Skulemål i Møre og Romsdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Møre og Romsdal er eit av fylka der nynorsk har stått sterkast. Allereie fleire år før jamstellingsvedtaket kom i 1885, vart ymse målspørsmål drøfta i Møre og Romsdal. Så tidleg som i 1863 vart målsaka teken fram på eit lærarmøte i Halsa kommuneNordmøre, og to år seinare var skulemålssaka oppe på eit stiftslærarmøte i Kristiansund. Dei peika på kor viktig det var at borna fekk nytte morsmålet sitt på skulen. Då vedtaket om jamstilling kom, var det Haram kommuneSunnmøre og Sandøy kommune i Romsdal som var fyrst ute. Utviklinga for nynorsken har likevel vore særs ulik i dei tre distrikta i fylket, både når det gjeld innføring og for somme delar òg attergang, og dei vert difor handsama kvar for seg. Møre og Romsdal er ved sida av Sogn og Fjordane dei to fylka som framleis har overvekt av nynorskelevar.

Både sunnmørsk og romsdalsk er blant dei nordlege e-måla og høyrer såleis til dei vestlandske målføra, men medan sunnmørsk har mange fellestrekk med nordfjordmål, har romsdalsk trekk som gjer den til ei overgangsform til austnorske trøndermål og midlandsmål. Det er hovudsakleg den "tjukke l'en" i romsdalsk som skil dei to målføra frå kvarandre. Sidan dette er eit austnorsk målmerke, har det vore vanleg å rekne romsdalsk som vestnorsk med austnorske målmerke. Nordmøring har òg "tjukk l" og dessutan jamvektsregel, to målmerke som gjer at nordmørsk vert rekna til dei trønderske målføra og dermed til austnorsk. Nordmørsk har mange likskapar med trøndersk og saman med dei andre målføra langs kysten i ytre Trøndelag, er nordmørsk med på å utgjere dei uttrønderske målføra.

På 1960-talet vart kommunestrukturen i heila landet kraftig endra, fleire små kommunar slegne saman til større, einskilde kommunar delte opp og innlemma i fleire av dei nye einingane. På Sunnmøre minka talet på kommunar frå 25 til fjorten, mellom anna vart Borgund slegen i hop med byen Ålesund. I 1977 vart Sula skild ut frå Ålesund og Ørskog delt i dei opphavlege tre einingane, såleis at det no er sytten kommunar på Sunnmøre. I Romsdal vart talet på kommunar redusert frå sytten til åtte, mellom anna vart Bolsøy og delar av Nord-Aukra og Veøy slegne samen med byen Molde. På Nordmøre minka talet på kommunar frå 26 til tretten, mellom anna vart delar av Bremsnes innlemma i Kristiansund. I 2006 vart Aure og Tustna slegne i hop, og i 2008 vart Frei innlemma i Kristiansund, såleis at det no er elleve kommunar på Nordmøre.

Kommunetal i Møre og Romsdal
Distrikt 1960 1970 2010
Nordmøre 25 14 11
Romsdal 17 8 8
Sunnmøre 26 13 17
Samla 68 35 36

Sunnmøre[endre | endre wikiteksten]

Nynorsk skulemål på Sunnmøre
1945 1975
Sunnmøre-1945 Nynorsk.png Sunnmøre-1975 Nynorsk.png
2000 2012
Sunnmøre-2000 Nynorsk.png Sunnmøre-2012 Nynorsk.png

