Wikipedia:Utvald artikkel/2011

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Utvald artikkel Bullet blue.png Kandidatar Bullet blue.png Kalender

Arkiv: 200420052006200720082009201020112012201320142015201620172018


I dag er det onsdag, 19. desember 2018Oppdater sida


Veke 1
I dei nordiske landa har opp mot 90 % av alle narkomane hepatitt C.

Hepatitt C er ein infeksjonssjukdom som vert framkalla av hepatitt C-virus (HCV). HCV gjev leverinfeksjon, ofte med gul hud og gule bindehinner i auga (gulsott). Infeksjonen smittar framfor alt gjennom serum- og blodkontakt og vert ofte kronisk.

På verdsbasis er truleg om lag 3 % smitta av HCV, og meir enn 170 millionar er kroniske berarar. På verdsbasis kan vi rekna med at om lag 16 000 personar i helsesektoren kvart år vert smitta av HCV. Såleis er hepatitt C framleis eit alvorleg nosokomialt problem. Problemet med transfusjonsoverførd hepatitt C er no langt på veg eliminert i land med god laboratoriemedisinsk standard og restriktive reglar for blodgjeving og i Skandivavia er sprøytemisbruk årsak til 90 % av alle hepatitt C-tilfelle. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 2
Festninga Dunnottar i Mearns i Skottland er eitt av dei beste festningsverka i Storbritannia. Staden var i bruk gjennom heile høgmellomalderen, og festninga sjølv kan daterast tilbake til 1200-talet.

Skottland i høgmellomalderen omhandlar historia til Skottland i ei tid som strekkjer seg frå kong Domnall II i 900 og til kong Aleksander III i 1286, og som indirekte førte til Den skotske sjølvstendekrigen.

På 900-talet og 1000-talet var den nordlege halvdelen av Storbritannia dominert av gælisk kultur, og av eit gælisk kongedøme kjent på gælisk som «Alba». Frå hovudbasen sin i austlege Skottland, nord for elva Forth, tok kongedømet Alba kontroll over landområda sørover. Kongedømet hadde ein blomstrande kultur som femnde om store delar av den gælisk-talande verda. I tida etter regimet til kong David I på 1100-talet slutta dei skotske monarkane seg til ei form for skotsk «normannisk erobring» med spreiing av franske institusjonar og franske sosiale verdiar. Etter kvart som dei fyrste byane, burghane, blei fleire blei også mellomengelsk spreidd. Til ein viss grad fekk denne utviklinga ei motvekt i den felles norrøn-gæliske kulturen i nordvest, og gæliseringa av dei mange store adelsfamiliane av fransk og anglo-fransk opphav. Perioden endar med det som er blitt kalla «ei gælisk fornying» i ein integrert skotsk nasjonal identitet. Kring 1286 tilsvara grensene til kongedømet Skottland bortimot det dei er i dagens moderne Skottland. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 3
Bybanen i Bergen

Bybanen i Bergen er eit bybanesystem i Bergen som vart opna for passasjertrafikk 22. juni 2010. Bybanen har i all hovudsak sin eigen trasé, som gjer det mogleg med raske og store sporvogner. Togsetta til Bybanen i Bergen er 32 meter lange og har plass til 212 personar.

Det vart først gjort framlegg om å byggje bybane i Bergen då drabantbyane rundt byen oppstod på slutten av 1960-talet og 1970-talet. Bystyret vedtok i 2000 å byggje bybane og i 2005 var finansiering på plass og prosjektet vedteke. Prosjektet har likevel vore kontroversielt lenge. Vognsetta er bygd som leddvogner, utan skiljevegger mellom dei partene vognsetta er sett saman av. Det er førarplass i kvar ende av vognsetta, og soleis ikkje bygd sporsløyfer ved endestasjonane. Bybanen vil ha trådlaust Internett for passasjerane. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 4
Ein klosterskrivar frå mellomalderen

Rosens navn (Il nome della rosa) er ein postmoderne roman skriven av den italienske semiotikaren, filosofen og forfattaren Umberto Eco. Romanen vart utgjeven på italiensk i 1980, og vart oversett til bokmål i 1984. I 1986 vart romanen filmatisert, med Sean Connery og Christian Slater i hovudrollene. I 1984 gav Eco ut eit essay om boka, Postille a Il nome della rossa. Omsett til bokmål i 1988 som Randbemerkninger til Rosens navn.

Romanen inneheld fleire sidetema som i varierande grad er del i den sentrale kriminalforteljinga. Eit tema er konflikten mellom sensur og vitebegjær. Eit anna motsetningsforhold som romanen tar opp er det mellom skeptisk logikk og inderleg religiøsitet. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 5
{{{2}}}

Joyce Carol Oates (f. 16. juni 1938) er ein amerikansk forfattar. Ho har òg skrive under pseudonyma Rosamond Smith og Lauren Kelly. Oates, som voks opp i ein arbeidarfamilie landleg i staten New York, gav ut den første boka si i 1963, og har sidan gjeve ut meir enn 50 romanar, og i tillegg talrike samlingar av noveller, poesi og sakprosa, noko som har gjeve henne ry som ein svært produktiv forfattar. Romanen them som kom ut i 1969, vann den prestisjetunge litteraturprisen National Book Award, og bøkene Black Water (1992), What I Lived For (1994) og Blonde (2000) vart alle nominerte til Pulitzerprisen. Oates er vide kjend som ein av dei leiande amerikanske forfattarane som har stått fram etter 1960, og ho har òg vore nemnd i samband med tildelinga av Nobelprisen i litteratur. Les meir
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 6
{{{2}}}

Ulla-Førre er eit av dei største vasskraftanlegga i Noreg, med ein installert effekt på ca. 2100 MW totalt. Årleg produksjon er i gjennomsnitt 4,45 TWh (1987-2006), og dei tri hovudkraftverka kan gje ut litt over to millionar kilowatt, noko som utgjer 7,5 % av den samla maskinkapasiteten i Noreg. Det blei investert 7,8 milliardar i utbygginga. Produksjonsverdien blei i 2006 stipulert til 22 milliardar kroner.

