Ian Stewart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ian Stewart
Ian Stewart and Billy Preston with The Rolling Stones (1975).jpg
Fødd18. juli 1938
FødestadPittenweem
Død12. desember 1985
DødsstadLondon
FødenamnIan Andrew Robert Stewart
OpphavPittenweem i Fife i Skottland
Aktiv1960-åra – 1985
SjangerRock, Boogie-woogie
InstrumentPiano, orgel, marimba
Tilknytte artistarRolling Stones, Rocket 88
Verka somMusikar
Turnemanager

Ian Andrew Robert Stewart (18. juli 193812. desember 1985) var ein skotsk pianist og organist og ein av dei opphavlege medlemmane av The Rolling Stones. Han måtte forlate bandet alt i mai 1963 fordi manageren meinte han hadde ein utsjånad som ikkje høvde seg for eit tenåringsband. Stewart heldt likevel fram å spele for dei som pianist og arbeidde for dei som turnemanager til han døydde. For dette vart han rekna som den «sjette Rolling Stone»,[1] sjølv om han ikkje var offisielt medlem og vart rekna som viktig for bandet både musikalsk og personleg. Dei mest kjende bidraga hans til Stones er songar som «Let It Bleed», «Brown Sugar», «Dead Flowers», «Sweet Virginia» og «Honky Tonk Women».

Stewarthar òg spelt for andre artistar som Led Zeppelin på «Rock and Roll»[2] og «Boogie With Stu»,[3] der Stu er den som Led Zeppelin song om.[4]

Mot slutten av 1970-åra og starten av 1980-åra danna Stewart eit boogie-woogie jazz-band, Rocket 88, saman med Charlie Watts på trommer, Alexis Korner på gitar og Jack Bruce på bass.

Stewart døydde av hjarteattakk den 12. desember 1985 med han sat på venterommet til legen.[5]

Etter at Stewart døydde sa Mick Jagger: «Eg vil verkeleg sakne han. Stu var den einaste fyren vi prøvde å tilfredsstille. Vi ville at han skulle akseptere songane me lagde og spelte. Vi ville at han skulle like det.»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]