I 1893 gav skulestyret i Haram kommune kvar krins rett til å velje målform i skulen, og allereie i løpet av 1897 hadde alle skulane i teke nynorsken i bruk og vart såleis den fyrste heradet på Sunnmøre med nynorsk i alle skulekrinsane. Òg i landssamanheng var Haram eit av dei fyrste herada. Deretter kom målet inn i Dalsfjord, Volda og Ørsta i 1898, og Vanylven, Syvde og Vartdal i 1899. Frå og med Sykkylven i 1901 kom det inn i ytterlegare 15 herad det neste tiåret, såleis at allereie i 1910 hadde 179 av 227 heradskrinsar (79%) teke nynorsk. Berre i Borgund og Skodje var bokmålet framleis einerådande. Kring 1925 var det berre fem bokmålskrinsar att, i Borgund (2), Herøy (2) og Skodje (1), i 1930 berre dei to krinsane i Borgund. I 1940 innførde den siste krinsen i Borgund, Nørvasund, nynorsk og med han hadde alle heradskrinsane på Sunnmøre teke nynorsk. Med byen Ålesund var det 84% nynorskelevar på Sunnmøre, berre ein knapp prosentpoeng under det høgaste talet nokonsinne (84,7% i 1942).

I 1955 vart det målstrid att i Nørvasund, som ligg tett opptil Ålesund og såleis var ein del av byen å rekne. Borgund skulestyre gjekk imot eit stort fleirtal for bokmålet i målrøystinga, men etter ei ny målrøysting vart bokmålet innførd att i 1962. I 1964 hadde Borgund 83,4% nynorskelevar og talet sokk til 73,5% i 1967 då òg den bynære krinsen Hessa hadde endra målform. Året etter vart meisteparten av heradet innlemma i bykommunen Ålesund (sjå under). I 1975 er det mesta berre nynorsk i 14 av 16 heradskommunar på Sunnmøre, og utan Ålesund er det 99,6% nynorskelevar. I 1977 vart ein ny kommune, Sula, danna av delar av tidlegare Borgund, og hadde då 86,2% nynorskelevar. Eit tal som auka til 92,5% i 1980 og i 1992 var det på ny berre nynorskelevar i Sula.

Fram mot år 2000 har ikkje mykje endra seg på Sunnmøre, utanom Ålesund er det 98,6% nynorsk. Stoda er mykje likeeins i 2012, og sjølv om det har kome nokon bokmålselevar i dei fleste kommunane har nynorskdelen auka til 98,9%. Det har ikkje vore målrøystingar i nokre av desse kommunane sidan 1965.

Skulemål i skulane i Sula og Ålesund
2000 2010
Sula og Ålesund-2000 Nynorsk.png Sula og Ålesund-2010 Nynorsk.png

Ålesund

Ålesund er den einaste byen i distriktet, og her fekk ikkje nynorsken innpass då resten av Sunnmøre tok nynorsken fram mot 1940. Dette endra seg då mestedelen av Borgund herad vart innlemma i 1968 og byen fekk med eit slag 43% nynorskelevar. I tidlegare Borgund hadde allereie dei to krinsane nærast byen teke bokmålet (sjå over), noko òg den nye Larsgården skole fekk i 1968. Fram mot 1976 - året før Sula herad vart skild ut - var det ei stendig attergang, såleis at delen med nynorsk i Ålesund var 31% før kommunedelinga. I rest-Ålesund var delen med nynorsk 20% i 1977, då òg krinsane Lerstad (1976) og Åse (1977) hadde teke bokmålet. Fram mot 2000 hadde Spjelkavik (1984) teke bokmålet, medan delen med nynorsk auka til 23%. Sidan har Flisnes (2000) og Grimstad (no Ellingsøy) (2003) teke bokmålet, såleis at det er ein monaleg minking til 14% i 2010. Ålesund er blant kommunane med flest målrøystingar, åtte i talet sidan 1965 og nynorsken har vunne tre - den siste var ein storsiger i 2006 i Stokke krins aust på Ellingsøya.

Det viktigaste draget i målbrigdet er at frå basen i gamle Ålesund by (rosa omriss) har bokmålet gradvis vunne innpass i gamle Borgund, på 60-talet på byøyane, på 70- og 80-talet i Ytre Borgund, og på 2000-talet òg i Indre Borgund og Ellingsøya - sistnemnde vart knytt til byen med tunnel i 1987. I 2010 er det berre skulane aust på Ellingsøya og i Indre Borgund som har nynorsk som skulemål - i alt fem nynorskskular og av dei to med berre nynorskelevar. Det er framleis nynorskelevar på to bokmålsskular i Spjelkavik.

