Amarok av Mike Oldfield

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Amarok
Studioalbum av Mike Oldfield
Utgjeve 28. mai 1990
Innspelt September 1989 til mars 1990
Studio Heimestudioet til Oldfield i Roughwood Croft i Chalfont St Giles og CTS Studios i London (kor)
Sjanger
Lengd 60:02
Selskap Virgin
Produsent
Mike Oldfield-kronologi
Earth Moving
(1989)
Amarok Heaven's Open
(1991)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic2.5/5 starsStar full.svgStar half.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]

Amarok er det trettande studioalbumet til den engelske musikaren Mike Oldfield, gjeve ut i mai 1990 av Virgin Records. Oldfield hadde opphavleg planlagt at det skulle vere eit «sint, protestalbum» som viste den musikalske dugleiken hans.[2] Han presenterte eit enkelt, seksti minuttar langt spor av kontinuerleg, men stadig skiftande musikk.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

I juli 1989 gav Oldfield ut Earth Moving, det tolvte albumet hans for Virgin Records. På denne tida var forholdet hans til selskapet blitt ganske dårleg etter ei usemje om kontrakten hans, honorara og mangelen på marknadsføring av albuma hans. Earth Moving var eit album der han «gjorde akkurat det Virgin ønskte» i forhold til den musikalske retning, og det vart ein suksess i Europa, men gjorde det skuffande i England, der Oldfield fekk noko pes frå Virgin over saka.[3] Oldfield måtte no levere to album til som ein del av kontrakten hans med Virgin og sommaren 1989 byrja han på eit album som ville glede fansen, men irritere sjefane i Virgin. Oldfield rekna Amarok som sin «personlege hemn» for mangelen på støtte frå Virgin.

Ideen til Amarok kom i august 1989 då Oldfield spelte inn eit opptak for BBC Radio 1 med eit sju minuttar utdrag frå debutalbumet hans, Tubular Bells (1973) framført av han sjølv. Oldfield hadde det moro i prosessen og det inspirerte han til å lage Amarok på den måten.[3] Då Oldfield byrja å skrive og arrangere «Amarok» ignorerte han presset frå Virgin om å levere eit kommersielt album og i staden «la alt kome ut utan noko forstyrring. Eg kjende eg fekk ideane frå ein stad inni meg, og seks månader seinare hadde eg heilt album.»[3] Han valde å la albumet bestå av eit enkelt, 60-minuttar langt stykke, som i motsetnad til dei tidlegare, lange spora hans, ikkje var delt inn i seksjonar. Eit slikt format ville bli vanskeleg for Virgin å marknadsføre eller spele på radio. Han unngjekk å lage tema som Virgin kunne kome til å identifisere som ein mogeleg singel, og utvikla idear ved å «førestille seg lyd, ikkje bilete.»[3]

Kontrakten til Oldfield med Virgin gjekk ut 1. januar 1991.[4]

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Amarok vart spelt inn i heimestudioet til Oldfield, som då låg i Roughwood Croft, eit ombygd vognskjul i Chalfont St Giles i Buckinghamshire.[5] Han tok med seg Tom Newman som med-produsent og lydteknikar, som han hadde arbeidd med sidan debutplata Tubular Bells (1973). Oldfield var nøgd med å arbeide med Newman igjen, som han hadde gjort før når han arbeidde aleine, og med hans hjelp kunne han fokusere meir på musikken. Som regel som arbeidde dei to frå kl. 1000 til rundt kl. 1800 og tok fri i helgene.[3]

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Som på tidlegare album spelte Oldfield ei lang rekkje instrument. Dette fortsette med Amarok, inkludert ting og tang som sko, skeier, ein støvsugar og «innhaldet i eit verktøyskrin for modellflyskaparar». Sjølv om det vert nytta røyrbjøller på albumet, er dei oppført som «lange, tynne, metalliske, hengande røyr».

Oldfield sa Amarok ikkje passar inn i New age-sjangere sidan «det innimellom sparkar deg i ræva.»[3]

Verker har mange påverknader frå afrikansk musikk, hovudsakleg gjennom bruken av vokal og perkusjon.

To av delane på albumet, «Mandolin Reprise» og «Africa I: Far dip», består av Oldfield med ei handsama «holemann»-røyst, som først vart nytta på Tubular Bells. Det vil sei at han roper ord som er vanskeleg å oppfate inn i mikrofonen, medan lydbandet går mykje raskare enn vanleg, slik at stemma vert langt mørkare enn vanleg når bandet vert spelt av på normal snøggleik.

Den siste delen av «Amarok» inneheld Janet Brown som etterliknar den tidlegare britiske statsministeren Margaret Thatcher.[3]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

I Australia vart albumet gjeve ut som ei dobbeltplate i lag med Tubular Bells.[6]

Albumet vart ikkje marknadsført med singlar eller turné, men Oldfield gjekk med på fleire intervju og ein radioreklame på BBC Radio 1.[3]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLengd
1.«Amarok»60:02

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1990) Plassering
Austerrikske album (Ö3 Austria)[7] 26
Tyske album (Offizielle Top 100)[8] 16
Nederlandske album (MegaCharts)[9] 66
Svenske album (Sverigetopplistan)[10] 50
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[11] 30
Britiske album (OCC)[12] 49

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Amarok av Mike OldfieldAllmusic
  2. «Mike Oldfield: 10 Favourite Tracks». Mojo Magazine. November 1998. Henta 3. juli 2020. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 3,7 «Mike Oldfield on Amarok». Home & Studio Recording. March 1991. Henta 1. juli 2020. 
  4. Oldfield 2008, s. 242.
  5. Two Sides (The Very Best of Mike Oldfield) [Booklet notes]. Mike Oldfield. Mercury Records. 2012. 5339182. 
  6. Mile Daly (7. juni 1990). «Oldfield's 'Amarok' is music to ears not captive to fake». The Age. Henta 3. juli 2020. 
  7. "Mike Oldfield - Amarok" (På tysk). Austriancharts.at. Hung Medien. Henta 30. juni 2020.
  8. "Offiziellecharts.de – Mike Oldfield – Amarok" (På tysk). GfK Entertainment Charts. Henta 30. juni 2020.
  9. "Mike Oldfield – Amarok". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 30. juni 2020.
  10. "Mike Oldfield – Amarok". Swedishcharts.com. Hung Medien. Henta 30. juni 2020.
  11. "Mike Oldfield – Amarok". Swisscharts.com. Hung Medien. Henta 30. juni 2020.
  12. "Mike Oldfield | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 3. juli 2020.