Wikipedia:Dugnad denne månaden/2012

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Arkiv

Dugnad nett no:

Mal:Dugnad november 2019

Mars[endre wikiteksten]

Språk
Målsetjing: Fleire gode språkartiklar!
Gjeremål:  
Tips:  
Undervegs: Me har fått nye artiklar om:

Andamanspråk, assamesisk, balutsji, bats, chamorro, dalmatisk, dolgansk, eyak, frygisk, gagausisk, gammalengelsk, gawar-bati, geez, hollandsk, ingrisk, javanesisk, jonisk gresk, kantonesisk, kasjmiri, livvisk, mali-språket, melpa, salarisk, svansk, sør-min, sotho, tigré, tigrinja, tongansk, tsonga, ultsjisk, udegejsk, usbekisk, uigurisk, wukinesisk, yapesisk, yaospråk, bantuspråket yao

Nokre artiklar om store språk er vel små: Fransk, spansk, italiensk...

Oppsummering: Me har no 548 artiklar i einskildspråk. Det blei skrive om fleire språk frå listene, i tillegg til fleire språkfamiliar. Mykje godt stoff blei lagt til, men me manglar framleis mange språk. I tillegg er sentrale artiklar ufullstendige.



August[endre wikiteksten]

Olympiske sommarleikar
Målsetjing: Nye og utvida artiklar som er tilknytt sommar-OL 2012 eller tidlegare sommar-OL
Gjeremål:  
  • Skriv om internasjonale idrettsfolk som har delteke i sommar-OL
  • Norske olympiske deltakarar opp igjennom tidene, eller idrettslaga dei tevlar for
  • Skriv om olympiske idrettar som enno ikkje har artikkel på wikipedia, eller utvid gamle idrettsartiklar
Tips: Moglege kjelder:
  • Store Norske Leksikon
  • Bokmålswikipedia har mange gode idrettsartiklar
Oppsummering:


I desse OL-tider føreslår eg sommar-OL som dugnadsemne for august! Her er mykje å ta av, både av norske sommar-OL-deltakarar opp gjennom tidene, internasjonale sommar-OL-deltakarar, idrettar, osb. Fantasien set grenser. Kva seier folket? HallvardLid (diskusjon) 31. juli 2012 kl. 14:34 (CEST)

Den nye rettskrivinga bør fylgjast opp. --89.8.149.176 1. august 2012 kl. 02:23 (CEST)
OL er eit høveleg dugnadstema som kan engasjere mange. Rettskrivinga må vi nok bruke meir enn ein månad på å få under huda. --Knut (diskusjon) 1. august 2012 kl. 07:29 (CEST)


Godt poeng med rettskrivinga! I demokratiets namn burde eg kanskje venta til fleire seier seg einige i det nye temaet. Men i og med at OL tek slutt før neste månadsskifte, tek eg meg den fridomen å setja i gang ny dugnad allereie no! HallvardLid (diskusjon) 1. august 2012 kl. 11:49 (CEST)


September[endre wikiteksten]

Rettskrivinga av 2012
Målsetjing: Oppdatera artiklane våre slik at dei følgjer gjeldande rettskriving
Gjeremål:  
  • Identifiser endringar som må rettast
  • Rett i veg
  • Skriv ned kva som er gjort, slik at me unngår dobbeltarbeid
Tips:  
  • Diskusjonssida har ei liste over utgåtte ord som må endrast
  • Hugs å ikkje endra på originale sitat (på til dømes bokmål eller landsmål)


Rettskrivingsreforma[endre wikiteksten]

-lig > -leg[endre wikiteksten]

Mange adjektiv som tidlegare hadde endinga -lig som klammeform kan no berre ha endinga -leg. Dette gjeld ei rekkje ord, og her er ein del som må endrast.

Somme adjektiv som endar på -lig er framleis rett nynorsk, mellom andre dei hyppig brukte forskjellig, kjølig, og villig.

I lista under er det lenkja til søk her på ordet med * på slutten, t.d. alvorlig*. Det gjev også treff på bøyingar av ordet, som alvorlige, alvorligast, og samansetningar med ordet fyrst, som alvorligheitsgrad. Søket gjev ikkje treff på ord med alvorlig som sistelekk, som gravalvorlig.