Romsdal[endre | endre wikiteksten]

Nynorsk skulemål i Romsdal
1945 1975
Romsdal-1945 Nynorsk.png Romsdal-1975 Nynorsk.png
2000 2012
Romsdal-2000 Nynorsk.png Romsdal-2012 Nynorsk.png

Allereie i 1896 innførde Sandøy kommune ytst i Romsdalsfjorden nynorsk som skulemål, og var såleis eit av dei fyrste herada i heile landet. Den neste til å følgje var Veøy i åra 1898-1901. Frå ein god byrjing for målet i Romsdal gjekk det mesta eit tiår før dei neste herada tok etter med Sør-Aukra i 1907, og så Nord-Aukra, Sylte (Tresfjord) og Voll i 1908. Såleis var det 19 av 112 (17%) heradskrinsar som hadde teke målet innan 1910. I dei neste åra vart nynorsken innførd i einskilde krinsar i Eid (frå 1911), Bud, Eresfjord og Vistdal, Fræna (1915), Bolsøy (1918), Nesset (1919) og Hustad og Vestnes (1920). Kring 1925 hadde 62 av 114 (54%) heradskrinsar teke målet, og nynorsken var einaste skulemålet i Sandøy, Sør-Aukra, Veøy og Voll, medan 10 kommunar hadde båe måla i bruk og bokmålet framleis var einerådande i Grytten og Hen.

Fram mot den andre verdskrigen var det ein jamn framgang for nynorsken, såleis at i 1940 hadde 101 av 113 (89%) heradskrinsar teke målet. Det var berre Bolsøy (3 bokmålskrinsar), Grytten (6), Hen (2) og Tresfjord (1) som ikkje hadde nynorsk i alle krinsane. Innan 1942 fall den siste bokmålskrinsen i Tresfjord, såleis at i heradskrinsane hadde 86,7% av elevane nynorsk, og med byen Molde var det 81,5% – dei høgaste tala for målet i Romsdal. Det siste heradet til å få berre nynorsk i skulane var Hen i 1951, medan Bolsøy og Grytten stendig held på bokmålet i nokre krinsar.

I 1975 har nynorsken helde posisjonen i dei fire kommunane vest i Romsdal: Aukra, Midsund, Sandøy og Vestnes, medan målet har gått attende i dei andre kommunane, og utan Molde er det 72,5% nynorskelevar. Går ein til 2000 er det berre mindre endringar, sjølv om bokmålet har kome inn i alle kommunane i Romsdal, og utan Molde har framleis over 70% av elevane nynorsk. Fram mot 2012 er det noko større endringar, i kommunane vest i Romsdal har nynorsken framleis ein dominerande stilling. I dei øvrige kommunane er det jamn attergang, såleis at utan Molde er det 61% nynorskelevar i Romsdal.

Sidan 1965 har det vore til saman ni gyldige målrøystingar i Romsdal: Aukra (1), Fræna (3), Nesset (4) og Rauma (2) og av dei har nynorsken vunne fire. Den seinaste var i Haukås krins i Fræna og gav siger til bokmålet (2001).

Molde

Molde er den einaste byen i Romsdal og her fekk målet aldri innpass. På same vis som Ålesund, fekk storkommunen sine fyrste nynorskkrinsar i samband med kommunesamanslåingane i 1960-åra, lang tid etter at målet hadde vunne innpass på bygdene i kring. Såleis hadde Molde i 1964 16,7% nynorskelevar, eit tal som stendig gjekk attende til 5,8% i 1975. Den siste nynorskkrinsen, Vågsetra i tidlegare Veøy herad fall i 1982, og sidan har det berre vore einskilde nynorskelevar i Molde.

