Wikipedia:Utvald artikkel/2015

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Utvald artikkel Bullet blue.png Kandidatar Bullet blue.png Kalender

Arkiv: 200420052006200720082009201020112012201320142015201620172018


I dag er det onsdag, 19. desember 2018Oppdater sida


Veke 1
2014

2014 var eit år der ein markerte at det var hundre år sidan utbrotet av første verdskrigen. Samstundes hadde året utbrot og vekst av fleire konfliktar. Ukraina blei splitta mellom vestlegvende og russiskvende fraksjonar. Islamistiske militante i Levanten, Afghanistan, Pakistan, Somalia og Nigeria utførte større drapsoperasjonar og bortføringar, og tok i høve ISIL og Boko Haram kontroll over større område. Meir samarbeid blei utvist mellom USA og Cuba, som gjekk inn for å betra banda seg imellom, i afghansk politikk, der ein gjennomførte sitt første demokratiske presidentval nokonsinne, og i Burkina Faso, der militærdiktatoren gjennom 27 år Blaise Compaoré blei erstatta av ei samarbeidsregjering mellom hæren og opposisjonen etter folkelege protestar. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 2
Statue av Augustin

Augustin av Hippo (354-430) var ein nordafrikansk geistleg og teolog. Han var biskop av Hippo og ein av dei største teologane i Oldkyrkja. Augustin vert rekna som ein av dei vestlege kyrkjelærarane, er helgen i katolsk og ortodoks kristendom, og har ei viktig stilling innan protestantisk kristendom. Hans Confessiones (Bekjennelser) er rekna som ein forløpar for den vestlege sjølvbiografien.

Dogmet om arvesynden er eit resultat av Augustin sine tankar om menneskenaturen. Augustin utforma òg predestinasjonslæra, som seier at Gud ein gong for alle har valt visse menneske til evig saligheit og andre til evig fortaping. Augustin si utlegning av læra om Den heilage treeininga har tydd mykje for den seinare forståinga av treeininga. Les meir...
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 3
4-Stroke-Engine.gif

Firetaktsmotor er ein forbrenningsmotor med fire arbeidstakter. Den vanlegaste byggemåten er ein stempelmotor med lineær rørsle, men motorar med roterande stempel (wankelmotorar) er òg som oftast firetaktsmotorar. Ei takt i ein firetakts stempelmotor er rørsla til stemplet frå øvre til nedre daudpunkt, eller omvendt. Ei takt svarar til ei halv omdreiing av veivakselen.

Ein firetaktsmotor kan vera ein forgassarmotor (som arbeider etter Beau de Rochas-syklusen), ein glødehovudmotor (som arbeider etter Seiliger-Sabathé-syklusen) eller ein dieselmotor (som i praksis òg arbeider etter Seiliger-Sabathé-syklusen). Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 4
Nydambåten er eit skip som vart funne i ei myr sør på Jylland

Myrfunn er det arkeologiske omgrepet for funn av ting som i gamal tid har vore lagt ned av kulitske eller andre årsaker i våtmark, myrer, vasshol, eller i tjern og vatn som har grodd att som myrer. Dei fleste myrfunna i Norden er gjort i dei store danske myrene, og difor vert nemninga «mosefunn» etter det danske ordet for myr, mose, ofte nytta som fagterm i Noreg. Ei eiga gruppe myrfunn er myrlika, menneskelik frå gamal tid som har vorte mumifisert av den naturlege konserverande verknaden myrene kan ha når tilhøva ligg til rette for det. Mest alle dei nordiske myrlika er funne i danske myrer, lagt ned i myrene på eit vis som sytte for at dei vart liggjande under vatn. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 5
Frå Apokalypsen (Johannes Openberring) i ein versjon av Biblia Pauperum. Måla ved Erfurt i tida rundt den store hungersnauda. Døden («Mors») sit over ei løve der den lange halen til løva endar i eit flammehav (helvete). Svelt («Fames») peikar på den svoltne munnen hennar.

Den store hungersnauda i 1315-1317 var den første av ei rekkje store kriser som råka Europa på 1300-talet. Hungersnauda medverka, saman med andre kriser, til at millionar av menneske døydde og markerer slutten på ein periode (1100-talet og 1200-talet) som hadde vore prega av folkevekst og framgang. Svolten starta med dårleg vêr våren 1315 og avlingane slo feil fleire gonger fram til 1317. Europa kom seg ikkje til hektene igjen før 1322. Det var ein periode prega av høg kriminalitet, sjukdom og dødsfall i stor skala, barnemord og kannibalisme. Perioden fekk konsekvensar for kyrkja, staten, det europeiske samfunnet og katastrofar som skulle kome seinare på 1300-talet.

Den store hungersnauda var sentrert til Nord-Europa, frå Russland i aust til Irland i vest, frå Alpane og Pyreneane i sør til Skandinavia i nord. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 6
Mount Erebus, 1972

Mount Erebus er den sørlegaste aktive vulkanen i verda og den nest høgaste vulkanen i Antarktis (etter Mount Sidley). Med ei høgd på 3794 moh er han også det sjette høgaste punktet på ei øy i verda. Vulkanen ligg på Ross Island, der det også finst tre inaktive vulkanar, mellom anna Mount Terror. Mount Erebus er ein del av Eldringen i Stillehavet, som består av over 160 aktive vulkanar.

Mount Erebus vart oppdaga den 27. januar 1841 (og observert i utbrot) av polfararen sir James Clark Ross, som namngav Mount Erebus og Mount Terror etter skipa sine. Vulkanen har vore kontinuerleg aktiv sidan 1972 og vert overvaka av Mount Erebus Volcano Observatory som vert drive av New Mexico Institute of Mining and Technology. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 7
K2 frå sør

K2 er eit fjell på grensa mellom Kina og Pakistan med ei høgd på 8 611 moh. Fjellet er nest høgst i verda og det høgste i Pakistan. Topp-punktet ligg i Kashmir, nordaust i området Gilgit-Baltistan.

K2 blei første gong kartlagt av ei gruppe europeiske forskarar leia av Henry Haversham Godwin-Austen som i 1856 skilda toppane i området. I 1954 stod italienarane Achille Compagnoni og Lino Lacedelli som dei aller første på toppen. Det er vanleg å rekne K2 for eit vanskelegare fjell å klatre enn Mount Everest. Grunnen er at K2 er brattare på alle sider, ligg lengre nord og har eit hardare og meir uberekneleg vêrlag. På K2 er det dessutan større avstand frå baseleiren til toppen. K2 og toppane rundt har kravd fleire menneskeliv enn noko anna fjell. 80-90 % av alle som døyr på K2 gjer det under nedstigninga, utmatta etter oppstigninga i den tynne lufta. Fell ein først frå K2, fell ein heilt til botnen. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 8
Chuck Berry

Charles Edward Anderson «Chuck» Berry (f. 1926) er ein USA-amerikansk gitarist, songar og låtskrivar som er kjend som ein av pionerane innan rock and roll. Han var mellom anna ein del av den første gruppa av musikarar som vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame då han opna i 1986.