Utbygginga av anlegget gjekk føre seg frå 1974-1988. Anlegget omfattar den kunstige innsjøen Blåsjø (Noregs niande største innsjø), oppdemd av nokre av Noregs største dammar, deriblant Oddatjørndammen (høgste fyllingsdam), Storvassdammen (største fyllingsdam) og Førrevassdammen (største betongdam). I kraftverkgruppa Ulla-Førre inngår ei rekke kraftverk. Det største er Kvilldal kraftverk, som med ein installert effekt på 1240 MW er Noregs største kraftverk. I tillegg inngår Saurdal kraftverk, Hylen kraftverk og Stølsdal kraftverk, samt to pumpestasjonar i Stølsdalen og på Hjorteland.

Kraftverkgruppa Ulla-Førre har i dag administrasjon og sentralverkstad på Suldalsosen. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 7
Preussen på det største

Kongedømet Preussen var eit tysk kongedøme frå 1701 til 1918 og frå 1871 den leiande staten i Det tyske keisardømet, der det utgjorde to-tredjedelar av arealet til riket. Det fekk namn frå området Preussen, men maktsenteret var Brandenburg.

Ein viktig kanslar var Otto von Bismarck som gjennom tre krigar samla dei tyske statane under prøyssisk styre. Den første av desse krigane var den dansk-tyske krigen (1864), som Preussen vann med støtte frå keisarriket Austerrike. Danmark tapte og overgav både Schleswig og Holstein til respektive Preussen og Austerrike.

Tyskland fekk skulda for den første verdskrig og då Vilhelm II abdiserte i 1918 vart Kongedømet Preussen oppløyst og erstatta av Fristaten Preussen. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 8
Georg Philipp Telemann

Georg Philipp Telemann (1681–1767) var ein tysk barokkkomponist som gjennom komposisjonane sine og musikksynet sitt formidla nye impulsar og sette eit sterkt preg på musikkverda på første halvdel av 1700-talet. Telemann er truleg den mest produktive komponisten i europeisk musikkhistorie. Johann Sebastian Bach og Antonio Vivaldi var samtidige med Telemann, og han var ein livslang venn av Georg Friedrich Händel. Bach vert idag rekna som den største komponisten, men i deira levetid var Telemann den mest kjente. Frå 1721 var han tilsett som Cantor Johannei og Director Musices i Hamburg, nokre av dei mest prestisjefylte musikkpostane i Tyskland, og litt seinare overtok han leiinga for operaen i byen.

Eit utprega trekk ved musikken hans er songbare melodiar og oppfinnsam bruk av klangfargar, og – særskild i seinare verk – uvanlege harmoniske effektar. Instrumentalverka til Telemann er ofte prega av fransk og italiensk påverknad, mellom anna òg med innslag av polsk folkemusikk. Telemann lærte stort sett musikk gjennom sjølvstudium. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 9
Marit Bjørgen vann gull i langrenn i Vinter-OL_2010.

Langrenn er ein konkurranseidrett som er utbreidd i land med snø om vinteren. Dette gjeld særleg i Europa og i Canada, men òg i Japan, Kina, og Australia. Idretten er utvikla frå den nordiske tradisjonen med skigåing, opphavleg for framkomst og leik, og seinare som ein populær trim- og fritidsaktivitet. I Noreg vert ofte løyper til bruk for alle preparerte av kommunar eller idrettslag. Langrenn høyrer til under dei nordiske greinene, saman med skihopping og kombinert. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 10
Janis Joplin

Janis Joplin (1943–1970) var ein amerikansk songar, låtskrivar og musikalsk arrangør. Ho vart kjend mot slutten av 1960-åra som songar i Big Brother and the Holding Company og seinare som soloartist, rekna som ei av rockelegendene.

Då Joplin døydde i oktober 1970, berre 27 år gammal, sjokkerte hendinga både tilhengjarane og musikkverda. Dødfallet hennar kom like etter at eit anna rockeikon, Jimi Hendrix, hadde døydd i september same året. Den siste innspelinga Joplin gjorde ferdig var «Mercedes Benz» og ei bursdagshelsing til John Lennon kalla «Happy Trails». Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 11
Kart over Europa frå 1595.

Europeisk historie tek for seg historia til verdsdelen Europa, der det moderne mennesket har budd i nesten 40 000 år. Området vart tidleg dominert av sivilisasjonsdanningar kring Middelhavet, særleg den greske og latinske. Seinare har den politiske hovudtyngda vorte flytta mellom fleire stormaktsdanningar, der ingen klarte å oppretthalda hegemoniet over lengre periodar. Rivalisering mellom stormaktene førde i første halvdelen av 1900-talet til to blodige verdskrigar. I nyare tid er det vorte sett i gang ein omfattande prosess for å samla dei mange nasjonalstatane i Europa til ein økonomisk og politisk union, EU. Les meir …

Vis - Diskusjon - historikk


Veke 12
Ung mann med det egyptiske flagget på Qasr al-Nil-brua i Kairo. I bakgrunnen den utbrente bygningen til det tidlegare regjeringspartiet.

Den egyptiske revolusjonen var ein oppreist i Egypt i januar og februar 2011 mot styret til president Hosni Mubarak. Demonstrasjonane blei utløyste av det vellukka opprøret i Tunisia. Det blei mobilisert til masseprotestar den 25. januar mot vanstyre, politivald og vanskelege levekår. Store mengder menneske demonstrerte, trass forsøk på å slå dei ned frå styresmaktene, og etterkvart byrja dei krevja avgangen til Mubarak og styret hans. 11. februar gjekk Hosni Mubarak av som president, og eit militært råd tok mellombels over makta i landet. 19. mars godkjende 77 % av røystarar ei grunnlovsendring som la avgrensingar på presidentembetet.

1. februar meldte SN sin høgkommissær for menneskerettar at cirka 300 menneske var kjend drepne under uroa så langt. Andre menneskerettsorganisasjonar har seinare kome med tal på over 680 døde. Meir enn 3 000 skal ha blitt skada og tusenvis arresterte. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 13
Kartet viser dei fire hovudgruppene av norske dialektar: nordnorsk i gult, trøndersk i mørkeblått, vestlandsk i oransje og austlandsk i lyseblått.