A[endre wikiteksten]

B[endre wikiteksten]

D[endre wikiteksten]

E[endre wikiteksten]

F[endre wikiteksten]

G[endre wikiteksten]

H[endre wikiteksten]

I[endre wikiteksten]

J[endre wikiteksten]

K[endre wikiteksten]

L[endre wikiteksten]

M[endre wikiteksten]

  • mogelig > mogleg eller mogeleg
  • moglig > mogleg eller mogeleg
  • mulig > mogleg eller mogeleg

N[endre wikiteksten]

O[endre wikiteksten]

P[endre wikiteksten]

R[endre wikiteksten]

S[endre wikiteksten]

T[endre wikiteksten]

U[endre wikiteksten]

V[endre wikiteksten]

Y[endre wikiteksten]

Æ[endre wikiteksten]

Ø[endre wikiteksten]

Å[endre wikiteksten]


Adjektiv på -ut eller -et[endre wikiteksten]

Adjektiv som kunne ha endinga -ut eller -et kan no berre ha endinga -ete, til dømes humput og humpet skal no vera humpete. Dei er det ikkje mange av på nn wp. Her er samtlege (hmm, og tullut er nok ein finsk partisipp):

* 5 tullut

  • 4 steinut
  • 4 krokut
  • 3 klossut
  • 3 flokut
  • 2 svingut
  • 2 kronglut
  • 2 kantut
  • 2 grumsut
  • 1 tvikrokut
  • 1 taggut
  • 1 skrukkut
  • 1 skrubbut
  • 1 skjeggut
  • 1 rufsut
  • 1 rotut
  • 1 kollut
  • 1 keitut
  • 1 jentut
  • 1 hårut
  • 1 flytut
  • 1 flekkut
  • 1 fleiput
  • 1 fillut
  • 1 buskut
  • 1 brokut
  • 1 bakkut

i-mål[endre wikiteksten]

Linne hokjønnsord i bunden form eintal og inkjekjønnsord i bunden form fleirtal som tidlegare kunne ha endinga -i som klammeform kan no berre ha a-ending. Enkelte sterke verb som tidlegare kunne ha i-ending i perfektum kan no berre ha e-ending.

Døme[endre wikiteksten]

Kjem det opp noko nyttig av å leggje til * bak orda i bunden form? Samansetjingar plar vere med orda i ubunden form? Når ein søkjer på jordi* får ein opp nesten dobbelt så mange treff som om ein søkjer på jordi, men det ser ut til å kome av ein får opp ord som jording og jordiske, som ikkje har noko interesse i denne samanhengen.
Det gjorde iallfall det når ein søkte på ord som slutta på -lig. Då måtte også dei bøygde formene rettast, men det kan sjølvsagt diskuterast om det har noko for seg med desse i-formene. HallvardLid (diskusjon) 29. september 2012 kl. 16:20 (CEST)
Ein kan sjå over om det fanst normerte samansetningar med orda ved å søkje på dei med stjerne bak i den uoppdaterte utgåva av Nynorskordboka: søk på jordi*, roi*, elvi*, åri*, bygdi*; alle treffa er ord med ubestemt form som fyrstelekk og andrelekk som byrjar på i. Det er slike ord ein vil få treff på om ein søkjer med påhengd stjerne her, eller ord som er på eit anna språk eller heilt feilskrivne. --89.8.33.64 29. september 2012 kl. 22:40 (CEST)
  • vorti
  • gjevi
  • utgjevi
  • angjevi
  • forgjevi
  • frigjevi
  • grunngjevi
  • handgjevi
  • medgjevi
  • namngjevi
  • omgjevi
  • overgjevi
  • pantgjevi
  • prisgjevi
  • skuldgjevi
  • skyldgjevi
  • tilgjevi
  • oppgjevi
  • ettergjevi
  • haldi

Verb[endre wikiteksten]

