Wikipedia:Utvald artikkel/Kandidatkalender 2012

Koordinatar: 79°30′N 97°19′E / 79.500°N 97.317°E / 79.500; 97.317
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Utvald artikkel Kandidatar Kalender

Arkiv: Utvalde artiklar: 200420052006200720082009201020112012201320142015201620172018201920202021202220232024

Diskusjonar: 200720082009201020112012201320142015201620172018201920202021202220232024



I dag er det fredag, 26. april 2024Oppdater sida


2012-kalender med mulige emne for Vekas artikkel[endre wikiteksten]

Om status for kvar artikkel, sjå Wikipedia:Vekas artikkel/Kandidatar.

Veke Frå dato Artikkel Anna
52 26. des

(2011)

Aasmund Olavsson Vinje Forslag 1:
Aasmund Olavsson Vinje

Aasmund Olavsson Vinje (1818–1870) var ein norsk forfattar, journalist, lærar og jurist.

Vinje var ein av dei fyrste etter Ivar Aasen sjølv som aktivt tok i bruk landsmålet, i både prosa og lyrikk. Med kjende dikt som «Våren», «Ved Rundarne», «Den dag kjem aldri» og «Blåmann», har han vorte ståande for ettertida som ein av dei mest folkekjære lyrikarane i Noreg. Lyrikken hans vart til i overgangstida mellom Henrik Wergeland sin død i 1845 og det såkalla moderne gjennombrotet, og vert gjerne litteraturhistorisk plassert under den poetiske realismen.

Han var dessutan ein markant føregangsmann innanfor norsk journalistikk, både som Christiania-korrespondent i Drammens Tidende og med sitt eige blad Dølen. Vinje markerte seg som ein retorisk medviten kritikar av både samfunnstilhøve, politikk og litteratur, og som ein som hadde tvisyn, altså som såg sakene frå to sider.



Fin start på det nye året?
- Hogne 8. september 2011 kl. 13:41 (CEST)[svar]
Fin den! --Ranveig 4. desember 2011 kl. 13:48 (CET)[svar]
1 02. jan Severnaja Zemlja Forslag 1:
Roald Amundsen med Sørpolekspedisjonen 1910-1912 er aktuelt tema i første delen av desember i samband med 100-årsjubileumet for første menneske på Sørpolen 14. desember. Status på artikkelen er at han ikkje er særleg utfyllande.
Men artikkelen Severnaja Zemlja om polar geografi er meir utfyllande, øygruppa vart oppdaga først i 1913, dette er ein bra artikkel om geografi som er ukjent for dei fleste. --Roar 9. oktober 2011 kl. 12:43 (CEST)[svar]
OK, omlag slik? Hogne 19. desember 2011 kl. 14:37 (CET)[svar]
Ser bra ut. Mbjh --M. Haugen 26. desember 2011 kl. 14:32 (CET)[svar]

22. august 1913 heva ekspedisjonen leia av Boris Vilkitsij det russiske flagget på det dei trudde var ei enkelt øy. Det nye landet fekk namnet Keisar Nikolaj II Land

Severnaja Zemlja er ei øygruppe i Arktis og Russland ved 79°30′N 97°19′E / 79.500°N 97.317°E / 79.500; 97.317. Ho ligg nord for Tajmyrhalvøya i Sibir på andre sida av Vilktiskijsundet. Øygruppa ligg mellom to randhav i Nordishavet, Karahavet i vest og Laptevhavet i aust.

Severnaja Zemlja vart først oppdaga i 1913 og først kartlagd i 1933. Ho er dermed den siste øygruppa som vart oppdaga på Jorda. Administrativt høyrer ho til Krasnojarsk kraj, men bortsett frå ein polarbase er ho ikkje busett.

Severnaja Zemlja består av fire store øyar - Oktoberrevolusjonøya, Bolsjevikøya, Komsomoletsøya og Pionerøya, samt rundt 70 mindre øyar. Dei utgjer eit totalt areal på 37 000 km². Oktoberrevolusjonøya er den største øya i Severnaja Zelmja. Arealet er estimert til 14 170 km², noko som gjer ho til den 56. største øya i verda. Les meir …


Koordinatvising[endre wikiteksten]

No vert koordinatane synte både inne teksten og oppe i høgre hyrnet. Njardarlogar 3. januar 2012 kl. 14:14 (CET)[svar]

Eg har no fjerna linken! Hogne 7. januar 2012 kl. 15:51 (CET)[svar]
2 09. jan Det gylne snittet Forslag 1:
Andlet som har flatene fordelt etter det gylne snittet vert rekna av det breie publikummet som meir tiltalande.

Det gylne snittet vil seie deling av ei linje eller ei flate i to deler slik at den minste delen forheld seg til den største som denne til heile linja eller flata.

Uttrykt som φ (phi) tilsvarar dette eit irrasjonalt tal med verdi

Ein kan finne det delingsforholdet igjen mange stader i naturen, og spesielt på menneskekroppen. Tilhøvet mellom lengda frå skuldra til fingertuppane og lengda frå olbogen til fingertuppane, knokane på handa og lengda på beina i tilhøve til lengda frå kneet til tærne er nokre døme. Det er òg eit viktig visuelt verkemiddel innan kunsten. Det gylne snittet var kjent blant grekarane. Det vart mykje brukt i renessansen, særleg innan arkitektur. Les meir …


Godt forslag! MBh --M. Haugen 2. januar 2012 kl. 07:35 (CET)[svar]

«deler» i fyrste setninga må endrast til «delar» (http://www.nob-ordbok.uio.no/perl/ordbok.cgi?OPP=del&nynorsk=+&ordbok=nynorsk), og «forheld» er ikkje god nynorsk så den delen av setninga bør skrivast om. --46.212.188.187 11. januar 2012 kl. 02:44 (CET)[svar]
3 16. jan Niårskrigen Forslag 1: Niårskrigen. Hogne 19. desember 2011 kl. 16:23 (CET)[svar]
God ide! Mbh --M. Haugen 3. januar 2012 kl. 10:04 (CET)[svar]
4 24. jan The Doors Forslag 1: The Doors:
Jim Morrison er blitt eit ikon etter tida i the Dors

The Doors var eit amerikansk rockeband starta i 1965 i Los Angeles med vokalist Jim Morrison, klaverspelar Ray Manzarek, trommeslagar John Densmore og gitarist Robby Krieger. Dei var av dei mest kontroversielle banda i 1960-åra på grunn av dei ville, poetiske tekstane til Morrison og den karismatiske, men ureknelege scenepersonlegdomen hans. Jim Morrison døydde i 1971 og bandet vart oppløyst for godt i 1973.

