Sameloven

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Sameloven, eigentleg Lov om Sametinget og andre samiske rettsforhold, vart vedteken i 1987 i eit forsøk på å gjera god att mykje av den uretten samane hadde opplevd frå det norske samfunnet.

Loven oppretta Sametinget og set retningslinjer for kva område det skal ta for seg, kven som kan stemma og bli valde inn på tinget, kor ofte vala skal skje og kva valkretsar som gjeld.

Sameloven seier òg at i dei kommunane som har vald å ha norsk og samisk til forvaltingsspråk, har ein kvar rett til å uttala seg og få svar på samisk i tilhøve til offentlege organ, helsetenester, politiet, rettsvesenet og Den norske kyrkja. Samisktalande har òg krav på undervisning på samisk.