Nynorsk i grunnskulen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Nynorsk vart jamstilt med bokmål i grunnskulen ved folkeskulelova av 1892, som overlet til dei lokale skulestyra å fastsetje kva målform som skulle nyttast:

Undervisningen skal foregaa i det norske Sprog. Skolestyret bestemmer, om Skolens Læse- og Lærebøger skal være affattede paa Landsmaal eller i det almindelige Bogmaal, og i hvilket af disse Maal Elevernes skriftlige Arbeider i Almindelighed skal affattes. Dog skal Eleverne lære at læse begge Maal.[1]

Framgang og høgdepunkt[endre | endre wikiteksten]

Nynorsk i Grunnskulen 1885–2011

Dei fyrste skulane som tok målet i bruk var i Modalen og Bygland, allereie i 1890 – før jamnstillingsvedtaket. Det vart likevel heller liten framgang til sluten av århundret då berre kring 3% av elevane hadde nynorsk. Det fyrste tiåret på 1900-talet var det i høve målreformen i 1909 monaleg framgang, såleis at i 1910 hadde om lag 12% av elevane i grunnskulen nynorsk. I 1920 var delen komen opp til 16%, i 1930 kring 18%. Den største auken kom etter innføringa av rettskrivinga av 1938, og nynorskdelen nådde høgdepunktet sitt i 1944 med 34% av elevane i heile landet. I elevtal vart høgdepunktet nådd ti år seinare med 106 000 elevar. På denne tida var målet innførd i skulane ikkje berre på Vestlandet, men òg i store delar av Aust- og Sørlandet og i Trøndelag. Nynorsk fekk likevel ikkje fotfeste i byane landet over, og dei folkerike stroka på Austlandet og attmed kysten til og med Sørlandet. Finnmark heldt òg på bokmålet.

Attergang og fråfall[endre | endre wikiteksten]

Andre Verdskrigen vart eit viktig tidskille for målstoda i Noreg. I førkrigstida var målstrida og innføringa av eit norsk mål (nynorsken) eit nesten altoverskuggande politisk tema og målrøysla stod sterkt i det norske samfunnet og fekk førd målet inn i mest heile landet. I etterkrigstida vart det meir fokus på å byggje oppat landet, og dei språklege tilhøva kom meir i skuggen av desse meir presserande sakene. Målrøysla hadde òg fått ein knekk, medan Riksmålsforbundet stod bak ein rekkje aksjonar for å styrke bokmålet. Resultatet vart at spesielt dei fyrste ti-åra etter krigen var prega av kraftig attergang for nynorsken til delen nynorskelevar stabiliserte seg på om lag 17% på 1970-talet. Nynorsken stod då attende med eit kjerneområde på Vestlandet og dei indre bygdene på Aust- og Sørlandet.

Etter ei lita auke fram mot midten av 1990-talet har ein mindre, men jamn attergang halde fram og nynorskdelen ligg i 2012 på under 13%. Det nye er at bokmålet utfordrar i delar av nynorsken sitt kjerneområde, særleg i dei indre bygdene på Aust- og Sørlandet og kring dei større byane på Vestlandet. Denne attergangen for nynorsk som skulemål tyder likevel ikkje at bokmål har styrkt seg tilsvarande, for ifølgje Ottar Grepstad «(har) det store fleirtalet av innvandrarane busett seg i bokmålsområde, (og dermed) var det også bokmålsskulane som hadde flesteparten av elevane med norsk som andrespråk. (---) frå 1990-åra av gjekk bokmål som førstespråk meir tilbake enn nynorsk som førstespråk.» (I foredrag 4. februar 2006, gitt att i Mål og Makt nr 1 2006).

Målstoda i dag[endre | endre wikiteksten]

Minkinga i prosentdelen med nynorsk har vorte mykje mindre dei siste ti-femten åra enn på 1990-talet, han gjekk berre ned frå 15,0 % i 2000 til 13,0% i 2010 og 12,2 % i 2015. Folketalsutviklinga og fleire skulesteg har gjort at sjølve elevtalet har halde seg ganske godt, det var noko i underkant av 90 000 nynorskelevar i åra 1997–2003. Men talet på nynorskelevar har likevel gått noko ned frå toppåret 2002 (89 620), og for skuleåret 2015 ligg talet på 76 389 – det har låge stabilt under 80 000 sidan 2010 og er det no lågaste sidan innføringa av 9-årig grunnskule på 1970-talet.

Det er serleg tre faktorar som no gjer attergang for nynorsken:

  • Folketalsauken er sterkare i bokmålsområder.
  • Bokmålet breier seg inn på tradisjonelle nynorskområder.
  • Elevar byter til bokmål på ungdomsskulen (når dei kan velje sjølve).

Språkdeling i skulen[endre | endre wikiteksten]

Opplæringslova § 2–5 omtaler målform i grunnskolen:

Når minst ti elevar på eitt av årstrinna 1–7 i ein kommune ønskjer skriftleg opplæring på eit anna hovudmål enn det kommunen har vedteke, har dei rett til å høyre til ei eiga elevgruppe. Retten gjeld så lenge det er minst seks elevar igjen i denne gruppa. Når elevane er spreidde på fleire skolar i kommunen, vedtek foreldra med vanleg fleirtal kva skole tilbodet skal givast ved.

