Wikipedia:Utvald artikkel/2013

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Utvald artikkel Bullet blue.png Kandidatar Bullet blue.png Kalender

Arkiv: 200420052006200720082009201020112012201320142015201620172018


I dag er det fredag, 23. februar 2018Oppdater sida


Veke 1
Fujian er rik på fjellandskap, og vert ofte omtala som «åtte delar fjell, ein del vatn, og ein del dyrka jord» (八山一水一分田).

Fujian er ein provins på søraustkysten av Kina. Fujian grensar til Zhejiang i nord, Jiangxi i vest, og Guangdong i sør. Øya Taiwan ligg i aust, bortom Taiwansundet. Namnet Fujian er ei samansetting av Fuzhou og Jianzhou (dagens Jian'ou), to byar i Fujian, danna under Tang-dynastiet. Den kinesiske enkeltteiknsforkortinga er 闽 for Min. Hankinesarar er i fleirtal, men provinsen er kulturelt og språkleg ein av dei mest mangleta provinsane i Kina. Han dekker ei flatevidd på 121 400 km² og folketalet er kring 36 millionar. Fuzhou er hovudstad og største by i provinsen med om lag 7 millionar innbyggjarar. Provinsen er rik på fjellandskap, og vert ofte omtala som «åtte delar fjell, ein del vatn, og ein del dyrka jord» (八山一水一分田). Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 2
Tyrannosaurus rex, eit av dei største landrovdyra nokon gong levde mot slutten av kritt.

Krittida er ein geologisk periode som varte frå slutten av jura for 145,5 ± 4 millionar år sidan til byrjinga av paleocen for 65,5 ± 0,3 millionar år sidan. Han er den yngste perioden i æraen mesozoikum og med ei lengd på 80 millionar år er han den lengste perioden i eonet fanerozoikum. Slutten av krit er definert som grensa mellom mesozoikum og kenozoikum.

Det vart danna meir kalk under krittida enn nokon annan periode i fanerozoikum. Sirkulasjon av havvatn rundt dei store midthavsryggane tilførte hava kalsium som gjorde havet metta slik at det la seg på botn, og det var mykje kalkhaldige plankton. Omfattande karbonatavsettingar og andre sedimentære avsettingar gjorde kalken ekstra fin. Kjende formasjonar frå denne tida er til dømes Dei kvite klippene ved Dover i England. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 3
Augustin Louis Cauchy

Augustin Louis Cauchy (1789-1857) var ein fransk matematikar.

Cauchy var ein pioner innan analyse og vidareutvikla grunnlaget som var lagt av Leibniz og Newton; blant anna fann han formelle bevis for fleire fundamentale satsar. Spesielt i funksjonsteori stammar fleire sentrale teorem frå han. Hans nestan 800 publikasjonar dekte heile breidda av matematikken på den tida.

Etter Euler døydde hadde mange inntrykk av at matematikken var nestan fullt utforska og at det ikkje lenger var nokre vesentlege problem som gjenstod. Det var spesielt Gauss og Cauchy som motprova dette inntrykket.

Cauchy var ein streng katolikk og tilhengar av den franske herskarslekta Bourbon. Under dei franske revolusjonane førte dette han i konflikt med mange av hans samtidige. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 4
Måleri av Camilla Collett frå 1839.

Camilla Collett (1813-1895) var ein norsk forfattar og kvinnesakskjempar, fødd Wergeland. Ho var dotter til Nicolai Wergeland og syster til Henrik Wergeland.

Ho er spesielt kjend for gjennombrotsboka Amtmandens Døttre som kom ut i to delar i 1854 og 1855. Dette var den første realistiske tendensroman i norsk litteratur. Dette vart òg den einaste romanen Camilla Collett skreiv. Første delen av boka vart gjeven ut anonymt, men den vart snart allment kjend som hennar verk. Ho har òg skrive noveller.

Camilla Collett var den første store, kvinnelege forfattar i norsk litteratur. Collett fengslar stadig norske lesarar, både gjennom sin skjebne, sin skrivekunst og sitt uslitelege engasjement. Heideren Collett fekk kom også i eit moderne uttrykk da biletet av henne blei prega på portrettsida av den norske 100-kronesetelen frå 1979-1997. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 5
Venstre skulderblad. Ved stopp er det sett bakfrå.

Skulderbladet (latin scapula), er ein knokkel i det menneskelege skjelettet som bind saman skjelettet i overkroppen med armane. Dei to skulderblada ligg på ryggsida av brystkassa og er tynne, flate og uregelbunde trekanta i forma. Det dannar ledd mot kragebeinet, clavicula, og overarmsbeinet, humerus, og saman med kragebeina så utgjer skulderblada skulderbogen.

Dei i alt seksten musklane som festar på skulderbladet sine to ytterflater gjer skuldra til den mest rørlige leddet i menneskekroppen.

Skulderbladet har to beinframspring, skulderhøgda, og ramnenebbet. Begge desse går ventralt og tener som utspring og festar for ymse musklar. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 6
Jetstraum over Canada.

Ein jetstraum er ein rask, relativt smal luftstraum som ein finn i atmosfæren til enkelte planetar. På jorda ligg hovudjetstraumen i toppen av troposfæren, nær tropopausen. Dei blir danna på grensa mellom to luftmassar med forskjellig temperatur, slik som over polarfronten der varm tropisk luft møter kald polar luft. Denne polarjetten er den kraftigaste jetstraumen, rundt 7-12 km over havet. Lenger mot ekvator har ein subtropiske jettar rundt 10-16 km over havet. Det finst ein polarjet og subtropisk jet på både den nordlege og den sørlege halvkula. Polarjetten på den nordlege halvkula ligg over midlare til høge breidder over Nord-Amerika, Europa og Asia, medan den sørlege polarjetten hovudsakleg krinsar rundt Antarktis året rundt.

Jetstraumar oppstår av ein kombinasjon av oppvarming av atmosfæren (ved solstråling, og på somme andre planetar enn jorda av indre varme) og rotasjonen til planeten rundt sin eigen akse. Dei oppstår nær grensene mellom to luftmassar med signifikant forskjellig temperatur.

Meteorologar nyttar plasseringa av jetstraumane i vêrvarsling. Jetstraumen er òg viktig for flyreiser, sidan flytida kan verte dramatisk påverka av å fly med eller imot jetstraumen. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 7
Wedgwood-vase frå rundt 1790.

Josiah Wedgwood (1730-1795) var ein engelsk pottemakar, og det er han som plar få æra av å ha industrialisert framstillinga av keramisk gods.

Arbeidet til Wedgwood var av svært høg kvalitet, og frå 1763 byrja han å motta ordrar frå høgst oppe i det britiske kongehuset, mellom anna frå dronning Charlotte. Wedgwood overtalte henne til å late han kalle ein serie gods ho hadde innkjøpt for «Queen's Ware», og utbasunerte dei kongelege tilknytingane på skrivepapiret og konvuluttane sine. På slutten av livet var det store målet til Wedgwood å lage ein kopi av den såkalla Portlandvasen, ein blå og kvit glasvase frå det første århunderet. Han arbeidde med det prosjektet i tre år før han til sist hadde fått laga det han meinte var ein tilfredstillande kopi i 1789.

