René van de Kerkhof

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
René van de Kerkhof
Van de Kerkhof i 1975
Personleg informasjon
Fullt namn Reinier Lambertus van de Kerkhof
Fødd 16. september 1951 (72 år)
Fødestad Helmond i Nederland
Posisjon Høgrevinge
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1970–1973 Twente 99 (34)
1973–1983 PSV 278 (85)
1983–1984 Apollon Smyrnis 23 (3)
1984–1985 Seiko 20 (9)
1985–1988 Helmond Sport 61 (8)
1988–1989 FC Eindhoven 30 (3)
Totalt 491 (133)
Landslag
1973–1982 Nederland 47 (5)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Reinier Lambertus van de Kerkhof, nemnd René van de Kerkhof, (fødd 16. september 1951) er ein nederlandsk tidlegare fotballspelar, særleg kjend for sine år som vengspelar i PSV Eindhoven og på Nederlands landslag. Også tvillingbroren Willy van de Kerkhof var landslagsspelar.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Kerkhof spelte 1970-73 på FC Twente. Dei neste ti sesongane fram til 1983 gjorde han teneste i PSV Eindhoven, der han perioden 1974-78 var med på å vinne den nasjonale cupturneringa to gongar og seriemeisterskapen tre gongar. Dei suksessrike åra vart avslutta med triumf i UEFA-cupen 1978. Frå 1983 til han la opp i 1989 var Kerkhof aktiv i Hellas, Hong Kong og for klubbar på lågare nivå i heimlandet.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Kerkhof fekk sin landslagsdebut i mars 1973. Han var med i VM-troppa 1974, spelte einast den andre omgangen i VM-finalen, ein kamp Nederland tapte 1-2 mot Vest-Tyskland. Under Fotball-VM 1978 i Argentina hadde han og broren Willy meir sentrale roller då Nederland på ny spelte seg til VM-finale og som sist tapte for arrangørlandet. Kerkhof deltok i 47 landskampar, den siste i september 1982. Han skåra fem mål for Nederland.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Vinnar av UEFA-cupen: 1978 med PSV Eindhoven
  • Nederlandsk seriemeister: 1975, 1976, 1978 med PSV Eindhoven
  • Nederlandsk cupmeister: 1974 og 1976 med PSV Eindhoven
  • VM-sølv: 1974 og 1978 for Nederland
  • EM-bronse: 1976 for Nederland

Kjelder[endre | endre wikiteksten]