Hopp til innhald

Wikipedia:Utvald artikkel/2026

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Utvald artikkel Kandidatar Kalender

Arkiv: Utvalde artiklar: 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020 2021 2022 2023 2024 2025 2026

Diskusjonar: 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020 2021 2022 2023 2024 2025 2026



I dag er det måndag, 14. september 2026 Oppdater sida

Veke 1
Avisillustrasjon for new age-musikk frå 1987.

New age-musikk er ein brei musikksjanger som er retta mot å gje inspirasjon, avslapping og optimisme til lyttarar. Han kan nyttast i samband med yoga, massasje, meditasjon og lesing, for å motverka stress, for å framkalla ei kjensle av ekstase, heller enn transe, eller for å skapa ein fredeleg atmosfære. Sjangeren blir nokre gonger knytt til miljøvern og new age-rørsla. Det finst ikkje ein nøyaktig definisjon av new age-musikk. Ofte blir musikk rekna til sjangeren ut frå intensjonen bak han.

Ein kan ha akustisk new age-musikk, med instrument som fløyte, piano, gitar, ulike ikkje-vestlege akustiske instrument, og elektronisk musikk, ofte baserte på synthesizer eller sequencer. New age-artistar kombinerer ofte desse metodane for å laga elektroakustisk musikk. Vokalarrangement var tidlegare sjeldne i sjangeren, men ettersom han har utvikla seg, har vokal blitt meir vanleg, særleg med song eller messing etter tradisjonane til amerikanske urfolk, sanskrit- eller tibetansk tradisjon. Les meir 
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 2
Berenikes hår

Berenikes hår (frå latin Coma Berenices) er eit stjernebilete på den nordlege himmelhalvkula. Det er eit av dei 88 moderne stjernebileta og ligg nær Arcturus, og stjernebiletet Løva, som det tidlegare var ein del av. Den galaktiske nordpolen ligg i stjernebiletet. Berenikes hår er eit av få stjernebilete som har fått namn etter ein historisk person, dronning Berenike II av Egypt, som ofra det lange håret sitt.

Berenikes hår består av mange stjerner tett i tett, og har blitt anerkjent som ein særeigen asterisme sidan hellenistisk tid. Sjølv om Berenikes hår ikkje er eit stort stjernebilete, inneheld det åtte Messier-objekt. Stjernebiletet har mange galaksar, og inneheld den nordlege delen av Virgo-hopen. Det finst òg fleire kulehopar i det. Les meir 
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 3
Gribbkarakara

Gribbkarakara (Caracara plancus) er ein rovfugl i falkefamilien, Falconidae. Han lever frå det sørlege og søraustlege USA (Texas, Arizona og Florida) gjennom Mexico, der han finst i alle delstatar, og i store delar av Sentral- og Sør-Amerika, og dessutan på Cuba. Han er generelt ikkje i regnskogen i Amazonas har fråvære frå det indre av Peru og indre Nord-Chile.

Dette er ein rovfugl som ofte er sett på bakken der han søkjer opportunistisk etter mat. Han lever hovudsakleg av kadaver av daude dyr. Han stel mat frå andre rovfuglar, åtakar fuglereir og krypdyr, og tar levande byttedyr viss moglegheita byr seg, for det meste insekt eller små pattedyr, småfuglar, amfibium, krypdyr, fisk, krabbar, andre skaldyr, flugelarver og makk. Han kan også ete frukt. Les meir 
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 4
The Darkness

The Darkness er eit britisk rockeband skipa i Lowestoft i England i 2000. Bandet består av Justin Hawkins (solovokal, sologitar), broren Dan Hawkins (rytmegitar, korvokal), Frankie Poullain (bassgitar, korvokal) og Rufus Tiger Taylor (trommer, korvokal).

The Darkness slo gjennom med debutplata si, Permission to Land, i 2003. Med hjelp av singlane «I Believe in a Thing Called Love», «Growing on Me», «Get Your Hands off My Woman» og «Love Is Only a Feeling», selde albumet til 4x platinaplate i Storbritannia, med eit sal på over 1,3 millionar. I 2004 vann bandet tre Brit Awards: beste britiske gruppe, beste britiske rockeband og beste britiske album. Les meir 
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 5
Vivian Vance

Vivian Vance (26. juli 1909–17. august 1979) var ein amerikansk skodespelar og songar. Ho byrja som teaterskodespelar, men var best kjend for rolla som Ethel Mertz i den amerikanske sitcomserien I Love Lucy, og som Vivian Bagley i sitcommen The Lucy Show. Ho spelte inn fleire filmar, mellom anna The Great Race, som blei nominert til fleire oscarprisar. Vance spelte i I Love Lucy frå 1951 til 1958 og The Lucy Show frå 1962 til 1965. I rolla som Vivian Bagley var ho ei fråskild kvinne med ein son som delte hus med figuren til Ball. Figuren var den første fråskilde kvinna til å opptre ei ein vekeviss amerikanske fjernsynsserie. Les meir 
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 6
Nakensniglane Glaucus atlanticus (til venstre) og Glaucilla marginata er døme på eukaryotar.