På 1950-åra vart Berry ei etablert rockestjerne med fleire hitplater, og hadde sin eigen nattklubb i St. Louis, men i 1959 skapte han skandale då han blei fengsla for å ha frakta ein fjortenåring over ei delstatsgrense. Då han kom ut av fengsel i 1963 opplevde han ein god start på karrieren igjen sidan fleire band i «den britiske invasjonen», som Beatles og Rolling Stones, spelte inn sine versjonar songane hans. I tillegg hadde The Beach Boys ein hit med «Surfin' USA», som i stor grad er ein direkte kopi av Berry sin «Sweet Little Sixteen». Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 9
Det aserbajdsjanske flagget

Aserbajdsjan er ein republikk i den søraustlege delen av Kaukasia, og det største landet i denne regionen. Mesteparten av landet ligg i Asia, men ein liten del ligg på europeisk side nord for Kaukasus. Aserbajdsjan grensar til Armenia, Georgia, Iran, Russland, Tyrkia og Kaspihavet. Eksklaven Nakhitsjevan grenser til Armenia i nord og aust, Iran i sør og vest og har ei kort grense mot Tyrkia i nordvest.

Den demokratiske republikken Aserbajdsjan var den første demokratiske og sekulære republikken i den muslimske verda. Det var også det første muslimske landet til å byggje operaer, teater og moderne universitet. I dag er alle dei større politiske rørslene i landet sekulære, medan størsteparten av innbyggjarane og nokre opposisjonsparti følgjer sjiaislam. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 10
Den tyske marxisten og feministen Clara Zetkin (t.v.) kom med framlegget om ein internasjonal kvinnedag i 1910.

Den internasjonale kvinnedagen vert markert den 8. mars kvart år. Dagen vert nytta til ei verdsfemnande markering av rettane til kvinner, og til kampen for full jamstilling mellom kjønna. Dei sameinte nasjonane erklærte i 1975 8. mars som internasjonal kvinnedag. Dagen vert markert av Dei sameinte nasjonane (SN), og i mange land er han ein offentleg helgedag. Mange stader vert det skipa til demonstrasjonar, opptog og markeringar.

Det fyrste framlegget om ein slik dag kom frå den kjende, tyske politikaren Clara Zetkin på den sosialistiske Andre Internasjonalen sin kvinnekonferanse i København i 1910. 8. mars 1978 nådde markeringane på 1970-talet eit høgdepunkt i Noreg då 20 000 kvinner og menn slutta opp om toga rundt om i landet. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 11
Når diameteren til ein sirkel er 1, er omkrinsen lik π

Den matematiske konstanten pi (π) er eit irrasjonalt tal definert som omkrinsen til ein sirkel dividert med diameteren. Tilnærma verdi er 3,14159. Når diameteren til ein sirkel er 1, er omkrinsen lik pi. Pi er også kjent som Arkimedes' konstant og Ludolphs tal.

Talet er transcendent, og derfor irrasjonalt. Pi har ein tendens til å dukka opp i mange fleire uttrykk, truleg som ein konsekvens av at sirkelen er tett assosiert med metrikken til dei komplekse tala. I euklidisk geometri vert det nytta to definisjonar av pi. Den eine er omkrinsen av sirkelens dividert med diameteren. Når diameteren er lik 1, er omkrinsen lik pi. Den andre definisjonen er arealet av ein sirkel dividert med radiusen til sirkelen opphøgd i andre.

14. mars vert ofte kalla pi-dagen («Pi day») på grunn av den amerikanske skrivemåten 3/14. Dette er også fødselsdagen til Albert Einstein. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 12
Riksvåpenet til Israel

Israel er eit land i Vest-Asia ved søraustkysten av Middelhavet. Det grensar mot Libanon i nord, Syria i nordaust, Jordan i aust og Dei palestinske territoria som består av Vestbreidda og Gazastripa i høvesvis aust og sørvest, Egypt og Aqababukta i Raudehavet i sør. Landet er geografisk variert sjølv om det har relativt lita utstrekning. I grunnlova si definerer Israel seg som ein jødisk og demokratisk stat, og det er det einaste landet i verda med ein jødisk majoritet.

Israel er eit representativt demokrati med eit parlamentarisk system, høvestalsval og allmenn røysterett. Statsministeren tener som statsleiar og Knesset er det einkamra lovgjevande organet i Israel. Israel er eit industriland og OECD-medlem, med den 43. største økonomien i verda etter nominell BNP i 2012. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 13
Riksetrast, ein merkeleg fugl.

Riksetrast (Eupetes macrocerus) er ein merkeleg, riksefuglliknande sporvefugl som er brun med svarte og kvite striper på hovudet, og har habitat på skogbotnen i urskogMalayahalvøya og Sumatra, og dessutan på Borneo. Arten kan vere fjernt i slekt med dei afrikanske kråkeliknande fuglane klippehopparar. Populasjonen er sterkt redusert fordi mykje av låglandsurskogen er tapt, og sekundære skogar har vanlegvis for tett botnvegetasjon eller ikkje tilbyr nok skugge til å vere gunstig for arten. Han er likevel framleis lokalt vanleg i område med nedhogd skog eller i skogen i bakkeskråningar, og er ikkje rekna som direkte truga av utrydding. Arten er dårleg kjent og sjeldan sett, mest grunna den skjerre åtferda si. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 14
Latinsk kross

Kross er ein figur der to linjer kryssar einannan, vanlegvis i rett vinkel. Krossforma vert mellom anna nytta som matematisk symbol for addisjon og positivt forteikn, som symbol for årstidene, himmelretningane og ikkje minst som symbol for kristendomen og den kristne kyrkja.

Krossen har vore ein symbol som har vorte brukt i mange kulturar gjennom heile historia. Avbildingar frå steinalderen viser ei form for krossar. Det vart brukt av mange av gamletidas kulturfolk, og kanskje er Egypt mest kjent. Krossymbol av mange forskjellige typar er kjent i Midtausten, antikkens Hellas, Romarriket, Asia og Amerika. I dag er det mykje brukt innan kristendomen, og vert forbunde med Jesus sin offerdød. Av den grunn vert det ogso brukt som symbol på døden. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 15
Dire Straits i 1985

«Money for Nothing» er ein song av det britiske rockebandet Dire Straits frå albumet deira Brothers in Arms frå 1985. Teksten er skriven frå synspunktet til ein arbeidarklassemann som ser på musikkvideoar og kommenterer det han ser. Innspelinga var kjend for den kontroversielle teksten, den banebrytande musikkvideoen og gjesteframferda til Sting som syng falsettstemma i introen og på refrenga, «I want my MTV». Videoen var òg den første som vart sendt på MTV Europe då nettverket starta opp den 1. august 1987.

Han var ein av dei mest suksessrike singlane til Dire Straits, og låg på toppen av singellista i USA i tre veker. I heimlandet til Dire Straits, Storbritannia, nådde singelen fjerdeplassen. «Money for Nothing» vann ein Grammy for beste rockesong av duo eller gruppe i 1986. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 16
Ferguson TE20, kalla «Gråtass» på folkemunne.

Utviklinga av traktoren tok til på 1800-talet. Dei fyrste traktorane var dampdrivne. Den fyrste traktoren som hadde forbrenningsmotor med innvendig forbrenning vart laga av Charter Gas Engine Co. i USA i 1889. Han vart bygd ved å montera ein einsylindra stasjonærmotor på ramma frå ein Rumbely damplokomobil.