  • drømma > drøyma
  • drømme > drøyme
  • dør - døyr
  • dødde - døydde
  • døande - døyande
  • utdødd - utdøydd
  • høra > høyra
  • høre > høyre Eg er ferdig med høre. Men i tillegg har eg funne mange andre ord som kjem av "høre" som bør rettast. Eg har gått gjennom fortidsformene hørt og hørte, hørd og hørde, tilbehør, tilhørande, avhør og forhør. I tillegg har eg gått gjennom alle verbformer eg kom på av "tilhøre" og "opphøre". Desse må skrivast om til "høyrer til" og "tek slutt, går i oppløysing" el. l. fordi "tilhøyre" og "opphøyre" ikkje er eigne verb på nynorsk. Det finst likevel mange døme på desse verba, men det høyrer ikkje direkte til under denne dugnaden. Viss nokon er interessert i å retta likevel, sjå nedst på denne diskusjonssida. HallvardLid (diskusjon) 1. oktober 2012 kl. 12:41 (CEST)
  • klyppa > klippa
  • klyppe > klippe
  • kjøra > køyra
  • kjøre > køyre
  • mala > måla (stryke noko med farge) Søket her skil ikkje mellom a og å. For å få færre treff kan ein bruke Google sitt avanserte søk: mala* Med google sitt avanserte søk (120 resultat) fann eg berre eitt der "mala" var brukt i tydinga "stryka med farge". Det kan vera fare for at ordet "malar" (pl. av mal) kan ha vorte brukt i tydinga "målar", (sg.) men søket på malar gjev over 2000 treff. Så det er svært vanskeleg å skilja ut. HallvardLid (diskusjon) 2. oktober 2012 kl. 17:33 (CEST)
  • male > måle (stryke noko med farge) google-søk male*
  • Gjeng - går
  • Stend - står
  • Når -stelle står i tydinga "å stille", er dette retta til -stille. Dette er gjort i alle former av orda utstelle/utstelling, førestelle/førestelling, framstelle/framstelling, jamstelle/jamstelling, bestelle/bestelling og innstelle/innstelling.
  • Trøste - trøyste
  • flomme - fløyme/ flaume
  • glømme - gløyme
  • strame - stramme
  • tøme - tømme
  • dana/dane - danna/danne
  • peka/peke - peika/peike
  • røste - røyste
  • rame/rama - ramme/ramma
  • rome - romme (Eg har ikkje gått gjennom dei over 1000 treffa på Roma for å finna eventuelle døme på infinitivar. Det har nok lite for seg.) HallvardLid (diskusjon) 18. februar 2013 kl. 05:34 (CET)
  • røme/røma - rømme/rømma

Ymse enkeltord[endre wikiteksten]

Kan nokon forklare når gamal er OK?
Det er kanskje lurt å spørje Språkrådet om det. Ein kan mistenkje at ordboka ikkje er heilt oppdatert. --178.232.138.83 30. september 2012 kl. 23:12 (CEST)
Språkrådet sitt hefte om den nye rettskrivinga nemner slett ikkje ordet "gamal". Trur me bør venta med eventuelle rettingar her til me får fastare prov. HallvardLid (diskusjon) 4. oktober 2012 kl. 11:25 (CEST)
Både gamal og gammal er framleis rett. I fylgje Språkrådet (epost) er ikkje Nynorskordboka oppdatert på dette punktet. Det som står i innstillinga (s. 65) er gjeldande. --178.232.131.117 6. oktober 2012 kl. 14:18 (CEST)
  • glømma > gløyma
  • hjerta > hjarta
  • hjerte > hjarte
  • holdning > haldning
  • idrott > idrett
  • innabords > innanbords
  • innadørs > innandørs
  • innafor > innanfor (Ordet bør kanskje rettast av ein robot sidan det er godt over 1000 artiklar med dette ordet.)
  • innafrå > innanfrå
  • innalands > innanlands
  • kjøre > køyre
  • kleppfisk > klippfisk
  • kors > kross
  • valp > kvalp el. kvelp
  • mulig > mogeleg el. mogleg
  • muleg > mogeleg el. mogleg
  • mogelig > mogeleg el. mogleg
  • moglig > mogeleg el. mogleg
  • nashyrning > nashorn
  • nedafor - nedanfor
  • nedafrå - nedanfrå
  • oppafor - ovanfor el. oppfor
  • ovafor - ovanfor (eller overfor)
  • ovafrå - ovanfrå
  • plome > plomme
  • rør > røyr
  • serleg > særleg
  • serskild > særskild
  • serskilt > særskilt
  • strøm > straum
  • sæte > sete
  • sæter > seter
  • skynda > skunda
  • sto > stod
  • stutting > stytting
  • sorgmodig > sørgmodig
  • tålmod > tolmod
  • tålmodig > tolmodig
  • tørst > tørste eller torste
  • utadørs > utandørs
  • utafor > utanfor (Ordet bør kanskje rettast av ein robot sidan det er godt over 1000 artiklar med dette ordet.)
  • utafrå > utanfrå
  • utalands > utanlands
  • heren, herar, hermann, herfolk o.l. er retta til hær-
  • samansetjingar og avleiingar med ser- er retta til sær-
  • romet - rommet (også verdsrommet, tidsrommet
  • tame - tamme
  • tome - tomme
  • metallet koppar - kopar
  • nót, nate, neter, netene - nøtte-
  • røst - røyst
  • tog i tydinga tau - tau
  • baune - bønne
  • trøtt - trøytt
  • rame/råme - ramme
  • austafor, austafrå, vestafor, nordafor, attafor, attafrå, bakafor, heimafrå