Norsk er eit germansk språk som høyrer til den nordiske, eller nordgermanske, greina. Norsk blir snakka i Noreg, og i norske utvandrarsamfunn, som blant norsk-amerikanarar i USA. I dei gamle norske provinsane i SverigeJämtland, Jämtland og Båhuslen — blir det tala dialektar som svensk språkvitskap reknar som dialektar av norsk.

Dei norske dialektane blir tradisjonelt delt inn i to grupper, austnorsk og vestnorsk (inkludert nordnorsk), der austnorsk er dialektane med jamvekt og tjukk l for gamalnorsk og (i visse posisjonar) l. Den mest iøyrefallande skilnaden er likevel at austnorske dialektar har lågtone, mens vest- og nordnorske har høgtone, dvs. at eit ord som t.d. Bergen har initial låg tone i aust, men høg (eller fallande) i vest og nord. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 14
Bill Haley spelte inn «Rocket 88» i 1951, noko som er rekna som den første Rockabilly-innspelinga

Rockabilly er ein av dei tidlegaste formene for rock and roll og oppstod i tidleg i 1950-åra.

Uttrykket rockabilly er ei samantrekking av rock'n'roll og hillbilly. Sistnemnde referer til country, som ofte vart kalla hillbilly music i 1940- og 1950-åra og som medverka til utviklinga av sjangeren. Andre musikkstilar som påverka sjangeren var western swing, blues, boogie woogie og jump blues. Sjølv om det er nokre viktige unntak oppstod sjangeren hovudsakleg i Sørstatane i USA.

Påverknaden han hadde og populariteten til sjangeren minka utover 1960-åra, men seint på 1970-talet og tidleg på 1980-talet fekk rockabilly ein stor oppgang igjen og har halde seg relativt populær sidan den gong, ofte innafor ein rockabillykultur. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 15
Dansar med bindi kledd i sari. Ho utfører ein namaskaram (namaste)

Religiøse symbol i form av skrift, teikningar, ting og handlingar er særs viktige innan hinduismen. Ein kan ofte kjenna att ein hindu gjennom pannemerket eller eit hindutempel gjennom den typiske kuppelen eller tempelflagget, eller identifisera ein gud gjennom tinga han held eller dyr han er avbilda saman med.

Konkrete ting, som lotusblomen eller oske frå kuskit, har særskild status innan hinduismen på grunn av det dei symboliserer. Handgestar har spesifikke tydingar som mellom anna gjer at ein kan fortelja ei soge gjennom dans, medan hymne og offerhandlingar ofte har fleire ulike tolkingar. Hinduiske symbol blir også brukte i samband med indisk politikk, særleg den hindunasjonalistiske Hindutva-rørsla. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 16
Agatha Christie

Agatha Christie (1890-1976) var ein engelsk forfattar. Ho var verdskjend for kriminalforteljingane sine, særleg dei om detektivheltane Miss Marple og Hercule Poirot, og har fått tilnamnet «Krimdronninga», the Queen of Crime. Christie gav ut over åtti bøker som er blitt omsette til meir enn hundre språk, og er med rundt fire milliardar selde bøker blitt rekna som den besteseljande enkeltforfattaren av bøker gjennom tidene. Ei rekke av forteljingane hennar er blitt filma og laga om til fjernsynsseriar. Christie gav òg ut stoff, særleg ikkje-krim, under løyndenamnet Mary Westmacott. Nokre av dei best kjente bøkene hennar er Ten little niggers, Death on the Nile og Murder on the Orient Express. Les meir …

Vis - Diskusjon - historikk


Veke 17
Magnus Carlsen i 2008

Magnus Carlsen (fødd 1990) er ein norsk sjakkspelar fødd i Tønsberg. I januar 2010 vart han rangert som nummer 1 på Verdssjakkforbundet (FIDE) si ratingliste, med ein FIDE-rating på 2810. Han var dermed den yngste som har toppa ein verdsranking i sjakk, og berre seks spelaren har toppa lista sidan FIDE starta sitt ratingsystem i 1970. Berre fire andre spelarar har hatt offisiell FIDE-rating over 2800. I oktober 2010 oppnådde han si hittil beste FIDE-rating på 2826. Dette er den nest beste ratinga nokonsinne, etter Garri Kasparov. Carlsen er den første norske sjakkspelaren som har kvalifiserte seg for kandidatturneringa for Verdsmeisterskapen i sjakk. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 18
Jordskokk

Jordskokk er ein fleirårig urt i korgplantefamilien. Planta kjem frå Nord-Amerika og blir dyrka for rotknollane. Knollane har vore viktig i nokre europeiske samfunn som dyrefôr og som menneskeføde. Planta vart i stor grad konkurrert ut av potetene da dei kom ut på 1700-talet. Knollane er ujamne og liknar litt på store ingefærrøter. I motsetnad til dei fleste andre knollar inneheld dei ikkje karbohydratet stive, men inulin (må ikkje forvekslast med insulin). Han kan difor vere veleigna i kosten til diabetikarar. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 19
Eit simulert svart hòl med ti gonger så stor masse som sola.

Den generelle relativitetsteorien, ofte berre kalla Generell relativitet, er ein teori om gravitasjon som vart publisert av Albert Einstein i 1915. Han sameinar den spesielle relativitetsteorien og Isaac Newton sin universelle gravitasjon med ideen om at gravitasjonen ikkje er ei kraft i tradisjonell meining, men ein manifestasjon av at romtida vert bøygd. Denne bøyinga vert avgjort av energien og materien si fordeling i rommet. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 20
Selje kloster

Selje kloster er ruinane av eit benediktinarkloster på øya Selja i Selje kommune i Sogn og Fjordane fylke.

Opprettinga av bispesete på Selja i 1068 og seinare bygging av eit benediktinarkloster vert sett i samanheng med Sunniva-legenda. Olav Tryggvason har ein sentral plass i Selja si historie. Han steig i land på øya i 996, fann levningane etter Seljumennene skrinla dei og ga påbod om bygging av ei kyrkje.