Eukaryotar er éin- eller fleircella organismar kjenneteikna av indre membranar, eit celleskjelett og mange celleorganellar som ikkje finst i prokaryote celler. Domenet har fått namnet sitt etter den tydelege cellekjernen inni cella gjennom samansettinga av gresk ευ, ‘god, ekte’ og κάρυον, ‘nøtt’ eller ‘kjerne’. Inni kjernen finn ein arvematerialet DNA ordna i kromosom. I prokaryotar ligg derimot arvematerialet spreidd rundt i cella. Eukaryotiske celler er typisk mykje større enn dei til prokaryoter, med volum som kan vera rundt 10 000 gonger større.

Eukaryotar varierer frå mikroskopiske eincella organismar, som picozoar med diameter under 3 mikrometer, til dyr som blåkval, som veg opptil 190 tonn og blir opptil 33,6 meter lang, eller plantar som kystsequoia, som blir opptil 120 meter høg. Eukaryotane representerar ein liten minoritet av talet på organismer i verda, men ettersom mange av dei er mykje større, er den kollektive globale biomassen deira mykje større (468 gigatonn) enn den til prokaryotane (77 gigatonn). Les meir 
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 7
Tommy Emmanuel i 2024

Tommy Emmanuel (fødd 31. mai 1955) er ein australsk gitarist, låtskrivar og songar som er kjend for sin avanserte fingerplukkingteknikk der han brukar alle ti fingrar når han spelar. Han er også kjend for energiske framføringar og bruken av perkusjons-effektar på gitar. Tommy Emmanuel har utvikla sin eigen stil som soloartist og har gjeve ut fleire prisvinnande album og singlar.

I 1999 vart han tildelt tittelen Certified Guitar Player av Chet Atkins, og derfor vert namnet hans ofte avslutta med C.G.P. i Guitar Player Magazine. I 2010 vart han kåra til «Beste akustiske gitarist» i verda av MusicRadar. I juni 2010 vart han utnemnd til medlem av Australia-ordenen (AM). I 2011 vart han teken inn i Australian Roll of Renown. Les meir 
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 8
Dettifoss

Fossar på Island omfattar mellom anna Dettifoss, kanskje den mektigaste fossen i Europa med ei middelvassføring på 200 m³/s, Morsárfoss, som med ei høgd på 227 meter er den høgaste på Island og ein av dei høgaste i Europa, og Svartifoss, ein av mange fossar i Skaftafell nasjonalpark som er omringa av basaltsøyler.

Island er eit land med mange fossar. Det litle landet har eit klima med mykje regn eller snø i tillegg til mange isbrear som smeltar om sommaren og gjev vatn til dei mange elvane. Les meir 
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 9
Tocotukan

Tocotukan (Ramphastos toco) er ein fugleart i tukanfamilien Ramphastidae. Han er den største arten i familien og har eit særmerkt utsjånadstrekk med svart kropp, kvit strupe, bryst og overhaledekkjefjører, og raude underhaledekkjefjører. Det mest iaugefallande kjenneteiknet er det enorme nebbet, som er guloransje med svart basis og ein stor svart flekk på spissen. Arten er endemisk til Sør-Amerika, der han har ei vid utbreiing frå guyanastatane sørover til nordlege Argentina og marginalt inn i Uruguay. Utbreiingsområdet har dei siste åra vorte utvida sørover. I motsetnad til mange andre tukanartar, som lever i samanhengande skog, held tocotukanen til i ulike halvopne leveområde opp til 1 750 meters høgd. Han er særleg vanleg i den brasilianske cerradoen, i galleriskogar og i våtmarksområda i Pantanal. Les meir 
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 10
Frå The Wall-konserten på Potsdamer Platz, Berlin, 1990, der Berlinmuren nyleg var riven.

The Wall er det 11. studioalbumet til den engelske rockegruppa Pink Floyd, gjeve ut 30. november 1979 på Harvest og Columbia Records. Det er ein rockeopera og utforskar soga om Pink, ei utsliten rockestjerne som etter kvart isolerer seg sjølv frå samfunnet bak ein symbolsk mur. Plata vart ein stor suksess og låg 15 veker på toppen av den amerikanske albumlista og nådde tredjeplassen i Storbritannia. I 1982 vart det laga ei filmutgåve av soga med same namn, regissert av Alan Parker.

The Wall er det siste albumet med Pink Floyd som ein kvartett. Klaverspelaren Richard Wright fekk sparken av Waters under produksjonen, men vart verande som betalt musikar. Det vart gjeve ut tre singlar frå albumet: «Another Brick in the Wall, Part 2», «Run Like Hell» og «Comfortably Numb». Frå 1980 til 1981 framførte Pink Floyd heile albumet under ein turné som bestod av avanserte, teatralske effektar. Les meir 
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 11
Ikon av heilage Tekla.

Heilage Tekla var ein helgen i den tidlege kristne kyrkja, og skal ha vore ein følgjar av apostelen Paulus. Den eldste skildringa av livet hennar kjem frå den apokryfe teksten Paulus og Tekla sine gjerningar. Teksten fortel at Tekla sat ved vindauget sitt i tre dagar og høyrde på Paulus som tala om den kristne Guden og kor viktig det var å leva eit kyskt liv. Etter å ha blitt redda frå å bli brunnen ved eit mirakel møtte ho Paulus utanfor Ikonium, og følgde han. Under reisene sine forkynte ho Guds ord og oppfordra kvinner til å etterlikna henne ved å leva kyske liv.