Wedgwood var òg ein forkjempar for å få slutt på slaveriet, gjennom anna mellom å produsera ein medaljong med ein knelande slave som spurde «Er ikkje eg eit menneske og ein bror?» Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 8
I Dunedin ligg gata Baldwin Street, som i følgje Guinness Book of Records er den brattaste gata i verda. Den brattaste gradienten er 1:2,9.

Dunedin er den nest største byen på SørøyaNew Zealand, og den viktigaste byen i regionen Otago. Byen har eit folketal på om lag 120 000. Han er det sjuande største urbane området på New Zealand, og var fram til 2010 byen med den største flatevidda i landet. Historisk, kulturelt og geografisk er Dunedin rekna mellom dei fire største bysentra på New Zealand.

Det urbane området i Dunedin ligg sentralt på austkysten i Otago, kring Otago Harbour. Hamna og høgdedraga kring Dunedin er restar etter ein utsløkt vulkan. Forstadane til byen strekkjer seg ut i dalane og åsane omkring, til eidethalvøya Otago Peninsula, og langs breiddene til Otago Harbour og Stillehavet.

Den største verksemda i byen er høgare utdanning – Dunedin hyser University of Otago, det første universitetet på New Zealand (frå 1869), og Otago Polytechnic. Universitetet står for om lag 20 prosent av innbyggjartalet i byen. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 9
Hoppande dvergklofrosk (Hymenochirus boettgeri

Halelause padder er ein biologisk orden av amfibium som omfattar rundt 5000 artar froskar og padder. Ordenen er også kjend som halelause amfibium eller springpadder. Ordenen hadde tidlegare det vitskaplege namnet Salientia ('hoppande'), men no er dette endra til Anura ('utan hale').

Inndelinga i froskar og padder er tradisjonell, og har ikkje noko med slektskap å gjera. Som regel vil amfibium ein kallar padder vera tilpassa eit tørrare miljø enn det våtare miljøet til dei ein kallar froskar. Dei har fått liknande utsjånad på grunn av konvergerande evolusjon. Typiske padder har ein kortare, tjukkare kropp og kortare føter enn froskar, gjerne også tjukkare og meir vortete hud enn dei glattare, fuktigare froskane.

Ein finn halelause padder frå rundt ekvator til nær polane, men dei lever ikkje i arktisk klima. Flest artar finn ein i tropisk regnskog. Talet på halelause padder minkar dramatisk, og mange av dei vil truleg døy ut. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 10
Påkøyrsel bakfrå er ei vanleg årsak til nakkeslengskadar.

Nakkeslengskade er ein overstrekksskade i nakken som har oppstått fordi hovudet har blitt kasta brått fram og attende eller blitt pressa ut over sitt normale rørsleområde. Dei typiske symptoma er smerter og stivheit i nakken. Ein går ut frå at symptoma skuldast skadar i mjukvevet i nakken, t.d. i leddband, bindevev og musklar. Men dei kan også omfatta nerveskadar og brot og forskyvning i nakkevirvlane.

Den vanlegaste årsaka til nakkeslengskadar er trafikkulukker der ein bil blir påkøyrd bakfrå. Slike skadar kan også oppstå ved fall på sykkel, ski eller snøbrett og i stupeulukker og andre ulukker der hovudet blir utsett for sterke krefter. Nakkeslengsskadar har auka sterkt sidan 1980 og utgjer om lag 40 prosent av alle personskadar i trafikken. Dei har også ført til mange forsikrings- og erstatningssaker. Sidan det har vore vanskeleg å finna objektive bevis for ein del av skadane, har slike saker ført til mykje strid. Også i dei medisinske fagmiljøa er det svært ulike oppfatningar både når det gjeld årsaker, diagnosar og behandling. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 11
Hermann Hesse 1905

Hermann Hesse (1877-1962), pseudonym Emil Sinclair, var ein tyskspråkleg lyrikar, prosaforfattar og hobbymålar. Dei mest kjende litterære verka hans er Steppeulven, Siddhartha, Peter Camenzind, Demian, Narsiss og Gullmunn, Under hjulet og Glassperlespillet. Tekstane hans handlar mykje om sjølvrealisering, sjølvakting, sjølvrefleksjon og det einskilde individet sin «transendens». Han fekk Nobelprisen i litteratur for 1946, og blei i 1954 tildelt ordenen Pour le Mérite.

Spesielt Der Steppenwolf blei ein internasjonal bestseljar – til dømes kalla eit populært amerikansk rockeband seg Steppenwolf. Hesse blei ein av dei mest omsette og leste tyskspråklege forfattarane og på verdsbasis var over 120 millionar bøker selde per 2007. To litteraturprisar er oppkalla etter Hesse, Calwer Hermann-Hesse-Preis og Hermann-Hesse-Preis som blir delt ut i Karlsruhe. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 12
Sør-Fron kyrkje på Hundorp er ei åttekantskyrkje bygd i stein

Åttekantkyrkje eller oktogonal kyrkje er eitt kyrkjebygg der grunnplanet er ein rein oktogon, eller berre sjølve skipet er ein oktogon som er kombinert med tilbygg for kor og våpenhus. Slike tilbygg kan gje heile bygget ei meir langstrakt form som ei langkyrkje. Det åttekanta grunnplanet gjev betre synskontakt mellom tverrarmane og koret enn dei krossforma kyrkjene. Kyrkjeforma vart vanleg frå omkring 1700 med Hospitalskyrkja i Trondheim som den eldste. Det var innanfor Nidaros bispedømme åttekantforma først vart vanleg, og dei fleste åttekantkyrkjene var oppført av lafta tømmer.

Blant åttekantkyrkjene finn ein også nokre av dei største kyrkjebygga i Noreg, den største av dei er Røros kyrkje med 1640 sitjeplassar. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 13
Arameisk var truleg språket til Jesus

Arameisk er eit semittisk språk som er nært i slekt med fønikisk og hebraisk, og noko fjernare med arabisk. Arameisk skrift blei brukt til å utvikla andre skriftsystem, og har mellom anna gjeve opphav til hebraisk og arabisk.

Arameisk var daglegspråk i Judea under den andre tempelperioden (539 f.Kr.–70), og er brukt i fleire jødiske heilage tekstar. Det var truleg også språket til Jesus og dei han forkynde til. Arameisk var liturgispråk i tidleg kristendom, og ei form er framleis i bruk i syrisk kristendom. Moderne arameiske språk blir tala av spreidde grupper i Midtausten.

Frå 600-talet, då veksten til islam medførte spreiing av arabisk, blei arameisk i stor grad fortrengd av dette. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 14
Tre-skjers Kverneland løfteplog, med steinutløysar.

