Tour de Ski

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Tour de Ski er ei langrennstevling som byggjer på Tour de France innan sykling og Hoppveka innan skihopp. Ein har halde Tour de Ski årleg sidan oppstarten i 2006/07-sesongen. Det blir halde sju til ni renn i løpet av cirka ti dagar rundt årsskiftet, og felles for alle sesongane er at siste etappe blir avslutta opp slalåmbakken i Val di Fiemme. Tour de Ski inngår i verdscupen i langrenn.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tour de Ski blei halde for første gong ved årsskiftet 2006/07 med tyske Tobias Angerer og finske Virpi Kuitunen som vinnarar.

År Dato Etappar Arrangørstader
2006/07 31. desember 2006–7. januar 2007 6 München, Oberstdorf, Asiago og Val di Fiemme
2007/08 28. desember 2007–6. januar 2008 8 Nové Město, Praha, Asiago og Val di Fiemme
2008/09 27. desember 2008–4. januar 2009 7 Oberhof, Praha, Nové Město og Val di Fiemme
2009/10 1. januar 2010–10. januar 2010 8 Oberhof, Praha, Cortina d'Ampezzo, Toblach og Val di Fiemme
2010/11 31. desember 2010–9. januar 2011 8 Oberhof, Oberstdorf, Cortina d'Ampezzo, Toblach og Val di Fiemme
2011/12 29. desember 2011–8. januar 2012 9 Oberhof, Oberstdorf, Toblach, Cortina d'Ampezzo og Val di Fiemme
2012/13 29. desember 2012–6. januar 2013 7 Oberhof, Val Müstair, Cortina d'Ampezzo, Toblach og Val di Fiemme
2013/14 28. desember 2013–5. januar 2014 7 Oberhof, Lenzerheide, Cortina 'Ampezzo, Toblach og Val di Fiemme
2015 3. januar 2015–11. januar 2015 7 Oberhof, Val Müstair, Toblach og Val di Fiemme
2016 1. januar 2016–10. januar 2016 8 Lenzerheide, Oberstdorf, Toblach og Val di Fiemme
2016/17 31. desember 2016–8. januar 2017 7 Val Müstair, Oberstdorf, Toblach og Val di Fiemme
2017/18 30. desember 2017–7. januar 2018 Lenzerheide, Oberstdorf og Val di Fiemme
1: Opphavleg sju, men ein etappe måtte avlysast på grunn av dårlig vêr.

Poeng i verdscupen[endre | endre wikiteksten]

Løparane som vinn Tour de Ski samanlagd, får med seg 400 poeng inn i verdscupen, mot 100 frå eit normalt renn. Dei 30 første får poeng. Ein løpar må gå alle renna for å få teljande resultat samanlagd. Frå 2007/08 har også vinnarar av enkeltrenn 50 verdscuppoeng, så lenge dei gjennomfører heile touren. Her er det dei 15 første som får poeng.

Premiepengar[endre | endre wikiteksten]

Totalt deler arrangørane ut drøyt fem millionar norske kroner i premiepenger. Samanlagdvinnarane får med seg drøyt 750 000 kroner kvar, medan vinnaren av den innlagde sprintcupen får drøyt 50 000 norske kroner. I tillegg er det 25 000 kroner for kvar siger i enkeltrenna.

Resultatlister[endre | endre wikiteksten]

Damer[endre | endre wikiteksten]