Tekla er vernehelgen for døyande; for Tekla-brorskapane; mot augelidingar, pest og brannfare og for Tarragona og Sitges. Ho er humoristisk blitt kalla vernehelgen for datateknologi på grunn av likskapen mellom ordet tecla, som tyder ‘tast’ på spansk og katalansk, og namnet hennar. Les meir 
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 12
Forenkla hypnogram med djupsvevnstadiet vist.

Langsambylgjesvevn (LBS; engelsk slow-wave sleep, SWS), ofte kalla djupsvevn, er det tredje stadiet av ikkje-REM-svevn (NREM), der elektroencefalografisk aktivitet vert kjenneteikna av langsame deltabylgjer. Denne svevnfasen vert kalla langsambylgjesvevn av di EEG-aktiviteten er synkronisert og kjenneteikna av langsame bylgjer med eit frekvensspenn på 0,5–4,5 Hz og ei relativt høg amplitude med topp-til-topp-amplitude større enn 75 μV.

Langsambylgjesvevn varar vanlegvis mellom 70 og 90 minutt, og finn stad dei fyrste timane om natta. Langsambylgjesvevn vert kjenneteikna av moderat muskeltonus, langsame eller fråverande augnerørsler og fråver av genital aktivitet. Langsambylgjesvevn vert rekna som viktig for minnekonsolidering, deklarativt minne og kvile for hjernen etter dagleg aktivitet. Les meir 
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 13
Domenico Modugno.

«Volare», eigentleg «Nel blu, dipinto di blu», er ein song som opphavleg vart spelt inn av den italienske songaren og låtskrivaren Domenico Modugno. Musikken vart komponert av Modugno sjølv, og teksten vart skriven av han og Franco Migliacci. Songen vart gjeven ut som singel 1. februar 1958.

Etter å ha vunne den åttande utgåva av Sanremo-festivalen, var songen det italienske bidraget i Eurovision Song Contest 1958, der han kom på tredjeplass av ti songar. Songen låg fem ikkje-samanhengande veker på toppen av Billboard Hot 100 i august og september 1958, og vart seinare kåra til Billboard sin mestseljande singel det året. Det samla salet av alle versjonane av songen overstig 18 millionar eksemplar på verdsbasis, noko som gjer han til ein av dei mest populære songane nokon gong frå Sanremo-festivalen og Eurovision Song Contest. Les meir 
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 14
Utsyn mot Hangzhou.

Hangzhou er administrasjonssenter og den største byen i Zhejiang-provinsen aust i Kina. Han ligg 180 km sørvest for Shanghai. Byen er kjend for å ligge vakkert til ved innsjøen Xihu (‘Vestsjøen’). Innsjøen renn ned i elva Qiangtang, som tømmer seg i Hangzhoubukta.

Hangzhou var hovudstad for kongedømmet Wu Yue (904-978), og under Det sørlege Song-dynastiet (1127-1279). Han fekk ei viktig stilling som sørleg endepunkt for Keisarkanalen. Fram til 1862, då byen nærast vart fullstendig øydelagd under Taipingopprøret, var Hangzhou rekna for å vere ein av dei vakraste byane i Aust-Asia. Les meir 
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 15
Sandra Mason

Sandra Mason (fødd 17. januar 1949) er ein barbadisk politikar, jurist og diplomat som var den første presidenten på Barbados frå 2021 til 2025. Ho tok til i stillinga 30. november 2021, då Barbados slutta å vere eit konstitusjonelt monarki og vart ein republikk. Ho var tidlegare den åttande og siste generalguvernøren på Barbados frå 2018 til 2021, og den andre kvinna som hadde dette embetet.

Mason arbeidde som praktiserande advokat og har vore dommar i høgsteretten på Saint Lucia og dommar i lagmannsretten på Barbados. Ho var den første kvinna som vart teken opp i advokatstanden på Barbados. Ho var leiar for CARICOM-kommisjonen som evaluerte regional integrasjon, var den første dommaren som vart utnemnd til ambassadør frå Barbados, og var den første kvinna som sat i høgsteretten i landet. Les meir 
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 16
Dick Gaughan

Dick Gaughan (fødd 17. mai 1948) er ein skotsk musikar, songar og låtskrivar, særleg av folkesongar og sosiale protestsongar. Han blir rekna som ein av dei fremste låtskrivarane i Skottland.