Refleksiv- og passivformer på [-s][endre wikiteksten]

Innstillinga s. 181

  • blandas > blandast
  • brukas - brukast
  • brukes - brukast
  • bøyes > bøyest
  • ferdas > ferdast
  • fins > finst
  • finnes > finst
  • finnest > finst
  • finnas > finnast
  • fans > fanst
  • funnes > funnest
  • høyres/høres - høyrest
  • høyras/høras - høyrast
  • høyrdes/høyrtes - høyrdest
  • kallas - kallast
  • kjennas - kjennast
  • kjennes - kjennest
  • kjendes/kjentes - kjendest
  • legges - omskriving
  • lukkas > lukkast
  • lyktest, lyktes, luktest - lukkast
  • minnas > minnast
  • minnes > minnest
  • mintes > mintest
  • mins > minst
  • mislukkas - mislukkast
  • mislyktest, mislyktes, mislykkes, mislykkas - mislukkast
  • nyttas - nyttast
  • reknas > reknast
  • ses/sees - sjåast
  • slåss > slåst
  • Sloss - slost
  • Slæst - slåst
  • snakkas - omskriving
  • trengs > trengst
  • trongs > trongst
  • trivs > trivst
  • trivest > trivst
  • trives > trivst eller trivest
  • trivast - trivst (dersom presens)
  • trivdes - treivst

Rettingar som ikkje er ein direkte del av denne dugnaden[endre wikiteksten]

  • Ifylgje sprakrad.no, er ikkje "å opphøyre" noko verb på nynorsk. Substantivet opphøyr er lov, men det knyt ikkje til seg noko verb. Dette må difor skrivast om til "slutta", "tok slutt", "gjekk i oppløysing" el.l. Eg har gått gjennom "opphøyrte" og "opphøyrt".
"Opphøyre", "opphøyra", "opphøyrer", "opphøyrde" og "opphøyrd" har fortsatt mange treff på nynorsk wikipedia.
  • Å tilhøyre er heller ikkje noko verb på nynorsk. Det heiter å høyre/høyra til, ifylgje sprakrad.no. "Tilhøyre", "tilhøyrer", "tilhøyrte" og "tilhøyrt" kan sjåast ganske ofte i wikipedia-artiklane her.
  • Eit ord eg er usikker på er "å førekoma". Særleg forma "førekjem" er svært ofte brukt her på wikipedia, og høyrest svært så nynorsk ut. Når ein søkjer på forekomme på sprakrad.no, kjem ikkje noko nynorsk alternativ. Men når ein søkjer på førekjem, har språkrådet faktisk brukt ordet i ein definisjon på ordet "romantisk": (gjennom ty, frå fr eigenleg 'som førekjem i eller minner om ein roman'). Er det nokon som kan svara på om ordet er tillate eller ikkje? HallvardLid (diskusjon) 1. oktober 2012 kl. 12:47 (CEST)
«førekjem»/«førekome»/«førekomme» er ikkje rett nynorsk (og har heller aldri vore det), men som du seier, det er mykje brukt. Til og med hjå Språkrådet (tretten treff) og allkunne.no (fem treff) har førekjem sneke seg inn.
--89.8.158.26 1. oktober 2012 kl. 17:22 (CEST)
Nynorsk skal ikkje vere eit bokmål – vi kan ikkje stille oss slik at vi berre kan bruke ord vi kan slå opp i ordbøkene. «Førekjem» er brukt både i nynorskordboka og i noten på side 32 i Innstillinga frå rettskrivingsnemnda. Ordet vert òg brukt i munnleg norsk. Ei anna sak er at ordet i nynorsk kan gi dårleg språkføring, men i denne dugnaden bør vi samle innsatsen om språklege endringar som følgjer av rettskrivingsreforma. --Knut (diskusjon) 1. oktober 2012 kl. 17:51 (CEST)
Det siste poenget ditt er eg heilt samd i, Knut! Det som står under denne overskrifta kan sjåast på som eit forslag til seinare arbeid, ikkje tilleggsarbeid til denne dugnaden. HallvardLid (diskusjon) 1. oktober 2012 kl. 20:09 (CEST)
Olav T. Beito: «I nynorsk skrift har avleiingar med for- mindre rom enn i dansk og bokmål.»
Mange ord er ikkje normerte, t.d. mange samansette ord, og dei kan likevel vere bra nynorsk. Norsk inneheld mange fleire ord enn Nynorskordboka gjer, men at «førekjem» ikkje er normert er ikkje ei tilfeldigheit. Det er medvite gjort, nett som mange andre ord som byrjar på for- ikkje er normert nynorsk, og nett som -lig-adjektiva ikkje lenger er normerte. At «førekjem» er so frekvent her kjem av at so mykje her er omsett frå bokmål. Dei fem «førekjema» i Allkunne er i artiklar som er omsette frå bokmål (Caplex), ingen av forfattarane der ser ut til å velje «førekjem» når dei uttrykkjer seg fritt. --178.232.150.64 1. oktober 2012 kl. 22:50 (CEST)
Endringa frå [-lig] til -leg i ein del adjektiv, reduserer ikkje ordtilfanget i nynorsk. Bruken av det hyppig førekommande ordet førekjem tar opp ein diskusjon eg synst er viktig. I Norsk ordbok : ordbok over det norske folkemålet og det nynorske skriftpråket er «førekoma el førekomma» eit eige oppslag, i tyding 1) som brukt her – «slikt kan førekoma». --Knut (diskusjon) 2. oktober 2012 kl. 08:44 (CEST)
Språkføringa her skal fylgje nynorsknormalen, ikkje Norsk ordbok. Det står i retningslinja for nynorsk språkføring. Ein må òg ha i mente at ein til stor del skriv for skuleungar. Dei bør få lese nynorsk som er i samsvar med rettskrivingsnorma. Om ein får skrive om levangar og tvåger her så vert ordtilfanget vidare, men kanskje held ein betre på lesaren om ein skriv om langkostar og vaskefiller. --178.232.131.117 6. oktober 2012 kl. 14:18 (CEST)
Wikipedia:Retningsliner for nynorsk målføring bør ikkje tolkast slik at ordtilfanget avgrensast unødig. Det største trugsmålet mot nynorsk som bruksspråk, er omskrivingar som gir tungt språk. Nynorsk skal vere eit lett språk. --Knut (diskusjon) 27. desember 2012 kl. 17:44 (CET)
  • styrker > styrkar (substantiv, ubunden form fleirtal styrke er m1)
  • styrkene > styrkane (substantiv, bunden form fleirtal)
  • styrka > styrken (substantiv, bunden form eintal)
  • stemmane > stemmene (substantiv, bunden form fleirtal, f2)
  • stemmar > stemmer (substantiv, ubunden form fleirtal, f2)
  • stemmen > stemma (substantiv, bunden form eintal, f2)
  • haldt i tydinga "heldt" eller "halde" (ca. 250 treff)
  • opphaldt (17 treff)
  • underhaldt (3 treff)
  • innehaldt (45 treff)


