Skulemål i Agder og Telemark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Aust-Agder og Telemark var blant dei fyrste fylka i landet der nynorsk vart teke i bruk som skulemål, Aust-Agder frå 1892 og Telemark frå 1898, medan målet kom noko seinare i Vest-Agder, frå 1906. I alle desse fylka fekk målet aukande oppslutning i mellomkrigstida og kring Verdskrigen hadde om lag ein tredel av skuleborna nynorsk som skulemål. Unntaket var byane og herada langs kysten, som heldt på bokmålet. Kring midten av 1950-talet byrja ei endring, og mot slutten av 1900-talet hadde nynorsk tapt terreng i dei midtre delane av fylka, medan målet framleis hadde fleirtal i dei indre kommunane. Nest etter Oppland, har målet framleis den sterkaste posisjonen i Telemark av alle fylke utanom Vestlandet, men er òg det fylket der målet har den kraftigaste attergangen dei siste ti åra.

Telemark er det fylket i Noreg med dei mest varierte måltilhøva, av di fleire viktige målmerke går gjennom fylket. Medan grenlandsmål høyrer til vikværsk og såleis fell under austnorsk, høyrer måla i sørvest til sørlege e-mål og fell såleis under vestnorsk. Måla i Aust-Telemark har mykje sams med numedalsmålet, medan heile Øvre Telemark reknast til midlandsmål og fell dermed under austnorske målføre. Sørlandsk vert tala i nokre bygder sørvest i Telemark (Drangedal, Fyresdal og Nissedal), i heile Aust-Agder, og langs kysten i Vest-Agder om lag til Lindesnes. Det er i dette området stor skilnad på målet i ytre og indre strok, særleg i Setesdalen. Dei indre måla har mykje sams med midlandsk, medan dei ytre har felles drag både med austlandsk og sørvestlandsk. Vestover frå Lindesnes vert det tala sørvestlandsk, som òg femner dialektane i Rogaland, Hordaland, og i Indre Sogn.

På 1960-talet vart kommunestrukturen i heile landet kraftig endra, i Agder og Telemark førte det med seg at mange mindre herad vart slegne saman til større einingar. Sidan det har det berre vore ei endring i kommunestrukturen, i 1992 vart fire omlandskommunar innlemma i Arendal.

Kommunetal i Agder og Telemark
Fylke 1960 1970 2010
Telemark 25 18 18
Aust-Agder 31 19 15
Vest-Agder 37 15 15
Samla 93 52 48

Telemark[endre | endre wikiteksten]

Nynorsk skulemål i Telemark
1945 1975
Telemark-1945 Nynorsk.png Telemark-1975 Nynorsk.png
2000 2016
Telemark-2000 Nynorsk.png Telemark-2016 Nynorsk.png

Dei fyrste ti skulekrinsane i Telemark som tok nynorsk i bruk var i Lårdal i 1898, og dei neste to åra fekk målet fleirtal i ytterlegare 60 krinsar i Fyresdal, Rauland, Vinje (1899), og Kviteseid (1900). Dermed var det slik at allereie i 1900 hadde 22% av heradskrinsane nynorsk som skulemål, den høgaste delen av alle fylka i Noreg på den tida. I dei fylgjande åra vart nynorsk innført i Seljord kommune (1902), Heddal (1904), Mo (1906), , Gransherad, Lunde, Nissedal, Tinn (1908) og Sauherad (1910), såleis at talet på nynorskkrinsar var dobla og 44% av heradskrinsane hadde teke i bruk nynorsk. Fram mot 1915 kom nynorsk inn i Hovin (1911), Drangedal (1912) og Hjartdal (1913), som vart den siste kommunen i Telemark som valde nynorsk. Det var då nynorsk i 51% av heradskrinsane, den høgaste delen i noko fylke utanom Hordaland og Sogn og Fjordane.

Fram mot andre verdskrigen var det ei monaleg auke i talet på nynorskkrinsar, slik at mesta to tredelar (65%) av heradskrinsane og annankvar (49%) av elevane hadde nynorsk i 1945. Medrekna byane var nynorskdelen 35%. Nynorsk var eineradande i heradskrinsane i Vest-, Aust- og Midt-Telemark, medan det ikkje fekk innpass i Grenland og dei andre kystkommunane, ei heller i byane og industristaden Rjukan (i Tinn herad, men utskild på kartet). I tre «randkommunar» held nokre krinsar på bokmålet: Drangedal (4 bokmålskrinsar), Lunde (1 krins) og Sauherad (4 krinsar).