Moderne traktorar er større og meir sofistikerte. Farten kunne koma opp i rundt 70 km/t ved transport på veg, og ved tomkøyring heilt opp i 120 km/t. På store bruk har satellittnavigasjon vorte teke i bruk for å dosera gjødsel og ugrasmiddel ved at posisjonen til traktoren vert kopla til elektroniske kart krysskopla mot statistikk som synar kor mykje gjødsel og/eller ugrasmiddel som trengst. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 17
Vind i form av vindkraft er blitt brukt til transport og energikrevjande verksemd i hundreår.

Vind er delvis horisontale luftrørsler i atmosfæren, som kjem av ujamn oppvarming av jorda si overflate. Vind i form av vindkraft er blitt brukt til transport og energikrevjande verksemd i hundreår. Kraftig vind i form av stormar eller orkanar kan derimot føre til store øydeleggingar og i verste fall dødsfall. Vind kan óg endre landskap ved forskjellige eoliske prosessar.

Forskjellig temperatur i to luftmassar fører til forskjellig lufttrykk i dei to luftmassane. Vind oppstår når luft strøymer frå området med høgt trykk til området med lågt trykk for å jamne ut denne trykkskilnaden. Corioliseffekten fører derimot til at lufta ikkje strøymer i rette linjer mellom dei to trykksystema, men følgjer sirkulære banar inn mot lågtrykkssenteret. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 18
Ryggmergen

Ryggmergen er ein lang, tynn og røyrforma bunt av nervevev og gliaceller som strekkjer seg frå den forlenga mergen i hjernestamma til den lumbale delen av ryggsøyla. Hjernen og ryggmergen utgjer sentralnervesystemet. Ryggmergen byrjar i bakhovudbeinet og strekkjer seg ned til rommet mellom fyrste og andre lendevirvel; den strekkjer seg ikkje like langt som ryggsøyla. Den er omkring 45 cm lang hjå menn og 43 cm hjå kvinner. Den har varierande tjukkleik, og spenner frå 13 mm i hals- og bukområdet til 6,4 mm i brystområdet. Ryggsøyla omsluttar ryggmergen og vernar den mot trauma. Ryggmergen sender nervesignal mellom hjernen og resten av kroppen, og inneheld mellom anna nervenettverk som styrar refleksar og CPG-ar. Ryggmergen har tre hovudfunksjonar, nemleg å fungere som ei kanalisering for motorisk informasjon som straumer nedover ryggmergen; som ei kanalisering for sensorisk informasjon i motsatt retning; og som eit senter for koordineringa av visse refleksar. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 19
Teide

Teide er ein aktiv, men sovande vulkanTenerifeKanariøyane. Han hadde sist utbrot i 1909 frå El Chinyero-ventilen i Santiago-rifta. Vulkanen og det omliggande området er ein del av Teide nasjonalpark (Parque Nacional del Teide). Parken dekkjer eit område på 189 km² og vart erklært ein verdsarvstad av UNESCO i juni 2007.

Med ei høgd på 3 718 meter over havet, og om lag 7 500 meter over havbotnen i Atlanterhavet, er Teide det høgaste fjellet i Spania, det høgaste punktet i Atlanterhavet, og det 13. høgaste fjellet i EU. Øya Tenerife er i seg sjølv den tredje største vulkanske øya på jorda ut i frå volum. Teide er den tredje høgaste vulkanen på ei vulkansk øy. The United Nations Committee for Disaster Mitigation har erklært Teide som ein dekadevulkan, på grunn av dei tidlegare kraftige utbrota og nærleiken til fleire store byar. Teide dannar i lag med nabofjella Pico Viejo og Montaña Blanca Det sentrale vulkankomplekset. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 20
Den første hytta bygd på Kapp Circoncision i 1929.

Bouvetøya er ei subantarktisk vulkanøy som er under norsk suverenitet som biland i Sør-Atlanterhavet. Øya ligg sør i Midtatlanterhavsryggen og er den mest avsidesliggande øya i verda. Bouvetøya vart først oppdaga 1. januar 1739 av Jean-Baptiste Charles Bouvet de Lozier, som øya seinare vart kalla opp etter. Han skreiv ned unøyaktige koordinatar, og øya vart ikkje observert på nytt før James Lindsay namngav ho «Lindsay Island» i 1808.

Den første «Norvegia»-ekspedisjonen gjekk i land på øya i 1927 og gjorde krav på øya for Noreg. Etter at britane protesterte vart øya erklært eit norsk biland i 1930. Ho vart eit naturreservat i 1971. Bouvetøya har ingen fastbuande innbyggjarar, men eit rikt dyreliv. Norske ekspedisjonar kjem jamleg til øya for å kartleggja henne og studera naturen, dyrelivet og vêrtilhøva der og i havområda omkring. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 21
Inne i Den store moskéen al-Nuri i Homs

Homs er ein by vest i Syria. Han ligg 501 meter over havet og 162 km nord for Damaskus. Han ligg ved elva Orontes og langs den sentrale hovudvegen mellom dei indre byane og Middelhavskysten.

Homs er eit stort industrisenter og hadde eit folketal på kring 650 000 menneske i 2004, og er den tredje største byen i Syria etter Aleppo i nord og hovudstaden Damaskus i sør. Innbyggjarane i byen syner det generelle religiøse mangfaldet i Syria og består hovudsakleg av arabisktalande sunnimuslimar og alawittar og kristne minoritetar. Det ligg fleire historiske moskéar og kyrkjer i byen, og han ligg nær borga Krak des Chevaliers, som er ein verdsarvstad.

Homs dukka først opp i dei skriftlege kjeldene i det første hundreåret fvt. under selevkidane. Under Det franske mandat-styret vart byen eit opprørssenter og etter sjølvstendet i 1946, eit senter for motstanden mot baathistane til dei første syriske regjeringane. I den pågåande syriske borgarkrigen har Homs vore ein skanse for opposisjonen og syriske styresmakter gjekk til åtak på byen i mai 2011. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 22
Fuglevokalisering

Fuglevokalisering omfattar både fuglesongar og fuglerop. I daglegtale er fuglesongar melodiøse lydar for det menneskelege øyret. I ornitologien er relativt kompliserte songar skilt frå ofte enklare rop ut frå funksjonen dei har. Ropa kan ha funksjonar ut frå situasjonen dei er brukte i, og i feltet skil ein mellom anna mellom fluktlyd, kontaktlyd, tiggelyd, lokkelyd og varsellyd.

Fuglar kan høyre lydar frå under 50 Hz (infralyd) til over 20 kHz (ultralyd). Den beste høyrsla er på lydar mellom 1 og 5 kHz. Frekvensrekkjevidda som fuglar nyttar i eit miljø varierer med kvaliteten på levemiljøet, og med bakgrunnslydane. Fuglar syng med høgare volum og tonehøgd i urbane område, der det er lågfrekvent bakgrunnsstøy. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 23
Selevkideriket

Selevkideriket var eit gresk-makedonsk hellenistisk rike som vart oppretta av Selevkos I Nikator i kjølvatnet av fragmenteringa av det veldige riket til Aleksander den store då han døydde. Hærføraren Selevkos sin del vart Babylonia, og derfrå utvida han territoriet sitt til å omfatte det meste av dei austlege områda til Aleksander i Asia. På høgda av makta til riket omfatta det sentrale Anatolia, Levanten, Mesopotamia, Iran, Afghanistan, Turkmenistan, Pamirfjella og dagens Pakistan. Det var over 30 kongar i Selevkide-dynastiet frå 323 f.Kr. til 60 f.Kr.