November[endre wikiteksten]

Opprydding og språkvask
Målsetjing: Gå gjennom artiklar som treng opprydding og/eller språkvask.
Gjeremål:  
  • Rett feil og manglar i artiklar som treng opprydding
  • Ta gjerne ut tekst som er for dårleg språkleg eller fagleg
  • Finn kjelder der dette mangler. Set gjerne inn eit {{manglar kjelder}}-merke om slikt manglar.
  • Fjern merka for opprydding og/eller språkvask når oppryddinga er gjennomført
Tips:  
Undervegs: Ved byrjinga av dugnaden hadde me 130 artiklar i oppryddingskategorien og 218 til språkvask. Rundt 838 artiklar mangla kjelder.
Oppsummering: Ved byrjinga av desember hadde opprydding 128 artiklar, språkvask hadde 197 og 866 artiklar mangla kjelder. Ein del var blitt rydda medan fleire artiklar som trengde tilsyn var blitt lagde til.

Kategori:Opprydding har no 738 artiklar.
Kategori:Språkvask har no 636 artiklar.
Det er 2 731 artiklar som manglar kjelder.


Ser det ikkje er dugnad i november. Dugnaden kunne jo t.d. vere å rydde opp i artikkelar, i Kategori:Opprydding? Eller å utvide spirer? --Silver Stone (diskusjon) 3. november 2012 kl. 16:17 (CET)

Fint forslag. Det er mykje ein kan gjere her om ein ser på Kategori:Wikipedia/Vedlikehald. Litt vedlikehald av sider er ikkje så krevjande i desse eksamenstider. --Fredrik (diskusjon) 3. november 2012 kl. 16:47 (CET)
Ja, god ide å sjå i Kategori:Wikipedia/Vedlikehald. --Silver Stone (diskusjon) 3. november 2012 kl. 18:35 (CET)