Frå 1960-talet var det ei monaleg attergang for nynorsk i Aust-Telemark (Notodden og Tinn) og dei nemnde randkommunane, medan målet held posisjonen i dei reine nynorskherada fram mot 1975. Delen nynorskelevar var då 23%, byane medtekne. Fram mot 2000 held den same trenden fram, òg får bokmålet større innpass i Midt-Telemark, i Sauherad og til dømes. Delen nynorskelevar i heile fylket var minka til 17%. I 2016 er nynorsk ute or Nome (Lunde), Notodden (Heddal og Gransherad) og Tinn (Atrå og Hovin). I Midt-Telemark held attergangen fram i Sauherad og , og breier seg vestover til jamvel Seljord og Hjartdal. I Drangedal er det frå 2013 berre ein grendaskule som held på målet. Stoda er annleis i Vest-Telemark, der nynorsk framleis held seg godt over 90%, medan i fylket som heile har delen nynorskelevar minka til under 10%. Telemark er òg bland fylka som har høgast fråfall av elevar under skulegangen, frå 1. til 10. trinn har det vore ein nedgang frå 17% (1999) til 9% (2009), og på vidaregåande skule er delen som vel nynorsk 6% (2013).

Sidan 1965 har det vore til saman 41 målrøystingar i Telemark: Drangedal (11), Notodden (9), Sauherad (10), Nome (8) og Tinn (3) og av dei har nynorsk fått fleirtal i 16. Den seinaste var i Sauherad og gav fleirtal hjå bokmålet.

Aust-Agder[endre | endre wikiteksten]

Nynorsk skulemål i Aust-Agder
1940 1975
Aust-Agder-1940 Nynorsk.png Aust-Agder-1975 Nynorsk.png
2000 2016
Aust-Agder-2000 Nynorsk.png Aust-Agder-2016 Nynorsk.png

Bygland i Aust-Agder vart i 1890, same år som Modalen i Hordaland, det fyrste heradet i landet til å ta landsmål som opplæringsmål i folkeskulen, to år før dette vart lovfesta. Fortenesta for dette var stortingsmann Lars Liestøl si, som ordførar og leiar av skulestyret fekk han raskt gjennom at Bygland innførte landsmål som mål i folkeskulen. Dei 17 krinsane i Bygland vart etterfulgt av av dei seks krinsane i Mykland (no Froland) i 1898 og åtte av krinsane i Vegårshei, alle i Hylestad og Valle i 1900 og det same i Bykle i 1902. Utover på 1900-talet kjem dei fleste herada i indre og midtre Aust-Agder etter, såleis at i 1910 har 43% av heradskrinsane nynorsk som skulemål. Fram mot 1920 held voksteren fram, og delen nynorskkrinsar når 52%. Noko framgang er det dei neste åra òg toppen nås i 1935 med 55% av heradskrinsane og kring 42% av elevane. No er det berre herada og byane langs kysten som har fleirtal for bokmål, i to kystherad, Landvik (no Grimstad) og Søndeled (no Risør) er det sågar nynorskkrinsar.

Dei neste åra kjem einskilde krinsar til, men framgangen for målet har stogga for godt. Kring 1940 har 14 herad berre nynorskkrinsar, seks herad har både måla, medan 11 herad og dei fem byane held på bokmålet. Stillinga held seg til byrjinga av 1950-talet då attergangen for målet tek til i det små, men den aukar på og innan 1965 minka delen nynorsk i heile fylket med ein tredel til 20%. Dei siste åra skjer det i samband med kommunesamanslutningane, særleg i herada som vert innlemma i byane der målet går ut. T.d. kring Risør, Grimstad og Arendal, men òg i nokre sjølvstendige kommunar som Froland, Birkenes og Evje og Hornnes. I sistnemnde var det etableringa av Evjemoen militærleir som fekk sitt å seie for målstoda.

Fram mot 1975 vert delen nynorsk i heile fylket om lag halvert til 11%, attergangen tek no òg til i Gjerstad og Vegårshei. Målet er mesta ute or Birkenes og Iveland, i sistnemde berre på eit tiår. Dei tre kommunane i Setesdalen, saman med Åmli held framleis på nynorsk. Fram mot 2000 held attergangen fram, utan i Evje og Hornnes der nynorsk har ein monaleg framgang. Dei neste åra går målet heilt ut or Gjerstad og Froland, såleis at i 2016 er det berre sju kommunar som framleis har nynorskelevar. I Setesdalen held nynorsk sin dominerande posisjon, medan det held ein god og stabil margin i Evje og Hornnes. I to kommunar ligg delen nynorsk på kring 5%, i Åmli er det berre nokre einskilde elevar attende etter målbytet for nokre år sidan. I Vegårshei er det ei einstaka gruppe med elevar som har teke nynorsk etter at kommunen har vore utan nynorskelevar i fleire år. Det er såleis truleg at dagane til målet er talte i begge desse to kommunane.

