Skulemål i Trøndelag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

I Nord-Trøndelag tok dei fyrste skulekrinsane på Innherad nynorsken allereie i 1898 og var såleis bland dei fyrste i heile landet. Den fyrste krinsen i Sør-Trøndelag var Havdal i Rennebu kommune, eit tiår seinare (1908), men fleire krinsar i Orkdalsføret og Gauldalen kom ikkje etter før kring 1920. Såleis vart fylket det nest siste i landet kor målet fekk monaleg innpass. I Nordfylket hadde målet ein kraftig framgang i 1909 og ytterlegare i 1939, såleis at kring andre verdskrigen hadde fylket den tredje høgaste delen nynorskelevar i heile landet, jamnvel betre enn Hordaland. I Sørfylket var det noko framgang i 1920 og ein god auke i 1938–39, såleis at målet hadde ein monaleg oppslutnad kring verdskrigen. Etter krigen byrja attergangen, allereie frå 1949 i Nordfylket og noko seinare frå 1953 i Sørfylket, såleis at delen nynorskelevar hadde minka til ein firedel på syttitalet i både fylka. I 1987 var delen nynorskelevar i Sør-Trøndelag under 1%, medan nynorsken heldt stand eit par tiår lenger i Nord-Trøndelag. Sidan har nynorsken vore marginalisert i både fylka, men det var ikkje fyre i 2010 at den siste nynorskkrinsen i Nord-Trøndelag gjekk tapt, medan det framleis er ein einskild krins i Sør-Trøndelag som held på målet.

Trøndske målføre, eller trøndersk vert rekna til austnorsk og omfattar dialektane som vert tala i heile Trøndelag, saman med Nordmøre og Sør-BindalenHelgeland. Ein skil mellom indre og ytre mål, Uttrøndsk vert tala langs kysten på Fosen og Ytre Namdal, medan Inntrøndsk vert tala i dei indre bygdene frå Oppdal, Kvikne og Røros i sør, Orkdalen i aust, til Lierne og Røyrvik i nord.

På 1960-talet vart kommunestrukturen i heile landet kraftig endra, i Trøndelag førte det med seg at mange mindre herad vart slegne saman til større einingar. Sidan Ålen og Haltdalen vart slegne saman til Holtålen i 1972 var det ikkje nokre endringar i desse fylka før 1.1.2012 då Mosvik og Inderøy vart slegne saman til ein kommune.

Kommunetal i Trøndelag
Fylke 1960 1975 2012
Sør-Trøndelag 56 25 25
Nord-Trøndelag 46 24 23
Trøndelag 102 49 48

Sør-Trøndelag[endre | endre wikiteksten]

Nynorsk skulemål i Sør-Trøndelag
1950 1975
Sør-Trøndelag-1950 Nynorsk.png Sør-Trøndelag-1975 Nynorsk.png
2000 2012
Sør-Trøndelag-2000 Nynorsk.png Sør-Trøndelag-2012 Nynorsk.png

Sør-Trøndelag fekk sin fyrste nynorskkrins i 1908 med den einskilde skulekrinsen i Rennebu, der stod læraren Anders Sunde sentral. Han kom frå Åmli i Aust-Agder og hadde gått seminaret på Elverum, som vart rekna som eit retteleg nynorskreir. Det kan forklare korfor denne krinsen var den fyrste i denne delen av Trøndelag. Fleire vart det ikkje føre i 1919 då målet med eit slag fekk innpass i Budal, Hemne, Hølonda, Malvik, Meldal, Melhus, Orkdal, Orkland, Osen, Snillfjord, Soknedal og Ørland og til saman 29 heradskrinsar (9%) hadde teke målet. Nokre fleire krinsar kom til dei neste åra mellom anna i Stadsbygd (1923), Singsås (1925), Heim (1930) og Rissa (1934), medan den heftigaste framgangen gjekk føre seg kring Verdskrigen. I 1950 hadde til saman 140 heradskrinsar, med 37% av elevane (29% medrekna Trondheim) nynorsk som skulemål. Målet stod særleg sterkt i Orkladalføret og delar av Gauldalen, noko svakare i Tydalføret og delar av Fosen, medan det ikkje fekk innpass i og kring Trondheim, bergstaden Røros og dei fleste kystherada. I til saman atten herad var nynorsken einerådande, tretten var delte mellom måla, medan bokmålet var einerådande i 24 herad og byen Trondheim.