Selevkidriket var eit viktig senter for hellenistisk kultur som opprettheldt greske skikkar og der ein gresk-makedonsk politisk elite og overklasse dominerte i byområda. Den greske folkesetnaden i byane vart danna av den herskande eliten som vart forsterka av innvandring frå Hellas. Ekspansjonen til Selevkidriket inn i Anatolia og Hellas vart brått bremsa opp etter eit avgjerande nederlag for den romerske hæren. Forsøka deira på å slå den gamle fienden sin, Egypt, vart forstyrra av romarane. Mange av dei austlege delane av riket vart erobra av Partia på 100-talet f.Kr., men selevkidane fortsette å styre ein gjenverande bit i Syria inntil dette området vart invadert av Armenia. Den endelege nedkjempinga deira var ved den romerske hærføraren Pompeius på 60-talet f.Kr. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 24
Inuit fangar sel ved pustehol. Bilete frå kring 1890.

Selfangst er fangst på sel, hovudsakleg på grunn av pelsen og spekket. Særleg ettertrakta har pelsen av nyfødde selungar vore. Kommersiell fangst av viltlevande selar vert i vår tid utøvd av Noreg, Canada og Russland i dei nordatlantiske farvatna. Dei viktigaste artane, økonomisk sett, er grønlandssel, klappmyss og storkobbe.

Den norske fangsten går føre seg i to område, omtalt som «Østisen» og «Vesterisen». Østisen er områda utanfor Kvitsjøen i den økonomiske sonen til Russland. Vesterisen er havområda ved Grønland. Dei norske fangstkvotene for sel vert fastsett etter tilråding frå Det internasjonale havforskingsrådet, Den nordvestatlantiske fiskeriorganisasjonen og Havforskingsinstituttet. Noreg sine kvoter i 2007 var på til saman 46 200 vaksne dyr, av dette 15 000 i Østisen og 31 200 i Vesterisen. Russland har forvaltningsansvar for bestanden i Østisen, medan bestandane i Vesterisen er spreidd over fleire fiskerijursidiksjonar. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 25
Forlatte skip nær Aral i Kasakhstan.

Aralsjøen er ein endorheisk innsjø i Sentral-Asia. Han ligg mellom Kasakhstan i nord og Usbekistan i sør. Namnet tyder om lag «Sjøen med øyane» og refererer til dei meir enn 1 500 øyane som er, eller var, i innsjøen.

Aralsjøen var tidlegare den fjerde største innsjøen i verda, med eit areal på 68 000 km². Sidan 1960-åra har Aralsjøen krympa sidan elvane som renn ut i han (Amu-Darja og Syr-Darja) i stor grad vart kanaliserte og nytta til kunstig vatning av Sovjetunionen. I 2007 var innsjøen berre 10 % av den opphavlege storleiken og saltinnhaldet hadde auka nesten fem gonger, noko som har tatt livet av det meste av det naturlege plante- og dyrelivet. Aralsjøen er òg kraftig forureina som følgje av testing av våpen, industri og avrenning frå gjødsling. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 26
Stikkemygg som syg blod frå menneske

Mygg er ei gruppe av tovengjene (Diptera), der den andre gruppa er fluger. Myggar skil seg frå flugene ved at dei har meir enn fire ledd i følehorna. Insekta er mellom 1,8 og cirka 50 millimeter lange.

Det er skildra over 33 000 nolevande artar i verda; over 2 000 artar av dei finst i Noreg i 29 familiegrupper. I tillegg er det skildra svært mange utdøydde grupper og artar ut frå funn i rav eller som fossil.

Dei fleste artar er harmlause. Berre nokre få artar stikk eller bit, men desse kan vere til stor plage for menneske og dyr. Dei blodsugande artane finn truleg offeret sitt ved å gå etter karbondioksid i utåndingslufta.I daglegtale er «mygg» det same som stikkemygg, men denne gruppa utgjer berre ein liten del av alle myggar. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 27
2. bataljon- Sambandslyn og vikingsverd på blå bakgrunn

2. bataljon er ein av tre manøverbataljonar i Brigade Nord saman med Panserbataljonen og Telemark bataljon. Bataljonen, som vart oppretta i 1947, held til ved Skjold leir i Troms. Bataljonen skil seg kraftig frå dei andre manøverbataljonane sidan avdelinga er upansra og består hovudsakleg av vernepliktig personell. Medan «nabobataljonen» aukar talet på verva soldatar, vil 2. bataljon vidareførast som ein verneplikt-basert bataljon. Avdelinga går også under namnet «Infanteribataljonen» grunna det store fokuset på fotsoldatar. Sidan 2. bataljon spesialiserer seg på arktisk krigføring og forsvarsstrid, er avdelinga ein sentral aktør i innanriksforsvaret. Likevel var ikkje avdelinga ein uviktig aktør i Noreg sitt bidrag til NATO-styrkene i Afghanistan. Tenesta er ifylgje Forsvaret utfordrande og skal siktast inn mot oppdrag frå reine kampsituasjonar til handtering av oppdrag i fredsstøtteoperasjonar. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 28
10 meter høg lavafontene på Hawaii i USA

Lava er smelta stein som vert kasta ut under eit vulkanutbrot. I det lavaen kjem ut av vulkanventilen er han flytande og har ein temperatur frå 700 °C til 1200 °C. Lava kan flyte over store avstandar før han vert avkjølt og stivnar.

Ein lavastraum er lava som flyt ut av ein lavaventil i eit ikkje-eksplosivt utbrot. Når lavaen stoppar opp stivnar han og dannar ein magmatisk stein. Eksplosive utbrot produserer ei blanding av vulkansk oske og andre fragment kalla tefra i staden for lavastraumar. Ordet «lava» kjem frå italiensk, der det igjen truleg kjem frå det latinske ordet labes, som tyder eit fall eler eit ras. Den første bruken av ordet er frå utbrotet til Vesuv mellom 14. mai og 4. juni i 1737.

Steinsmelte er eit samleomgrep som vert nytta om både lava og magma. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 29
Lagos er den største byen i Afrika

Urbanisering i Afrika har gått føre seg sidan oldtida, men skaut fart under kolonitida. I år 1900 reknar ein at om lag 95 % av innbyggjarane i Afrika sør for Sahara var knytt til primærnæringane jordbruk, jakt, kvegnomadisme og fiske, altså budde truleg mindre enn 5 % i byar. I 1950 (byrjinga av frigjeringsperioden) viste statistikk at denne delen av befolkninga hadde auka til 14 % og i 2000 til 37 %. Ein reknar med at talet stig til 45 % i 2015, altså med over 3 % per år. Lagos i Nigeria, som i 1963 hadde 665 000 innbyggjarar — og 8,7 millionar i 2000 — var i 2014 den 9. største byen i verda med med 21 millionar innbyggjarar i byregionen. Byveksten er altså enorm i storparten av Afrika, og særleg sør for Sahara. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 30
"En Aften ved Sæteren (av Knud Bergslien)

Seter eller støl er eit fjøs med tilhøyrande bustadhus som høyrer til ein gard, men som ligg langt vekk frå garden, og er meint for å nytte ut dei beita i fjell- eller skogsområda som elles ikkje kunnne nyttast om dyra hadde stått på garden. Setrene eller stølane vart til vanleg berre nytta i sommarsesongen. Setre eller stølar har det vore på fjellet, som til dømes i Vestlandsfjella og i fjellstroka mellom dalane på Austlandet, men òg i til dømes i skogsområda på Austlandet.