Det fyrste albumet til Gaughan, No More Forever, blei spelt inn i 1971. Alle songane bortsett frå ein er tradisjonelle. Unntaket er «The John Macleen March» av Hamish Henderson, ei hylling av den sosialistiske John Maclean i Glasgow og ein forsmak på dei mange politisk engasjerte songane Gaughan seinare skulle spela. Thatcher-regjeringa på 1980-talet galvaniserte Gaughan politisk. Han hadde aldri skjult den sterke sosialistiske trua si, og alle albuma hans hadde inkludert songar av slike forfattarar som Hamish Henderson, Ewan MacColl, Dominic Behan, Ed Pickford og Leon Rosselson. Les meir 
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 17
Sanddyner ved Huacachina i Ica-regionen

Den peruanske kystørkenen strekkjer seg langs den peruanske kysten, frå Piura i nord til grensa mot Chile i sør. Dette er eit ørkenbelte med subtropisk, svært tørt ørkenklima, høg atmosfærisk fukt og svært sparsam vegetasjon. Unntaka er våtare område langs elvar som renn ned frå Andesfjella og kryssar ørkenen, og dei særeigne biologiske samfunna lomas, skapt av kystskodda garúa. Austgrensa av ørkenen inne i landet er ikkje vel definert, men er rekna å ligge i området 20 til 100 km frå kysten. Geografane gjev ørkenen eit mål på arealet varierande frå 80 000 til 144 000 km² avhengig av definisjon av ørkenområde.

Den peruanske kystørkenen er ein del av ein samanhengande økoregion, den andre delen er Atacamaørkenen i Chile. Som einskapleg ørken er denne kystørkenen nokre gongar kalla stillehavsørkenen som i sør grensar mot matorral i Chile. Den totale lengda langs kysten av stillehavsørkenen er ca. 3 500 km. Les meir 
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 18
Egg- og tomattaco i Mexico by.

Taco er ein tradisjonell meksikansk matrett som består av ein liten handstor mais- eller kveitetortilla med fyll. Tortillaen blir bretta rundt fyllet og eten med handa. Ein kan laga taco med mange ulike typar fyll, som oksekjøt, grisekjøt, kylling, sjømat, bønner, grønsaker og ost, og garnera han med ulike smakstilsetjingar som salsa, guacamole eller rømme, og grønsaker, som salat, koriander, lauk, tomat og chili. Taco er ei vanleg form for antojito, eller meksikansk gatekjøkkenmat, som har spreidd seg over heile verda.

Tortillaen kan også steikast eller frityrsteikast til eit hardt, U-forma skjel, og dette er blitt ein utbreidd tacotype i mellom anna Noreg. Tilbehøyret stammar ofte frå texmex- eller calimex-tradisjonane, meksikansk mat vidareutvikla i Texas og California. Les meir 
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 19
Aerosmith på scenen i 2019.

Aerosmith er eit USA-amerikansk rockeband skipa i Boston i 1970. Gruppa består av Steven Tyler (solovokal, munnspel, piano), Joe Perry (gitar), Tom Hamilton (bass), Joey Kramer (trommer) og Brad Whitford (gitar). Stilen til gruppa, som har røter i blues-basert hardrock, har òg innlemma element frå poprock, heavy metal, glam metal, og rhythm and blues, og har inspirert mange seinare rockeartistar. Dei er blitt omtalte som «the Bad Boys from Boston» og «America's Greatest Rock and roll Band»..

Aerosmith er det bestseljande amerikanske hardrockbandet gjennom tidene, og har selt meir enn 150 millionar plater på verdsbasis, inkludert over 85 millionar plater i USA. Med 25 gull-, 18 platina- og 12 multiplatina-album har dei rekorden for flest RIAA-sertifiseringar totalt av ei amerikansk gruppe og ligg på delt førsteplass for flest multiplatina-album av ei amerikansk gruppe. Dei har oppnådd tjueein topp 40-hittar på den amerikanske Hot 100-lista, ni nummer éin Mainstream Rock-hittar, fire grammyprisar, seks American Music Awards og ti MTV Video Music Awards. Dei vart innlemma i Rock and roll Hall of Fame i 2001, og vart rangert som høvesvis nummer 57 og 30 på Rolling Stone og VH1 sine lister over dei 100 største artistane gjennom tidene. I 2013 vart Tyler og Perry innlemma i Songwriters Hall of Fame, og i 2020 fekk bandet prisen MusiCares Person of the Year. Les meir 
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 20
Fire ulike tibetanske skriftstilar. Teksten tyder «Fri Tibet».

Tibetansk skrift er ein abugida som høyrer til dei nordindiske skriftsystema. Den tibetanske skrifta blir brukt i Tibet og i Bhutan. Det er denne skrifta dei heilage tekstane til dei tibetanske munkane er skrive i. Som for alle indiske skriftsystem har kvar staving ein inherent vokal «a» (ka, kha, ga og så bortetter), som via diakritiske teikn blir endra til andre vokalar (ki, khi, ghi osb.)

Den eldste utforminga av denne skrifta, dbu can (‘med hovud’) frå 600-talet, er den som er i bruk i trykte versjonar av skrifta i dag. Ho liknar ganske mykje på Gupta-inskripsjonane. Utforminga dbu med (‘utan hovud’) oppstod først på 1100-talet. Skilnaden mellom dei to er at dbu can har ei overline (eit hovud), og denne lina manglar hos den litt meir kursive dbu med. Les meir 
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 21
Californium, eit actinoid.