Elevar som blir overførte til ein ny skole med eit anna hovudmål enn det dei har hatt på årstrinna 1–4, har framleis rett til skriftleg opplæring på det opphavlege hovudmålet. Dei har rett til norskundervisning i eiga gruppe, uavhengig av kor mange dei er.

I samband med skifte av hovudmål eller når eit fleirtal i kommunestyret eller minst 1/4 av dei røysteføre krev det, skal det haldast rådgjevande røysting. Røysterett har alle som bur i det området i kommunen som soknar til skolen, jf. § 8–1, og som har røysterett etter valgloven § 2–2. Røysterett i høve til skriftleg opplæring har dessutan foreldre eller forsytar til barn på barnesteget ved skolen, utan omsyn til bustad eller statsborgarskap. Departementet kan gi nærmare forskrifter.

Elevtal og skulekrinsar[endre | endre wikiteksten]

Ein fylkesvis gjennomgang viser at nynorsken står sterkast som skulemål i Sogn og Fjordane med vel 97 % av elevane, medan målet er om lag jamsterk med bokmålet i Møre og Romsdal (52%) og Hordaland (39%). Det er òg relativt utbreidd i Rogaland (24%), Oppland (19%) og Telemark (11%), medan prosentdelen i Aust-Agder (5,5%), Vest-Agder (3,3%) og Buskerud (2,9%) har vorte temmeleg liten. Det er mest ikkje elevar med nynorsk som hovudmål i fylka kring Oslofjorden, i Hedmark, Trøndelag og Nord-Noreg.

Prosentdelen av nynorsk-krinsar speglar i nokon grad att elevtala, men sidan nynorske skulekrinsar jamnt over er mindre enn bokmålskrinsane, vert prosentdelen krinsar noko høgare. Sjå tabellen under for detaljar. Det har vore ei lita minking i talet på nynorsk-krinsar det seinaste tiåret, anten di hovudmålet har vorte endra gjennom målrøysting i kvar einskild skulekrins, eller di små grendaskular har vorte lagde ned.

Elevtal og skuleeiningar etter målform og fylke 2011. Endring frå 2000 (prosentpoeng).
Fylke Elevtal Skuleeiningar Endring frå 2000
Bokmål Nynorsk Samisk Sum %NN Bokmål Nynorsk Samisk Anna Sum %NN Elevar Skular
Østfold 34519 2 0 34521 0% 128 0 0 0 128 0% 0% 0%
Akershus 75549 6 0 75979 0% 255 0 0 1 256 0% 0% 0%
Oslo 57711 1 0 58388 0% 145 0 0 2 147 0% -0.1% 0%
Hedmark 22665 2 2 22670 0% 135 0 0 0 135 0% 0% 0%
Oppland 18080 4163 0 22243 18.7% 91 43 0 1 135 31.9% -3.9% -3.5%
Buskerud 31490 950 0 32618 2.9% 133 13 0 1 147 8.8% -1.5% -1.4%
Vestfold 29316 2 0 29330 0% 126 0 0 0 126 0% 0% 0%
Telemark 17986 2224 0 20343 10.9% 85 30 0 2 117 25.6% -6.1% -7.7%
Aust-Agder 13527 795 0 14424 5.5% 61 9 0 1 71 12.7% -1.4% -6.8%
Vest-Agder 22242 753 1 23054 3.3% 100 7 0 2 109 6.4% 0.2% -3.9%
Rogaland 44369 14227 0 58923 24.1% 147 92 0 2 241 38.2% -4.2% -5.5%
Hordaland 37545 24347 1 62045 39.2% 109 204 0 3 316 64.6% -6.0% -5.0%
Sogn og Fjordane 384 14006 0 14400 97.3% 2 118 0 0 120 98.3% 0.8% 1.0%
Møre og Romsdal 15864 17254 0 33119 52.1% 75 142 0 0 217 65.4% -2.8% -4.7%
Sør-Trøndelag 35910 39 2 35951 0.1% 158 1 0 1 160 0.6% -0.2% 0.1%
Nord-Trøndelag 17559 0 9 17569 0% 113 0 0 0 113 0% -2.1% -1.7%
Nordland 29722 2 27 29759 0% 217 0 0 0 217 0% -0.2% -0.4%
Troms Romsa 19304 20 54 19416 0.1% 135 0 1 1 137 0% -0.5% 0%
Finnmark Finnmárku 8636 0 759 9396 0% 79 0 7 0 86 0% 0% 0%
Svalbard 225 1 0 226 0.4% 1 0 0 0 1 0% 0.4% 0%
Heile landet 532603 78794 855 614374 12.8% 2295 659 8 17 2979 22.1% -2.2% -2.9%

Samanlikna med år 2000 syner tala at det er berre eit fylke, Sogn og Fjordane, kor nynorsken har monaleg framgang, aukinga er knapt eit prosentpoeng. Der er òg ei mindre auke i Vest-Agder - det einaste fylket med auke i elevtalet med nynorsk. I åtte fylke er det attergang for målet, høgast i Telemark (6,1%) og Hordaland (6,0%), noko mindre i Rogaland (4,2%) og Oppland (3,9%), medan den i Buskerud, Aust-Agder, Møre og Romsdal og Nord-Trøndelag er frå 1.4 til 2.8%. I dei resterande fylka på Austlandet, Trøndelag og Nord-Noreg er det berre mindre endringar då nynorsken allereie er marginalisert. I landet som heile er attergangen 2,2 prosentpoeng eller 9700 elevar, det vil seie at meir enn kvar tiande nynorskelev (11%) har vorte borte på eit tiår. Talet på bokmålselevar har på same tida auka med 32000 eller 6%.