Setrene låg vanlegvis samla i grender, setergrender. Kring seterbygningane var det ofte rydda setervoller som vart nytta til nattbeite og/eller slått. I tidlegare tider vart mjølka kinna til smør og ysta til ost på setra, og soleis frakta til bygda som ferdige og haldbare produkt. Fôret frå utmark og setervoll vart lagra på setra og henta på vinterføre, eller buskapen kunne i somme høve verte ført til setra om vinteren for å nytte fôret. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 31
Heinrich Böll (1981)

Heinrich Böll (1917−1985) var ein tysk forfattar og omsettar. Han blir rekna som ein av dei viktigaste tyske etterkrigsforfattarane, og fekk i 1972 Nobelprisen i litteratur «för en diktning som genom sin förening av tidshistorisk vidsyn och ömsint gestaltningsförmåga verkat förnyande inom tysk litteratur».

Familien hans hadde ei avvisande haldning til nasjonalsosialistane, men han måtte likevel i soldatteneste i Wehrmacht frå 1939 til 1945.

Den første store triumfen til Heinrich Böll var debuten hos «Gruppe 47» i mai 1951 med satiren Die schwarzen Schafe. I 1970 blei han utnemnd til president i PEN-klubben i Tyskland (til 1972) og kort tid seinare til president i den internasjonale PEN-klubben, eit verv han hadde til 1974. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 32
Altaret med preikestol, orgel og ei av lysekronene. Foto: Mahlum

Kongsberg kyrkje er ei krosskyrkje i Kongsberg kommune i Buskerud fylke som er bygd i åra frå 1740 til 1761, og vidgjeten for sitt rike interiør i rokokko. Dette er den største kyrkjebygningen i Noreg rekna etter talet på sitjeplassar, som tidlegare var 2400, men som no er avgrensa til at ikkje fleire enn 1100 kan vere til stades i bygningen samstundes. Kyrkja har grunnplan i form av ein gresk kross og fasadar av raud, upussa teglstein. Grunnflata er på om lag tusen rutemeter, og tårnet er om lag femti meter høgt.

Kyrkje høyrde opphavleg til Kongsberg Sølvverk og verket stod som byggherre og kosta mykje av arbeidet. Berghauptmann (bergverksmeister) ved verket, Joachim Andreas von Stukenbrock, var den opphavlege arkitekten for kyrkja, og det er han som sytte for at kyrkja fekk sitt karakteristiske nøkterne, enkle ytre. Det vart etterfølgjaren hans, Michael Heltzen, som skulle komme til å stå for det rike barokkinteriøret. Kyrkja er vidgjeten for det historiske orgelet frå 1765. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 33
Den gule himmelen er eit kjent syn etter store vulkanutbrot. Chichester Canal circa 1828 av J.M.W. Turner

Året utan sommar var 1816, då ein uvanleg kald sommar førte til at avlingane vart øydelagde i Nord-Europa, det nordaustlege USA og det austlege Canada.

I mai 1816 tok frosten livet av dei fleste avlingane som hadde vorte sette i jorda. I juni råka to omfattande snøstormar Aust-Canada og New England, og mange miste som følgje av dette livet. Det vart målt nesten 30 cm snø i Quebec by tidleg i juni, og avlingane vart øydelagde. Det var hungersnaud i Europa og Amerika med omfattande feilernæring, svolt, epidemiar, og aukande dødelegheit.

Dei fleste forskarane meiner det klimatiske avviket kom av historisk låg solaktivitet i kombinasjon med fleire store vulkanutbrot frå Tambora i 1815, det største kjende utbrotet på over 1600 år. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 34
Valdres folkehøgskule på Leira i Oppland, grunnlagt i 1899.

Folkehøgskular i Noreg er skular som legg vekt på å gi allmenndanning utan bruk av eksamen eller karakterar. Dei norske folkehøgskulane tilbyr til vanleg linjefag som rettar seg mot fritidssyssel og særinteresser, som friluftsliv, idrett, teater, dans og musikk. I tillegg til linjefaga har dei fleste folkehøgskulane fellesfag, seminar og ulike valfag. Mesteparten av elevane som går på folkehøgskule i Noreg tar heilårskurs på ni månader.

Den fyrste norske folkehøgskulen var SagatunHamar, som vart grunnlagt i 1864. Ti år etter vart amtsskulane oppretta av styresmaktene som ei motvekt til folkehøgskulane, og frå slutten av 1800-talet fekk folkehøgskulane ytterlegare konkurranse av kristelege ungdomsskular. I 1949 vart Lov om folkehøyskoler vedteken, som samla dei tre skuletypane under felles lov og namnet «folkehøgskule». Det er i dag 79 folkehøgskular i drift i Noreg og dei er godt fordelt ut over heile landet. 31 av dei er kristelege folkehøgskular og dei resterande 48 er frilyndte folkehøgskular. Kvart år vel om lag ti prosent av elevkulla i Noreg å gå eit år på folkehøgskule. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 35
Nemunas utgjer grensa mellom Litauen og Kaliningrad oblast, som høyrer inn under Russland. Dette er brua ved Sovetsk/Tilžė.

Nemunas er ei stor elv i Aust-Europa som har utspring i Kviterussland og renn gjennom Litauen og ut i strandsjøområdet Kurskij Zaliv i Austersjøen ved Klaipėda. Ho har ei lengd på over 900 km, og er den lengste elva i Litauen, den tredje største i Kviterussland og den 14. lengste elva i Europa. Det er mogeleg å segle i nesten heile elva. Dei nederste 11 mila av Nemunas utgjer grensa mellom Litauen og Kaliningrad oblast som høyrer inn under Russland.

Nemunas sitt nedslagsfelt vart danna i kvartærtida, og ligg om lag der isgrensa gjekk under den siste istida, rundt 22 000-25 000 fvt. Djupet i elva varierer frå 1 meter nær toppen av elva til 5 meter i nedre del. Alvorlege flaumar oppstår i dei nedre delane av elva med 12 til 15 års mellomrom. Desse flaumane kan stundom vaske med seg bruer. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 36
Den store nordiske krigen i Svensk Pommern med Stralsund i midten. Det svenske imperiet vist i oransje, Danmark i lys oker, Brandenburg-Preussen i blå, Braunschweig-Lüneburg (Hannover) i mørk rosa, Kurfyrstedømet Sachsen i oliven, Polen-Litauen i gult. Det russiske felttoget er vist som grøne piler, danskane i rosa, saksarar, polakkar og litauarar i blå, svenskane i raudt, prøyssarane i lys blå og hannovarane i mørk rosa. Omleira byar er vist som ein mørk ring.