The Doors er framleis populære. Bandet har seld over 90 millionar album på verdsbasis. Ray Manzarek og Robby Krieger spelar framleis i lag som Manzarek-Krieger, og spelar berre songar av The Doors. Grava til Morrison i Paris blir jamleg vitja av store mengder tilhengjarar og turistar. Tre av studioalbuma til bandet, The Doors (1967), L.A. Woman (1971) og Strange Days (1967), ligg på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene, på respektive 42., 362. og 407. plass. Les meir …


-- Hogne 7. januar 2012 kl. 16:25 (CET)[svar]

5 30. jan Indoariske språk Forslag 1: Indoariske språk -- Hogne 7. januar 2012 kl. 16:37 (CET)[svar]
OK! --Ranveig 19. januar 2012 kl. 18:26 (CET)[svar]
6 06. feb Christchurch Forslag 1: Christchurch. Hogne 15. januar 2012 kl. 19:50 (CET)[svar]
Den anglikanske katedralen vart bygd ferdig i 1904, og har seinare vore eit midtpunkt i byen. Foto frå 2006, tårnet vart øydelagt under jordskjelvet i 2011.

Christchurch er den største byen på SørøyaNew Zealand, og det nest største urbane området i landet.

Christchurch har ein plass i soga om utforskinga av Antarktis – både Robert Falcon Scott og Ernest Shackleton brukte hamna i Lyttelton som eit utgangsstad for sine ekspedisjonar. Christchurch International Airport gjer teneste som hovudbase for dei italienske og amerikanske antarktisprogramma så vel som det newzealandske programmet.

Jordskjelv har ramma Christchurch fleire gongar. Eit skjelv i 2011 drap 182 menneskje og førte til store skadar i byen. Det la mellom anna la tårnet på den anglikanske domkyrkja frå 1800-talet i ruinar.

Fin den. --Ranveig 23. januar 2012 kl. 19:48 (CET)[svar]
Fin artikkel, og godt forslag. Men denne wikipedia-trangen til å liste opp alle bestanddeler i eit emne kommer dessverre litt for godt til uttrykk i dei raude listene over bydelar. --M. Haugen 29. januar 2012 kl. 15:16 (CET)[svar]
7 13. feb Sporvefuglar Forslag 1: Sporvefuglar. Småsporven gjeng i tunet … Hogne
«og er fornøgd, å ja, å ja!» --Ranveig 23. januar 2012 kl. 19:55 (CET)[svar]
8 20. feb Nikita Khrusjtsjov Forslag 1: Nikita Khrusjtsjov er ein lang (og kanskje god?) artikkel. Hogne 15. januar 2012 kl. 20:46 (CET)[svar]
9 27. feb Danmark Forslag 1: Danmark. Hogne 15. januar 2012 kl. 20:48 (CET)[svar]
Godt forslag. M. Haugen 21. februar 2012 kl. 14:38 (CET)[svar]
10 05. mar Alice Munro
Dei fleste av forteljingane til Alice Munro finn stad i sørvestre Ontario, der ho bur

Forslag 1: Alice Munro. Må ha artikkel om ei kvinne på kvinnedagen, eller? Det finnst ikkje nokon tilgjengelege bilete, men det står at ho lar historiene sine føre gå i Ontario og denne vindmølla står like i nærleiken av Clinton, der ho bur. Og det er jo eit fint bilete, det?

Veldig bra ide! --M. Haugen 22. februar 2012 kl. 14:22 (CET)[svar]
Men når det gjelder bilete: Eg trur det blir like rett med ei bilete av ein bokstabel eller av ei hand som skriv. --M. Haugen 27. februar 2012 kl. 07:41 (CET)[svar]
Eg har ei teikning av AM som eg har litt problem med å digitalisere. Er truleg snart klar. Men er artikkelen språkleg god nok?--Andreasv 27. februar 2012 kl. 08:18 (CET)[svar]
Eg synest artikkelen er i trå med andre artiklar vi har vist fram. Eg meiner det er fint om me kan vise fram ein artikkel om ei kvinne 8. mars, og dette var noko av det beste eg fann. Han kan alltids bli betre og eg kan hente litt meir frå :en-wiki'en, men det må bli nærare helga.
Når det gjeld bilete så les eg det slik at du ikkje har ein fungerande skannar, Andreas(?) og om det ikkje går, så går det ikkje.
Eg trur at mølla kan gå med ein tekst som «Alice Munro kjem frå eit landleg område i Ontario, Canada. Og dei fleste historiene hennar er plassert der, med har likevel almen menneskelege tema.». Bokstablar med bøker utan Munro sine er vel ikkje så godt bilete?
Andre aktuelle bilete kan vere:
( Hogne 27. februar 2012 kl. 14:49 (CET) )[svar]
Teikning på plass--Andreasv 28. februar 2012 kl. 12:33 (CET)[svar]
Flott! No er det heile blitt noko som kan visast fram. --Ranveig 28. februar 2012 kl. 13:13 (CET)[svar]
Ei flott skisse av Andreasv og ein tekst som er kvinnedagen verdig! Hogne 28. februar 2012 kl. 23:23 (CET)[svar]
11 12. mar Trettiårskrigen Forslag 1:
Øydeleggingane under krigen var så store at folkesetnaden i dei tyske statane vart redusert med mellom 25 % og 40 %. Somme regionar vart langt hardare råka enn andre. Til dømes mista Württemberg tre fjerdedelar av folkesetnaden sin under krigen. Biletet er av ei teking av Hans Ulrich Franck i 1643.

Trettiårskrigen (1618–1648) vart utkjempa hovudsakleg i det som i dag er Tyskland, og til forskjellige tider omfatta krigen nesten alle landa i Europa. Det var ein av dei mest øydeleggjande krigane i europeisk historie.

Opphavet til krigen og målet til deltakarane var kompliserte, og ein kan ikkje peike ut ei enkelt årsak til krigen. Opphavleg vart krigen kjempa som ein religionskrig mellom protestantar og katolikkar i Det tysk-romerske riket, men maktbalansen innafor riket spelte òg ei stor rolle. Gradvis utvikla krigen seg meir til ein generell konflikt som omfatta dei fleste statane i Europa.

Heile regionar vart lagt i grus under trettiårskrigen av dei vandrande soldatane (bellum se ipsum alet). Trettiårskrigen enda med avtalar i Osnabrück og Münster, delar av den større freden i Westfalen. les meir …


-- Hogne 26. januar 2012 kl. 14:09 (CET)[svar]
God ide, jeg forkortet den litt. --M. Haugen 22. februar 2012 kl. 14:24 (CET)[svar]
12 19. mar Vulkan Forslag 1:
Vulkan

Ein vulkan er ein opning eller sprekk i jordoverflata eller jordskorpa, som gjer at varm, smelta stein, oske og gassar slepp ut frå under overflata. Vulkansk aktivitet der stein vert kasta ut formar ofte fjell eller fjelliknande trekk over ein lengre periode.