Nynorsken har jamn attergang i delar av distriktet, især i kommunane kring Molde og inst i Romsdal. I kommunane nærast Sunnmøre er stoda betre, her held målet stand. Eit heiderleg døme i så måte er Vestnes der nynorsken har styrkt seg monaleg dei seinaste åra.

Nordmøre[endre | endre wikiteksten]

Nynorsk skulemål på Nordmøre
1950 1975
Nordmøre-1950 Nynorsk.png Nordmøre-1975 Nynorsk.png
2000 2012
Nordmøre-2000 Nynorsk.png Nordmøre-2012 Nynorsk.png

Dei fyrste skulekrinsane på Nordmøre fekk nynorsk i 1902 med to krinsar i Stangvik og ein i Sunndal. I 1908 vart målet innført i Øre, såleis at i 1910 hadde 4 av 143 (3%) av heradskrinsane på Nordmøre teke nynorsken. I Øre vart nynorsken røysta ut att i 1913, men kom attende i 1919. I desse åra kom målet inn i einskilde krinsar i Øksendal (i 1914), Surnadal (1916), Rindal (1917), Halsa, Tingvoll og Åsskard (1919), Frei og Stemshaug (1920), Aure og Eide (1921). Kring 1925 hadde 31 av 144 (19%) av heradskrinsane innførd nynorsken, især på Indre Nordmøre, medan bokmålet framleis var mykje einerådande på Ytre Nordmøre.

Unnateke Ålvundeid som tok nynorsken i 1928 og ein ny krins i Sunndal var det stillstand i målbrigdet fram mot andre verdskrigen. Den store vendinga kom i samband med 1938-rettskrivinga, da vart målet innførd i mesta alle kommunane på Nordmøre. Brattvær, Bremsnes, Edøy, Eide, Gjemnes, Kvernes, Kornstad, Straumsnes, Valsøyfjord og Tustna fekk no nynorskkrinsar, det var berre Grip og Hopen som ikkje tok målet i det heile. I 1945 hadde 136 av 153 (89%) heradskrinsar innførd nynorsken, det var berre Bremsnes (6 bokmålskrinsar), Grip (1), Frei (1), Straumsnes (1), Sunndal (1), Tustna (3) og Hopen (4) som ikkje hadde nynorsk i alle krinsane. I heradskrinsane hadde 86,9% av elevane nynorsk, og med byen Kristiansund var delen 71,4%. I 1947 tok ytterlegare ein krins i Bremsnes nynorsk og i 1949 fall dei siste bokmålskrinsane i Frei og Straumsnes. Dei høgaste tala på nynorskelevar på Nordmøre med Kristiansund er 71,9% i 1942, og utan byen 87,7% i 1947.

I 1975 har det vore tildels kraftig attergang for nynorsken, især på Ytre Nordmøre der fem kommunar var utan nynorsk. Stoda er noko betre på Indre Nordmøre, men til dømes i Sunndal er det stor attergang for målet. Bokmålet har fått innpass i alle kommunane, unnateke Aure som er den einaste på Nordmøre med berre nynorsk. Utan Kristiansund er det 37,9% nynorskelevar. Fram mot 2000 er det nokre endringar, målet forsvinn frå Smøla og Tingvoll og går kraftig attende i Rindal, medan det er noko framgang i Sunndal. I 2012 er det berre mindre endringar, mest skulda at Aure og Tustna vart slegne i hop til ein kommune, medan attergangen held fram i Gjemnes og Halsa, og målet er ute or Rindal.

Sidan 1965 har det vore til saman 28 målrøystingar på Nordmøre: Aure (5), Gjemnes (3), Halsa (1), Rindal (5), Smøla (4), Sunndal (3), Tingvoll (4) og Tustna (3) og av dei har nynorsken vunne 10. Dei seinaste var i Torvikbukt krins i Gjemnes og Halsa krins i Halsa (heile kommunen) og gav sigrar til bokmålet (2011).