Actinoid eller aktinoid er ein serie grunnstoff i periode 7 i det periodiske systemet. Det uformelle kjemiske symbolet An blir brukt i generell omtale av actinoidkjemi for å visa til eitkvart actinoid. Stoffa blei tidlegare kalla actinid eller aktinid, men International Union of Pure and Applied Chemistry (IUPAC) tilrår endinga -oid, sidan -id vanlegvis blir nytta om negativt ladde ion. Actinoid er transisjonsmetall. Dei er sølvkvite eller sølvgrå på farge, og er uedle, svært reaktive metall. Alle actinoida er radioaktive.

På grunn av dei lange halveringstidene sine finst berre thorium og uran i monalege mengder på jorda og astrofysisk. Den radioaktive nedbrytinga av uran dannar flyktige mengder actinium og protactinium, medan atom av neptunium og plutonium av og til blir danna av transmutasjonsreaksjonar i uranmalm. Dei andre actinoida er reint syntetiske grunnstoff. Prøvesprengingar med kjernevåpen har frigjeve minst seks actinoid som er tyngre enn plutonium i naturen; analysar av restar etter den fyrste prøvesprenginga av ei hydrogenbombe i 1952 fann americium, curium, berkelium, californium og dei nye stoffa einsteinium og fermium. Les meir 
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 22
Chileflamingo i Los Flamencos-reservatet i Antofagasta-regionen i Chile.

Chileflamingo (Phoenicopterus chilensis) er ein art i flamingofamilien (Phoenicopteridae), med ei høgd på om lag 110–130 cm. Arten er den mest vanlege av dei søramerikanske flamingoane. Han lever frå Ecuador og Peru i nord til Eldlandet i Chile og Argentina i sør, og austover til Uruguay og sørlegaste Brasil. Desse flamingoane er hovudsakleg knytte til saltsjøar. Desse er sårbare for tap av leveområde og vassforureining, særleg frå gruvedrift og vatning, noko som kan føre til rask forringing av habitatet.

Som alle flamingoar legg han eitt einskilt kritkvitt egg i eit reir av leire. Ungane har ofte ingen rosa fargetone i starten, men er i staden grå eller ferskenfarga. Dei får gradvis den rosa vaksenfarga etter kvart som karotenoid frå kosten hopar seg opp i fjørene. Les meir 
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 23
Ekstratropisk syklon med orkanstyrke i Nord-Atlanteren i januar 2016 med typisk «auge» forårsaka av varmseklusjon.

Ekstratropisk syklon eller ekstratropisk lågtrykk er lågtrykksområde som i lag med høgtrykk driv mykje av vêret ved dei midlare breiddegradene på jorda. Dette er eit lågtrykk på synoptisk skala som skil seg frå lågtrykkssystem som oppstår i tropiske og polare strøk ved at dei er knytte opp til vêrfrontar og horisontale temperaturgradientar i område kjende som barokline soner.

«Ekstratropisk» betyr her at denne syklontypen oppstår utanfor tropane på midlare breidder. I visse tilfelle kan ekstratropiske lågtrykk bli danna ved at tropiske syklonar flyttar seg opp på midlare breidder og blir omdanna. Ekstratropiske syklonar oppstår kor som helst innanfor dei ekstratropiske områda på jorda (vanlegvis mellom 30° og 60° nord eller sør for ekvator) ved enten syklogenese eller ekstratropisk omforming. Les meir 
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 24
Lou Reed i 2008.

Lou Reed (2. mars 1942–27. oktober 2013) var ein amerikansk rockemusikar, låtskrivar og fotograf. Han var mest kjend som gitarist, vokalist og låtskrivar i The Velvet Underground og for solokarrieren sin, som varte i mange tiår. Sjølv om The Velvet Underground hadde lite kommersiell suksess, hadde gruppa ein trufast tilhengjarskare og har sidan vorte rekna som eit av dei viktigaste banda frå den tida dei heldt på. Som den viktigaste låtskrivaren i Velvet Underground skreiv Reed om personlege tema som sjeldan hadde vorte utforska til då i rock and roll, som seksualitet og dopkultur.

Etter han forlet gruppa, starta Reed ein solokarriere i 1971. Han hadde ein hit året etter med «Walk on the Wild Side». Reed sitt arbeid som soloartist frustrerte kritikarane som ønskte at han skulle vende attende til Velvet Underground. I 1975 gav Reed ut eit dobbeltalbum med feedback-loopar, Metal Machine Music, og kommenterte seinare: «Ingen skal kunne gje ut noko slikt og overleve.» Les meir 
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 25
Lêr garva med bork frå ulike tre.

Barking er ein konserveringsprosess som vert brukt for å gjere huder, segl og fiskereiskapar av naturfiber haldbare. Ein nyttar garvesyra i bork som konserveringsmiddel. Barking, vegetabilsk garving, av huder har vorte utført av bønder og fiskarar for å skaffe seg lêr til sko og skinnklede.

