Songen Emotional Rescue

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Emotional Rescue»
Singel av Rolling Stones
frå albumet Emotional Rescue
Utgjeve 20. juni 1980
Innspelt 1. til 19. oktober 1979
Sjanger Disco
Lengd 5:39
Selskap Rolling Stones/Virgin
Låtskrivar(ar) Jagger/Richards
Produsent The Glimmer Twins
Rolling Stones-kronologi
«Shattered»
(1978)
«Emotional Rescue» «She's So Cold»
(1980)

«Emotional Rescue» er ein song av det engelske rockebandet The Rolling Stones. Han vart skriven av Mick Jagger og Keith Richards og kom ut på albumet Emotional Rescue frå 1980.

Songen vart spelt inn mellom juni og oktober 1979 og er ein disco-aktig song, liknande hitten «Miss You» frå 1978. Songen er ein av dei første av bandet der ein merkar ein aukande splid mellom dei to hovudlåtskrivarane Jagger og Richards. Sjølv om Richards speler gitar og syng korvokal mot slutten av songen, skal han ikkje ha likt retninga Jagger prøvde å ta bandet i med slike disco-liknande songar. Dette kan derimot ha vorte overdrive i pressa og av det harde rockeimaget til Richards. Songen er basert på ei basslinje spelt av Ronnie Wood. Gjennom store delar av songen syng Jagger i falsett, noko som var populært for discosongar på denne tida. Bassist Bill Wyman speler synthesizer på songen, medan Jagger og Ian Stewart speler elektrisk piano.

Songen vart gjeven ut som den første singelen frå albumet den 20. juni 1980. Songen vart godt teken imot av ein del av tilhengjarane, medan andre ikkje likte den nye musikalske retninga. Songen nådde niande plassen i Storbritannia og tredjeplassen i USA.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]