Plog er ein jordbruksmaskin som vert nytta for å snu torva før det vert sådd eller planta. Føremålet med dette er å skjera av ugrasrøter og grava ned gamle planterestar for å unngå overføring av sjukdom til nye planter. Delvis nedbrotne planterestar frå tidlegare avlingar vert ført til overflate, der dei vert vidare brotne ned slik at næringsstoffa vert frigjorde og kan takast opp av nye planter. Bruk av tunge maskinar fører til at jorda vert pakka saman. Når torva vert snudd vert jorda løyst opp att og det kjem luft til, slik at bakteriane som bryt ned gamle planterestar får betre vilkår. Når torva vert snudd vert ho liggande i 45° vinkel og det vert ope rom under. Dette fører til at vatnet i staden for å renna av, sig ned i grunnen når det regnar. Dette gjer at jordsmonet syg til seg meir vatn, som røtene på plantene så kan suga til seg. Om ein spreier gjødsel før ein pløyer får ein molda gjødsla i same operasjonen. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 15
SvartsvaneFoto: Wikipedia-brukar: Fir0002

Svartsvane er ei svane og ein stor vassfugl i andefamilien. Arten hekkar hovudsakleg i søraustre og sørvestre regionar i Australia. Svartsvana vart jakta til utrydding på New Zealand, men vart seinare gjeninnført. Innanfor Australia er ho nomadisk, med uføreseielege vandringsmønster avhengige av klimatiske tilhøve. Svartsvaner er store fuglar med for det meste svart fjørdrakt og eit raudt nebb. Dei er monogame hekkefuglar der kjønna deler på rugeplikter og omsut for avkommet.

Svartsvaner kan opptre einskildvise, eller i lause grupper på hundrevis eller kanskje tusenvis av fuglar. Svartsvaner er populære fuglar i zoologiske hagar og fuglesamlingar, og nokre gonger finn ein rømlingar utanfor det naturlege utbreiingsområdet deira. Rømlingar kjem òg til Noreg, og somme parkar i landet har svartsvaner for pryd. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 16
Slik kan somme av husa i Birka sett ut i vikingtida. Husa er rekonstruert på grunnlag av arkeologiske granskingar av restane i undergrunnen.

Birka var den første byen i Sverige og eit viktig senter for handel ved Austersjøen frå 700-talet. Byen låg på øya Björkö i Mälaren i Ekerö kommune. Birka vart grunlagd kring 750, og var ein av dei første byane i Norden. Andre tilsvarande byar i Norden var Skiringssal (Kaupang) (kring 800) i Noreg, Ribe (kring 710) og Hedeby (kring 810) på Sør-Jylland (nå Slesvig) i Danmark.

I vår tid er det ikkje anna att etter byen enn dei spora og restane som er kome for dagen ved arkeologiske utgravingar eller kan sjåast i terrenget som gravhaugar og liknande. Det finst meir enn 3000 gravhaugar og andre typar jordfestingar på Björkö. Fleire jordfestingar kan gjelde utlendingar som har døydd i byen. Saman med området Hovgården på granneøya Adelsö i same kommune står Birka på Björkö på UNESCO si verdsarvliste. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 17
Ein av underskrivarane, Hone Heke, med kona si, Hariata

Waitangitraktaten er ein avtale som først vart underteikna 6. februar 1840 av representantar frå den britiske krona og ulike maorihøvdingar frå den nordlege delen av NordøyaNew Zealand. Traktaten innførde ein britisk guvernør på New Zealand, erkjende eigarskapen maoriane hadde over landet sitt og andre eignelutar, og gav maoriane rettar som britiske borgarar. Traktatversjonane på engelsk og på māorispråk er langt frå i samsvar med kvarandre, så der er inga eigentleg semje om kva partane i 1840 skreiv under på. Frå den britiske synsstaden gav traktaten Storbritannia suverenitet over New Zealand, og guvernøren rett til å styra landet på vegne av den britiske monarken. Maoriane synest å ha hatt andre forståingar av avtalen, mange av desse skil seg sterkt frå dei britiske tolkingane.

Inntil 1970-åra vart traktaten generelt sett bort frå. Frå sist på 1960-talet byrja maoriar å merka seg brota på traktaten, og seinare hendingar har lagt vekt på problema med oversetjinga. I 1975 vart Waitangitribunalet etablert som ein permanent granskingskommisjon med oppgåve å granska brot på avtalen ved styresmaktene, og å føreslå åtgjerder for kompensasjon. I dag er Waitangitraktaten generelt sett på som grunnlagsdokumentet for New Zealand som ein nasjon. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 18
Døgnrytmesjukdomar kan føre til søvn i arbeidstida.

Døgnrytmesjukdommar er ei gruppe lidingar som påverkar døgnrytmen, og er oftast sett på som ein type søvnforstyrring. Sjølv om søvnproblem kan vere dei mest merkbare av problemkomplekset, er det no klart at døgnrytmen omfattar mange fleire fysiologiske og åtferdsmessige faktorar enn som så, mellom anna syklusane til kroppstemperatur, appetitt og visse hormon. Menneske med døgnrytmesjukdommar kan ikkje sovne og vakne på tidspunkt som samfunnet krev for skule, arbeid og sosiale gjeremål. Med mindre dei har ei anna søvnsjukdom i tillegg, har dei søvn av normal kvalitet.

Det finst seks typar døgnrytmeforstyrringar, der to, jetlag og skiftarbeid-forstyrring, er påført utanfrå og ikkje livslange. Dei fire andre er kroniske, registrerte av ICD som Sjukdommar i nervesystemet. Årsakene til søvnfaseforskyvingane er ikkje heilt klarlagde. Syndroma går i ein viss grad igjen i slekta og ser ut til å vere genetisk betinga (hPer2- og hPer3-genane). Noreg er eitt av dei landa som bidreg mest til forsking på området, mellom anna ved Universitetet i Bergen. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 19
«Endurance» vert skrudd ned i Weddellhavet.

Endurance-ekspedisjonen 1914–17 var ein ekspedisjon sett i gang og leia av Ernest Shackleton for å krysse det antarktiske kontinentet. Ekspedisjonen nytta to fartøy: «Endurance» med Shackleton til Weddellhavet og «Aurora» med Aeneas Mackintosh til Rosshavet.