Bork av ulike tre kan brukast til barking. I Noreg har det vore vanlegast å bruke eik og bjørk, men òg andre lauvtre og gran har vore brukte. Likeeins har det vorte nytta grankonglar. For barking av segl, garn og nøter trengst det store kar. Gamle barkekar er lagga. Dei er runde, og kan ta meir enn 400 liter. Les meir 
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 26
Netumbo Nandi-Ndaitwah i 2015

Netumbo Nandi-Ndaitwah (fødd 29. oktober 1952) er ein namibisk politikar som er den noverande presidenten i Namibia. Ho vart den femte presidenten i landet i 21. mars 2025, og er den første kvinnelege presidenten i landet. Tidlegare var ho den tredje visepresidenten under president Nangolo Mbumba mellom 2024 og 2025. Ho har hatt ulike høge politiske og ministerielle posisjonar, i tillegg til fleire ansvar innan SWAPO-partiet og regjeringa deira over ein uavbroten periode på 57 år.

Nandi-Ndaitwah vart politisk aktiv som tenåring, og meldte seg inn i SWAPO som 14-åring. Snart vart ho leiar for SWAPO si ungdomsrørsle og kjempa for å få slutt på den sørafrikanske okkupasjonen. Ho vart raskt eit mål for okkupasjonsstyresmaktene, noko som gjorde at ho måtte gå i skjul. Les meir 
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 27
The Sweet opptrer i 2023

The Sweet er eit britisk glamrockband som vart verdskjent i 1970-åra. Den mest kjende besetninga av gruppa bestod av solovokalisten Brian Connolly, bassisten Steve Priest, gitaristen Andy Scott og trommeslagaren Mick Tucker.

Bandet vart skipa i London i 1968 heitte opphavleg The Sweetshop. Det fekk den første hitten sin, «Funny Funny», i 1971 etter å ha slått seg saman med låtskrivarane Nicky Chinn og Mike Chapman og plateprodusenten Phil Wainman. I 1971 og 1972 følgde den musikalske stilen til gruppa ei markant utvikling frå The Archies-liknande tyggegummipop ala «Funny Funny» til ein Who-inspirert hardrockstil med bruk av høgstemt korvokal. The Sweet fekk sin siste internasjonale suksess i 1978 med «Love Is Like Oxygen». Les meir 
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 28
Zuiderduintjes, ei av Dei frisiske øyane.

Ei øy er eit landområde som ikkje er bunde fast til eit kontinent. Etter dei sameinte nasjonane sin definisjon, skal ikkje område som er for små til å oppretthalda busetnad reknast som øyar. Øyar i havet kan dannast frå vulkansk aktivitet, veksa til atollar frå korallrev og dannast frå sediment langs kystar som barriereøyar. Elveøyar kan også dannast frå sediment og flytande materiale i elvar. Ei kunstig øy er ei øy laga av menneske, til dømes ved å byggja ut atollar og lagunar eller ved større landvinningsprosjekt.

I dag bur opptil 10 % av folka i verda på øyar. Grønland blir som regel rekna som den største øya i verda, ettersom Australia er ein eigen verdsdel på si eiga jordskorpeplate. Noreg er eit av landa i verda med flest øyar innanfor grensene sine. Andre kystnasjonar, til dømes Litauen, har ikkje ei einaste øy utanfor kysten sin. Les meir 
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 29
Usyn over Netanya.

Netanya er ein by i nord i Det sentrale distriktet i Israel, og er hovudstaden for den kringliggande Sharonsletta. Han ligg 30 km nord for Tel Aviv, og 56 km sør for Haifa, mellom elva Poleg og Wingate Institute i sør og elva Avichail i nord.

Netanya har namn etter Nathan Straus, ein markant amerikansk jødisk kjøpmann og filantrop tidleg på 1900-talet. I 1928 kjøpte medlemmar av Bnei Binyamin og Hanote, ein organisasjon som vart sett opp etter at Straus informerte om grunnlegginga av busetjinga, 1,42 km² av landområdet til den arabiske landsbyen Umm Khaled. Det finst i dag ei stor usemje mellom palestinarar og israelarar om landområdet vart selt under Det britiske mandatet. Les meir 
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 30
Bon Scott, den tidlegare vokalisten til bandet, i desember 1979.

Back in Black er det sjuande studioalbumet til det australske rockebandet AC/DC, gjeve ut av Albert Productions og Atlantic Records den 25. juli 1980. Det var det første albumet til bandet med Brian Johnson som vokalist, etter at den tidlegare vokalisten Bon Scott døydde.

Albumet vart komponert av Johnson og brørne Angus og Malcolm Young, og spelt inn over sju veker på Bahamas frå april til mai 1980 med produsenten Robert John «Mutt» Lange, som òg hadde produsert Highway to Hell. Etter ferdigstillinga miksa gruppa Back in Black i Electric Lady Studios i New York City. Det heilsvarte plateomslaget vart designa som eit «teikn på sorg» etter Scott. Les meir 
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 31
Vårreingjering er eit døme nemnd av Douglas som eit reinleiksritual.

Mary Douglas (25. mars 1921–16. mai 2007) var ein britisk antropolog, kjend for arbeid innanfor menneskekultur, symbolisme og risiko, med sosialantropologi som hovudområde. Douglas vart sett på som ein tilhengjar av Émile Durkheim og ei talskvinne for strukturalistisk analyse, med ei sterk interesse for komparativ religion.