Det finst levningar etter fire kyrkjer på Selja. Det er Mikaelskyrkja, Albanuskyrkja, Sunnivakyrkja og fylkeskyrkja. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 21
Ein Stradivarius frå 1713

Antonio Stradivari (1644-1737) er av mange rekna som den fremste fiolinmakaren nokon sinne. Han påverka utforminga av dagens moderne fiolin, både i høve til proporsjonar og utforminga av stolen på instrumentet. Eit instrument laga av Antonio Stradivari blir ofte kalla ein «stradivarius» eller «strad».

Instrumenta til Stradivari er myteomspunne, og mykje forsking har vore gjort for å finne bakgrunnen til at dei er så spesielle. Den mest populære teorien har lenge vore at det var noko «magisk» med lakken brukt på instrumenta. Den moderne forskinga har peikt på fleire ulike faktorar som saman har gjeve instrumenta klangen sin, mellom anna tjukkleiken på lokk og botn, eit flatare instrument enn tidlegare og dei små porene i treet brukt i fiolinane. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 22
Lastebil

Lastebil er eit køyretøy som vert nytta til transport av ulike typar gods, som trekkvogn, eller som basis for ymse typar påbygg. Dei vert produserte i mange ulike storleikar og utførslar, nokre har ope lasteplan, andre har eit lukka skap, nokre har ikkje lasteplan, men vert nytta som trekkvogn.

Lastebilar spelar ei sentral rolle i dagens samfunn. Dei vert nytta for å transportera alt frå råvarer som mat og tømmer til post, drivstoff, bygningsmateriale, personbilar, ulike maskinar og så vidare. Langs kysten kan varer transporterast med fraktbåtar og i innlandet med jarnbane, men der det korkje er hamn eller jarnbane er lastebilar einaste praktiske alternativet. Lastebilar har òg den føremonen at varene kan transporterast frå dør til dør utan omlasting. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 23
David Bowie som Ziggy Stardust

The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars er eit konseptalbum av den britiske musikkartisten David Bowie frå 1972, laust basert på soga om ei rockestjerne kalla Ziggy Stardust, ein marsbuar og rockemessias som kjem til jorda for å frigjere menneskeheita frå banalitet. Albumet er rekna som eit av dei store i rockehistoria, med ei rekkje plasseringar på lister over beste musikkalbum. Då det blei gjeve ut nådde ablumet ein femteplass på den britiske albumlista, og 75. plass i USA. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 24
Tower of London

Tower of London er ei borg i London, på den nordlege breidda av Themsen. Tower står på UNESCO si verdsarvliste. Bygginga av den eldste delen, White Tower, starta under Vilhelm Erobraren etter sigeren hans i 1066. Denne er bevart, men den store festninga som møter dagens turistar er eit resultat av utvidingar gjennom hundreåra.

Slottet blei bygt utanfor City of London, og var tidlegare kjernen i Liberties of the Tower of London. Hovudfunksjonen var å vere eit forskansa palass for monarken. Etter kvart blei Tower ikkje minst kjend som fengsel og rettarstad, spesielt for fangar av høgstatus. Tower har hatt mange andre funksjonar, og er framleis staden der dei britiske kronjuvelane vert oppbevarte. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 25
Døyparen Johannes måla av Andrea del Sarto (1486-1530)

Døyparen Johannes er ein profet innan fleire religionar, mellom anna kristendommen, islam og bahai. Han er nemnd i blant anna Koranen, Det nye testamentet og i bahaitekstar. Døyparen Johannes var verksam på 20-talet e.Kr. Han var ein jødisk domsprofet og botpredikant. Relikviane etter han finst etter muslimsk tradisjon i Omajademoskeen i Damaskus.

Etter Lukas-evangeliet i Det nye testamentet var Johannes son til presten Sakarja og Elisabet. Elisabet var ein nær slektning (kanskje syskenbarn) til Jesu mor Maria. Maria vitja Elisabet medan ho var svanger med Johannes; i følgje Lukasevangeliet rørte han seg i livet til mora då Maria helsa henne. Denne vitjinga vert feira på Maria besøksdag 2. juli. Johannes vart fødd seks månader før Jesus og jonsok vert feira 24. juni til minne om fødselen hans. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 26
Europaveg 6

Europaveg 6 i Noreg (E 6) er ein norsk stamveg som går mellom Svinesund og Kirkenes. Vegen er ein del av europaveg 6. E 6 er den desidert lengste vegstrekninga i Noreg med til saman 2 627,9 km gjennom ti av 19 fylke. Namnet E 6 vart innført 1. juni 1965 for strekninga Roma - Berlin - Oslo - Stjørdalshalsen. Lenger nord hadde vegen for dårlig standard, mellom anna fanst det strekningar med grusveg. Før 1965 var vegen i Noreg skilta med riksveg 1 sør for Oslo og riksveg 50 nord for Oslo. I 1969 vart E 6 forlenga til Nordkjosbotn og i 1983 til Kirkenes. Først i 1986 fekk den siste delen av vegen i Finnmark fast dekke. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 27
«Biskop Hvoslef», den første Bjarne Aas-skøyta.

Norske redningsskøyter er fartøy som er spesialbygde for å drive redning og berging til sjøs. Frå den første skøyta, RS «Langesund» (RS 2), vart bygd og sjøsett i 1892 har om lag 150 fartøy vore i drift. Dei aller fleste har vorte bygde og haldne i drift av Redningsselskapet. Mange av dei er finansierte ved gåver, og namnet på skøyta har då ofte tilknyting til gjevaren. Redningsselskapet reknar med at redningsskøytene har redda over 6 000 menneske sidan 1893. Meir enn 160 000 fartøy har fått assistanse. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 28
Fairport Convention under førtiårsfeiringa si.

Fairport Convention er eit engelsk folkrock- og seinare elektrisk folk-band, danna i 1967 og framleis aktive i dag. Dei vert i stor grad rekna som den viktigaste gruppa i utviklinga av engelsk folkrock. Det tidlege albumet deira Liege and Lief vert rekna som albumet som lanserte elektrisk folk eller engelsk folkrock, som gav ein særeigen engelsk identitet i rocken og var med på å auke merksemda for tradisjonsmusikk generelt. Dei mange medlemmane som har vore innom bandet vert ofte rekna blant dei høgast verdsette og viktigaste musikarane i sine periodar, og har spelt i mange andre kjende band, eller hatt viktige solokarrierar. Sidan 1979 har dei vore vertar for Cropredyfestivalen, som er den største årlege hendinga av sitt slag i England. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 29
Vinylplata Rolling Stones - Metamorphosis.