«Endurance» vart frosen inne i isen i Weddellhavet og trass i forsøk på å frigjere henne dreiv ho heile vinteren 1915 nordover innhylla i is. Til slutt vart fartøyet skrudd ned av ismassane og knust, noko eit skipbroten mannskap på 28 menn som stod att på sjøisen vart vitne til. Etter å ha halde seg fleire månader på isen, kunne gruppa gå i livbåtane og nådde deretter den ugjestmilde og folketomme Elefantøya i øygruppa Sør-Shetlandsøyane. Shackleton og fem andre gjennomførde deretter ein seglas på 1300 kilometer til Sør-Georgia i den opne livbåten «James Caird». Etter mykje om og men var Shackleton i stand til å berge resten av gruppa som venta på Elefantøya, utan at nokre menneskeliv hadde gått tapt. På den andre sida av kontinentet overvann Rosshavsgruppa store utfordringar for å gjennomføre oppdraget sitt. «Aurora» sleit seg frå fortøyinga under ein storm og var ute av stand til å vende tilbake, og etterlét seg dermed landgruppa utan naudsynt utstyr og proviant. Trass i dette makta dei å leggje ut depot, men tre liv gjekk tapt under oppdraget. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 20
Marisko

Marisko er ein plante i orkidéfamilien som veks i heile Norden. Den er ikkje sjeldan, men freda i heile Noreg då den er avhengig av gamalskog for å vekse, og av di den vert mykje plukka.
 Blomen står på Norsk raudliste for trua artar på nivå NT (Nær Truga).

Den særprega utsjånaden har gjeve blomen fleire lokale namn i Noreg: Jomfru Maria gullsko (Etnedal, Lavangen), tøffel (Arendal), Olavsbolle (Fyresdal), Hellig Olavs tøffel (Troms), Marias bolle (Røyken) og bjønnsko (Hattfjord). Snåsa kommune har marisko på våpenskjoldet, medan marisko er fylkesblome for Nord-Trøndelag.

Ein marisko får som oftast ein eller to blomar, som blir rekna av fleire til å vere dei venaste viltveksande blomane i Noreg. Dei blir som regel 30-50 cm høge, og står i grupper på, frå nokon få til fleire titals individ. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 21
Symbol for bygevêr nytta i vêrvarsling

Vêrvarsling er vitskapen om atmosfæren og bruken av modellar for å rekne seg fram til tilstanden til atmosfæren framover i tid på ein gitt stad eller eit gitt område. Enkelte av metodane som blir brukt i dag har vore i bruk i om lag 100 år, medan andre teknikkar og hjelpemiddel har kome til etter kvart. I dag består vêrvarsling av å samle så mykje data som mogeleg om den noverande tilstanden til atmosfæren (særleg temperatur, lufttrykk, fukt og vind), for så å bruke kunnskap om atmosfæriske prosessar (gjennom meteorologi) til å rekne ut korleis atmosfæren endrar seg i framover i tid. Sidan vêrsystema meir eller mindre er kaotiske system, og fordi ein enno ikkje fullt ut forstår alle prosessane som er involvert, kan ein ikkje varsle vêret med stor visse for meir enn vanlegvis 5-6 dagar.

Det er lenge sidan ein oppdaga at atmosfæren er altfor avansert til å kunne følgje utan hjelp av kraftige datamaskinar. Nokre av dei kraftigaste datamaskinane i verda vert nytta til dette, men dei er likevel ikkje gode nok til at ein kan følgje vinden i kvar einaste dal og rundt kvart hushjørne, og det er her den menneskelege faktoren kjem inn og framleis spelar ei rolle. Vêrpresentatørar på TV, sjølv om dei er meteorologar eller ikkje, vidareformidlar informasjonen frå datamaskinane og gjer at kven som helst skal kunne forstå varselet. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 22
Jane Austin ut fra ei skisse frå søstera, Cassandra Austen

Jane Austen (1775-1817) var ein britisk forfattar. Bøkene hennar var nyskapande innan romansjangeren, og er blitt klassikarar innan engelsk litteratur som stadig blir lesne og filma. Austen fortel tilsynelatande lette romantiske historier om heltinner som søker og får ektemenn. Stilen er humoristisk og lettlesen, med truverdige, runde hovudpersonar gjenkjennelege karikaturar som bipersonar. Austen er blitt elska for dei vakre skildringane av den øvre middelklassen i sine høflege samkomer og idylliske engelske landskap, men er også blitt kritisert for ikkje å ha lagt noko vekt på arbeidarar eller slavar som la grunnen for dette lettvinte livet. Annan litteraturkritikk har derimot hevda at Austen sine bøker i grunnen er ein kritikk av heile samfunnssystemet, og er særs treffande nett fordi han berre tek opp emne ho hadde god kjennskap til. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 23
Sitjande guddom, frå det sein-hettittiske riket, 1200-talet f.Kr.

Hettittane var eit oldtidsfolk. Dei grunnla eit kongedøme sentrert om Hattusa, nord i det sentrale Anatolia, på 1700-talet f.Kr. På 1300-talet f.Kr. var hettittarriket på sitt største. Det omfatta då heile det sentrale området i Anatolia, området nordvest i Syria, og så langt som Ugarit og øvre Mesopotamia. Etter 1180 f.Kr. delte riket seg opp i fleire mindre hettittiske bystatar, der nokre av dei eksisterte så lenge som til 700-talet f.Kr.

Sjølv om hettittane tilhøyrde bronsealderen, var dei forløparar til jernalderen og utvikla reiskapar og våpen av jarn så tidleg som 1300-talet f.Kr. Etterspurnaden deira etter jernvarer er verna i korrespondanse med utanlandske herskarar. Hettittane var likevel ikkje dei første som framstilte gjenstandar av jarn, og i heile hettittarriket si historie var jarn så sjeldan at det berre vart nytta i smykke. Dei militære sigrane deira skuldast ikkje jarn – dei førte krig med våpen av bronse – men dugleiken deira til å framstille og bruke hestetrekte stridsvogner. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 24
John Milton‎

John Milton (1608-1674) var ein engelsk diktar og politisk filosof. Som ein av dei første opplysingsfilosofane fekk han stor påverknad, men det stod òg mykje strid kring han. I ein av biografiane frå samtida vart han omtala som «elska av mange, hata av nokre». Han har hatt stor påverknad på engelsk litteratur heilt fram til vår tid. Det episke diktet Paradise Lost («Det tapte paradiset») kjem frå Milton sin penn.

Milton sitt verdssyn utvikla seg på bakgrunn av svært omfattande lesnad, reiser og personlege erfaringar heilt frå studiedagane på 1620-talet til den engelske revolusjonen. Milton døydde fattig og som ein marginal figur i Englands intellektuelle liv, men stod til siste slutt fast på dei politiske vala han gjorde, og var vidkjend over heile Europa. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 25
Den gamle mannen på Storr på Skye.

Skye er den største og nordlegaste øya i dei Indre Hebridane i Skottland. Øya består av fleire halvøyar som går ut i forskjellige retningar frå dei fjellendte, indre områda, som er dominert av Cuillin-åsane. Skye har litt over 9 000 innbyggjarar. I motsetnad til mange av dei andre skotske øyane har folketalet auka noko dei siste åra. Om sommaren kjem mange turistar og vitjande til øya. Hovudnæringane er turisme, jordbruk, produksjon av whisky, ølbrygging og handverk. Den viktigaste byen og hovudstaden på øya er Portree som er kjent for den vakre hamna og skrikande måsar.