Boka hennar Purity and Danger (norsk Rent og urent) er ein analyse av konseptet om rituell reinleik og forureining i ulike samfunn, og er ein sentral tekst i sosialantropologi. Douglas freista å konstruera eit generelt omgrep om korleis rituell reinleik vart etablert. Teksten er kjend for sitt lidenskaplege forsvar av både ritual og reinleik i ei tid då førestillingar om ureinleikar vart handsama med forakt. Til skilnad frå Claude Lévi-Strauss, som nytta ei strukturalistisk tilnærming, freista Douglas å demonstrera korleis folk sine klassifikasjonar spelte ei rolle i å seia kva som vart sett på som unormalt og korleis ein handsama dette. Douglas insisterte på viktigheita av å forstå omgrepet forureining og rituell reinleik ved å samanlikna eins eigne forståingar og ritual med «primitive» ritual. Les meir 
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 32
Peter Green i 1970.

Peter Green (29. oktober 1946–25. juli 2020) var ein britisk bluesrockgitarist som starta bandet Fleetwood Mac. Han vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 1998 for arbeidet sitt med gruppa.

Green var ein viktig person og bandleiar i «den andre store epoken» innan britisk blues. Eric Clapton og Jimmy Page har begge hylla gitarspelinga hans. Spelestilen hans er kjend for idiomatisk bøying av strengane og vibrato og den sparsame stilen. Green skreiv songar som «Albatross», «Black Magic Woman», «Oh Well» og «Man of the World» som er blitt spelt inn av andre artistar som Santana, Aerosmith, Status Quo, Black Crowes, Midge Ure, Tom Petty, Judas Priest og Gary Moore, som spelte inn Blues for Greeny, med berre Green-songar. Les meir 
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 33
Smågrønkurle

Smågrønkurle (Dactylorhiza viridis ssp. viridis) er ei plante i marihandslekta Dactylorhiza i orkidéfamilien Orchidaceae. I Norsk raudliste for artar er underarten vurdert som livskraftig (LC). Smågrønkurle finst òg i Sverige (status LC) og i Finland (NT). I Danmark er han sist sett i 1950, og er rekna som regionalt utdøydd (RE).

Smågrønkurle er ein vanleg orkidé over det meste av Noreg med unntak av kyststrøka i sør. Han trivst på myr, eng og slåttemark, og han kan finnast i fjellskog og på grasmark høgt til fjells. Fjellplantene er monaleg mindre og har mykje mindre blomeaks enn låglandsplantene. Les meir 
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 34
Billy Joel i 1994.

«We Didn't Start the Fire» er ein song av Billy Joel frå albumet Storm Front frå 1989. Teksten består av korte allusjonar til meir enn 100 kjende hendingar mellom januar 1949 (fødeåret til Joel) og 1989. I motsetnad til dei fleste av Joel sine songar, vart teksten skriven før melodien. Dette er opphavet til den noko uvanlege stilen til songen.

«We Didn't Start the Fire» vart gjeven ut som den første singelen frå albumet og nådde toppen av singellista i USA. Songen vart ein enorm salssuksess, og den tredje singelen til Joel som nådde toppen av Billboard-lista. Han vart nominert til Grammyprisen for årets innspeling. Les meir 
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 35
Pingvinar på Joinville Island.

Joinville Island er den største øya i Joinville Island-gruppa, som ligg utanfor nordausttuppen av Den antarktiske halvøya. Ho er kring 64 km lang frå aust til vest og 20 km brei. Mellom øya og fastlandet ligg Antarctic Sound. Ho ligg i kravområda til Argentina, Storbritannia og Chile. Eit isfritt område på 69 hektar på austsida av Ambush Bay er blitt identifisert som eit Important Bird Area på grunn av konsentrasjonen av sjøfuglar her, særleg ein hekkande koloni på kring 18 000 par av adéliepingvinar.

Joinville Island vart oppdaga og kartlagd kring 1838 av ein fransk ekspedisjon kommandert av kaptein Jules Dumont d'Urville. Ho vart kalla opp etter François, prinsen av Joinville (1818–1900), den tredje sonen til hertug Louis-Philippe av Orléans som seinare vart kong Ludvig Filip av Frankrike. Les meir 
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 36
McCoy Tyner i 1976.

McCoy Tyner (11. desember 1938–6. mars 2020) var ein amerikansk jazzpianist, komponist og bandleiar som var kjend for den store innverknaden sin i John Coltrane Quartet, som han spelte med frå 1960 til 1965, og ein lang solokarriere etterpå. Tyner er blitt vidt imitert og er ein av dei meste kjennelege og innverknadsrike jazzpianistane til all tid. Han blei utropt til NEA Jazz Master og vann fem grammyprisar.

John Coltrane Quartet turnerte nesten utan stopp mellom 1961 og 1965. Gruppa spelte inn fleire album som er blitt rekna som jazzklassikarar. Særleg A Love Supreme er allment rekna som eit av dei største jazzalbuma nokonsinne. Medan han var medlem i Coltrane si gruppe spelte Tyner også inn eigne album som leiar, mellom anna trioinnspelingar. Les meir 
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 37
Brødfrukt.

