Ommadawn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ommadawn
Studioalbum av Mike Oldfield
Språk inkje språkleg innhald
Utgjeve 28. oktober 1975
Innspelt Januar til september 1975
Studio The Beacon
(Kington i Herefordshire)
The Manor Studio
(Shipton-on-Cherwell i Oxfordshire)
Sjanger
Lengd 36:41
Selskap Virgin
Produsent Mike Oldfield
Mike Oldfield-kronologi 
The Orchestral Tubular Bells
(1975)
Ommadawn Incantations
(1978)


Singlar frå Ommadawn
  1. «In Dulci Jubilo»/«On Horseback»
    Utgjeve: 14. november 1975[2]
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 stars[1]

Ommadawn er det tredje studioalbumet til den engelske musikaren Mike Oldfield, gjeve ut 28. oktober 1975 på Virgin Records. Det nådde fjerdeplassen på UK Albums Chart. Albumet kom ut på ny på Mercury Records i juni 2010 med ekstra innhald. Ein oppfølgjar, kalla Return to Ommadawn, kom i januar 2017.

Bakgrunn og innspeling[endre | endre wikiteksten]

Seint i 1974 var Oldfield blitt stadig meir skuffa over den negative responsen til det andre albumet hans, Hergest Ridge (1974). Men situasjonen skapte ein kreativ periode i eit forsøk på å levere noko som var «vert det og ein suksess» og som viste at han ikkje berre var ein one-hit wonder etter den uventa suksessen med debutplata, Tubular Bells (1973).[3] Då han sette seg ned for å skrive ny musikk, ønskte å han unngå arbeid i eit profesjonelt studio og overtydde i staden selskapet hans Virgin Records om å setje opp eit 24-spors studio i heimen hans, kalla The Beacon i Kington i Herefordshire.[3]Ommadawn kom ut hadde Oldfield alt flytta ut av Kington til Througham Slad Manor nær Bisley i Gloucestershire.[4]

Kort tid etter innspelinga byrja i januar 1975, døydde mora til Oldfield. Han sa seinare at det berre var den nye musikken hans som kunne gje han ei form for trøyst etter dette.[3] Etter å ha prøvd i fleire månader på å spele inn side ein, måtte alt spelast inn på nytt fordi originallydbandet var blitt heilt nedslite, truleg av dei mange overdubbane til Oldfield.[4] Dei afrikanske trommene vart spelte inn i The Manor Studio i Shipton-on-Cherwell i Oxfordshire, der Oldfield hadde spelt inn dei to første albuma sine.[4]

Fotografiert på plateomslaget var teken av David Bailey.

Albumtittelen kom mot slutten av produksjonen. Oldfield hadde sett ei samling ord den irske musikaren Clodagh Simonds hadde funne på, og eit av dei var ommadawn, og han valde å bruke dette. Oldfield avviste ideen om at tittelen kom frå dei gæliske orda amadan eller omadhaun, som tyder «tosk».[4]

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Som dei to første albuma, består Ommadawn av ein enkel komposisjon delt i to av vinylplata. Oldfield brukar relativt få tema gjennom Ommadawn og utviklar dei grundig, både med musikalsk variasjon og ved å variere instrumenta som vert nytta. Kvar av dei to delane av Ommadawn har sine eigne tema som ikkje går att i kvar sine delar. Oldfield henta inspirasjon frå gammal keltisk musikk og skreiv musikk for tradisjonelle instrument som sekkepipe. Sekkepiper vart òg spelt inn, av ein musikar oppført som «Herbie», men innspelinga vart ikkje nytta på det endelege albumet.

Oldfield spelar kvart lag av lyd og mesteparten av instrumenta sjølv gjennom heile Ommadawn, med unntak av eit par musikarar som hovudsakleg er kjend som innan folkemusikken: Clodagh Simonds, Paddy Moloney og den tunge afrikanske tromminga til Jabula.

Oldfield spelar to elektriske gitarar, ein raud Gibson SG Junior og ein lys Fender Telecaster. Oldfield ser ut til å ha brukt to forskjellige bassgitarar på den tida: ein Fender Precision og ein Gibson EB-3. Ein akustisk bassgitar av Tony Zemaitis og ein Ramirez klassisk gitar er òg nytta på albumet. Pianoet på albumet er truleg eit Bösendorfer. Ein trur òg at det er nytta ein Fender lapsteelgitar på «On Horseback», men dette er ikkje oppført i omslaget. Mange av instrumenta til Oldfield frå denne perioden er vist i eit fotografi som kom med som ein del av plateboksen Boxed.[5]

Historie og versjonar[endre | endre wikiteksten]

Ein ny miks av Ommadawn vart laga i kvadrofonisk lyd og gjeve ut i plateboksen Boxed eit år seinare.

Den første konsertframføringa av albumet vart gjort av Liffey Light Orchestra på Trinity College Dublin den 1. mai 1977.[6] Oldfield turnerte ikkje då albumet kom ut, men han byrja å spele delar av albumet på konsertane sine frå 1980 og frametter.

Oldfield-albumet Amarok frå 1990, vart rekna som ein oppfølgjar til Ommadawn, men enda opp med å bli noko heilt anna. Virgin hadde pressa Oldfield til å lage ein oppfølgjar til Tubular Bells.[7] Ein faktisk oppfølgjar til Ommadawn, kalla Return to Ommadawn, kom ut i 2017.