Omleiringa av Stralsund var eit slag under den den store nordiske krigen. Det svenske imperiet forsvarte hamnebyen Stralsund i Svensk Pommern mot ein koalisjonen av Danmark-Noreg, Kurfyrstedømet Sachsen og Det russiske tsardømet.

Det første forsøket på å ta Stralsund vart gjort i 1711, då dei allierte nærma seg byen. Ein svensk hjelpestyrke tvinga koalisjonen til å trekkje seg attende frå festningsverka. Dei allierte vart samde om at Danmark skulle avstå kravet på Bremen-Verden til Hannover, og til gjengjeld vart Danmark lovd dei nordlege områda av Svensk Pommern med Stralsund, medan dei sørlege ormåda skulle gå til Preussen. I 1714 reid Karl XII av Sverige til Stralsund frå eksiltida si i Tyrkia for å leie forsvaret personleg. Frå 12. juli til 24. desember 1715 la dei allierte ei omleiring på byen og tvinga han til slutt til å overgje seg. Karl XII rømde til Sverige.

Stralsund vart verande under dansk kontroll til han vart gjeven attende til Sverige med Frederiksborg-traktaten Les meir ….
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 37
E16 Filefjell ved Kyrkjestølane

Europaveg 16 i Noreg (E16) er ein norsk stamveg som går mellom Bergen og riksgrensa ved Kongsvinger (og vidare inn i Sverige). Til hausten 2012 var Sandvika i Bærum vest for Oslo endepunkt for vegen, strekninga frå Hønefoss til Sandvika er no berre ei arm av E16. Vegen var 493,8 km lang før forlenginga til riksgrensa, og han er del av Europaveg 16.

E16 er ein av hovudvegane aust-vest, og heile strekninga ligg nord for Oslo. På Filefjell (det høgaste vegpunktet, 1 004 moh) passerer i gjennomsnitt 700 køyrety i døgnet (trafikken er dobbel så stor i juli), av dette om lag 20 prosent tungtrafikk. Ved Nygårdstangen i Bergen passerer om lag 32 000 køyrety i døgnet, medan det i Sandvika i Bærum passerer om lag 35 000 køyrety i døgnet.

Den lengste vegtunnelen i verda, den 24 509 meter lange Lærdalstunnelen, ligg på E16. Det gjer også den over 11,4 kilometer lange Gudvangatunnelen, som er den nest lengste tunnelen i Noreg. Mellom Gudvangen og Lærdal er det 51,5 km, og av det 43,0 km i tunnel.

Mellom Bergen og Åsane deler vegen trasé med Europaveg 39. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 38
Aleksandr Skrjabin omkring 1900

Aleksandr Skrjabin (6. januar 1872—27. april 1915) var ein russisk komponist og pianist som utvikla eit mykje lyrisk og kjenslevart tonespråk. Driven av ein poetisk, filosofisk og estetisk visjon som grensa til mystisisme, vert han halden for å vere ein av forgrunnsfigurane innan russisk og musikalsk symbolisme.

Skrjabin framstår som ein av dei mest nyskapande og kontroversielle, av dei som kom i tida etter dei store russiske komponistane frå andre halvdelen av 1800-talet. Det første pianoverket hans var sterkt påverka av Frédéric Chopin og Franz Liszt, men snart kom han å gå ein heilt eigen veg. Med sin nyskapande harmonikk var han ein av dei tonesetjarane som rundt sekelskiftet 1900 kom til å bryte opp den tilvande dur- og molltonaliteten. Skrjabin var høgt avhalden i si levetid. Musikken hans har nådd fornya popularitet dei siste tiåra, etter å ha hatt ein nedgang kring midten av 1900-talet. Popularitet mellom pianistar har alltid vore stor.

Skrjabins musikk har påverka tonesetjarar som Olivier Messiaen, Sergej Prokofjev og Igor Stravinskij, trass i at det seiest at Skrjabin ikkje tykte om musikken til korkje Prokofjev eller Stravinskij. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 39
Obo

Obo er eit treblåseinstrument som nyttar dobbelt røyrblad og er stemd i C. Han vart utvikla frå skalmeiene som var mykje brukt i mellomalderen og renessansen. Oboen vart til tidleg på 1600-talet og er eit av dei eldste instrumenta i treblåsfamilien. Namnet obo kjem frå det franske hautbois som tyder 'høgt' eller 'ljost tre'. På 1700-talet vart ein annan variant av oboen òg brukt, og denne varianten vart kalla «obo d'amore». Ein som speler obo er kalla ein «oboist».

Oboen er om lag 60 cm lang, og ein får dei ulike tonane ved å tette eller opne klaffar. På 1800-talet vart klaffesystemet støtt utvikla til det systemet oboen har i dag. Oboen var eit av de fyrste treblåsinstrumenta som fekk fast plass i symfoniorkesteret.

Ljoden til oboen er klår og trengjer lett gjennom andre instrument, noko som kjem av at oboen nyttar dobbelt røyrblad og at instrumentet er kjegleforma, til skilnad frå til dømes fløyter og klarinettar som er sylinderforma. Grunna det doble røyrbladet kan berre små endringar i munnstillinga skape store skilnader i klangen. I samspel blir oboen ofte brukt som det instrumentet som gjev stemmetonen. Ljoden er skildra som «ei and dersom anda var ein songfugl». Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 40
Bolette C. Pavels Larsen

Bolette Christine Pavels Larsen (1847-1904) var ein norsk forfattar, omsetjar og litteraturkritikar i Bergens Tidende som var ein sentral aktør i det litterære feltet frå 1880-åra til over hundreårsskiftet. Bolette Christine Pavels Larsen var den første forfattaren med utgjevingar på sogne-dialekt og soleis på landsmål i Sogn og Fjordane, men gav også ut bøker på riksmål. Ho vart født inn i ein embetsmannsfamilie i Sogndal, men var i dei fleste åra av sitt liv busett i Bergen.

Bolette C. Pavels Larsen omsette i 1888 tekstar frå skånsk til sogne-dialekt og fekk dei publisert. I 1897 gav ho ut forteljingar på sognemål. Forteljingane kom same året ut på dansk-norsk, og fem år seinare vart andre tekstar av ho gjevne ut på riksmål. Arne Garborg rosa forteljingane hennar som var skrivne på sognamål, og som kom ut i serien Små-stubbar, publisert av naustedølen Mons Litleré i 1886. Ifølgje Sigrid Bø Grønstøl skriv Bolette C. Pavels Larsen «med lett humor og mild ironi […]; ho snur på samfunnshierarkiet». Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 41
Polske dialektar ifylgje Stanisław Urbańczyk.

Polsk er eit vestslavisk språk som er brukt mest i Polen der det er det offisielle språket. Forskarar reknar med at det finst mellom 39 og 48 millionar menneske som snakkar polsk i dag.