Vulkanar finn ein vanlegvis der jordskorpeplater dreg frå kvarandre eller møter kvarandre. Ein midtoseanisk rygg, til dømes Den midtatlantiske ryggen, kan ha vulkanar som vert skapte av jordskorpeplater som dreg frå kvarandre. Eldringen i Stillehavet er døme på vulkanar skapt av møtande plater. Vulkanar kan dannast av mantelplummar. Desse såkalla heiteflekkane, til dømes ved Hawaii, kan dannast langt frå plategrensene. Heiteflekkvulkanar finn ein òg andre stader i solsystemet, særleg på steinplanater og månar. Les meir …


- Hogne (talk) 1. mars 2012 kl. 14:21 (CET)[svar]
Ja! --Ranveig (talk) 1. mars 2012 kl. 14:28 (CET)[svar]
Ja til vulkan. M. Haugen (diskusjon) 6. mars 2012 kl. 14:51 (CET)[svar]
13 26. mar Heavy metal Forslag 1:
Heavy Metal symbol

Heavy metal er ein sjanger innan rocken som utvikla seg seint på 1960- og 1970-talet, stort sett i England og USA. Med røter i bluesrock og psykedelisk rock utvikla dei første heavy metal-banda ein tjukk, og massiv lyd med forsterka og forvrengd gitar, lange gitarsoloar og kraftig rytme. Heavy metal vert ofte rekna som den mest ekstreme i form av lydstyrke, manndom og teatralske opptrede.

Tidlege heavy metal-band som Led Zeppelin, Black Sabbath og Deep Purple trekte til seg store publikum, men fekk ofte dårleg kritikk, noko som ofte har gått igjen i sjangeren opp gjennom åra. På midten av 1970-talet fjerna Judas Priest seg bort frå blues-innverknaden i musikken og var med på å ta sjangeren vidare. Motörhead innførte ei punkrock-kjensle med raskare tempo i musikken. Mot slutten av tiåret hadde heavy metal-sjangeren vorte populær verda over med tilhengarar som vart kalla «metalheads» eller «headbangarar».

I 1980-åra vart glam metal populært med band som Mötley Crüe. Undergrunnsmiljøa produserte derimot ein meir ekstrem og aggressiv stil kalla thrash metal som vart populær med band som Metallica, medan andre sjangrar som death metal og black metal hovudsakleg har vorte verande eit undergrunnsfenomen. Sidan midten av 1990-åra har populære stilar som nu metal, som ofte nyttar element av funk og hip hop; og metalcore, som blandar ekstrem metal med hardcore punk, vidareutvikla sjangeren. Les meir …


- Hogne (talk) 1. mars 2012 kl. 15:32 (CET)[svar]
Ja. Men utdraget er kanskje litt vel langt til å passa på framsider. Kva kan me best ta ut? --Ranveig (diskusjon) 17. mars 2012 kl. 09:39 (CET)[svar]
Eg fjerna det nyaste... Hogne (diskusjon) 19. mars 2012 kl. 16:56 (CET)[svar]
14 02. apr Jesu sju ord på krossen Påskeveka, forslag 1::
Krossfestinga, 1800-tals oljemaleri frå Chapel Nosso Senhor dos Passos , Porto Alegre, Brasil
Jesu sju ord på krossen er i kristen tradisjon ei samansetjing av sju utsegner som Jesus i følgje evangelietekstane i Det nye testamentet sa medan han hang på krossen.

Orda står ikkje i samanheng i evangelietekstane, og dei er henta frå alle dei fire evangelia. Matteusevangeliet har ei utsegn frå krossen, den same er med i Markusevangeliet. Lukasevangeliet har tre andre ytringar, og Johannesevangeliet atter tre andre.

Rekkjefølgja på Jesu sju siste ord varierer noko i ulike tradisjonar. Her er dei nummerert i samsvar med dansk-norsk tradisjon.

Orda har vore ein inspirasjon for mange meditasjonar og preiker for langfredagen. Det har òg vore skrive salmar og komponert musikkverk over dei sju orda.


-- Hogne 4. november 2011 kl. 12:10 (CET)[svar]

15 09. apr Fugletrekk Forslag 1: Lerker. Og vesle lerka, ho hev det so at finn ho ein tuvetopp fri for snjo, so kved ho i med sin finaste song, so trur ho på våren med einaste gong. Hogne 19. desember 2011 kl. 14:55 (CET)[svar]

Forslag 2: Fugletrekk. Aktuell: sesongen for observasjonar av dei som kjem eller flyg over har starta i april, artikkelen har meir allmenn interesse enn ein familieartikkel, og er dessutan ikkje rein omsetjing av artikkelen på en: --Roar 18. februar 2012 kl. 16:33 (CET)[svar]

Trekkfuglar
Enig dette er eit betre forslag! Hogne (talk) 1. mars 2012 kl. 14:30 (CET)[svar]
16 16. apr Akkadisk Forslag 1:
På ei gravering av kong Nebukadnessar II, står dei ei innskift på akkadisk. Kileskrift vart nytta.

Akkadisk er eit utdødd austsemittisk språk som var sterkt påverka av sumerisk. Akkadisk er ei fellesnemning på tre dialektar som er i nær slekt – gammalakkadisk, babylonsk og assyrisk. Det blei bruka i perioden frå omkring 2500 f.Kr. til det fyrste århundret etter Kristus i Mesopotamia og i dagens Syria. Dei siste århundra av levetida til språket blei det i stor grad utkonkurrert av arameisk, og blei til slutt bare bruka som skrift- og lærdomsspråk. Språknamnet er avleidd frå namnet på byen Akkad. Akkadisk var folkespråk og embetsspråk i Mesopotamia og i ein periode språket for internasjonal korrespondanse i Midtausten og Egypt. Les meir …


-Hogne (diskusjon) 20. mars 2012 kl. 08:45 (CET)[svar]
God idé, emnespreiing er flott. --Ranveig (diskusjon) 20. mars 2012 kl. 09:39 (CET)[svar]
17 23. apr Taksvale Forslag 1: Taksvale. Ein einsleg svale gjer litt sommar … Hogne 19. desember 2011 kl. 14:59 (CET)[svar]
18 30. apr Kristian Kvart Forslag 1:
Den eldre Kristian IV måla av Karel van Mander

Kristian Kvart (1577-1648) var konge av Danmark-Noreg frå 1588 til 1648.

Han førte i 1625 Danmark inn i den tyske religionskrigen, Tredveårskrigen, ei handling som endte med fiasko. Torstenson-krigen i 1643 endte med at Sverige fekk Jämtland, Härjedalen og Gotland.

Kristian IV er likevel rekna som ein av dei mest framifrå kongar i Danmark-Noreg. Han grunnla byane Christianshavn, Christianstad i Skåne og Christianopel i Blekinge, Glückstadt i Holstein, Christianssand og Konningsberg i Noreg. Då Oslo brann, flytta han byen nærare Akershus festning og i 1624 fekk Oslo namnet Christiania. Les meir …


-Hogne (diskusjon) 30. mars 2012 kl. 14:59 (CEST)[svar]
Gjerne det. --Ranveig (diskusjon) 30. mars 2012 kl. 15:13 (CEST)[svar]
God ide. --M. Haugen (diskusjon) 23. april 2012 kl. 02:26 (CEST)[svar]

Tredveårskrigen må endrast til Trettiårskrigen. Tredve er ikkje rett nynorsk. http://www.nob-ordbok.uio.no/perl/ordbok.cgi?OPP=tredve&nynorsk=+&ordbok=nynorsk --89.8.87.11 1. mai 2012 kl. 07:53 (CEST)[svar]

19 07. mai Jefferson Airplane Forslag 1: Jefferson Airplane -- Hogne (diskusjon) 23. april 2012 kl. 17:29 (CEST)[svar]
God idé. Me burde hatt desse artiklane: San Francisco Sound, Altamont Free Concert og Isle of Wight-festivalen, kanskje også små artiklar om dei ulike avleidde banda. --Ranveig (diskusjon) 29. april 2012 kl. 18:24 (CEST)[svar]
20 14. mai Norske dialektar Forslag 1: Norwich -- Hogne (diskusjon) 23. april 2012 kl. 17:31 (CEST)[svar]



Venleiken til «Lekamøya» trollbant «Hestmannen» og sette hans elskovshug i brann. Og solnedgangen minnar framleis om det.