Nynorske distrikt[endre | endre wikiteksten]

Elevtal etter målform i kommunar med nynorsk som skulemål i år 2000 og 2009
Fylke Distrikt Kommunar Målform1
Oppland Gudbrandsdalen Dovre, Lesja, Skjåk, Lom, Vågå, Nord-Fron Nynorsk
Sel, Sør-Fron Nn/Bm
Ringebu*, Gausdal* Bokmål
Valdres Vestre Slidre, Øystre Slidre, Vang Nynorsk
Etnedal Nn/Bm
Nord-Aurdal, Sør-Aurdal Bm/Nn
Buskerud Øvre Hallingdal Ål Nn/Bm
Gol, Hemsedal, Hol Bm/Nn
Numedal Rollag* Bokmål
Telemark Aust-Telemark
Vestmar
Nn/Bm
Drangedal, Sauherad Bm/Nn
Notodden*, Nome*, Tinn Bokmål
Vest-Telemark Hjartdal, Seljord, Kviteseid, Nissedal, Fyresdal, Tokke, Vinje Nynorsk
Aust-Agder Indre Agder Bygland, Valle, Bykle Nynorsk
Evje og Hornnes Nn/Bm
Gjerstad*, Vegårdshei*, Froland*, Åmli* Bokmål
Vest-Agder Åseral, Hægebostad, Sirdal Nynorsk
Audnedal, Kvinesdal Bm/Nn
Rogaland Jæren Bjerkreim, Time Nynorsk
Hå, Klepp Nn/Bm
Sandnes, Gjesdal, Sola Bm/Nn
Stavanger, Lund*, Randaberg* Bokmål
Ryfylke Forsand, Hjelmeland, Suldal, Sauda, Finnøy Nynorsk
Strand Nn/Bm
Rennesøy Bm/Nn
Haugalandet Bokn, Vindafjord Nynorsk
Sveio Nn/Bm
Karmøy, Tysvær Bm/Nn
Haugesund* Bokmål
Hordaland Sunnhordland Etne, Bømlo, Stord, Fitjar, Tysnes, Kvinnherad Nynorsk
Hardanger
Voss
Jondal, Ullensvang, Eidfjord, Ulvik, Granvin, Voss, Kvam Nynorsk
Odda Nn/Bm
Midhordland Fusa, Samnanger, Austevoll, Sund Nynorsk
Os Nn/Bm
Fjell, Askøy, Bergen Bm/Nn
Nordhordland Vaksdal, Modalen, Osterøy, Radøy, Austrheim, Fedje, Masfjorden Nynorsk
Meland, Øygarden, Lindås Nn/Bm
Sogn og Fjordane Ytre Sogn Gulen, Solund, Hyllestad, Høyanger Nynorsk
Indre Sogn Vik, Balestrand, Leikanger, Sogndal, Aurland, Lærdal, Årdal, Luster Nynorsk
Sunnfjord Askvoll, Fjaler, Gaular, Jølster, Førde, Naustdal Nynorsk
Flora* Nn/Bm
Nordfjord Bremanger, Selje, Eid, Hornindal, Gloppen, Stryn Nynorsk
Vågsøy Nn/Bm
Møre og Romsdal Sunnmøre Vanylven, Sande, Herøy, Ulstein, Hareid, Volda, Ørsta, Ørskog,
Norddal, Stranda, Stordal, Sykkylven, Skodje, Sula, Giske, Haram
Nynorsk
Ålesund Bm/Nn
Romsdal Vestnes, Sandøy Nynorsk
Midsund, Aukra, Fræna Nn/Bm
Rauma, Nesset Bm/Nn
Nordmøre Gjemnes, Surnadal, Halsa, Aure Nn/Bm
Sunndal Bm/Nn
Rindal* Bokmål
1)Nynorsk: majoritetsmål og einerådande på barneskulen; Nn/Bm: nynorsk majoritetsmål, òg bokmål på barneskulen;
Bm/Nn: bokmål majoritetsmål, òg nynorsk på barneskulen; Bokmål: majoritetsmål og einerådande på barneskulen.
* minoritetsmålet frå år 2000 er borte i 2009 eller i fare for å verte det innan få år.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre wikiteksten]

  1. Einar Lundeby (1966). «Stortinget og språksaken». Innstilling om språksaken fra Komitéen til å vurdere språksituasjonen m.v. oppnevnt ved kongeleg resolusjon 31. januar 1964.