Skye er kjent for eit vakkert landskap, prega av høge, dramatiske fjell, eit rikt dyreliv, med kongeørn, hjort og oter, den levande kulturen, som omfattar gælisk språk og skotsk folkemusikk, og plassen sin i britisk historie under jakobittopprøra. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 26
Makrell

Makrell (Scomber scombrus) er ein pelagisk rovfisk som er vanleg i nordvestlege delar av Atlanterhavet og i Middelhavet. Han høyrer til mellom dei mest populære fiskane i Sør-Noreg, både som sportsfisk, mat og som eit teikn på sommar. Dei sym i stim og jagar i flokk.

Makrellen er lett å kjenne att. Kroppen er kraftig og spoleforma med kvit buk og mørk rygg med blå og grøne fargeteikningar. Skjela er små og fell lett av, noko som gjer at fiskeskinnet kjennest særs mjukt. Makrellen har to ryggfinnar og ein gattfinne som går parallelt med den bakste av ryggfinnane. Halefinnen er djupt kløfta med ti småfinnar ved halerota. Det er observert makrell på opptil 70 cm, men dei fleste vert ikkje meir enn 40 cm og 700 g. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 27
Heinrich Schütz frå ca 1660, Christoph Spetner

Heinrich Schütz (1585-1672) var ein tysk barokkkomponist og organist. Schütz vert rekna som den største tyske komponisten før Bach, og er ved sidan av Claudio Monteverdi ein av dei viktigaste komponistane på 1600-talet. Ein reknar med at Schütz skreiv den første tyske operaen, Dafne, som vart oppført i 1627.

Trettiårskrigen, fleire pestepidemiar og sosiale omveltingar prega mykje av den skapande perioden til Schütz. Han byrja karrieren med å skrive store fleirkorsverk inspirert av venetiansk stil, men etter kvart som tilhøva for kulturell utfolding forverra seg vart han tvungen til å skrive mykje av musikken sin for små ensemble. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 28
Aurlandsfjorden, ein av mange fjordar på Vestlandet

Vestlandet er eit vanleg fellesnamn for landsdelen i Noreg som ligg sør for Trøndelag og vestom Langfjella, og som består av dei fire fylka Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Namnet «Vestlandet» blir i dag nytta med noko varierande geografisk innhald, men er stort sett brukt om dei fire nemnde fylka som heile. Området utgjer 58 552 km² med 1 318 398 innbyggjarar. På Vestlandet er det 22 byar og 121 kommunar fordelt på 15 distrikt. Før i tida høyrde dei øvre delane av dalane på Austlandet i fleire administrative samanhengar til Vestlandet. Det same gjeld fylka Aust- og Vest-Agder, som no er rekna som Sørlandet.

Vestlandet er kjent for sine lange og bratte fjordar. Verdas nest lengste fjord er Sognefjorden og tredje lengst er Hardangerfjorden. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 29
Baroniet Rosendal med den vidgjetne rosehagen i framgrunnen.

Kvinnherad kommune ligg i Sunnhordland i Hordaland fylke. Hovuddelen av kommunen ligg på søraustsida av Hardangerfjorden, på den sørvestlege delen av Folgefonnhalvøya. Ein flik ligg på vestsida av Hardangerfjorden. Elles omfattar kommunen fleire større og mindre øyar, mellom anna Varaldsøy i nord, og Halsnøy, Fjelbergøy og Borgundøy i sør. Kommunen er den nest største i Sunnhordland, med eit folketal på 13 269 (2012).

Den største tettstaden er Husnes, som er hovudsenter for industri, handel og utdanning. Her ligg hjørnesteinsbedrifta Sør-Norge Aluminium AS (Søral). Administrasjonssenteret Rosendal er eit kjent og populært nn:turistmål. Dei største attraksjonane her er Baroniet Rosendal, som i dag er museum med ei rekkje kulturaktivitetar i turistsesongen, og den storslåtte fjellnaturen, som dannar innfallsporten til Folgefonna nasjonalpark. Halsnøy er ein særmerkt del av kommunen. Viktigaste senteret er Sæbøvik, medan ruinane på Halsnøy Kloster er det fremste av mange historiske minnesmerke. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 30
Flyfoto av Stavanger sentrum.

Stavanger er ein by i Rogaland fylke og administrasjonssenteret i Stavanger kommune. Byen ligg på vestsida av munningen til Gandsfjorden og femner i tillegg øyane nord for munningen. I nyare tider er han kalla «oljehovudstaden» i Noreg, og Statoil har hovudkontor på Forus ved byen.

Stavanger er sete for fylkesmannen og fylkesadministrasjonen i Rogaland. Byen er bispedøme. Av statlege og halvstatlege institusjonar i byen kan nemnast Statsarkivet i Stavanger, Oljedirektoratet, Statoil, ei avdeling av Noregs Bank og Noregs sjøkartverk, avdeling av Statens kartverk. Universitetet i Stavanger blei oppretta i 2005 med tre fakultet for teknisk-naturvitskaplege, humanistiske og samfunnsvitskaplege fag. Sørlandsbanen ender ved Stavanger og derfrå går det ei rekkje båtsamband nordover mot Ryfylke og Haugalandet med Haugesund i tillegg til Sunnhordland og Bergen. Stavanger lufthamn, Sola er ei internasjonal lufthamn som ligg 13 kilometer sørvest for bysenteret.

Byen utgjer saman med Sandnes, Sola og Randaberg ein samla folkemasse på 201 353, og Stavanger/Sandnes er landets tredje største tettstad. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 31
Ei jente i hardingbunad med skaut.

Hardingdialekt er ei samlenemning på dialektene som vert snakka i dei sju noverande herada i Hardanger: Eidfjord, Granvin, Jondal, Kvam, Odda, Ullensvang og Ulvik. Desse dialektene høyrer med til dei sørvestlandske målføra i Noreg. Dialekta i fjellbygda Røldal i Odda kommune har mykje til felles med dialektene i Ryfylke, men høyrer likevel med til hardingmålet. Likeeins har dialekta i Granvin mykje til felles med vossamål, og Jondal, Strandebarm liknar mykje på sunnhordlandsdialekt. Dialekta på Varaldsøy i Kvinnherad vert også rekna med til hardingmålet av di ein del trekk er felles.

Ordet Hardanger vart uttala har'angúr eller har'anger med trykk på fyrste stavinga i den tradisjonelle dialekta. Ordet «harding» blir enno uttala med stum d. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 32
Ivar Aasen er opphavsmannen til landsmålet, som med tida har utvikla seg til nynorsken av i dag.