Forslag 2: Kanskje vi skal tillate oss å leggje noko norsk på framsida 17. mai -veka? Kva med Hålogaland eller Norske dialektar ? Hogne (diskusjon) 30. april 2012 kl. 09:04 (CEST)[svar]



Målgreiner av norske dialektar
Dialekter er bra. Kanskje ingressen i artikkelen kan bli 5-6 linjer lenger? Mvh --M. Haugen (diskusjon) 9. mai 2012 kl. 08:38 (CEST)[svar]
21 21. mai Asger Jorn Forslag 1: Asger Jorn -- Hogne (diskusjon) 23. april 2012 kl. 17:35 (CEST)[svar]
Ja, god heimebakt artikkel. --Ranveig (diskusjon) 15. mai 2012 kl. 00:00 (CEST)[svar]
22 28. mai Norwich Forslag 1: Norwich Hogne (diskusjon) 13. mai 2012 kl. 22:13 (CEST)[svar]
Norwich er et fint forslag, men denne foreliggende ingressen/forsidebolken har IMHO gitt for mye vekt til én (viktig) enkeltsak fra 1100-talet. Det bør gjøres annerledes. --M. Haugen (diskusjon) 23. mai 2012 kl. 10:45 (CEST)[svar]
OK, ein viktig sak, men som du seier, det er nesten 1000 år gått! Det vart fint no. Hogne (diskusjon) 24. mai 2012 kl. 15:28 (CEST)[svar]
23 04. jun Hygiene Forslag 1: Hygiene
Handvask er ei enkel, men effektiv form for hygiene

Hygiene er eit ord som eigentleg står for helsesam livsførsel. Det kjem frå det greske ordet hygieiná (helse) og heng i hop med ordet hygieía (sund, helsesam). Hygiéia var den greske gudinna for helse og reinsemd.

Tankar om hygiene og hygieniske levereglar har lange tradisjonar hjå ulike folk. I Egypt fanst det så tidleg som for 2500 år sidan nedskrivne reglar for reinhald.

I dag er hygiene ein vitskap, og viktige bidrag til denne har kome frå Max von Pettenkofer, Robert Koch, Ignaz Semmelweiss, Joseph Lister og Florence Nightingale Les meir …


-- Hogne (diskusjon) 25. mai 2012 kl. 09:38 (CEST)[svar]
Veldig bra ide, men litt mange raude lenker? Mvh --M. Haugen (diskusjon) 28. mai 2012 kl. 20:35 (CEST)[svar]
Da har eg ordna 3 av 4 raudlenker, men sikkert etterlete meg litt språkvask. --M. Haugen (diskusjon) 29. mai 2012 kl. 12:28 (CEST)[svar]
24 11. jun Tonespråk Forsalg 1: Tonespråk.
Dei fire tonane i standard mandarin. Tala frå 1 til 5 representerer ulike tonehøgder, med 1 som den lågaste og 5 den høgaste.

Tonespråk er språk der informasjon om tone er ein del av den leksikalske representasjonen ved i det minste nokre leksem eller realiseringa av i det minste nokre grammatiske trekk. Det blant anna skandinaviske fenomenet tonelag minnar om tone, men skil seg frå tone ved berre å vere realisert i trykksterke stavingar, der tone blir realisert både i trykksterk og trykksvak posisjon.

Mandarin er eit døme på tonespråk, og språket har fire ulike leksikalske tonar. Orda for mor, hamp, hest og skjenne er etter Pinyin-transkripsjon: , , og . Les meir …


-- Hogne (diskusjon) 25. mai 2012 kl. 10:07 (CEST)[svar]
25 18. jun Hålogaland
Venleiken til «Lekamøya» trollbatt «Hestmannen» og fekk han til å brenne av elskovshug. Og solnedgangen minner framleis om det.

Forslag 1: Kva med Hålogaland rundt St.Hans? Hogne (diskusjon) 13. mai 2012 kl. 22:19 (CEST)[svar]

Ja, den er grei. --Ranveig (diskusjon) 18. mai 2012 kl. 12:23 (CEST)[svar]
26 25. jun Arne Jacobsen Forslag 1: På tide med ein ny danske?
«Svanen» til høgre og «Ægget» til venstre Foto: Lars Plougmann

Arne Jacobsen (1902 - 1971) var ein dansk arkitekt og formgjevar som var med og innførte modernismen i Danmark. Han har sett eit avgjerande preg på funksjonalismen og dansk arkitektur på 1900-talet og hatt innverknad på dansk arkitekturtradisjon heilt inn i våre dagar.

Mellom hans hovudverk innan arkitektur finn ein mellom anna Bellavista bustadområde i Klampenborg ved København, Århus rådhus, Radisson Blu Royal Hotel i København og Danmarks Nationalbank. Blant Jacobsens store verk som formgjevar finn ein mellom anna stolen «Myren» («Mauren») og lenestolen «Ægget». Les meir …


-- Hogne (diskusjon) 6. juni 2012 kl. 21:55 (CEST)[svar]
27 02. jul Håkjerringfiske Forslag 1: Håkjerringfiske Dei hadde ein heil Håkjerring liggande i fiskedisken forrige veke. At eg ikkje tok bilete av den då! Første gong eg smaka denne haien, og det smaka som ei mellomting av makrell og tunfisk. godt var det!
Håkjerring ved skutesida. Under kveitefiske har håkjerrig vorte fiska og avliva for å avgrense skaden på kveitelina. Foto: Ivar Arne Vartdal

-- Hogne (diskusjon) 20. juni 2012 kl. 08:56 (CEST)[svar]

Ja, dette er verkeleg ein superinteressant artikkel. Og du Hogne får gjera deg mange ærend til fiskedisken, aldri utan kamera. --Ranveig (diskusjon) 24. juni 2012 kl. 22:24 (CEST)[svar]
Ja, dette er wikipediansk særhet på sitt aller beste!! :-) Mvh --M. Haugen (diskusjon) 25. juni 2012 kl. 07:23 (CEST)[svar]
28 09. jul Bob Dylan Skal vi gjere som i fjor og lage ein musikk-sommar? Til dømes slik:

-- Hogne (diskusjon) 22. juni 2012 kl. 16:14 (CEST)[svar]

God idé. Vi liker seriekonsept. :-) Mbh --M. Haugen (diskusjon) 27. juni 2012 kl. 00:44 (CEST)[svar]
29 16. jul Joni Mitchell Skal vi gjere som i fjor og lage ein musikk-sommar? Til dømes slik:

-- Hogne (diskusjon) 22. juni 2012 kl. 16:14 (CEST)[svar]