Polsk er det største vestslaviske språket både ut frå talet på talarar og bruksområde. Det høyrer til den lechitiske greina av språkgruppa, saman med pommerske talemål og den utdøydde polabisken, og dannar eit dialektkontinuum med slovakisk og tsjekkisk. I tillegg har polsk påverka dei austslaviske språka kviterussisk og ukrainsk. Sjølv om einskilde slaviske språk utvikla seg annleis, er det framleis ei viss grad av gjensidig forståing mellom dei grunna tidlegare politisk-etniske tilhøve.

Det polske dialektlandskapet er ikkje variert lenger - sidan 1960-åra har ein observert tendensen til å vende seg mot standardspråket i alle regionar. Det finst fleire grunnar til denne prosessen: Politiske endringar etter den andre verdskrigen, migrasjon frå landet til byane og frå gamle austlege delar av Polen til dei nyfåtte territoria mot vest, popularisering av allmenn utdanning og den auka rolla til massemedia.

Forskarar vurderer at det felles urslaviske språket byrja å bryte i mindre dialektgrupper om lag i 500-talet, medan polsken utvikla seg frå den vestlege gruppa i 900-talet. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 42
Stjernebiletet «Den vesle hunden»

Den vesle hunden (frå latin Canis minor) er eit stjernebilde på både den nordlege og den sørlege himmelhalvkula. Stjernebiletet er eit av 48 stjernebilete som Klaudios Ptolemaios førte opp på 100-talet evt, og vert i dag rekna blant dei 88 moderne stjernebileta. Både Den vesle og Den store hunden, følgjer stjernebiletet Orion, jegeren.

Den vesle hunden har berre to stjerner som er lysare enn fjerde storleiksklasse, Procyon (Alfa Canis Minoris), med ein storleiksklasse på 0,34, og Gomeisa (Beta Canis Minoris), med ein storleiksklasse på 2,9. Dei meir lyssvake stjernene i stjernebiletet vart noterte ned av Johann Bayer, som namngav åtte stjerner, inkludert Alfa og Beta, og John Flamsteed, som førte opp fjorten. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 43
Flåmselvi i juni 2008.

Oktoberflaumen i 2014 var ein flaum i Noreg som vart forårsaka av eit langvarig regnvêr i oktober som kulminerte i svært store nedbørsmengder i slutten av månaden, kombinert med snøsmelting i fjellet. Dei største flaumskadane skjedde mellom 28. og 29. oktober, og det var Hordaland og Sogn og Fjordane som vart hardast ramma, spesielt i Odda, Lærdal, Aurland og Voss kommune. Mellom anna vart fem hus i tettstaden Odda og tre hus i Flåm tekne av elva og det kom store skadar på vegnettet. Fleire hundre måtte evakuerast anten fordi det var fare for liv og helse eller fordi husa deira vart isolerte av vassmengdene. Berre i Aurland kommune var til saman 252 personar evakuerte den 29. oktober. Tal frå forsikringsselskapa viser at flaumen gjorde skade for over 400 millionar kroner. Trass i det store skadeomfanget var det ingen menneskeliv som gjekk tapt; hydrolog Inger Karin Engen ved Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) karakteriserte det som eit under at det ikkje blei skadar på liv og helse under flaumen. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 44
Jod er eit døme på stoff som sublimerer i romtemperatur.

Sublimasjon er direkte overgang frå fast stoff til gass, utan at stoffet er innom væskefasen. Dette skjer ved temperaturar og trykk under trippelpunktet i fasediagram for stoffet. Det motsette omgrepet er deposisjon. Rim er eit døme på deposisjon der vassdamp har gått direkte over til is.

Ved normalt trykk, vil dei fleste kjemiske stoff vere innom dei tre forskjellige aggregattilstandane ved forskjellig temperatur, og i desse tilfella vil stoffet vere innom væskefasen når det går frå gass til fast stoff. I visse tilfelle når trykket ligg til rette for det, kan stoffet går direkte frå fast stoff til gass. Merk at trykket det her er snakk om er damptrykket til stoffet, og ikkje det totale trykket til heile systemet.

Nokre stoff (som sink og kadmium) sublimerer ved låge trykk og kan derfor vere eit problem i system som inneber vakuum. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 45
Alleghenyelva (venstre) og Monongahela (høgre) renn saman og dannar Ohioelva i Pittsburgh i Pennsylvania, det største byområdet ved elva.

Ohioelva er den største sideelva til Mississippielva ut frå volum. Ho er om lag 1579 km lang og ligg i det austlege USA. Elva har vore viktig igjennom historia for indianarane og dei mange busetnadane som dukka opp langs elva. Dei siste 500 åra før europearane dukka opp, bygde Mississippikulturen opp fleire høvdingdøme og store jordvollar langs elva. I tusenvis av år har indianarane nytta elva for framkomst. Om lag år 1200 vart det ein langvarig krig i Kentucky mellom irokesarane, som invaderte området frå dagens New York og andre stammer i Ohiodalen. Gjennom hundreåra har Osage, Omaha, Ponca og Kaw flytta vest for Mississippielva, og slo seg på midten av 1600-talet ned i Missouri, Arkansas og Oklahoma og nærliggande statar. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 46
Illustrasjon med raude proton, grøne nøytron og blå elektron

Eit atom er ein submikroskopisk struktur som som ikkje kan delast i mindre element via kjemiske reaksjonar og halde dei kjemiske eigenskapane sine. Atom er bestanddelar i molekyl. Ordet «atom» kjem frå det greske ordet atomos som tyder 'udeleleg'. Radiusen til eit atom er i området 31 (helium) til 215 (radium) picometer.

I 1913 presenterte Bohr sin atommodell som deler atomet opp i tre underliggande elementærpartiklar: elektron, proton og nøytron.

Kvantemekanikken skildrar no materien sin bølgje-partikkel-dualitet og er det matematiske rammeverket for standardmodellen som skildrar krefter og partiklar på subatomært nivå. Skildringa av elementærpartiklar blir framleis brukt som modell for å forklare mange av eigenskapane til atomet og oppbygginga. Atoma er dei grunnleggjande byggeklossane i kjemien, og blir verna ved kjemiske reaksjonar men ikkje ved kjernereaksjonar. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 47
Jan Baudouin de Courtenay (1845-1929) skipa Lingvistskulen i Kazan’

Fonologi er den greina av den allmenne lingvistikken som utforskar lydsystem i einskildspråk og allmennspråklege drag ved slike system. Fonologien må skiljast frå fonetikken, som er læra om språklydanes natur, produksjon og persepsjon, uavhengig av lydsystem i einskildspråk.

Mange fonologar dreg i tillegg inn eit funksjonelt perspektiv. Det er språklydane som gjer at vi skil teikna i eit språk frå kvarandre perseptuelt og som såleis utgjer grunnlaget for språket som kommunikasjonssystem. Menneska kan produsere og oppfatte mange ulike lydar, og språka i verda skil seg sterkt frå kvarandre med omsyn til kva lydar og lydlege skilnader som blir utnytta. Settet av språklydar som eit einskilt språk utnyttar, kan i stor grad karakteriserast som eit system, det vil seie ei «gruppe av mindre einingar som lagar ein samordna eller samverkande heilskap.» Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 48
Biletet viser månen i sentrum, med lag av Jordaatmosfæra frå Jorda ved botnen og overgangen inn i den oransje-farga troposfæren. Troposfæren sluttar brått ved tropopausen, som i biletet framstår som den skarpe grensa mellom oransje- og blå-farga atmosfære. Dei sølvfarga-blå nattlysande skyene strekker seg langt over jordas troposfære.