År Samanlagd Vinnar av
sprintcupen
1 2 3
2006/2007 Flagget til Finland Virpi Kuitunen Flagget til Noreg Marit Bjørgen Flagget til Ukraina Valentyna Sjevtsjenko Flagget til Finland Virpi Kuitunen
2007/2008 Flagget til Sverige Charlotte Kalla Flagget til Finland Virpi Kuitunen Flagget til Italia Arianna Follis Flagget til Finland Virpi Kuitunen
2008/2009 Flagget til Finland Virpi Kuitunen Flagget til Finland Aino-Kaisa Saarinen Flagget til Slovenia Petra Majdič Flagget til Slovenia Petra Majdič
2009/2010 Flagget til Polen Justyna Kowalczyk Flagget til Slovenia Petra Majdič Flagget til Italia Arianna Follis Flagget til Italia Arianna Follis
2010/2011 Flagget til Polen Justyna Kowalczyk Flagget til Noreg Therese Johaug Flagget til Italia Marianna Longa Flagget til Polen Justyna Kowalczyk
2011/2012 Flagget til Polen Justyna Kowalczyk Flagget til Noreg Marit Bjørgen Flagget til Noreg Therese Johaug Flagget til Polen Justyna Kowalczyk
2012/2013 Flagget til Polen Justyna Kowalczyk Flagget til Noreg Therese Johaug Flagget til Noreg Kristin Størmer Steira Flagget til Polen Justyna Kowalczyk
2013/2014 Flagget til Noreg Therese Johaug Flagget til Noreg Astrid Uhrenholdt Jacobsen Flagget til Noreg Heidi Weng Flagget til Noreg Astrid Uhrenholdt Jacobsen
2015 Flagget til Noreg Marit Bjørgen Flagget til Noreg Therese Johaug Flagget til Noreg Heidi Weng Flagget til Noreg Marit Bjørgen
2016 Flagget til Noreg Therese Johaug Flagget til Noreg Ingvild Flugstad Østberg Flagget til Noreg Heidi Weng Flagget til Noreg Ingvild Flugstad Østberg
2016/2017 Flagget til Noreg Heidi Weng Flagget til Finland Krista Pärmäkoski Flagget til Sverige Stina Nilsson Flagget til Sverige Stina Nilsson
2017/2018 Flagget til Noreg Heidi Weng Flagget til Noreg Ingvild Flugstad Østberg Det amerikanske flagget Jessica Diggins Flagget til Noreg Ingvild Flugstad Østberg

Herrar[endre | endre wikiteksten]

År Samanlagd Vinnar av
sprintcupen
1 2 3
2006/2007 Flagget til Tyskland Tobias Angerer Flagget til Russland Aleksandr Legkov Flagget til Noreg Simen Østensen Flagget til Noreg Tor-Arne Hetland
2007/2008 Det tsjekkisk flagget Lukáš Bauer Flagget til Tyskland René Sommerfeldt Flagget til Italia Giorgio Di Centa Flagget til Noreg Petter Northug
2008/2009 Flagget til Sveits Dario Cologna Flagget til Noreg Petter Northug Flagget til Tyskland Axel Teichmann Flagget til Noreg Tor-Arne Hetland
2009/2010 Det tsjekkisk flagget Lukáš Bauer Flagget til Noreg Petter Northug Flagget til Sveits Dario Cologna Flagget til Noreg Petter Northug
2010/2011 Flagget til Sveits Dario Cologna Flagget til Noreg Petter Northug Det tsjekkisk flagget Lukáš Bauer Flagget til Sveits Dario Cologna
2011/2012 Flagget til Sveits Dario Cologna Flagget til Sverige Marcus Hellner Flagget til Noreg Petter Northug Flagget til Sveits Dario Cologna
2012/2013 Flagget til Russland Aleksandr Legkov Flagget til Sveits Dario Cologna Flagget til Russland Maksim Vylegzjanin Flagget til Noreg Petter Northug
2013/2014 Flagget til Noreg Martin Johnsrud Sundby Flagget til Noreg Chris Jespersen Flagget til Noreg Petter Northug Flagget til Noreg Martin Johnsrud Sundby
2015 Flagget til Noreg Petter Northug Flagget til Russland Jevgenij Belov Flagget til Sverige Calle Halfvarsson Flagget til Noreg Petter Northug
2016 Flagget til Noreg Martin Johnsrud Sundby Flagget til Noreg Finn Hågen Krogh Flagget til Russland Sergej Ustiugov Flagget til Noreg Martin Johnsrud Sundby
2016/2017 Flagget til Russland Sergej Ustjugov Flagget til Noreg Martin Johnsrud Sundby Flagget til Sveits Dario Cologna Flagget til Russland Sergej Ustjugov
2017/2018 Flagget til Sveits Dario Cologna Flagget til Noreg Martin Johnsrud Sundby Flagget til Canada Alex Harvey Flagget til Sveits Dario Cologna