Diskografien til The Rolling Stones er ei liste over det meste The Rolling Stones har gjeve ut. The Rolling Stones har gjeve ut 22 studioalbum i Storbritannia (24 i USA), åtte konsertalbum og mange samlingar. Totalt har dei seld over 200 millionar plater over heile verda. Ni av albuma nådde toppen av albumlista i USA og i Storbritania. Fem av albuma toppa VG-lista. Dei første albuma til Stones frå 1964 til 1967 vart opphavleg gjeve ut på Decca Records i Storbritannia og London Records i USA, og hadde ofte forskjellig innhald. Bandet har òg gjeve ut plater på Rolling Stones Records og Virgin Records. Det siste studioalbumet deira, A Bigger Bang, kom i 2005. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 30
The Beach boys logo.

The Beach Boys er eit amerikansk rockeband. Det vart starta i 1961 og vart kjende for dei tette vokalharmoniane og tekstar om ungdomskulturen med bilar og surfing i Sør-California. Dei kreative ambisjonane til Brian Wilson omforma seinare bandet til ei meir kunstnarisk innovativ gruppe som vart hylla av musikkritikarane og som påverka mange musikarar i ettertid.

Gruppa bestod i starten av musikaren, songaren og låtskrivaren Brian Wilson, brørne hans, Carl og Dennis, syskenbarnet Mike Love og venen Al Jardine. Denne kvintetten, i lag med David Marks og seinare Bruce Johnston, vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 1988. Det er uttalt at «den usvikelege dugleiken til bandet gjorde dei til det første og beste rockebandet i USA». Bandet har fleire gonger endra musikalsk stil og besetning, først og fremst på grunn av sinnslidinga og narkotikabruken til Brian Wilson, som gjorde at han trekte seg frå gruppa, og av dødsfalla til Dennis Wilson i 1983 og Carl Wilson i 1998. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 31
Indiapitta

Pittaer (Pittidae) er ein biologisk familie av sporvefuglar, hovudsakleg i tropisk Asia og Australasia, sjølv om eit par av artane lever i [[::nn:Afrika|Afrika]]. Alle pittaartar er generelt like i struktur og vanar, og er plassert i ei einskild slekt, Pitta. Namnet er avleidd av ordet 'pitta' i språket telugu i Andhra Pradesh i India, og er eit generisk, lokalt namn for alle småfuglar.

Pittaer er mellomstore av sporvefuglar, 15 til 25 centimeter i lengd, og tettbygde, med lange sterke bein og lange føter. Dei har svært kort hale og tjukk, litt nedbøygd nebb. Mange, men ikkje alle, har fargerik fjørdrakt. Fuglane er mykje bakkelevande på våt skogbotn. Dei et sniglar, insekt og liknande virvellause byttedyr. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 32
Humle

Humler er ei gruppe insekt innan ordenen årevengjer. Gruppa tilhøyrer biene, og er plassert i familien Apidae. Humler har tjukk og brei, vanlegvis tett hårdekt kropp, og vengjer som verkar små i forhold til kroppen. Det er over 250 ulike humleartar i verda, 34 i Noreg. Fleire av artene er såkalla «gaukehumler» og lever som snyltarar i bolet til dei sosiale humlene.

Humler vert rekna som viktige for pollinering av mange planteslag, og i seinare år det vorte vanleg med «ferdiglaga» humlebol i veksthus. Humlebestanden lar seg lett påverke av landbruk, skogbruk, hagebruk og andre slike aktivitetar. Humlene si viktigaste næring er nektar og dei samlar pollen som mat til avkommet. Berre hohumler (dronningar og arbeidarar) har ein giftig stikkebrodd. Humlestikk kan opplevast som ei brennande smerte. Stikket er ikkje farleg med mindre ein reagerer allergisk. Humlene stikk berre når dei dei føler seg direkte trua og humlestikk er difor langt sjeldnare enn vepse- og bistikk. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 33
Laki

Laki er ein vulkan sør på Island i Vatnajökull nasjonalpark. Laki er ein del av eit vulkansystem rundt Grímsvötnvulkanen og inkluderer Eldgjá og Katla, og ligg mellom isbreane Mýrdalsjökull og Vatnajökull, i eit område med vulkansprekker som går frå sørvest til nordaust. I 934 produserte Lakisystemet eit svært stort vulkanutbrot, som sprøyta ut 19,6 km³ lava, eit av dei største vulkanutbrota i historisk tid.

I 1783-1784 hadde systemet eit nytt utbrot frå Lakisprekkene og den nærliggande Grímsvötnvulkanen og 15 km³ med basaltlava vart spydd ut i lag med ei giftsky av fluor/svoveldioksid som mellom ana tok livet av over halvparten av buskapen på Island. Utbrotet og etterverknadene av dette førte til at over seks millionar menneske døydde globalt og at 21 % av folkesetnaden på Island mista livet. Temperaturen vart senka, noko som førte til feilslåtte avlingar i Europa, tørke i India og hungersnaud i Japan. Utbrotet er det med flest drepne i historisk tid. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 34
Sør-Sudan grensar i nord til Sudan, i aust til Etiopia, i sør til Kenya, Uganda og Den demokratiske republikken Kongo og i vest til Den sentralafrikanske republikken.

Sør-Sudan er eit land i Afrika. Hovudstaden er Juba. Landet fekk sjølvstende frå Sudan 9. juli 2011. Sør-Sudan er inndelt i ti delstatar, som er vidare inndelt i administrative einingar som blir kalla grevskap.

Regionen har i negativ grad blitt påverka av to borgarkrigar sidan Sudan fekk sjølvstende, i 1955-1972 og 1985-2005. Ei omdiskutert folketeljing gjennomført i 2008 og offentleggjort i 2009 viste at Sør-Sudan hadde ein folkesetnad på 8,2 millionar. Folketeljinga viste òg at det bur 520 000 sørsudanarar i Sudan. I januar 2011 blei det halde folkerøysting i Sør-Sudan om landet skulle lausriva seg fullstendig frå Sudan. Heile 98,83 % røysta for sjølvstende. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 35
Sherlock Holmes og Dr. Watson

Sherlock Holmes er ein klassisk krimhelt skapt av den engelske forfattaren Arthur Conan Doyle. Han er ein meisterdetektiv som brukar deduksjon som sitt beste hjelpemiddel.