Sidan 1965 har det vore til saman 22 målrøystingar i Aust-Agder: Birkenes (2), Evje og Hornnes (1), Froland (2), Gjerstad (9), Iveland (2), Vegårshei (2) og Åmli (4), og av dei har nynorsk fleirtal i 10. Den siste var i Åmli og gav fleirtal for nynorsk, men det vart vedteke å endre til bokmål med ei røyst overvekt i kommunestyret!

Vest-Agder[endre | endre wikiteksten]

Nynorsk skulemål i Vest-Agder
1945 1975
Vest-Agder-1945 Nynorsk.png Vest-Agder-1975 Nynorsk.png
2000 2016
Vest-Agder-2000 Nynorsk.png Vest-Agder-2016 Nynorsk.png

I Vest-Agder fekk dei fyrste skulekrinsane nynorsk i 1906 i Hægeland og Finsland, medan Fjotland, Grindheim, Nes, Gyland, Vennesla og Åseral fylgde etter i 1908, Øvre Sirdal i 1909 og Bjelland, Liknes og Øvrebø i 1910. Då hadde 61 (19%) av heradskrinsane med 13% av elevane nynorsk som skulemål. Det komande tiåret fekk nynorsk innpass i Tonstad (1911), Eiken (1912), Vigmostad, Øyslebø (1913), Kvås (1917), Laudal (1918), Bakke, Greipstad, Holum, Søgne (1919), såleis at i 1920 hadde 122 (37%) av heradskrinsane med 25% av elevane teke målet. Fram mot andre verdskrigen kom det òg inn i Konsmo (1923), Hægebostad (1935) og til sist i Lyngdal (1939).

Kring krigen (tal frå 1945) hadde nynorsk sin største oppslutnad som skulemål i Vest-Agder, med over 55% av heradskrinsane og 47% av elevane deira. I herada på kysten og byane held bokmålet stand, såleis at desse medrekna hadde 32% av elevane nynorsk. Men som elles i landet vart det ikkje meir framgang hjå målet, etter krigen tok ei stendig attergang til. Frå kysten og byane åt bokmålet seg innover i fylket, allereie i 1955 var delen nynorskelevar under 20% og i 1975 minka til 6%.

Den same trenden held seg fram mot 2000, då berre fem kommunar og 4% av elevane framleis held på målet, då òg innlandskommunar har gått over til bokmål, t.d. Marnardal, Songdalen og Vennesla, i noko mindre grad i Audnedal. Dei øvrige 10 kommunane er no utan nynorskelevar. Fram mot 2016 er det berre mindre endringar, men nynorsk er på vikande front i stendig fleire skulekrinsar og berre Hægebostad har utelukkande nynorsk. Av dei andre står målet framleis sterkt i Sirdal og Åseral, har noko framgang i Audnedal, medan det går sterkt attende i Kvinesdal.

Sidan 1965 har det vore til saman 27 målrøystingar i Vest-Agder: Audnedal (2), Flekkefjord (1), Hægebostad (1), Kvinesdal (6), Lindesnes (1), Lyngdal (1), Marnardal (5), Sirdal (2), Sogndalen (5) og Vennesla (3), og av dei har nynorsk fått fleirtal i 13. Den siste var i Tonstad krins i Sirdal og gav fleirtal for nynorsk.

Samanfatning[endre | endre wikiteksten]

Nynorskdistrikt i Telemark og på Agder
Distrikt 1940/45 1975 2000 2016
Vest-Telemark1 100% 98,3% 97,0% 92,4%
Midt-Telemark2 85,3% 79,4% 58,0% 31,5%
Nome, Notodden og Tinn 56,7% 24,1% 23,8% 0%
Telemark 46,9% 20,3% 17,0% 9,3%
Indre Agder3 100% 98,5% 98,2% 95,9%
Midtre Agder4 87,3% 53,9% 47,4% 31,7%
Aust-Agder 39,9% 10,6% 6,9% 4,9%
Vest-Agder 45,3% 6,0% 4,0% 3,0%
1Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Tokke og Vinje.

2Bø, Drangedal, Hjartdal, Sauherad og Seljord.
3Bygland, Bykle, Valle, Hægebostad, Sirdal og Åseral.
4Evje og Hornnes, Åmli, Audnedal og Kvinesdal.

Frå å ha ei dominerande stilling, unnateke dei folkerike herada langs kysten og byane, har nynorsk sidan andre verdskrigen opplevd jamn attergang i alle tre fylka. Dei siste åra er det særleg i Telemark målet tapar terreng; her har det mista kring ein tredel av oppslutnaden berre på det seinaste tiåret. Stoda er annleis i dei indre delane av desse fylka, der nynorsk framleis held stillinga.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]