«Monsterbakken»[endre | endre wikiteksten]

Siste etappe blir avslutta opp slalåmbakken i Cavalese. Han ligg i fjellet Alpe Cermis på 2250 moh., og er den brattaste motbakken som nokon gang er teken med i verdscupen i langrenn. Etappen går i fristil. Heile etappen er ni kilometer lang, medan sjølve bakken er 3,6 kilometer. Utøvarane klatrar 420 meter i høgd, med ei helling på 28 prosent.[1]

I slalåmbakken blir det plassert portar som utøvarane følgjer opp bakken. Desse går i svingar, så utøvarane går ikkje kortaste veg til toppen. Etappen blir halden med jaktstart med startintervall etter samanlagtstillinga etter etappane før. Dersom dette fører til for store tidsmessige avstander kan juryen velja å bruka ein «bølgjestart».[2]

Etappevinnarar[endre | endre wikiteksten]

Martin Johnsrud Sundby vann etappen i 2016 og 2018.

Menn:

År Namn Nasjon Tid
2007 Sergej Sjirjajev Flag of Russia.svg Russland 32.07,8
2008 René Sommerfeldt Flag of Germany.svg Tyskland 32.59,0
2009 Ivan Babikov Flag of Canada.svg Canada 33.51,2
2010 Lukáš Bauer Flag of the Czech Republic.svg Tsjekkia 33.43,4
2011 Lukáš Bauer Flag of the Czech Republic.svg Tsjekkia 30.28,3
2012 Aleksandr Legkov Flag of Russia.svg Russland 30.38,2
2013 Marcus Hellner Flag of Sweden.svg Sverige 29.59,6
2014 Chris André Jespersen Flag of Norway.svg Noreg 31.58,8
2015 Roland Clara Flag of Italy.svg Italia 29.13,0
2016 Martin Johnsrud Sundby Flag of Norway.svg Noreg 30.47,0
2017 Maurice Manificat Flag of France.svg Frankrike 29.20,0
2018 Martin Johnsrud Sundby Flag of Norway.svg Noreg 28.36,4
Therese Johaug vant i 2016 etappen for sjuende gang.

Kvinner:

År Namn Nasjon Tid
2007 Kateřina Neumannová Flag of the Czech Republic.svg Tsjekkia 34.24,5
2008 Valentyna Sjevtsjenko Flag of Ukraine.svg Ukraina 34.06,2
2009 Therese Johaug Flag of Norway.svg Noreg 35.07,7
2010 Kristin Størmer Steira Flag of Norway.svg Noreg 35.49,8
2011 Therese Johaug Flag of Norway.svg Noreg 33.14,4
2012 Therese Johaug Flag of Norway.svg Noreg 34.17,7
2013 Therese Johaug Flag of Norway.svg Noreg 34.12,4
2014 Therese Johaug Flag of Norway.svg Noreg 34.19,8
2015 Therese Johaug Flag of Norway.svg Noreg 32.16,4
2016 Therese Johaug Flag of Norway.svg Noreg 33.14,8
2017 Heidi Weng Flag of Norway.svg Noreg 33.34,3
2018 Heidi Weng Flag of Norway.svg Noreg 32.11,5

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Slik er MONSTERBAKKEN». www.langrenn.com. Henta 15. oktober 2015. 
  2. «Etappeguide for Tour de Ski 2015». www.langrenn.com. Henta 15. oktober 2015.