Sherlock Holmes er hovudperson i meir enn 60 historier, inkludert fire romanar førte i pennen av Conan Doyle. Også seinere forfattarar har skrive Sherlock Holmes-historier, som Colin Dexter og Umberto Eco.

Holmes er mest truleg fødd i starten av 1854. Han starta som privatdetektiv i 1878 og trekte seg tilbake i 1903. Partnarskapen hans med dr. Watson starta i 1881. I samtida var forteljingane om Sherlock Holmes populære. Sherlock Holmes gjorde adressa si på Baker Street 221 B like så udøyeleg som han sjølv blei. Sjølv om adressa var fiktiv, er ho grunna populariteten til bøkene blitt oppretta, og Baker Street er såleis ei av dei mest kjende gatene i verda og eit populært turistmål. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 36
Barolo, rekna som ein av verdens beste vinar, vert produsert i Piemonte

Piemonte er ein av tjue regionar i Italia. Han har eit areal på 25 399 km², og har om lag 4,4 millionar innbyggjarar. Viktige byar er Torino, Novara, Alessandria, Asti og Cuneo. Elva Po renn gjennom regionen.

Piemonte er av dei rikaste regionane i Italia og viktige italienske verksemder har setet sitt her, som bilprodusentane Fiat og Lancia (begge i Torino), næringsmiddelfabrikanten Ferrero (i Alba) og elektronikkselskapet Olivetti (i Ivrea). Piemonte er òg kjend som eit godt område for trøffelsanking og for vinar som Barolo og Barbaresco. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 37
Valurne nytta til førehandsrøyster.

Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2011 vart avvikla måndag 12. september 2011. I tillegg heldt 195 kommunar vallokala opne sundagen 11. september i heile eller delar av kommunen. Førehandsrøysting kunne gjerast frå onsdag 10. august og fram til og med fredag før valet. I utlandet og på Svalbard og Jan Mayen var det mogleg å røyste frå 1. juli.

Det skulle veljast totalt 10 781 kommunestyrerepresentantar til 429 kommunestyre og 728 representantar til 18 fylkesting. I tillegg skal det haldast val til bydelsutval i fleire kommunar. Samstundes som kommune- og fylkestingsvalet blei arrangert, avvikla Den norske kyrkja kyrkjeval for organa sine.

Terroråtaka 22. juli, der mellom anna femten av kandidatane til Arbeiderpartiet vart drepne, prega valkampen i stor grad. Partia vart samde om å utsetje valkampopninga til 13. august og å avlyse skulevaldebattane. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 38
Omleiringa av Antioka frå eit miniaturbilete frå mellomalderen under det første krosstoget.

Krosstoga er historisk ein serie felttog av religiøs karakter som fann stad frå 1095 til 1291, dei fleste godkjende av paven for den romersk-katolske kyrkja. Det opphavlege målet var å tryggja kristen kontroll over Det heilage landet og Jerusalem, som var under muslimsk kontroll, etter at Austromarriket bad om hjelp til å stoppe den aukande makta til seljukane i Anatolia. Krosstoga medførte store overgrep mot sivile - mot jødar, muslimar og jamvel ortodokse kristne.

Krosstoga hadde store politiske, økonomiske og samfunnsmessige innverknader, og nokre av dei har vart inn i vår tid. Som følgje av indre stridar mellom dei kristne kongedøma og politiske stormaktene gjekk nokre av krosstoga bort frå dei opphavlege måla, slik som det fjerde krosstoget, som førte til plyndringa av den kristne Konstantinopel og oppdelinga av Austromarriket mellom Republikken Venezia og krossfararane. Det sjette krosstoget var det første krosstoget utan offisiell velsigning frå paven og gjorde at andre herskarar enn paven kunne sette i gong eit krosstog. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 39
Louis Pasteur i 1878.

Louis Pasteur (1822-1895) var ein fransk kjemikar og bakteriolog. Han er rekna som ein av grunnleggjarane av moderne mikrobiologi. Pasteur forska på bakteriar og sjukdom, og stod bak nye vaksinar, behandlingar og metoden seinare kalla pasteurisering.

Pasteur gjorde fleire vitskaplege oppdagingar. I eit tidleg arbeid demonstrerte han kiralitet hjå molekyl, det vil seia at desse finst i ei «venstrehendt» og ei «høgrehendt» utgåve. Han oppdaga anaerobiose, at nokre organismar kan utvikla seg og leva utan oksygen. Gjennom forsøk bidrog han også til å avvisa teorien om spontan generasjon av liv, og bana vegen for den moderne teorien om bakteriar som grunnlag for sjukdom. Pasteur hjelpte fransk landbruk og industriar, som ølbrygging, vinmaking og silkeproduksjon, og leita etter kurar for sjukdommar hjå dyr og menneske. Han arbeidde mykje med gjæring og parasittar, og laga tidlege vaksinar.

Pasteur hadde få originale, «geniale» idear, men utførte likevel ei viktig oppgåve ved å systematisera det som var kjend og føreslått og deretter setja teoriane ut i livet. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 40
Giljotin, eit apparat for avretting ved halshogging

Dødsstraff er ein straffemetode der ein tek livet av ein person som straff for eitt eller fleire brotsverk ein er dømd for.

Nesten alle samfunn har gjennom historia nytta dødsstraff. Dei vanlegaste brotsverka som har vore knytte til dødsstraff er drap, valdtekt og grov vald, men blasfemi og opposisjon til styremaktene er òg vorte straffa slik ei rekkje stader. Dødsstraff er avskaffa i dei fleste europeiske landa, men vert enno nytta i mange ikkje-vestlege land og i USA. Dei fyrste landa som avskaffa dødsstraff i grunnlova var Tyskland og Costa Rica i 1949. I Noreg var landssvik i krigstid knytt til dødsstraff fram til 1979 og den siste avrettinga (militær straffelov) vart utført i 1948. Den siste sivile dødsstraffa i Noreg vart utført i 1876. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 41
Tingvoll kyrkje, som òg ofte blir kalla «Nordmørsdomen», vart truleg bygd ein gong mellom 1150 og 1200.

