Tubular Bells 2003

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tubular Bells 2003
Studioalbum av Mike Oldfield
Utgjeve 27. mai 2003
Innspelt August 2002 til februar 2003 i Roughwood
Sjanger Progressiv rock
Lengd 48:38
Selskap Warner Music Spain
Produsent Mike Oldfield
Mike Oldfield-kronologi
Tr3s Lunas
(2002)
Tubular Bells 2003 Light + Shade
(2005)


Singlar frå Tubular Bells 2003
  1. «Introduction 2003»
    Utgjeve: 24. april 2003
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[1]

Tubular Bells 2003 er eit studioalbum av Mike Oldfield, gjeve ut i 2003 på Warner Music. Det er ei fullstendig nyinnspeling av debutalbumet til Oldfield frå 1973, Tubular Bells, som kom ut 30 år tidlegare. Så langt er dette det siste av serien av Tubular Bells-album.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Oldfield hadde alltid vore ukomfortabel med originalinnspelinga, fordi han berre hadde fått nokre få veker å spele inn alt saman, og teknologien på den tida var ikkje god nok til å gjere alt han tenkt. Dermed kunne han ikkje rette på feil, og somme instrument var ustemte. Av kontraktsårsaker hadde han ikkje lov å spele inn albumet på nytt før det var gått 25 år. Utgjevinga av Tubular Bells 2003 fann stad det året Oldfield feira 50-årsdagen sin og 30-årsjubileet for originalversjonen.

Albumet kom ut i fire versjonar: ein Cd i Europa, ein CD i Nord-Amerika og ei DVD-Audio-utgåve. Kopivern[2] på CD-ane førte til mange klagar om folk som ikkje kunne spele av plata, og påstandar om at plata øydela CD- og DVD-spelarar.

Sidan det vart brukt digital teknologi, høyrest Tubular Bells 2003 meir synthprega og klårare ut enn originalen. Sidan den opphavlege seremonimeisteren frå originalen i 1973, Vivian Stanshall, no var død, fekk Oldfield skodespelaren John Cleese til å introdusere instrumenta i «Finale»-delen.[3]

Ein CD audio/DVD Video-audio 5.1, kom ut i Spania og México.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLengd
1.«Introduction»5:52
2.«Fast Guitars»1:04
3.«Basses»0:46
4.«Latin»2:18
5.«A Minor Tune»1:21
6.«Blues»2:40
7.«Thrash»0:44
8.«Jazz»0:48
9.«Ghost Bells»0:30
10.«Russian»0:44
11.«Finale» (med John Cleese)8:32
12.«Harmonics»5:12
13.«Peace»3:30
14.«Bagpipe Guitars»3:08
15.«Caveman»4:33
16.«Ambient Guitars»5:10
17.«The Sailor's Hornpipe» (trad. arr.)1:46

Bonus DVD[endre | endre wikiteksten]

Plate 2 - bonus-DVD
Nr.TittelLengd
1.«Introduction»5:51
2.«Fast Guitars»1:04
3.«Basses»0:46
4.«Introduction 2003 'The video'»3:41
Demoar frå 1971 - bonus på DVD-Audio
Nr.TittelLengd
1.«Tubular Bells Long»22:57
2.«Caveman Lead»0
3.«Caveman»5:05
4.«Peace Demo A»7:00
5.«Peace Demo B»4:18
Konsertopptak - bonus på DVD-Audio
Nr.TittelLengd
6.«Sentinel» (Opptak frå Edinburgh Castle 1992)8:06
7.«Far Above the Clouds» (Opptak frå Horseguards Parade, London 1998)4:40

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Musikarar
Teknisk
  • Ben Darlow – lydteknikar
  • Steve Bedford – nytt bilete av framsida
  • Trevor Key – originalt framsidebilete
  • Andy Earl – bilete på innsida av omslaget
  • e-xentric thinking – design

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Tubular Bells 2003Allmusic
  2. «Discography». Amadian. Henta 5. juli 2020. 
  3. «John Cleese». UKTV Gold. Henta 5. juli 2020.