whitburn, Joel (2002). Top Adult Contemporary: 1961-2001. Record Research. s. 230. 
  8. Harry, Bill (2004). The Ringo Starr Encyclopedia. London: Virgin Books. s. 182. ISBN 9780753508435. 
  9. Peat, Charlie. «Former singer inspired to write more music after 40-year-old song proves a hit on YouTube». Hendon and Finchley Times. Henta August 14, 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]