Jordatmosfæren er eit lag av gass som ligg omkring planeten nn:jorda og som blir helde på plass av gravitasjonskreftene. Han inneheld om lag 78 % nitrogen og 21 % oksygen i tillegg til spor av andre gassar og vassdamp. Denne gassblandinga blir vanlegvis kalla «luft». Atmosfæren vernar livet på jorda ved å absorbere ultrafiolett solstråling og reduserer ekstreme temperaturskilnadar mellom dag og natt.

Atmosfæren har inga fast grense. Han blir gradvis tynnare med høgda og forsvinn til slutt ut i verdsrommet. Tre fjerdedelar av atmosfæren si masse finn ein mellom jordoverflata og opp til 11 km høgd. I USA er personar som reiser over ei høgd på 80 km rekna for å vere astronautar. Høgda 120 km markerer grensa der effektane frå atmosfæren blir merkbare ved reisa tilbake til jorda. Kármánlinja, ved 100 km, er også ofte brukt som grensa mellom atmosfæren og verdsrommet. Atmosfærelaga er oppdelt i nn:troposfæren, troposfæren, mesosfæren og termosfæren. Den gjennomsnittlege temperaturen i atmosfæren ved jordoverflata er 14 °C. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 49
Relieff av Nikka Vonen

Nikka (Nicoline Marie) Vonen (1836-1933) var ei norsk målkvinne, fjellvandrar, forfattar, folkeminnesamlar og ikkje minst grunnleggar av og styrar på privatskulen «Pigeinstitutet» frå Dale i Sunnfjord. Folkeminna og folkeskildringane Nikka Vonen samla inn frå Sunnfjord vart gitt ut på riksmål med dialogar på dialekt. Vonen var involvert i målstriden i pionértida til nynorsken i 1860-70-åra.

I 1856 flytta Nikka Vonen til Kristiania der ho studerte på Hartvig Nissen sin Pigeskole for Voksne. Nissen hevda allereie på 1840-talet at kvinner stort sett trong same utdanning som menn, noko som bana vegen for kvinnelege lærarar. Frå og med 1860-åra vart mange av dei utdanna på ei eiga lærarinneline ved skulen. Før kvinner fekk tilgang til examen artium i 1882 var dette eittårige guvernantekurset den høgste utdanninga dei kunne ta. Denne guvernanteeksamenen tok Nikka Vonen før ho returnerte til Dale i Sunnfjord og starta opp sin eigen skule. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 50
To-dimmensjonal illustrasjon over gravitasjon.

Gravitasjon er ei tiltrekningskraft som verkar mellom alle partiklar med masse i universet. Ved jordoverflata blir gravitasjon gjerne omtalt som tyngdekraft. Ein skil mellom «tyngde» og «gravitasjon» ved at tyngda er den krafta ein måler med ei fjørvekt, medan gravitasjonen er tiltrekkingskrafta mellom lekamar gjeve av gravitasjonslova til Newton.

Isaac Newton formulerte lova om gravitasjon i Philosophiae Naturalis Principia Mathematica (publisert 5. juli 1687). Ho seier at gravitasjonskrafta som verkar mellom to lekamar, er proporsjonal med produktet av massen deira, og omvendt proporsjonal med kvadratet av avstanden mellom dei.

Lova kan skrivast slik: , der G er storleiken på gravitasjonskrafta mellom to objekt,* m1 er massen til det første objektet (hovudobjektet), m2 er massen til det andre objektet, r er avstanden mellom objekta og γ er gravitasjonskonstanten. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 51
Hyrdestare

Hyrdestare (Acridotheres tristis) er ein sporvefugl i starefamilien. Hyrdestaren har opphavleg utbreiingsområde i Asia, og er introdusert til store delar av verda. Han er ein altetande fugl og lever i opne skogsområde, men har også tilpassa seg urbane miljø særs godt. Hyrdestaren er sterkt territorial.

Utbreiinga av hyrdestarar aukar i ei så stor fart at IUCN i 2000 erklærde han som ein av dei mest invaderande artane i verda og ein av berre tre fuglar blant dei 100 artane som utgjer ein innverknad på biologisk mangfald, landbruk og menneskelege interesser. Spesielt utgjer arten ein alvorleg trussel mot økosystema i Australia. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 52
Stjernespel

Stjernespel eller stjernesong er ei folkeleg juledramatisering av underet kring fødselen til Jesus og forteljinga om heilage tre kongar eller vise menn som følgde Betlehemsstjerna fram til stallen der Jesusbarnet blei født. Slike førestillingar finn blir i dag gjerne utført i romjula fram til heilagetrekongarsdag (6. januar) av barn eller vaksne som går i opptog eller frå dør til dør og framfører spelet. Til gjengjeld kan dei få mat og drikke eller pengar. Det finst mange ulike stjernespeltradisjonar som har utvikla seg gjennom tidene på ulike stader.

Stjernespel oppstod i oldkyrkja. Frå 900-talet byrja ein for alvor å feira dei tre vise menn, kongar, stjernetydarar eller magerar (magi). Det at Betlehemsstjerna synte seg og dei følgde henne til Jesusbarnet i stallen i Betlehem verka som sanningskriterium for det underbare ved Jesus sin fødsel. Denne bodskapen var viktig å få fram for prestane, som kledde seg ut som kongane i fargerike klede og framførte hendingane som del av gudstenester. Med deltaking frå kyrkjelyden blei stjernespel etterkvart så omfattande at dei måtte flyttast frå kyrkja ut til kyrkjegardane. Seinare blei dei også framført ute på torg og gater. På 1300- og 1400-talet byrja folk å laga eigne opptog som gjekk frå hus til hus med julespelet. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 53
Renier Point

Livingston Island (tidlegare russisk Smolensk) er ei øy i Sør-Shetlandsøyane i Vest-Antarktis som ligg mellom Greenwich Island og Snow Island. Øya var kjend for selfangarar så tidleg som i 1819, og namnet Livingstone har vore i bruk sidan den gong. Ein kjenner ikkje til opphavet til namnet.

Øya er 73 km lang, og breidda varierer mellom 5 km til 36 km mellom og har ei flatevidd på 798 km². Det ligg mange holmar og skjer kring øya, særleg utanfor nordkysten. Isklipper, som ofte har trekt seg attende dei siste tiåra og avdekte nye viker, strender og nes, utgjer det meste av kysten. Utanom enkelte område er øya nesten fullstendig dekt av is med fleire særs store bresprekkar, isdomar og platå i dei sentrale og vestlege delane, samt fleire bredalar mellom dei høgare fjella aust på Livingston. Typisk for glasiologien på øya er fleire iaugefallande oskelag som kjem frå vulkansk aktivitet på naboøya Deceptionøya. To særskilde verneområde finst på Livingston Island sidan 1966. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Utvald artikkel Bullet blue.png Kandidatar Bullet blue.png Kalender

Arkiv: 200420052006200720082009201020112012201320142015201620172018


I dag er det onsdag, 19. desember 2018Oppdater sida