Nynorsk er sidan jamstillingsvedtaket av 12. mai 1885 ei av to offisielle målformer av norsk; den andre er bokmål. Nynorsk blir i dag nytta av om lag 10–15% av innbyggjarane i Noreg. Nynorske dialektar blir snakka over heile landet, men det er berre på Vestlandet utanom dei største byane og i dei austlandske fjellbygdene at skriftspråket står sterkt. Det vil seie at dei fleste dialekttalarane har bokmål som det primære skriftspråket sitt.

Ein iaugefallande skilnad mellom nynorsk standardspråk og nynorske dialektar er at standardspråket tradisjonelt er prega av purisme i ordtilfanget med avgrensing mot ord av dansk og lågtysk opphav, sjølv om desse orda kan vere utbreidde i dialektane. Skriftspråket har derfor helst brukt ord som kan førast attende til gammalnorsk der slike har funnest i levande talemål. Formelt er purismen no stort sett avskaffa, men mange tradisjonelle nynorskord er godt innarbeidde og pregar det moderne skriftspråket.

Sidan det nynorske standardspråket er mindre utbreidd enn bokmål i skrift og tale, er nynorsk markert medan bokmål er umarkert. Det vil seie at nynorskbrukarar oftare må forklare og forsvare sitt språkval. Det har nynorsk sams med mange minoritetsspråk, og det kan forklare kvifor negative haldningar til nynorsk er utbreidde. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 33
Vindmøller på Santorini

Santoríni er ei vulkansk øy i Hellas og den sørlegaste øya i Kykladane i Egearhavet. Ho ligg om lag 200 km søraust for det greske fastlandet, har eit areal på 73 km² og i 2001 om lag 13 600 innbyggjarar.

Øya er åstad for det største vulkanutbrotet i nyare historie, og det vert kalla «det minoiske utbrotet». Det skjedde for om lag 3 500 år sidan på toppen av den minoiske sivilisasjonen. Utbrotet etterlet eit stort krater omringa av eit opp til hundre meter tjukt lag av vulkansk oske, og i følgje teorien kan dette indirekte ha ført til den minoiske sivilisasjonen sitt fall på øya Kreta, som ligg 110 km lenger sør, via ein enorm tsunami. Ein annan populær teori er at utbrotet på Santoríni er kjelda til legenda om Atlantis.

Dei vakre omgivnadane og det yrande nattelivet gjer øya til eit attraktivt turistmål. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 34
Den best kjende bygningen der larvikitt er nytta er hovudkvarteret til dei Sameinte Nasjonar.

Larvikitt er ein monzonittisk djuperuptiv bergart som er kjent for sitt vakre fargespel. Larvikitt er Noregs viktigaste naturstein som blir utvunnen i stor skala. Steinbrota ligg hovudsakleg i Larvik i Vestfold og litt inn i Porsgrunn i Telemark. Den blir brukt til fasadar, gravmonument, benkeplater, fliser og liknande over heile verda. Som handelsvare blir den ofte marknadsført under namn som Lys labrador, Mørk labrador, Blue pearl, Emerald pearl og liknande, og er blitt ein viktig eksportartikkel. I 2005 blei det eksportert larvikitt for 660 millionar kroner. Larvikitt vart i februar 2008 kåra til nasjonalbergart for Noreg. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 35
Minogue i Filmfestivalen i Cannes, 2007

Kylie Minogue (f. 1968) er ein australsk songar, låtskrivar og skodespelar. Ho slo gjennom som musikar i 1987 med songen «I Should Be So Lucky», og regjerte på hitlistene på slutten av 1980-talet. Før ho slo igjennom som songar hadde ho livnært seg som skodespelar i den australske såpeoperaen Neighbours.

Kylie Minogue har selt over 68 millionar album og 55 millionar singlar på verdsbasis. Ho har motteke høgthengande prisar, blant anna fleire ARIA Award og Brit Award. I 2008 vart ho utnemnt til offiser av Order of the British Empire for det langvarige arbeidet sitt med musikk. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 36
Gibraltarsundet sett frå verdsrommet.

Gibraltarsundet er eit sund mellom Atlanterhavet og Middelhavet som skil Spania frå Marokko. På det smalaste er det berre 14,24 km (7,7 nautiske mil) mellom Europa og Afrika.

For rundt 5,9 millionar år sidan vart opninga mellom Middelhavet og Atlanterhavet lukka. I løpet av berre nokre få tusen år fordampa det meste av vatnet i Middelhavet. For om lag 5,33 millionar år sidan vart opninga mellom Middelhavet og Atlanterhavet opna igjen. Sidan den afrikanske plata pressar på nordover, meiner ein at sundet vil lukke seg igjen i geologisk sett nær framtid. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 37
Slaget ved Narva

Den store nordiske krigen (1700–1721) var ein storkrig der ein koalisjon av mange statar klarte å stå imot den svenske overmakta nord i Sentral- og Aust-Europa.

Nokre av dei viktigaste hendingane i krigen var freden i Traventhal og slaget ved Narva i 1700, slaget ved Poltava i 1709, at Karl XII av Sverige vart drepen i Fredriksten i 1718 og den karolinske dødsmarsjen i 1719. Det er estimert at 200 000 svenskar, 75 000 russarar, 60 000 danskar/nordmenn og 14–20 000 polakkar mista livet i krigen.

Krigen enda med nederlag for Sverige, og Russland vart den nye stormakta i Austersjøen og ei viktig brikke i europeisk politikk. I Sverige hadde eineveldet kome til ein slutt då Karl XII døydde og fridomstida starta. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 38
Karolinermonumentet, eit minnesmerke i Duved til minne om karolinarane som døydde under den karolinske dødsmarsjen.

Den karolinske dødsmarsjen viser til den katastrofale tilbaketrekkinga til den svenske karolinske armeen kommandert av Carl Gustaf Armfeldt over fjella i Tydal i Trøndelag rundt nyår 1718-1719.

Etter at kong Karl XII døydde den 11. desember 1718 under omleiringa av Fredriksten i den store nordiske krigen, fekk alle dei svenske styrkane i Noreg ordre om å trekkje seg attende til Sverige. Armfeldt fekk melding om dødsfallet til Karl den 7. januar 1719, då styrken hans var i Haltdalen i Gauldal med om lag 6 000 mann. Han valde å ta den kortaste ruta til Sverige, først over fjella til Tydal (30 km) og frå der over Tydalfjella til fortet Hjerpe (50 km). Armeen var dårleg utstyrt og slitne etter felttoget i Trøndelag, og det var kald vêr og ein kraftig snøstorm råka området. Om lag 3 800 mann omkom og om lag 600 av dei 2 100 overlevande soldatane vart invalide for livet.

I Brekka Bygdetun i Tydal vert «Karolinerspelet» halde annakvart år i januar, som dramatiserer hendinga i dødsmarsjen. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 39
Robert Boyle og Denis Papin inspiserer «le digesteur».

Denis Papin (1647-1712) var ein fransk matematikar, fysikar og oppfinnar. Han er kjent for å ha funne opp og laga damdrivne pumper, ei dampmaskin, ein hjuldampar, ein undervassbåt og ein trykkokar, pluss ei rekkje andre oppfinningar.