Tingvoll kommune er ein kommune på Nordmøre i Møre og Romsdal fylke. Sidan kommunerevisjonen i 1965 har Tingvoll kommune vore mesta identisk med Tingvollhalvøya, ei halvøy mellom Tingvollfjorden, Halsafjorden,Trongfjorden og Freifjorden. Garden Tingvoll har gjeve namn til halvøya, kommunen og kommunesenteret Tingvoll, og ligg sentralt plassert midt på halvøya. Allereie i forhistorisk tid meiner mange at dette har vore ein sentral stad, ikkje berre for lokalsamfunnet, men for heile Nordmøre. Tingvoll kyrkje, som òg ofte blir kalla «Nordmørsdomen», vart truleg bygd ein gong mellom 1150 og 1200.

Nordlegaste halvdelen av kommunen, Straumsnes, er prega av naboskapen til Kristiansund og Molde, medan den sørlege delen ligg nærmare industristaden Sunndalsøra. Riksveg 70 og E39 går gjennom kommunen, og det er i ferd med å utvikle seg eit nytt handelssenter på Aspøya der desse vegane møter kvarandre. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 42
Seglet til den amerikanske presidenten.

Presidentar i USA er eit oversyn over presidentar som har styrt USA sidan Den amerikanske grunnlova vart verksam i 1789. Lista viser regjeringstida, partiet og visepresidentane til presidentane.

Den første presidenten i USA var George Washington. Barack Obama er den førtifjerde. Fram til det tjuande grunnlovstillegget vart vedteke 23. januar 1933 gjekk den nye presidenten inn i stillinga 4. mars. Etter dette tillegget vart datoen sett til 20. januar, og den første presidenten som vart teken i eid på denne datoen var Franklin D. Roosevelt då han byrja sin andre termin som president i 1937. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 43
Eleanor Roosevelt and Human Rights Declaration.jpg

Menneskerettsfråsegna er ei fråsegn om menneskerettar vedteken av Dei sameinte nasjonane si tredje generalforsamling den 10. desember 1948. Fråsegna vart vedteken med 48 lands ja-stemmer. Ingen land stemte mot. 8 land avsto frå å stemme. Menneskerettsfråsegna inneheld 30 artiklar, den første lyder: «Alle menneske er fødde til fridom og med same menneskeverd og menneskerettar. Dei har fått fornuft og samvit og skal leve med kvarandre som brør.»

Ifølgje Guinness Rekordbok er Menneskerettsfråsegna det dokumentet som er blitt omsett til flest språk (omkring 330 språk per 2004). Den første fråsegna om menneskerettar vart vedteken av den franske nasjonalforsamlinga i august 1789, etter den store franske revolusjonen var begynt. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 44
[[Fil:|120x170px|link=Punkrock|Johnny Rotten frå Sex Pistols.]]

Punkrock er ein rockesjanger som utvikla seg mellom 1974 og 1976 i USA, Storbritannia og Australia. Han har røter i garagerock og andre former som i dag vert kalla «protopunk». Punkrockband prøvde å unngå populærrocken på 1970-talet og lagde ein rask, hard musikk med typisk korte songar, få instrument og ofte politiske og antisosiale tekstar. Punk omsluttar ei «gjer det sjølv»-haldning og mange av gruppene produserte sine eigne innspelingar og distribuerte dei gjennom uformelle kanalar.

Seint i 1976 hadde band som the Ramones i New York City og Sex Pistols og The Clash i London vorte anerkjende som fortroppen i ei ny musikalsk rørsle. I løpet av det neste året spreidde punken seg til resten av verda. Stort sett hadde punk røter i lokale miljø som pleidde å sky unna det som vart rekna som populært (mainstream). Det oppstod ein punkkultur som uttrykte ungdommeleg opprør og med kjenneteikn som særeigne klede og forskjellige antiautoritære ideologiar. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 45
Normannisk skip avbilda på Bayeuxteppet.

Den normanniske erobringa av England byrja i 1066 då kongedømet England vart invadert av hæren til hertugen av Normandie, Vilhelm Bastarden, sidan kalla Vilhelm Erobraren. Vilhelm sigra i slaget ved Hastings, og dette resulterte i at normannisk kontroll over det angelsaksiske England vart handfast etablert.

Den normanniske erobringa var ein vesentleg og omveltande hending i engelsk historie av fleire årsaker. Han fjerna i stor grad den eksisterande herskande klassen og erstatta han med eit utanlandsk fransktalande monarki, aristokrati og prestehierarki. Dette førte til ei omforming av det engelske språket og kulturen i England, som blei til eit føydalsamfunn. Det hadde òg store konsekvensar for resten av Dei britiske øyane, ved at det la vegen open for ein normannisk invasjon av Wales og Irland, og omfattande inntrenging i aristokratiet i Skottland av normannisk og fransk kultur. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 46
Niels Henrik Abel (1802-1829)

Niels Henrik Abel (1802—1829) var ein norsk matematikar. Saman med Sophus Lie vert Abel rekna som den fremste norske matematikaren på 1800-talet, og dei to er òg dei mest respekterte norske matematikarane gjennom alle tider. Innanfor matematikken har han framleis eit stort namn internasjonalt. Han er kjent for å ha bevist at den generelle femtegradslikninga ikkje kan løysast med dei elementære rekningsartane addisjon, subtraksjon, multiplikasjon, divisjon og rotutdraging.

