Return to Ommadawn
Return to Ommadawn Studioalbum av Mike Oldfield | ||
Utgjeve | 20. januar 2017 | |
Innspelt | Desember 2015 til mai 2016[1] | |
Studio | Heimestudioet til Oldfield i Nassau på Bahamas | |
Sjanger | ||
Lengd | 42:07 | |
Selskap | Virgin EMI | |
Produsent | Mike Oldfield | |
Mike Oldfield-kronologi | ||
---|---|---|
Man on the Rocks (2014) |
Return to Ommadawn |
|
Return to Ommadawn er det 25. studioalbumet til den engelske musikaren Mike Oldfield. Det kom ut 20. januar 2017 på Virgin EMI Records og er ein oppfølgjar til albumet Ommadawn frå 1975.[2] CD/DVD-Audio-utgjevinga inneheld ein 5.1-kringlyd-miks av albumet.[3]
Bakgrunn og innspeling
[endre | endre wikiteksten]I mars 2014 gav Oldfield ut det førre albumet sitt, Man on the Rocks, som var ei endring frå dei vanlege lange instrumentalane med new age-aktig musikk og i staden bestod av streite rockesongar med vokal. Då Oldfield skulle byrje på det neste albumet sitt spurte han fansen kva slags album dei ønskte å høyre frå han. Han fann ut at dei fleste ønskte lange, akustiskprega musikk som på dei tre første albuma hans, Tubular Bells (1973), Hergest Ridge (1974) og Ommadawn (1975), og oppfatta sistnemnde som ein særskild favoritt blant fansen. Dette inspirerte Oldfield til å lage ein oppfølgjar til Ommadawn, som han uansett hadde tenkt på ei stund. Albumet Amarok frå 1990 var opphavleg meint å vere Ommadawn II, før materialet «gjekk i ei anna retning» og ideen vart skrinlagd. I tillegg ønskte Oldfield å lage ein oppfølgjar etter at han hadde chatta med den franske musikaren Jean-Michel Jarre, som sa han var fan av Oldfield og ønskte eit samarbeid, men at han rekna musikken hans for å vere «for akustisk». Oldfield sa: «Dette fekk meg til å tenkje. Om nokon som han meiner eg er ein akustisk musikar, så viser det kor viktig den delen av karrieren min har vore.»[1]
Return to Ommadawn er det første albumet hans sidan Incantations (1978) som følgjer formatet med eitt spor per vinylside, som berre vart kalla «Part one» og «Part two».[1]
Albumet fekk middels god kritikk, og har ein score på 64 av 100 på Metacritic.[4] Albumet gjekk til topps på den spanske albumlista.[5]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Return to Ommadawn (Part one)» | 21:10 |
2. | «Return to Ommadawn (Part two)» | 20:57 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]Mike Oldfield spelte alle instrumenta sjølv.
Salslister
[endre | endre wikiteksten]Liste (2017) | Plassering |
---|---|
Australske album (ARIA)[6] | 61 |
Austerrikske album (Ö3 Austria)[7] | 6 |
Belgiske album (Ultratop Flandern)[8] | 31 |
Belgiske album (Ultratop Vallonia)[9] | 21 |
Tsjekkiske album (CNS IFPI)[10] | 2 |
Nederlandske album (MegaCharts)[11] | 28 |
Franske album (SNEP)[12] | 44 |
Tyske album (Offizielle Top 100)[13] | 3 |
Ungarske album (MAHASZ)[14] | 4 |
Irske album (IRMA)[15] | 43 |
Italienske album (FIMI)[16] | 26 |
Polske album (ZPAV)[17] | 23 |
Portugisiske album (AFP)[18] | 45 |
Spanske album (PROMUSICAE)[19] | 1 |
Svenske album (Sverigetopplistan)[20] | 38 |
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[21] | 8 |
Britiske album (OCC)[22] | 4 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Return to Ommadawn» frå Wikipedia på engelsk, den 5. juli 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Dome, Malcolm (5. juli 2020). «Mike Oldfield Returns to Ommadawn». Louder Sound. Henta 5. juli 2020.
- ↑ «Mike Oldfield's Online Store». Henta 5. juli 2020.
- ↑ «Mike Oldfield's Online Store - Return to Ommadawn CD/DVD». Henta 5. juli 2020.
- ↑ «Critic reviews for Return to Ommadawn». Metacritic. Henta 24. juni 2020.
- ↑ «Lescharts - Return to Ommadawn». Lescharts. Henta 24. juni 2020.
- ↑ «ARIA CHART WATCH #405». auspOp. 28. januar 2017. Henta 5. juli 2020.
- ↑ "Mike Oldfield - Return to Ommadawn" (På tysk). Austriancharts.at. Hung Medien. Henta 5. juli 2020.
- ↑ "Mike Oldfield – Return to Ommadawn" (På nederlandsk). Ultratop.be. Hung Medien. Henta 5. juli 2020.
- ↑ "Mike Oldfield – Return to Ommadawn" (På fransk). Ultratop.be. Hung Medien. Henta 5. juli 2020.
- ↑ "Top 50 Prodejní". Tsjekkiske album. CNS IFPI. Note: On the chart page, select 201705 on the field besides the word "Zobrazit", and then click over the word to retrieve the correct chart data. Henta 5. juli 2020.
- ↑ "Mike Oldfield – Return to Ommadawn". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 5. juli 2020.
- ↑ "Mike Oldfield – Return to Ommadawn". Lescharts.com. Hung Medien. Henta 5. juli 2020.
- ↑ "Offiziellecharts.de – Mike Oldfield – Return to Ommadawn" (På tysk). GfK Entertainment Charts. Henta 5. juli 2020.
- ↑ "Archívum – Slágerlisták – MAHASZ – Magyar Hangfelvétel-kiadók Szövetsége". Mahasz.hu. LightMedia. Henta 5. juli 2020.
- ↑ «IRMA - Irske Charts». Irske Recorded Music Association. Henta 5. juli 2020.
- ↑ "Mike Oldfield – Return to Ommadawn". Italiancharts.com. Hung Medien. Henta 5. juli 2020.
- ↑ "Oficjalna lista sprzedazy :: OLIS - Official Retail Sales Chart" (på polsk). OLiS. Polish Society of the Phonographic Industry. Henta 9. mars 2017.
- ↑ "Mike Oldfield – Return to Ommadawn". Portuguesecharts.com. Hung Medien. Henta 5. juli 2020.
- ↑ "Mike Oldfield – Return to Ommadawn". Spanishcharts.com. Hung Medien. Henta 5. juli 2020.
- ↑ "Mike Oldfield – Return to Ommadawn". Swedishcharts.com. Hung Medien. Henta 5. juli 2020.
- ↑ "Mike Oldfield – Return to Ommadawn". Swisscharts.com. Hung Medien. Henta 5. juli 2020.
- ↑ "2017-01-27 Top 40 Official Britiske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 5. juli 2020.