Denis Papin vart fødd i nærleiken av Blois i Frankrike. Papin var kalvinist og på grunn av ediktet i Nantes flytta han rundt 1675 til London. Han hadde med seg ei tilråding frå Christiaan Huygens og fekk arbeid hjå Robert Boyle, som skjøna at Papin ville verta ein verdifull assistent i samband med studiar av eigenskapane til luft han arbeidde med. Det tok ikkje lang tid før Papin hadde konstruert både nytt utstyr for å generera vakuum og ein rakettmotor som nytta komprimert luft. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 40
Scutigerella immaculata

Dvergfotingar er ei gruppe små leddyr som lever i jord- og strølag over heile verda. Dei utgjer med sine berre om lag 200 artar den mest artsfattige klassa innanfor mangefotingane, men kan likevel vera særs hyppige lokalt. I Norden førekjem det 8 artar.

I likskap med dei aller fleste andre mangefotingar har ikkje dvergfotingane noko særleg økonomisk verdi, bortsett frå somme artar som kan gjera skade på froskefarmar. Dei er òg interessante fordi somme har meint dei kan ha vore stamgruppa til insekta.

Ei fullvaksen dvergfoting har tolv par bein. Som regel er dei 2-8 mm lange og kvite, stundom iblanda nyansar av gult eller brunt. Huda er mjuk og berre i særs liten grad sklerotisert. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 41
Fuglefjellet på vestsida av Rundefjellet er heim til om lag 500 000 fugl, mellom dei lundefugl.

Runde er ei øy i Herøy kommune på Sunnmøre. Runde er internasjonalt kjent for fuglefjellet som finst der, men har også mykje besøk frå skattejegarar som ynskjer å finne gull- og sølvmyntar etter «Akerendam»-forliset ved øya på 1700-talet. Runde har ei lang historie med mange dramatiske hendingar knytta til vêret, mellom anna fleire forlis, nokre berre nemnde i segner.

Fuglefjellet ligg på vestsida av Rundefjellet og er heim til om lag 500 000 fugl, mellom dei lundefugl, havsule, krykkje, alke og lomvi. Skarveura ligg på nordsida av øya, og her finst ein av verdas største koloniar av toppskarv. I dei bratte grasbakkane på nord- og austsida finst eit stadig veksende tal havhest. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 42
Finansdepartementet syter for at det offentlege får inn skattar og avgifter.

Skatt er ytingar frå private til det offentlege utan konkret vederlag. Fråværet av formelt konkret vederlag skil skattar frå betalingar for offentlege tenester (gebyr). Hovudformålet med skattar er å finansiera offentleg forbruk og investeringar, og overføringar til privat sektor.

Skattenivået i Noreg, målt i høve til BNP, er lågare enn i Danmark og Sverige, og omtrent på nivå med Belgia, Frankrike, Italia og Finland. Dei fleste OECD-land har likevel eit lågare skattenivå. Det er særleg skatten på inntekt, overskot og kapitalgevinst som er høg i Noreg samanlikna med dei andre OECD-landa. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 43
Orlando di Lasso

Orlando di Lasso (1532-1594) var ein fransk-flamsk komponist frå høgrenessansen.

Han vert i dag rekna som hovudrepresentanten for den mogne polyfone stilen som kjenneteiknar den siste aktivitetsfasen til den flamske skulen, og i lag med Palestrina og Victoria ein av dei mest kjende og viktige musikarane i Europa på slutten av 1500-talet. Orlando di Lasso er ein av dei mest produktive, allsidige og universelle komponistane frå høgrenessansen og skreiv over 2000 verk i alle latinske, franske, italienske og tyske vokalsjangrar som var kjende på denne tida. Nesten 60 messer har overlevd. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 44
Tussmørker ein ettermiddag vinterstid på Røros.

Tussmørker er ei nemning for lyset før solrenning eller etter soleglad når sollyset vert spreidd og reflektert av gass og støv i den øvre atmosfæren og lyser opp den lågare atmosfæren og overflata på jorda. På norsk heiter det ofte «skyming» eller «skumring» om kveldsmørket og «dagning» eller «grålysing» om daggryet.

Halvmørkret skaper ei særeigen trolsk stemning, men i ny tid er tussmørkret, i staden for å vera tida då ein synest ein ser tusser, vorte tida då det vert tend elektrisk lys overalt. I norsk tradisjon er «å halde skyming» å sitje og kvile innomhus utan tende lys, før det vert så mørkt at ein må kveikje lys for å få gangsyn.

I Arktis og Arktis kan tussmørkret vare fleire timar (på polane om lag ein månad etter sola har gått ned for vinteren, eller før ho står opp for sommaren), medan ein på ekvator kan gå frå dag til natt på berre 20 minutt. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 45
Gamlebyen i Bratislava

Bratislava er hovudstaden og den største byen i Slovakia. Byen ligg heilt sørvest i landet, rett ved grensa til Austerrike og Ungarn. Han er delt i to av Donau. Bratislava og Wien er dei to hovudstadane i Europa som ligg nærast kvarandre, mindre enn 60 km.

Bratislava har om lag 430 000 innbyggjarar (2009). Byen er det politiske, kulturelle og økonomiske senteret i Slovakia. Den slovakiske presidenten sit her i lag med parlamentet og andre greiner av regjeringa. Her ligg fleire universitet, museum, teater, galleri og andre viktige kultur- og utdanningsinstitusjonar. Mange av dei største føretaka og finansinstitusjonane har hovudkvarter i Bratislava. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 46
Chişinău

Chişinău eller Kisjinjov er hovudstaden, den største byen og industrielt og kommersielt sentrum i Moldova. Han ligg om lag midt i landet ved elva Bîc. Økonomisk er byen den mest velståande i Moldova og eit trafikknutepunkt for regionen. Som den viktigaste byen i Moldova har Chişinău ei rekkje utdanningsinstitusjonar. Chişinău er ein av dei byane i Europa med flest grøntareal. Les meir …

Chişinău vart grunnlagd som ein klosterby i 1436 og vart ein del av fyrstedømet Moldavia, som på byrjinga av 1500-talet vart underlagt Det osmanske riket. På byrjinga av 1800-talet var han ein liten landsby med rundt 7 000 innbyggjarar. I 1812 vart han ein del av Det russiske keisardømet, som gjorde han til hovudstad i det nyleg annekterte Bessarabia gubernija. Folketalet voks til 92 000 i 1862 og til 125 787 i 1900. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 47
Selma_Lagerlöf fotografert i 1909, året ho vann Nobelprisen.

Selma Lagerlöf (20. november 1858–16. mars 1940) var ein svensk forfattar. Debutromanen hennar Gösta Berlings saga kom i 1891. Ho var ein av dei tidlege deltakarane i den svenske nyromantikken, og fekk som fyrste kvinne Nobelprisen i litteratur i 1909. Lagerlöf var òg den fyrste kvinna som vart vald inn i Svenska Akademien.