Allereie føre 1950 byrja ei mindre attergang for nynorsken i Sør-Trøndelag, medan det frå 1953 vart stendig meir påtageleg at målet mista oppslutnad i fylket. Såleis på om lag eit tiår (1960) var delen redusert til helvta (15%), i 1965 til ein tredel (10%). Det var særleg i dei kystherada målet hadde vunne som fyrst gjekk tapt att, men òg i øvre Gauldalen og den tidlegare nynorskbastionen Oppdal. Fram mot 1975 gjekk det ikkje lenger fullt så raskt attende, framleis heldt om lag 5% av elevane i fylket på nynorsken. I seks kommunar i Orkladalsføret og nedre Gauldalen var det god oppslutnad, medan det i Melhus no var på sluten for målet. Rennebu var i 1965 den siste kommunen med nynorsk i alle krinsane, men målet vart med til dels stor strid røysta ut or krins etter krins dei neste 30 åra. Den siste krinsen, Voll, fall i 1993, etter at den fjerde målrøystinga gav monaleg fleirtal for bokmålet.

I 2000 er det berre 0,3% av nynorskelevar i heile fylket, stoda er slik at målet er ute or samtlege skulekrinsar i Sør-Trøndelag utan ein: Jåren-Råbygda i Skaun. Her var det særs nære på å ryke ut i 1997, med ei røysts overtal vann nynorsken målrøystinga dette året. Det lukkast på denne tida å få nokre einstaka nynorskgrupper mellom anna på Singsaker i Trondheim, diverre eit kortvarig målframstøyt i Trønder-hovudstaden. Fram mot 2012 vert nynorsken ytterlegare marginalisert til 0,1% i heile fylket, men framleis held krinsen i Skaun på målet. Diverre er skulen nedleggingstrua, og det er mykje som talar for at nynorsken forsvinn som skulemål i Sør-Trøndelag, slik ein har sett andre stader kor stoda har vore likeins.

Sidan 1965 har det vore til saman 37 målrøystingar i Sør-Trøndelag: Hemne (2), Meldal (3), Melhus (1), Midtre Gauldal (4), Orkdal (5), Osen (1), Rennebu (9), Selbu (2), Skaun (6) og Snillfjord (4), og av dei har nynorsken vunne 11. Den seinaste målrøystingen var den nemnde i Skaun i 2014 og gav eit monaleg fleirtal for bokmålet, såleis at den siste krinsen i Trøndelag får bokmål frå 2015.

Nord-Trøndelag[endre | endre wikiteksten]

Nynorsk skulemål i Nord-Trøndelag
1945 1975
Nord-Trøndelag-1945 Nynorsk.png Nord-Trøndelag-1975 Nynorsk.png
2000 2011
Nord-Trøndelag-2000 Nynorsk.png Nord-Trøndelag-2011 Nynorsk.png

Nord-Trøndelag fekk sine fyrste nynorskkrinsar allereie i 1898 då Sparbu (no Steinkjer) tok målet i alle fem krinsane og sameleis dei fire krinsane i Frol (Levanger). Året etter fylgde Beitstad, Egge, Kvam, Malm og Namdalseid. I 1902 tok Kvam målet i fire av fem krinsar og Stod i ein av to krinsar. Ein monaleg auke på krinsar kom i 1908 då Frosta, Inderøy, Leka, Nærøy, Ogndal, Røra, Sandvollan, Snåsa, Stod, Verdal, Vikna og Åsen fekk sine fyrste nynorskkrinsar. Såleis at i 1910 hadde ein tredel av heradskrinsane teke målet, med 35% av elevane - etter Sogn og Fjordane og saman med Hordaland den nest høgaste delen i heile landet.

