QE2

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
QE2
Studioalbum av Mike Oldfield
Utgjeve 31. oktober 1980
Innspelt Denham, 1980
Sjanger Progressiv rock
Lengd 39:51
Selskap Virgin
Mercury (2012 reissue)
Produsent David Hentschel,
Mike Oldfield
Mike Oldfield-kronologi
Platinum
(1979)
QE2 Five Miles Out
(1982)


Singlar frå QE2
  1. «Arrival»
    Utgjeve: 12. september 1980
  2. «Sheba/Wonderful Land»
    Utgjeve: 28. november 1980
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]

QE2 er det sjette studioalbumet til Mike Oldfield, gjeve ut i 1980 på Virgin Records. Albumet er kalla opp etter cruiseskipet RMS «Queen Elizabeth 2».

ALbumet inneheld både originale Oldfield-komposisjonar og to coverversjonar («Arrival» av ABBA og «Wonderful Land» av The Shadows).

Sjølv om albumet nådde 11. plassen på den tyske albumlista, vart albumet det bestseljande albumet i Tyskland i 1981.[2]

Info[endre | endre wikiteksten]

Det lengste sporet på albumet er «Taurus I» på 10 minutt og tittelsporet, «QE2», på sju minutt. Nokre år seinare svarte The Shadows på Oldfield sin versjon av «Wonderful Land» med å spele inn ein versjon av Oldfield sin «Moonlight Shadow». Coversongane vart gjevne ut som singlar.

Albumet var det første Oldfield spelte inn med Maggie Reilly på vokal. Somme av spora på albumet inneheld vokal sungen gjennom ein vocoder. «Conflict» har eit utdrag frå J.S. Bach sitt «Badinerie» (den siste delen av Bach sin Orkestersuite nr. 2 i b-moll). Teksten for «Celt» vart skriven av Tim Cross.

«Molly» vart skriven for dottera hans, Molly Oldfield, som seinare spelte klaverinstrument på The Songs of Distant Earth og var ein del av prosjektet Songs for Survival.

Oldfield marknadsførte albumet med den europeiske Adventure-turneen frå mars til august 1981.

Albumet og tittelsporet var kalla opp etter det då 11 år gamle cruiseskipet til Cunard Line, RMS «Queen Elizabeth 2». Plateomslaget verkar å vere eit nærbilete av sida på skipet, med Plimsoll Line i nedre venstre hjørne.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Taurus I» 10:16
2.«Sheba» 3:33
3.«Conflict» 2:53
4.«Arrival»Benny Andersson, Björn Ulvaeus2:48
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
5.«Wonderful Land»Jerry Lordan3:38
6.«Mirage» 4:41
7.«QE2»Oldfield, David Hentschel7:38
8.«Celt»Oldfield, Tim Cross3:06
9.«Molly» 1:15

Nyutgjeving[endre | endre wikiteksten]

Albumet kom ut på ny på Mercury Records den 30. juli 2012.

Den første plata inneheld originalplata med bonussongar, og den andre plata (som kom med luksusutgåva) er eit konsertopptak spelt inn på tida då albumet kom ut. Konserten vart spelt inn i april 1981 i Essen i Tyskland under turneen til Oldfield det året.

2012-utgåva - Plate 1
Nr.TittelLengd
1.«Taurus 1»10:16
2.«Sheba»3:32
3.«Conflict»2:48
4.«Arrival»2:45
5.«Wonderful Land»3:37
6.«Mirage»4:39
7.«QE2»7:37
8.«Celt»3:03
9.«Molly»1:16
10.«Polka»3:34
11.«Wonderful Land» (singelversjon)2:50
12.«Shiva»3:34
2012-utgåva - Plate 2 - Konsertopptak frå Adventure-turneen
Nr.TittelLengd
1.«Taurus 1»11:11
2.«Sheba»3:28
3.«Mirage»5:01
4.«Conflict»5:16
5.«Ommadawn»21:45
6.«Punkadiddle»5:24
7.«Tubular Bells (Part One)»18:30
8.«QE2»4:55
9.«Portsmouth»2:28

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Teknisk

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1980–1981) Plassering
Austerrikske album (Ö3 Austria)[3] 8
Belgiske album (Ultratop Vallonia)[4] 196
Tyske album (Media Control)[5] 12
Norske album (VG-lista)[6] 23
Spanske album (PROMUSICAE)[7] 45
Britiske album (OCC)[8] 27

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Tyskland (BVMI)[9] Gull 250 000^
Spania(PROMUSICAE)[10] Gull 50 000^
Storbritannia (BPI)[11] Gull 100 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. QE2Allmusic
  2. «Top 100 Album-Jahrescharts 1981». offiziellecharts.de (på tysk). GfK Entertainment Charts. Henta 29. juni 2020. 
  3. "Mike Oldfield - QE2" (På tysk). Austriancharts.at. Hung Medien. Henta 28. juni 2020.
  4. "Mike Oldfield – QE2" (På fransk). Ultratop.be. Hung Medien. Henta 28. juni 2020.
  5. "Longplay-Chartverfolgung at Musicline". Musicline.de. Media Control. Henta 28. juni 2020.
  6. "Mike Oldfield – QE2". Norwegiancharts.com. Hung Medien. Henta 28. juni 2020.
  7. "Mike Oldfield – QE2". Spanishcharts.com. Hung Medien. Henta 28. juni 2020.
  8. november 1980 "15. november 1980 Top 40 Official Britiske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 28. juni 2020.
  9. «Gold-/Platin-Datenbank (Mike Oldfield; 'Q E 2')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie. Henta 29. juni 2020. 
  10. Salaverri, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (1st utg.). Spain: Fundación Autor-SGAE. ISBN 84-8048-639-2. 
  11. «British album salstrofé – Mike Oldfield – QE2». British Phonographic Industry. Henta 29. juni 2020.  Enter QE2 in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go