Kristiansund

I Kristiansund fekk nynorsken ikkje innpass, og då delar av granneheradet Bremsnes vart innlemma i 1964 var det berre bokmålskrinsar i dei bynære stroka på Nordlandet som vart tillagde byen. Sameleis var stoda då Frei vart innlemma i 2008.

Samanfatning[endre | endre wikiteksten]

Nynorsk skulemål i Møre og Romsdal
1945 2012
Møre og Romsdal-1945 Nynorsk.png Møre og Romsdal-2012 Nynorsk.png
Nynorsk i distrikta i Møre og Romsdal
Kommunar Distrikt 1945 1975 2000 2012
Berre
herads-
kommunar
Nordmøre 86,9% 37,9% 28,9% 28,5%
Romsdal 87,2% 72,5% 70,4% 60,5%
Sunnmøre 99,9% 99,6% 98,6% 98,9%
Heile fylket 93,8% 77,1% 74,8% 75,7%
Byar og
herads-
kommunar
Nordmøre 71,4% 26,8% 21,7% 17,6%
Romsdal 81,2% 47,8% 41,5% 34,7%
Sunnmøre 83,8% 76,8% 76,2% 72,2%
Heile fylket 79,5% 57,4% 55,1% 51,5%

På Sunnmøre tok dei fleste heradskrinsane målet allereie innan det fyrste tiåret på 1900-talet og kring 1925 var målbrigdet mesta fullførd. I byen Ålesund fekk ikkje nynorsken innpass, og sidan samanslåingen med Ålesund har målet hatt stendig attergang i bydelane i gamle Borgund. Førebels er det ikkje nokon «smitteeffekt» til andre grannekommunane, slik ein ser kring dei større byane elles på Vestlandet. Det er òg påfallande at medan bokmålet fekk innpass på Sula medan han var ein del av Ålesund, gjekk det raskt ut att då Sula vart eigen kommune og er no blant kommunane med høgast nynorsktal. Ein kan såleis seie at nynorsken held posisjonen som einerådande målform i heradskommunane på Sunnmøre, men ser ein på utviklinga kring dei andre byane er det grunn til å tru at dette kan endra seg om Bytunnelen mellom Sula og Ålesund vert realisert.

I Romsdal kom nynorsken inn noko seinare, i 1925 hadde noko meir enn annankvar heradkrins teke målet og i 1940 kring ni av ti krinsar. Det var berre i og kring Molde og nokre krinsar i Rauma som ikkje tok målet. Sidan har nynorsken gått mykje attende, især kring Molde og inst i Romsdal, medan stoda er alt betre i kommunane mot vest. Det er rimeleg å tru at same utviklinga held seg framover og nynorsken er på vikande front utan i kommunane nærast Sunnmøre.

På Nordmøre vart nynorsken innførd endå seinare, kring 1925 hadde berre ein av fem heradskrinsar teke målet, medan i 1945 var det nynorsk i ni av ti krinsar. Sidan har attergangen vore stor i mesta alle kommunane, til dømes har Gjemnes framleis fleirtal av nynorskelevar, men dette vil endra seg etter dei siste målbyta. Hausten 2011 vart avgjerande for nynorsken sin lagnad i Halsa, sidan målformen i heile kommunen skal endrast til bokmål etter målrøystinga på lokalvaldagen. Det er rimeleg å tru at framtida er ljosast for målet i (tidlegare) Aure og Surnadal, som unnateke ein einskild krins i Skaun, er det nordlegaste området i Noreg som framleis held på nynorsken. I dei andre kommunane på Nordmøre er nynorsken på vikande front.

For fylket som heile ser ein at målet står støtt i dei sørvestlege delane opp til vestsida av Romsdalsfjorden, medan mot nordaust og kring byane har målet falle ut eller står utsett til. Sidan årtusenskiftet har det vore ei jamn trend at talet på nynorskelevar synker, medan elevar med bokmål aukar noko, og held dette fram vert det bokmålsfleirtal bland elevane i fylket frå om lag 2016–2017.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]