I fylgje offisielle tal var det ei monaleg attergang for nynorsken det neste tiåret, såleis at i 1915 hadde delen nynorskkrinsar minka til kring ein firedel (26%), medan delen nynorskelevar var nede i 28%. Døme på herad kor målet gjekk attende fann ein i Frol og Leka, medan Beitstad og Snåsa gjekk frå reine nynorskherad til berre bokmålskrinsar på desse åra. Fram mot 1920 og vidare dei neste tiåra kom igjen nynorsken på offensiven, såleis at i 1920 hadde igjen kring ein tredel av krinsane og elevane teke målet.

Det store spranget framåt kom kring andre verdskrigen, då meir enn 2/3 av krinsane og elevane i heradsskulane hadde teke målet. Medrekna byane hadde kring 63% av elevane nynorsk i 1946, og målet hadde fått fotfeste i alle delane av fylket, frå Stjørdalen i sør til Namdalen i nord, frå kysten til Svenskegrensa. I nitten kommunar var nynorsken einerådande, sytten var delt mellom måla, medan bokmålet berre var einerådande i elleve kommunar. Målet stod så sterkt i Nord-Trøndelag at fram til midten av 50-talet var fylket det tredje sterkaste nynorskfylket, berre slegen av Sogn og Fjordane og Hordaland, og fram til 1965 det fylket utanom vestlandet kor målet hadde si største utbreiing (i prosent av elevane).

Diverre byrja attergangen for målet i Nord-Trøndelag på 1950-talet, og på eit tiår (1960) var delen med nynorsk minka med ein tredel til 40%, det neste tiåret (1970) redusert til kring 21% - ein tredel av toppåret 1946 på eit kvart hundreår. Ottar Grepstad uttrykkjer det som: Ikkje i noko fylke har nynorsken mista meir på desse åra. Attergangen held fram, såleis at i 1975 ligg fylket for fyrste gongen under snittet for heile landet. Målet er heilt ute or fleire delar av fylket, men held stand på Høylandet og herada i Innherred. I heile fylket hadde kring 15% av elevane nynorsk.

I 2000 er målet kraftig attende òg i desse herada, no er det berre storkommunen og tidlegare nynorskbastion Steinkjer som framleis har monaleg del nynorskelevar (9%) - i resten av fylket er målet marginalisert og no har berre 2% av elevane nynorsk. Utviklinga held fram og den siste nynorskkrinsen i fylket, Vålen i Steinkjer, har kasta målet ut. Såleis i 2010 er soga for nynorsk som opplæringsmål i Nord-Trøndelag avslutta etter 112 år.

Sidan 1965 har det vore til saman 72 målrøystingar i Nord-Trøndelag: Høylandet (2), Inderøy (8), Levanger (9), Namdalseid (2), Nærøy (3), Snåsa (3), Steinkjer (21), Stjørdal (5), Verdal (14), Verran (2), Vikna (3), av dei har nynorsken vunne 17. Den seinaste målrøystingen var nemnde Vålen i Steinkjer i 2010 og gav eit monaleg fleirtal for bokmål.

Samanfatning[endre | endre wikiteksten]

Nord-Trøndelag var mellom dei fyrste fylka i landet kor nynorsken fekk innpass, og sjølv med eit atterslag og stogg etter den fine innleiinga på 1900-talet, vart det ny og kraftfull framgang mot andre verdskrigen. I Sør-Trøndelag fekk målet lågare og seinare oppslutnad enn i nordfylket, men det toppa seg her òg kring krigen. Dei fyrste tiåra etter krigen hadde vinden snudd, då vart det ein kraftig og stendig attergang for målet i båe fylka. I sørfylket var målet marginalisert på 1980-talet, i nord på 2000-talet. Det har sidan vore ein stendig attergang i begge fylka, såleis at den siste nynorskkrinsen i Nord-Tøndelag fekk bokmål i 2010 og i sameleis i Sør-Trøndelag i 2015.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]