Peristéri

Koordinatar: 38°01′N 23°41′E / 38.017°N 23.683°E / 38.017; 23.683
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Peristeri)
Peristéri
Lokalt namn Περιστέρι
Geografi
Stad Aten
Koordinatar 38°01′N 23°41′E / 38.017°N 23.683°E / 38.017; 23.683
Areal 10,05 km²

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Attikí
Vest-Aten
Hovudsete Peristéri (133 630 innb.)
Demografi
Folketal 133 630 (2021[1])
Folketettleik 13 297 /km²

Peristéri (gresk Περιστέρι), eldre former Peristerio og Peristerion, er ein kommune i forstadane til Aten i Hellas. Kommunen inngår i byområdet til Aten, og høyrer frå 2011 administrativt til periferieininga Vest-Aten i periferien Attikí.[2]

Peristéri ligg om lag 5 km nordvest for Aten sentrum. Kommunen ligg ved elva Kifisós, med Khaidári i vest og Petroúpoli i nordvest. Storleiken er om lag 10 km². Peristéri inkluderer den nordlege halvdelen av industriområdet i Aten. Aten bussterminal ligg i aust, og i 2004 opna ein stasjon på Aten metro her.

Peristéri har skular, latinskular, gymnas, bankar, eit postkontor og plateies. Peristéri har eit førstedivisjonslag i fotball kalla Atrómitos. Byen har òg ein stor assyrisk folkesetnad som har emigrert frå Irak og Tyrkia dei siste 30 åra.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]