Bøkene hennar handla gjerne om bondeliv i Värmland og Dalarna. Unntaka er handlinga i Antikrists mirakler og Jerusalem. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 48
Kiev

Kiev er hovudstaden og den største byen i Ukraina, han ligg nord i det sentrale Ukraina ved elva Dnepr. Byen er ei eiga administrativ eining, men er administrasjonsstad for området kring, Kiev oblast. Byen har offisielt kring 2,8 millionar innbyggjarar (2010), men på grunn av mange ikkje registrerte innflyttarar vert det rekna med at byen har kring 4 millionar innbyggjarar. Kiev er eit viktig senter i Aust-Europa for industri, vitskap, utdanning og kultur. Mange høgteknologiske industriar og høgare utdanningsinstitusjonar ligg i byen, i tillegg til verdskjende historiske landemerke.

Namnet «Kiev» er sagt å kome frå namnet «Kyj», ein av dei fire legendariske grunnleggjarane av byen. I løpet av historia har Kiev, ein av dei eldste byane i Aust-Europa, gått gjennom fleire periodar som viktig senter og periodar som ein nesten gløymd stad. Byen oppstod truleg som eit handelssenter så tidleg som 400-talet. Byen var ein slavisk stad styrt av khazarar langs den store handelsruta mellom Skandinavia og Konstantinopel fram til han vart erobra av væringar (vikingar) på midten av 800-talet. Under styret til væringane vart byen hovudstad i Kievriket, den første austslaviske staten. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 49
Helsingfors

Helsingfors (Helsinki) er hovudstad i Finland. Den ligg i Södra Finlands län ved Finskebukta. Helsingfors har omtrent 570 000 innbyggjarar. Helsingfors er ein del av Helsingforsregionen, der det bur tilsaman ca. ein million menneske.

Dagens Helsingfors var frå og med mellomalderen folkesett av svenskspråklege bønder. Byen vart grunnlagt av Sveriges konge Gustav Vasa 12. juni 1550, primært som motvekt til hansabyen Reval/Tallinn på sørsida av Finskebukta. Opphavleg vart Helsingfors grunnlagt ved munningen av Vanda å, attmed dagens Arabiastrand. Det vart likevel snart klart av plasseringa ikkje var så god, særleg fordi Vanda å var for grunn. Generalguvernør Per Brahe bestemte i 1640 å flytte byen eit par kilometer sørover, til det som i dag er Kronohagen. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 50
Utsnitt frå Beowulf

Angelsaksisk litteratur, også kalla gammalengelsk litteratur, omfattar litteraturen som blei skriven på angelsaksisk (gammalengelsk) i løpet av den 600 år lange angelsaksiske perioden i England, frå midten av 400-talet og fram til den normanniske erobringa av England i 1066. Tekstane dekker sjangrar som episke og kortare dikt, hagiografiar (helgenbiografiar), preiker (forkynningar), bibelomsettingar, lovverk, krøniker, gåter og anna. I alt er det blitt bevart rundt 400 manuskript frå denne perioden, ein betydeleg korpus (mengd) som har interesse både for allmennheita og vitskapeleg forsking.

Eit av dei viktigaste verka frå den angelsaksiske perioden er diktet Beowulf som har fått ein status i England som eit nasjonalepos. Den angelsaksiske krønika er betydingsfull som ein historisk dokumentasjon av perioden ved å vera kronologi av tidleg engelsk historie, mens det korte religiøse diktet Cædmons hymne frå 600-talet er det eldste bevarte litterære verket på engelsk. Av angelsaksisk poesi, som kan bli betrakta som mest betydingsfull innanfor angelsaksisk litteratur, er det ikkje bevart meir enn tilsaman 30 000 diktlinjer. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 51
Romansk dør og bogar i Jakobskyrkja frå 1100-talet i Aubeterre-sur-Dronne i Charente i Frankrike.

Romansk stil er eit lite presist kunsthistorisk omgrep som vert nytta om den før-gotiske arkitekturen, skulpturen og biletkunsten i Vest-Europa, og har såleis med ein fase av mellomalderens kunst å gjere.

Den romanske arkitekturen og kunsten som er teke vare på fram vår tid er hovudsakleg avgrensa til religiøse bygningar, som kyrkjer og kloster og ruinar av slike, og til gjenstandar som har vore eller framleis er knytt til religionsutøvinga. Men somme døme på borgar og slott i romansk stil finst òg, og syner at romansk arkitektur ikkje utelukkande hadde religiøse føremål. Ofte vert den romanske byggjestilen kalla rundbogestil, ettersom dei romanske bygningane er kjenneteikna av at bogar i halvsirkelform, runde bogar, vert nytta som berande spenn over opningar i veggar eller mellom søyler, og at steinkvelva over kyrkjeromma gjerne er forma som halve sylindrar, såkalla tønnekvelv, eller som krysskvelv samansett av seksjonar forma som halve sylindrar. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 52
Gosforthkrossen ved Mariakyrkja.

Gosforthkrossen er ein steinkross som står høgreist blant gravene på kyrkjegarden kring Saint Mary-kyrkja i den vesle landsbyen Gosforth vest i Cumbria i Nordvest-England. Krossen er av interesse i skandinavisk samanhang ettersom mesteparten av dei bileta som er hogd ut i lågt relieff på stammen av krossen er tolka som figurar og hendingar frå skandinavisk heidendom.

Krossen, som på stilistisk grunnlag er tidfest til ni-hundretalet, er av raud sandstein, forma som ei slank søyle med ein ringkross med om lag 50 cm i diameter i toppen, totalt 4,42 meter høg, oppsett på ein låg, kvadratisk plattform, avtrappa i tre trinn. Nedst har søyla sirkulært tverrsnitt, men frå om lag 2,10 meter over bakken og opp til ringkrossen i toppen er det uthogd fire plane biletfelt som vender mot kvar si av dei fire himmelretningane. Søyla er 32 cm i tverrmål ved bakken, men berre 16 cm rett under ringkrossen i toppen.

Nedst i biletfeltet på austsida av søyla er det ei scene som syner to samanfiltra ormar som høgg etter kjeften på kvarandre. Over dette er det synt ei kvinne til høgre og ein mann til venstre, vende mot kvarandre. Mannen held eit spyd han har stukke inn i sida på ein mann som står i eit innramma felt over dei to, med armane utstrekt rett ut til kvar si side. Det går klårt fram at blodspruten står ut av såret som spydet har opna i sida på han. Biletet er tolka som ei framstilling av Kristi krossfesting. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 53

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 53, 2013
Vis - Diskusjon - historikk


Utvald artikkel Bullet blue.png Kandidatar Bullet blue.png Kalender

Arkiv: 200420052006200720082009201020112012201320142015201620172018


I dag er det fredag, 23. februar 2018Oppdater sida