God idé. Vi liker seriekonsept. :-) Mbh --M. Haugen (diskusjon) 27. juni 2012 kl. 00:44 (CEST)[svar]
30 23. jul Neil Young Skal vi gjere som i fjor og lage ein musikk-sommar? Til dømes slik:

-- Hogne (diskusjon) 22. juni 2012 kl. 16:14 (CEST)[svar]

God idé. Vi liker seriekonsept. :-) Mbh --M. Haugen (diskusjon) 27. juni 2012 kl. 00:44 (CEST)[svar]
31 30. jul King Crimson Skal vi gjere som i fjor og lage ein musikk-sommar? Til dømes slik:

-- Hogne (diskusjon) 22. juni 2012 kl. 16:14 (CEST)[svar]

God idé. Vi liker seriekonsept. :-) Mbh --M. Haugen (diskusjon) 27. juni 2012 kl. 00:44 (CEST)[svar]
32 06. aug Skulemål i Agder og Telemark Forslag 1:
I 2000 var det over 17 % som nytta nynorsk i Telemark, i 2011 hadde dette sunke til 10 %

Skulemålet i Agder og Telemark er delt mellom nynorsk og bokmål. Aust-Agder og Telemark var bland dei fyrste fylka i landet kor nynorsk vart teken i bruk som skulemål, Aust-Agder frå 1892 og Telemark frå 1898, medan Vest-Agder var noko seinare, frå 1906. I alle desse fylka fekk målet aukande oppslutnad i mellomkrigstida og kring Verdskrigen hadde målet ei sterk stilling i alle tre fylka, med kring ein tredel av skuleborna. Unnateke var byane og herada langs kysten, som heldt på bokmålet. Kring midten av 1950-talet byrja attergangen, og mot sluten av 1900-talet har nynorsken tapt terreng i dei midtre delane av fylka, medan målet framleis held stand i dei indre kommunane. Nest etter Oppland, har målet framleis den sterkaste posisjonen i Telemark av alle fylke utanom Vestlandet, men er òg det fylket kor målet har den kraftigaste attergangen dei siste ti åra.

Telemark er det fylket i Noreg med dei mest varierte måltilhøva, av di fleire viktige målmerke går gjennom fylket. Medan grenlandsmål høyrer til vikværsk og såleis fell under austnorsk, høyrer måla i sørvest til sørlege e-mål og såleis fell under vestnorsk. Les meir …


~ Hogne (diskusjon) 11. juli 2012 kl. 08:58 (CEST)[svar]
33 13. aug Opphavsrett Forslag 1:
Symbolet for opphavsrett
Opphavsrett er den retten skaparen av eit litterært, vitskapleg eller kunstnarisk åndsverk har til verket. Opphavsretten oppstår automatisk når det skapte verket oppnår verkshøgd, og treng ikkje blir hevda gjennom registrering eller liknande. Det er heller ikkje noko vilkår for å hevde opphavsrett at ein merkjer utgivingar av verket med copyright-symbolet (©). Når dette likevel ofte blir gjort er det for å gjere brukarar av verket merksam på opphavsretten, og dei avgrensingane den fører med seg med omsyn til utnytting av verket. Opphavsretten vernar utforminga av verket, men derimot ikkje idear, teknikkar, kunnskap eller metodar. Det er måten ideane, kunnskapen og metodane kjem til uttrykk gjennom opphavsmannen sin skapande innsats som blir verna, ikkje ideane, kunnskapen eller metodane i seg sjølve. Den som har skapt verket kan velje å la andre fritt få lov til å utnytte det, eventuelt at det kan utnyttast på visse måtar og på nærmare vilkår. Han kan òg velje å overdra opphavsretten heilt eller delvis. Vernet er tidsavgrensa.

Opphavsretten er ei grein innan immaterialretten, som regulerer rettar til ikkje-fysiske objekt.


Hogne (diskusjon) 10. juli 2012 kl. 13:44 (CEST)[svar]

34 20. aug Oktant Forslag 1:
Ein oktant. Foto: «Stahlkocher»

Oktant er eit geometrisk måleinstrument som først og fremst blir bruka i navigasjon. Namnet oktant kjem av at sjølve bogen på måleinstrumentet utgjer ein åttedels sirkel, og namnet reflekterande kvadrant viser til instrumentet brukar spegl for å doble den observerte vinkelen til ein fjerdedels sirkel. Oktantane kom i bruk som navigasjonsinstrument i 1730-åra og tok etterkvart over den rolla som kvadranten, og i mindre grad òg framleis jakobsstaven, hadde hatt tidlegare. Etter at måling av månevinklar kom i vanleg bruk kring 1760-åra, kom oktanten etterkvart til å tapa terreng for sekstanten, ettersom sekstantar kan måle vinklar på opp til 120 °, det vil seie 30 ° meir enn oktantar kan. I og med at oktantane var mykje billigare å framstille, fortsette likevel mange fiskefartøy og handelsfartøy å bruke oktantar til langt inn på 1800-talet.


~ Hogne (diskusjon) 10. juli 2012 kl. 13:50 (CEST)[svar]
35 27. aug Aram Khatsjaturjan Forslag 1: Aram Khatsjaturjan

Aram Khatsjaturjan (1903 - 1978) var ein sovjetisk komponist av armensk ætt. Khatsjaturjan komponerte symfoniar, klaverkonsertar, éin fiolinkonsert, éin cellokonsert, ballettar og mykje anna. Khatsjaturjan hadde ei oppriktig tru på sosialrealismen, og veik aldri langt frå prinsippet om at musikk skal vera forankra i det nasjonale og folkelege. Han komponerte med originale harmoniar, eksotiske rytmar og fargerik orkestrering. Dei to mest kjende musikkstykka hans i dag er den viltre sverddansen frå balletten Gajané og Adagio for Frygia og Spartakus frå balletten Spartakus. Les meir …

36 03. sep Sørsamisk
Jarle Jonassen

Eg gjer framlegg om Sørsamisk språk. Artikkelen sjølv er ikkje så stor, men det er undersider til kvart punkt. Denne veka er det eit sørsamisk arrangement i Tromsø, og det hadde vore artig å få sørsamisk på framsida til det. Det artikkelen manglar, er biletmateriale, og tekst (og støtteartikkel?) om revitaliseringsarbeidet. Trondtr (diskusjon) 20. august 2012 kl. 06:58 (CEST).[svar]

Artikkelen er lang nok og egnar seg godt på framsida. På Flickr legg det frie bilete av Jarle Jonsson, den best kjende sørsamen? Kan dei gjere nytten for illustrasjon?. [1] Hogne (diskusjon) 20. august 2012 kl. 08:26 (CEST)[svar]
Bilete ligg óg på Commons. Kan hende ingressen kan utvidast? (Sjå bokmål kor det óg ligg eit kart som kan nyttast)
Eg har endra litt på innleiinga, i tråd med merknadene mine under diskusjonen til hovudartikkelen. Inger Johansen (diskusjon) 28. august 2012 kl. 09:21 (CEST)[svar]
Synest ikkje det blir rett å ha bilde av ein enkeltperson her. Har begynt å legge inn bilde relaterte til sørsamisk språk på Commons. Fleire kjem, og eg oppfordrar andre til å gjera det same. Kanskje vi kunne ha eit skilt-bilde eller noko? -- Olve Utne (diskusjon) 29. august 2012 kl. 11:21 (CEST)[svar]
37 10. sep Slaget ved Wien Forslag 1:
Jan III Sobieski leidde Det polsk-litauiske samveldet som gjekk inn i slaget med samla styrke på 80 000 mann.