Brødfrukt er frukta til brødfrukttre (Artocarpus altilis), ein treart i morbærfamilien (Moraceae). Frukta er kjend som brødfrukt fordi ei moderat mogen frukt som blir kokt har ein tekstur som liknar nybaka brød og har ein potetaktig smak. I tillegg til frukta si rolle som basismat i mange kulturar, har det lette, sterke trevirket av brødfrukttre blitt brukt til å lage møblar, hus og surfebrett.

Brødfrukttret blei spreidd i Oseania gjennom den austronesiske ekspansjonen, og det blei truleg selektivt dyrka fram i Polynesia frå brødnøtt (Artocarpus camansi). Britiske og franske navigatørar introduserte nokre polynesiske variantar utan frø til karibiske øyar på slutten av 1800-talet. I dag blir det dyrka i fleire tropiske regionar i Sør- og Søraust-Asia, øyar i Stillehavet og Karibiahavet, låglandet i Mellom-Amerika, nordlege Sør-Amerika og Afrika. Les meir 
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 38
Mary Lou Williams kring 1947.

Mary Lou Williams (8. mai 1910–28. mai 1981) var ein amerikansk jazzpianist, komponist og arrangør. Ho var ei viktig føregangskvinne i arbeidet for likeverd mellom kjønna innom jazzmusikken. Ho skreiv hundrevis av komposisjonar og arrangement og spelte inn over hundre plater. Williams skreiv og arrangerte musikk for Duke Ellington og Benny Goodman, og var ein venn, mentor og lærar for Thelonious Monk, Charlie Parker, Miles Davis, Tadd Dameron, Bud Powell og Dizzy Gillespie.

Ho er kjend for å ha konvertert til katolisismen i 1954. Dette førte til ein musikalsk pause og ei seinare omlegging i naturen til musikken hennar. Ho heldt fram med å framføra og arbeidde som filantrop, pedagog og ungdomsmentor fram til ho døydde i 1981. Les meir 
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 39
Ulykkesflyet i 1992.

Operafjellulykka var ei flyulykke som fann stad 29. august 1996 på Spitsbergen på Svalbard. Klokka 10:22:23 CEST styrta eit Tupolev Tu-154M frå Vnukovo Airlines i Operafjellet under den siste innflyginga til Svalbard lufthamn, Longyear. Flyet var på veg frå Vnukovo internasjonale lufthamn i Moskva til Svalbard lufthamn. Alle dei 141 personane om bord – 11 besetningsmedlemmer og 130 passasjerar, mellom dei tre barn – omkom. Ho er den dødelegaste flyulykka i norsk historie.

Ulykka fekk stor innverknad på lokalsamfunnet, som på den tida berre hadde om lag 1 600 innbyggjarar i dei to russiske busetnadane. Ulykka var ein av faktorane som førte til at Arktikugol gav opp verksemda i Pyramiden i 1998. Les meir 
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 40
Tony Banks, Mike Rutherford og Phil Collins i 1982.

Genesis er det tolvte studioalbumet til det engelske rockebandet Genesis, gjeve ut 3. oktober 1983 på Charisma og Virgin Records. Etter turneen deira i 1982, då dei gav ut konsertalbumet Three Sides Live, tok Genesis ein åtte månader lang pause før dei kom saman att våren 1983 for å spele inn eit nytt studioalbum, det første sidan Abacab (1981). Det var det første albumet deira som vart skrive, innspelt og miksa i heilskap i The Farm, studioet som dei eigde på eiga hand. Tittelen kom av at heile albumet vart skrive av gruppa i lag.

Genesis vart ein salssuksess då det kom ut. Albumet gjekk til topps på albumlista i Storbritannia og nådde niandeplassen på den amerikanske Billboard 200, der det selde over fire millionar eksemplar. Les meir 
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 41
Patricia Routledge

Patricia Routledge (17. februar 1929–3. oktober 2025) var ein engelsk skodespelar og songar. Ho var best kjend for rolla som Hyacinth Bucket i BBC One-komiserien Keeping Up Appearances (1990–1995), ei rolle som gav henne to nominasjonar til BAFTA TV-prisen for beste underhaldningsprestasjon.

Routledge debuterte profesjonelt på scena ved Liverpool Playhouse i 1952, og fekk sin West End-debut i 1959. Ho debuterte på Broadway i 1966, og vann i 1968 Tony-prisen for beste kvinnelege hovudrolle i ein musikal for rolla si i Darling of the Day. I 1988 vann ho Olivier-prisen for beste kvinnelege hovudrolle i ein musikal for Candide ved The Old Vic. Les meir 
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 42

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 42, 2026
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 43

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 43, 2026
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 44

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 44, 2026
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 45

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 45, 2026
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 46

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 46, 2026
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 47

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 47, 2026
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 48

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 48, 2026
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 49

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 49, 2026
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 50

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 50, 2026
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 51

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 51, 2026
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 52

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 52, 2026
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 53

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 53, 2026
Vis - Diskusjon - historikk


Utvald artikkel Kandidatar Kalender

Arkiv: Utvalde artiklar: 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020 2021 2022 2023 2024 2025 2026

Diskusjonar: 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020 2021 2022 2023 2024 2025 2026



I dag er det måndag, 14. september 2026 Oppdater sida