Fleire matematiske omgrep ber namna hans, som Abel-teoremet, abelsk funksjon, abelske grupper og abelske kategoriar. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 47
Judit Polgar Foto: Gennadiy Titkov

Judit Polgár (fødd 1976) er ein ungarsk stormeister i sjakk. Ho er med god margin den sterkaste kvinnelege sjakkspelaren gjennom tidene. I 1991 klarte ho krava til tittelen Internasjonal stormeister i ein alder av berre 15 år og 4 månader. Judit Polgár var den til då yngste spelaren som hadde klart krava til stormeistertittelen. Ho slo rekorden til Bobby Fischer frå 1958. Judit Polgár var per 1. mars 2010 rangert som nummer 51 i verda på FIDE si ratingliste med ei FIDE-rating på 2682. Ho er den einaste kvinna på FIDE si liste over topp 100. Ho har på det beste for nokre år sidan vore rangert så høgt som nummer 8 i verda. Polgar er kjend for å ha ein agressiv spelestil, og spelar gjerne den skarpe sjakkopninga siciliansk forsvar.

Judit Polgár er jødisk og medlemmar av familien hennar vart drepne i Holocaust. Les meir...
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 48
Verdenstreet Yggdrasil er sentralt i norrøn mytologi.

Mytologi er folkeminne, mytar, segner og legender som ein viss kultur meiner er sanne, og som ofte har overnaturlege trekk som tolkar naturlege hendingar for å forklare korleis universet kom til, opphavet til gudane og menneskeslekta, og tilhøvet dei i mellom.

Mytologi er også vitskapen om innsamlinga, forskinga og tolkinga av mytar, også kjend som mytografi. Studiet av mytar frå fleirfaldige kulturar er kalla samanliknande mytologi, og er mellom anna ein del av vitskapen om religionshistorie, folkeminne og antropologi. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 49
Jomfrutårnet i den gamle bydelen i Baku

Baku er hovudstaden i Aserbajdsjan. Baku er og den største byen i landet og i heile Kaukasus. Byen er òg ein viktig hamneby. Baku ligg på sørsida av Absjeronhalvøya og består i hovudsak av tre delar: gamlebyen (İçəri Şəhər), oljebyen frå tidleg 1900-tal og den sovjetisk bygde delen av byen. Dei fyrste skriftlege kjeldene nemner byen på 600-talet, men byen kan ha vore grunnlagd fleire hundre år før. Byen hadde i 2009 litt over 2 millionar innbyggjarar.

Byen er det økonomiske og kulturelle sentrumet i Aserbajdsjan. Mange store aserbajdsjanske institusjonar har hovudkvartera sine der, som SOCAR, eit av dei 100 største selskapa i verda. Økonomien i Baku er mykje grunna på petroleumsverksemd.

Gamlebyen i Baku i lag med Shirvanshahpalasset og Jomfrutårnet vart innskriven på verdsarvlista til UNESCO i 2000. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 50
Jaco Pastorius i Toronto 1977. Han spelar på «Bass of Doom», som var kjend for ein svært smal hals. Instrumentet blei stole i Central Park i New York da den bustadlause Pastorius oppheldt seg der i 1986, men dukka opp igjen i 2008.

Jaco Pastorius (1951–1987) var ein innovativ amerikansk bassist som har ei stor rolle i den nyare jazzhistoria, og som vert rekna som ein av verdas mest innverknadsrike elbassistar.

Han hadde ein spelestil som utmerka seg med virtuose soloar i det høge bassregisteret, flageolettspel i alle posisjonar og ein «syngande» tone. Frå 1975 til 1982 var han medlem av gruppa Weather Report. Frå 1979 gav han bass-solokonsertar der han sto aleine på scena. Credoet hans hans var: «Eg spelar bass som om eg spelar med menneskestemma. Eg spelar som eg snakkar.»

Pastorius fikk diagnosen bipolar liding i 1982 og døydde i 1987, 35 år gammal, etter eit slagsmål utanfor ei skjenkestove i Fort Lauderdale. I 1988 valde lesarane av jazztidsskriftet Down Beat Pastorius inn i Jazz Hall of Fame som einaste el-bassisten. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 51
Songen omtalar det strålande Jesusbarnet på morsfanget. Måleri av Jindřichův Hradec frå før 1400.

«Eg synger jolekvad» er ei nynorsk omsetjing av den tysk-latinske salmen «In dulci jubilo» frå 1300-talet. Songen handler om gleda over at frelsaren er fødd, og er ein utbreidd norsk julesong.

Første verset av teksten vert tilskriven dominikanaren Henrik Suso som døydde i 1366, mens dei tre neste versa truleg er skrivne til seinare. Salmen er opphavleg skriven som eit makaronisk dikt, det vil seie med vers som vekslar mellom to ulike språk. Slike dikt er kjende frå 900-talet i folkeleg dikting, og kom med denne salmen òg inn i den kyrkjelege diktinga. I Hans Thomissøns Psalmebog frå 1569 vart den tyske teksten omsett til dansk. Ved reformasjonen vart latinske salmar elles omsette til morsmålet for kyrkjebruk, men nokre slike tospråklege salmar vart ståande enno ei tid i salmebøkene som vart bruka i Danmark-Noreg. Teksten som i dag vert bruka på nynorsk byggjer på Martin Luthers tyske gjendikting frå 1533. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 52
Aasmund Olavsson Vinje, portrett av Johan Nordhagen

Aasmund Olavsson Vinje (1818–1870) var ein norsk forfattar, journalist, lærar og jurist.

Vinje var ein av dei fyrste etter Ivar Aasen sjølv som aktivt tok i bruk landsmålet, i både prosa og lyrikk. Med kjende dikt som «Våren», «Ved Rundarne», «Den dag kjem aldri» og «Blåmann», har han vorte ståande for ettertida som ein av dei mest folkekjære lyrikarane i Noreg. Lyrikken hans vart til i overgangstida mellom Henrik Wergeland sin død i 1845 og det såkalla moderne gjennombrotet, og vert gjerne litteraturhistorisk plassert under den poetiske realismen.

Han var dessutan ein markant føregangsmann innanfor norsk journalistikk, både som Christiania-korrespondent i Drammens Tidende og med sitt eige blad Dølen. Vinje markerte seg som ein retorisk medviten kritikar av både samfunnstilhøve, politikk og litteratur, og som ein som hadde tvisyn, altså som såg sakene frå to sider. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 53

Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 53, 2011
Vis - Diskusjon - historikk


Utvald artikkel Bullet blue.png Kandidatar Bullet blue.png Kalender

Arkiv: 200420052006200720082009201020112012201320142015201620172018


I dag er det onsdag, 19. desember 2018Oppdater sida