Slaget ved Wien fann stad den 11. og 12. september 1683 etter at Wien hadde vore kringsett av Det osmanske riket i to månader. Det var eit slag der Det tysk-romerske riket i lag med Det polsk-litauiske samveldet (Den heilage ligaen) stod opp mot Det osmanske riket ved fjellet Kahlenberg nær Wien.

Kringsetjinga starta den 14. juli 1683 med om lag 150 000 mann frå Det osmanske riket. Kringsetjingsstyrken bestod av 60 ortaer med janitsjarar (12 000 mann på papiret) med ein observasjonsarme på kring 70 000 mann som såg over landområda kring. Den heilage ligaen stilte med ein styrke på omlag 84 000 mann.

Slaget markerte den historiske slutten på ekspansjonen til Det osmanske riket i Europa. Slaget er òg kjend for det største kavaleriåtaket i historia.


~~ Aktuelt på sitt vis … -- Hogne (diskusjon) 28. august 2012 kl. 14:04 (CEST)[svar]
38 17. sep Hans Fallada Forslag 1: Hans Fallada
Tysk frimerke frå 1993 med bilete av Hans Fallada

Hans Fallada (1893–1947) var ein tysk forfattar. I sine politisk-sosiale romanar skildra han med skarp observasjonsevne, subtil humor og virtuos forteljarteknikk storbymiljøet i byrjinga av 1930-åra, kvar arbeidarar og småborgarar slit med kvardagslege problem i Weimarrepublikken. Dei mest kjende bøkene hans inkluderer gjennombrotsromanen Hva nå, lille mann? (1932) og Alle dør alene (1947). Hollywood filmatiserte Hva nå, lille mann?.

Fallada vart erklært som ein «uønskt forfattar» av dei nazistiske styresmaktene i 1935. Grunna økonomisk og anna press, tok han på seg skriveoppdrag frå Joseph Goebbels. Sjølv om han var motstandarar av regimet vart han etter krigen kritisert for å ha akseptert å endre verka sine. Fallada har heile tida vore ein populær forfattar i Tyskland, og i seinare år er han blitt meir kjent i utlandet. Alle dør alene vart utgjeven på norsk i 2011.


~~ Hogne (diskusjon) 31. august 2012 kl. 15:10 (CEST)[svar]
Ja. --Ranveig (diskusjon) 4. september 2012 kl. 14:46 (CEST)[svar]
39 24. sep Treskjeverk Forslag 1: Treskjeverk.
Drift av treskjeverk med hestevandring

Treskjeverk er ei maskin som tidlegare vart nytta for å skilja korn frå aksa. Maskina vart mata frå toppen, der det stod menn og skar av banda på kornbanda. Treskjeverket bestod av ein roterande sylinder (slagaren), som i ein vinkel på noko under 180° var omslutta av slagbrua. Kjernane vart skilde frå aksa ved at aksa vart gnidde mot kvarandre når dei passerte mellom slagaren og slagbrua.

Heilt frå arilds tid hadde kjernane vorte slegne laus frå aksa med ei sloge. Dette arbeidet var både tungt og tidkrevjande. På 1700-talet vart det utført eksperiment med å nytta hestar og vasskraft for tresking og i 1788 tok skotten Andrew Meikle ut patent på eit treskjeverk.

I Storbritannia førte innføringa av treskjeverk stundom til arbeidsløyse hjå jordlause arbeidarar Det var i 1830 og 1831 valdelege protestar, og 400 treskjeverk vart øydelagt. Myndigheitene reagerte med å hengja 19 av demonstrantane og 481 vart forviste til Australia.


~~ Hogne (diskusjon) 6. september 2012 kl. 10:53 (CEST)[svar]

40 01. okt Blowin' in the Wind «Blowin' in the Wind» kan kanskje passa til vindfulle haustkveldar? --Ranveig (diskusjon) 12. september 2012 kl. 19:52 (CEST)[svar]
Omlag slik?

Ei kvit due er eit fredssymbol som også blir brukt som bilete i songen: «Yes, 'n' how many seas must a white dove sail - Before she sleeps in the sand?»

«Blowin' in the Wind» er ein song skriven av Bob Dylan frå albumet The Freewheelin' Bob Dylan i 1963. Songen stiller ei rekkje retoriske spørsmål om krig, fred og fridom. Refrenget «The answer, my friend, is blowin' in the wind» har vorte skildra som «djupt fleirtydig: anten er svaret så opplagt at det rett føre augo dine, eller så er svaret like uhandgripeleg som vinden». I 1999 vart songen innlemma i Grammy Hall of Fame. I 2004 vart han rangert på 14. plass på lista til musikkmagasinet Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene.

«Blowin' in the Wind» har vorte skildra som ein hymne for borgarrettsrørsla i 1960-åra og vart ein av dei mest populære antikrigssongane i 1960-åra og under Vietnamkrigen. Under protestar mot Irak-krigen merka kommentatorane seg at protestantane nytta songar som «Blowin' in the Wind» i staden for å lage nye.

Melodien i «Blowin' in the Wind» er ei utgåve av den gamle negro spiritual-songen «No More Auction Block». Les meir …


Vi har ikkje artikkel om irakkrigen, eller antikrigsrørsla her på nnwiki. Hogne (diskusjon) 17. september 2012 kl. 11:52 (CEST)[svar]
OK. Eller antikrigssong er det vel me bør ha. Og Grammy Hall of Fame Award. --Ranveig (diskusjon) 18. september 2012 kl. 10:21 (CEST)[svar]
41 08. okt Firetusenmeterstoppar i Alpane Forslag 1 Firetusenmeterstoppar i Alpane
Det høgste fjellet i Alpane er Mont Blanc med 4 810 moh

Firetusenmeterstoppar i Alpane er ei liste over alle 82 sjølvstendige fjell over 4 000 meter etter UIAA si offisielle liste. Alle ligg på fransk, italiensk eller sveitsisk territorium og med unntak av Piz Bernina er alle å finne i Vest-Alpane.

Dei lokale klatreklubbane har utarbeidd reglene for kva toppar som skal med på lista. Alle toppar med ein primærfaktor på meir enn 30 meter blei inkludert og dessutan einskilde som har ein viktig plass innan alpinklatringa og/eller utgjer interessante landskapsformer. Døme er Mont Blanc de Courmayeur som har ein låg primærfaktor, men som ligg 600 meter i luftlinje frå Mont Blanc og som er av både morfologisk og klatreteknisk interesse. Det same gjeld Grand Pilier d'Angle som strekk seg opp på skuldra til Mont Blanc de Courmayeur. Alle toppar over 4 000 på Aiguilles du Diable og Grandes Jorasses er tatt med av di dei er svært markante og dessutan har spelt ei stor rolle i alpinklatrehistoria. Alle dei fem toppane på Breithorn er tatt med, då primærfaktoren er stor nok og dei står tilstrekkeleg spreidde til at dei kan reknast som sjølvstendige.