Ommadawn vert dekt i siste episoden av dokumentarserien til Tony Palmer, All You Need is Love; episode 17 «Imagine (New Directions)».[8] Her diskuterer Oldfield og Richard Branson albumet i lag med studiobiletet frå den tida.

Utdrag frå Ommadawn vart nytta i NASA-filmen The Space Movie i 1979. Ein liten del av Ommadawn «Part One» vart nytta som kjenningsmelodi til BBC-serien Jackanory.

I juni 2010 vart albumet gjeve ut på ny av Mercury Records med ein demoversjon av verket som bonusspor.

«On Horseback» og «In Dulci Jubilo»[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om Ommadawn er eit verk i to delar, er de teit tredje spor albumet, ein kort song av Mike Oldfield og William Murray kalla «On Horseback». «On Horseback» handlar om ein gong då Oldfield, Murray og Leslie Penning ridde kring området Hergest Ridge.

I november 1975 gav Oldfield ut singelen «In Dulci Jubilo» med «On Horseback» på B-sida. Denne nådde fjerdeplassen på UK Singles Chart i januar 1976. I Frankrike kom «In Dulci Jubilo» ut med ein miks av slutten på part 1 av Ommadawn. Somme kopiar av albumet inneheld òg «In Dulci Jubilo» mot slutten, i staden for «On Horseback».

2010-utgåva av albumet inneheld «On Horseback» mot slutten av «Ommadawn (Part 2)» som del av det lange sporet, i tillegg til at «In Dulce Jubilo» er med som bonusspor. Tre andre bonusspor er òg inkludert: «First Excursion», «Argiers» og «Portsmouth».

Innhald[endre | endre wikiteksten]

All tekst og musikk av Mike Oldfield, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Ommadawn (Part One)»19:23
Side to
Nr.TittelLengd
2.«Ommadawn (Part Two)»13:54
3.«On Horseback» (utan tittel)3:23
  • «On Horseback» er ikkje oppført på plateetiketten, men som ein del av «Ommadawn (Part Two)», som då får lengda 17:17. Inne i plateomslaget er derimot songen oppført som «teksten til hestesongen på side to av Mike Oldfield og William Murray». Notearket for «On Horseback» seier «Musikk av Mike Oldfield, tekst av Mike Oldfield og William Murray».
Mercury Records - Standardutgåva frå 2010
Nr.TittelLengd
1.«Ommadawn {Part One}» (2010 stereo mix)19:05
2.«Ommadawn {Part Two} / On Horseback» (2010 stereo mix)17:20
3.«In Dulci Jubilo»2:51
4.«First Excursion»5:54
5.«Argiers»3:59
6.«Portsmouth»2:01
Mercury Records - Luksusutgåva frå 2010 - CD 2
Nr.TittelLengd
1.«Ommadawn {Part One}» (1975 stereo mix)19:23
2.«Ommadawn {Part Two} / On Horseback» (1975 stereo mix)17:17
3.«Ommadawn» (tapt versjon - 1975 demo) 
Back to Black-utgåva på vinyl frå 2010
Nr.TittelLengd
1.«Ommadawn (Part One)» (1975-miksen)19:23
2.«Ommadawn (Part Two)» (1975-miksen)17:17
DVD-utgåve frå 2010
Nr.TittelLengd
1.«Ommadawn {Part One}» (2010 5.1-kringlydmiks)19:05
2.«Ommadawn {Part Two} / On Horseback» (2010 5.1-kringlydmiks)17:20
3.«In Dulci Jubilo» (video)2:51
4.«Portsmouth» (video)2:01

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Musikarar


Produksjon

  • Mike Oldfield – produsent, lydteknikar
  • David Bailey – fotografi
  • Phil Smee – CD-design på 2010-utgåva

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Nederland (NVPI)[10] Gull 50 000^
Storbritannia (BPI)[11] Gull 100 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 OmmadawnAllmusic
  2. «Mike Oldfield Discography – Singles – «In Dulci Jubilo»». Amadian.net. Arkivert frå originalen 20. juni 2012. Henta 28. juni 2020. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Powell, Mark (1975). Ommadawn [2010 Reissue] (Booklet essay). Mercury Records. s. 3–5, 7–9. 532 676-2. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 Dallas, Karl (25. oktober 1975). «Beyond the Ridge: Portrait of a Genius». Melody Maker. Henta 28. juni 2020. 
  5. «Ommadawn Instruments». Tubular.net. Henta 28. juni 2020. 
  6. Stewart, Ken (28. mai 1977). «From the Music Capitals of the World». Billboard: 70. 
  7. «Amarok». Tubular.net. Arkivert frå originalen 14. oktober 2007. Henta 14. september 2008. 
  8. «All You Need Is Love: The Story of Popular Music». Tony Palmer. Arkivert frå originalen 13. april 2009. Henta 31. mars 2009. 
  9. Oakes, Tim (June 1980). «Mike Oldfield». International Musician and Recording World. Henta 24. juni 2020 – via Rock's Backpages. 
  10. «Dutch album salstrofé – Mike Oldfield – Ommadawn» (på nederlandsk). Nederlandse Vereniging van Producenten en Importeurs van beeld- en geluidsdragers. Henta 28. juni 2020. 
  11. «British album salstrofé – Mike Oldfield – Ommadawn». British Phonographic Industry. Henta 28. juni 2020.  Enter Ommadawn in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go