Det høgste fjellet i Alpane er Mont Blanc med 4 810 moh, følgd av Mont Blanc de Courmayeur (4 748 moh) og Dufourspitze (4 634 m). Les meir …


~~ Hogne (diskusjon) 17. september 2012 kl. 12:27 (CEST)[svar]
42 13. okt Devontida ==Forslag 1: Devontida==

(Tilfeldig valt frå Kategori:Moglege framsideartiklar)

Verda under devontida

Devon er ein geologisk periode i paleozoikum og omfatta perioden som starta for 416 ±2,8 millionar år sidan og enda for 359,2 ±2,5 millionar år sidan. Han er kalla opp etter Devon i England, der dei første bergartane frå denne perioden vart undersøkt. Paleogeografisk var perioden dominert av superkontinentet Gondwana i sør, kontinentet Siberia i nord og danninga av det vesle superkontinentet Euramerika i midten.

Under devon, som høyrer til paleozoikum, utvikla dei første fiskane føter og gjekk opp på land som tetrapodar for rundt 365 millionar år sidan. Forskjellige leddyr etablerte seg òg på land. Dei første frøplantene spreidde seg over land og danna store skogar. I hava vart det fleire primitive haiar enn i silur og sein ordivicium og dei første kjøtfinnefiskane dukka opp. Den første ammonittblekkspruten dukka opp og trilobittar, muslingliknande armføtingar og store korallrev var framleis vanleg. Seindevon-utryddinga råka det marine livet hardt. Les meir …

43 22. okt Egyptisk historie frå 1805 til 1882 Forslag 1 Egyptisk historie frå 1805 til 1882, eg fann denne som er omsett til bokmål og oppnådd "god artikkel" merking der. Hogne (diskusjon) 14. oktober 2012 kl. 23:02 (CEST)[svar]
Suez-kanalen vart opna i 1869

Egyptisk historie frå 1805 til 1882 er avgrensa av at Muhammad Ali tok makta i Egypt i 1805, og at britane tok kontrollen over landet i 1882.

Perioden baud på storstilt modernisering og gigantiske reformforsøk. I spissen for desse prosessane finn vi dei egyptiske visekongane, khedivane. Muhammad Ali, den første khediven, tok makta i 1805 og sette i gong tiltak som snart skulle gjere Egypt til ein av dei mest utvikla statane utanfor Europa. Desse programma, som bygginga av Suezkanalen, førte og til at staten brukte mykje pengar og sette seg i stor gjeld, og den svake økonomiske situasjonen medverka til at Storbritannia til slutt okkuperte Egypt i 1882.

44 29. okt Akrylfarge akrylfarge
45 05. nov Bobby Fischer Forslag 1: Bobby Fischer
17 år gamle Bobby Fischer under sjakk-OL i Leipzig i 1960

Bobby Fischer (1943–2008) var ein amerikansk sjakkspelar og stormeister i sjakk som vart islandsk borgar i 2005. Fischer vart kjend i tenåra for sjakktalentet sitt og i 1972 vart han den einaste amerikanske sjakkspelaren som offisiellt har vore verdsmeister i sjakk. I 1975 nekta han å forsvare tittelen då Verdssjakkforbundet FIDE, ikkje aksepterte alle 64 krava hans for å spele kampen. Fischer vert ofte trekt fram som ein av dei største sjakkspelarane gjennom tidene.

Fischer vart verdskjend i 1972 då han slo Boris Spasskij frå Sovjetunionen og vart verdsmeister. Kampen gjekk i ReykjavikIsland, og har ofte blitt kalla hundreårets sjakkamp. Dette mellom anna fordi kampen gjekk midt under den kalde krigen, der Fischer vart sett som den vestlege verda sin representant i kampen mot kommunismen og Austblokka. Uvisse om Fischer ville stille opp, og dei mange krava han kom med før og under kampen, førte også til mykje medieomtale. Les meir …


Hogne (diskusjon) 24. oktober 2012 kl. 09:01 (CEST)[svar]

46 12. nov Tropisk syklogenese Forslag 1: Tropisk syklogenese:
Orkanen Vince oppstod i dei tempererte subtropene under orkansesongen i Atlanteren i 2005.

Tropisk syklogenese er eit omgrep som skildrar utviklinga og forsterkinga av ein tropisk syklon i atmosfæren. Tropisk syklogenese involverer utviklinga av ein syklon med varm kjerne på grunn av kraftig konveksjon i ein atmosfære med dei rette tilhøva. Det er seks krav som må oppfyllast for å få starte ein tropisk syklogenese: varm nok havoverflate, atmosfærisk instabilitet, mykje fukt i lågare til midlare nivå i troposfæren, nok corioliskraft til å utvikle eit lågtrykkssenter, ei forstyrring i låge nivå må eksistere frå før, og ein må ha lågt vindskjer.

Tropiske syklonar har ein tendens til å utvikle seg om sommaren, men har oppstått til nesten alle tider av året i dei fleste tropiske havbasseng. Klimasyklusar som ENSO og Madden-Julian-oscillasjon påverkar kor tid og kor ofte tropiske syklonar utviklar seg. Ei kraftig avgrenseing for kor intense tropiske syklonar kan verte, er vasstemperaturen i områda han flyttar seg i (minst 26,5 °C ned til ei djupne på minst 50 meter). I snitt vert danna 86 tropiske syklonar verda over på eitt år, og 47 av desse utvikar seg til orkan styrke, og 20 vert intense tropiske syklonar (minst Kategori 3 på Saffir-Simpson-skalaen). Les meir …


~ Hogne (diskusjon) 25. oktober 2012 kl. 08:53 (CEST)[svar]
Aktuelt, ja. --Ranveig (diskusjon) 30. oktober 2012 kl. 23:03 (CET)[svar]
47 19. nov Sør-Georgia Forslag 1: Sør-Georgia
400 000 kongepingvinpar hekkar på Sør-Georgia, og i oktober kvart år kjem halvparten av dei 600 000 sørlege sjøelefantane i verda til øya for å yngle. Mal:Mini

Sør-Georgia er ei øy i Søratlanteren som høyrer til det britiske oversjøiske territoriet Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane. Argentina gjer krav på Sør-Georgia og resten av dei britiske territoria i Søratlanteren. Sør-Georgia har eit areal på 3 756 km² og er 170 km lang og 30 km brei. Det høgste punktet på øya er Mount Paget på 2 934 moh. I alt elleve fjelltoppar er høgare enn 2 000 moh. 75 % av øya er dekt av snø og is. Øya har ingen fastbuande, men har forsknngspersonell som er tilknytte museumsdrifta og forskingsstasjonane på Birdøya og King Edward Point.

Øya er ein av dei viktigaste hekke- og yngleplassane i Antarktis. Mellom anna ynglar 2,5 millionar pelsselar og 300 000 sørleg elefantselar på øya, og 2,7 millionar par gulltoppingvinar og 400 000 par kongepingvinar hekkar der. Norske kvalfangarar introduserte reinsdyr på øya, og Sør-Georgia er dermed den einaste staden i verda der ein kan sjå villrein saman med pingvinar. Les meir …


~ Hogne (diskusjon) 25. oktober 2012 kl. 08:38 (CEST)[svar]
48 26. nov Det tysk-romerske riket Forslag 1:Det tysk-romerske riket
Keisarkrona til Det tysk-romerske riket frå 900-talet

Det tysk-romerske riket ar ei nemning på det gamle tyske imperiet som oppstod frå det karolingiske Austfrankarriket900-talet og vara fram til 1806 under napoleonskrigane.

Områda riket dekka over varierte gjennom historia, men på det største dekka det dagens Tyskland, Austerrike, Sveits, Liechtenstein, Luxembourg, Tsjekkia, Slovenia, Belgia og Nederland, i tillegg til store delar av dagens Polen, Frankrike og Italia. Gjennom heile historia var Riket delt opp i hundrevis av mindre kongedøme, fyrstedøme, hertugdøme, grevskap, frie keisarbyar og andre einingar.

Napoleon Bonaparte kom til makta i Frankrike invaderte han Tyskland. Keisar Franz II la i 1806 ned krona som tysk-romersk keisar. På Wienerkongressen etter sigeren over Frankrike slutta dei tyske statane seg igjen saman i Det tyske forbundet (Deutscher Bund). Les meir …


Lita endring[endre wikiteksten]

I opplistinga av land som var del av riket står Sveits med liten forbokstav. Kan noen fikse det? Bombadil (diskusjon) 26. november 2012 kl. 10:27 (CET)[svar]

Fiksa, takk for rettinga. --Ranveig (diskusjon) 26. november 2012 kl. 10:49 (CET)[svar]
49 03. des Høgtalar Forslag 1: Høgtalar:
Dynamiske høgtalarelement i kabinett. Porten på venstre side, rett over basselementet, syner at rommet bak basselementet er ventilert (bassrefleks).

Høgtalar er ein akustoelektrisk omformar som konverterer frå elektrisk til akustisk energi (lyd). Høgtalarar arbeider i det for menneske hørbare området, som grovt sett dekkjer frekvensintervallet 20 Hz til 20 kHz.

Høgtalarar er meir kompliserte enn dei ser ut for. Dette heng saman med at dei er sett saman av eit elektrisk, eit mekanisk og eit akustisk system. Desse systema er tett kopla og må avstemmast slik at det akustoelektromekaniske systemet fungerer som tiltenkt. Plassering av høgtalarar og lyttarar i lytterommet er òg viktige faktorar for å oppnå så god attgjeving som mogeleg. Høgtalarar vert nytta til mange ulike føremål. Ein skil ofte mellom forbrukarhøgtalarar, høgttalarar til profesjonell bruk, lydforsterkingsystem, men det finst mange andre måtar å klassifiser bruksområda på. Les meir …


Nok ein grundig artikkel frå Sigmundg.
~ Hogne (diskusjon) 26. oktober 2012 kl. 09:48 (CEST)[svar]
50 10. des Richard Feynman
Richard Feynman

Richard Feynman (1918—1988) var ein framtredande amerikansk fysikar. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1956 for arbeidet sitt med kvanteelektrodynamikk.

Feynman kom med uvurderlege bidrag til teorien for kvanteelektrodynamikken. Han var ein inspirerande forelesar og amatørmusikar, han medverka til utviklinga av atombomba, og vart seinare medlem av kommisjonen som undersøkte Challenger-ulukka. Han er òg kjend for dei mange eventyra sine, som skildra i bøkene Surely You're Joking, Mr. Feynman, What Do You Care What Other People Think? og Tuva Or Bust!. Feynman var på mange måtar ein eksentrikar og ein fri fugl. Les meir …


Nobel-prisen blir delt ut på denne tida … Hogne (diskusjon) 25. oktober 2012 kl. 09:21 (CEST)[svar]
51 17. des Julehefte Forslag 1: I desse siste dagane før julekvelden kunne eg tenkt meg å ha Alf Prøysen på framsida. Han har skrive mange polulære julesongar på hedemarksdialekt. Artikkelen treng litt omsyn og aller helst ville eg hatt eit bilete av ei julekvelds-stjerne, ei musevise eller ein julbokk. Hogne (diskusjon) 5. november 2012 kl. 17:10 (CET)[svar]
Nokre eldre norske julehefte

Ein framifrå, forseggjort artikkel som heilt sikkert også vil duga i førjulstida. --Ranveig (diskusjon) 26. november 2012 kl. 10:55 (CET)»[svar]

Ja dete r ein fin artikkel. Eg laga eit forslag til framsidebilete. Hogne (diskusjon) 3. desember 2012 kl. 09:44 (CET)[svar]
52 24. des Evangeliet etter Lukas Jul, forslag 1:
Byrjinga av Lukas-evangeliet på gresk i eit bysantinsk manuskript frå rundt 1020.

Evangeliet etter Lukas er eit av dei synoptiske evangelia og er i den kanoniske rekkefølgja den tredje boka i Det nye testamentet. Boka inneheld mellom anna Juleevangeliet. Både språklege og teologiske fellestrekk viser at Lukas-evangeliet (Luk) og Apostegjerningane Apg har same forfattar. Evangelisten Lukas vert symbolsk framstilt som ein okse med eller utan venger.

Ifølgje bibelforskarar er det truleg at Lukas hadde to skriftlege kjelder, dels Markusevangeliet, dels ei tapt samling med jesusord, som vert kalla Q-kjelda. Andre forskarar har påstått at Lukas gir kvinner ei meir sentral rolle i historiene enn dei andre evangelistane. Forskarane er også samde om at Lukasevangeliet mest truleg er skrive i eit gresk miljø.


-- Hogne 4. november 2011 kl. 12:40 (CET)[svar]

1 31. des Fujian Forslag 1: Fujian
Fujian er rik på fjellandskap, og vert ofte omtala som «åtte delar fjell, ein del vatn, og ein del dyrka jord» (八山一水一分田).

Fujian er ein provins på søraustkysten av Kina. Fujian grensar til Zhejiang i nord, Jiangxi i vest, og Guangdong i sør. Øya Taiwan ligg i aust, bortom Taiwansundet. Namnet Fujian er ei samansetting av Fuzhou og Jianzhou (dagens Jian'ou), to byar i Fujian, danna under Tang-dynastiet. Den kinesiske enkeltteiknsforkortinga er 闽 for Min. Hankinesarar er i fleirtal, men provinsen er kulturelt og språkleg ein av dei mest mangleta provinsane i Kina. Han dekker ei flatevidd på 121 400 km2 og folketalet er kring 36 millionar. Fuzhou er hovudstad og største by i provinsen med om lag 7 millionar innbyggjarar. Provinsen er rik på fjellandskap, og vert ofte omtala som «åtte delar fjell, ein del vatn, og ein del dyrka jord» (八山一水一分田). Les meir …


Skal vi starte det nye året austpå?
~ Hogne (diskusjon) 26. oktober 2012 kl. 13:14 (CEST)[svar]