Wikipedia:Utvald artikkel/2014

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Utvald artikkel Bullet blue.png Kandidatar Bullet blue.png Kalender

Arkiv: 200420052006200720082009201020112012201320142015201620172018


I dag er det måndag, 17. desember 2018Oppdater sida


Veke 1
Newtons tredje lov: Når ei kraft verkar på ein lekam, verkar ei like stor og motsett retta kraft frå lekamen. Skøyteløparane vil begge skli bakover når den eine skyver den andre.

Newtons rørslelover er tre fysiske lover som i lag legg grunnlaget for klassisk mekanikk. Dei skildrar forholdet mellom ein lekam og kreftene som verkar på han, og rørsla desse kreftene skapar. Dei har vorte formulerte på mange måtar i løpet av dei nesten 300 åra sidan Isaac Newton først formulerte dei, og kan oppsummerast som følgjer:
1. Newtons første lov: Når resultanten av alle kreftene som verkar på ein gjenstand er lik null, er gjenstanden i ro eller i rørsle med konstant fart langs ei rett linje.
2. Newtons andre lov: Akselerasjonen til ein lekam er direkte proporsjonal til, og same retninga, som nettokrafta som verkar på lekamen og omvendt proporsjonal til massen til lekamen. Det vil sei at F = ma, der F er nettokrafta som verkar på lekamen, m er massen til lekamen og a er akselerasjonen til lekamen.
3. Newtons tredje lov: Når ei kraft verkar ein lekam, verkar ei like stor og motsett retta kraft frå lekamen.

Den newtonske mekanikken er i dag erstatta av spesiell relativitet, men er framleis nyttig som ei tilnærming når hastigheitene som er involvert er mykje mindre enn lysfarten. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 2
Uthola kano og stake er ein av måtane ein kan kryssa elva på. Foto: Philipp Roelli

Brahmaputra er ei av dei store elvane i Asia, om lag 2 900 km lang. Ho renn frå den autonome regionen Tibet i Kina, gjennom Arunachal Pradesh og Assam i nordaustre India, og deretter tvers gjennom Bangladesh. Der møter ho Ganga og munnar ut i Bengalbukta som Gangesdeltaet, det største elvedeltaet i verda. Elva er ei mykje brukt transportåre. Dei nedre delane er ei livsviktig vasskjelde for bønder, og er heilage for hinduar. Flaumane i elva kan samstundes vera kraftige og dødelege. Brahmaputra er ei av få store elvar som har ei tidvassbølgje.

Brahmaputra spring ut nær Kailasafjelllet, som er heilagt for hinduismen, buddhismen, djainismen og den tibetanske bön-religionen. Innan hinduismen finst det fleire myter om korleis Brahmaputra kan vera sonen til Brahma. Kalika Purana frå 900-talet fortel til dømes at han blei fødd som sonen til vismannen Shantanu og kona Amogha, og plassert mellom dei fire fjella Kailash, Gandhamadana, Jarudhi og Sambaka som ei vasskjelde til glede for himmelske skapningar og menneske. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 3
Solnedgang i nasjonalparken Sundarbans

Gangesdeltaet er verdas største elvedelta. Det ligg ved Bengalbukta i Bangladesh og India ved munningen av fleire elvar, ei av dei Ganga, som har gjeve namn til deltaet. Området er svært fruktbart, og brødfør fleire hundre millionar menneske. Det er også flatt og lågtliggande, og dermed utsett for naturtrugsmål som flaum og havstiging.

Deltaet er om lag 350 km breitt der det renn ut i Det indiske havet via Bengalbukta. Flatevidda varierer i ulike kjelder, frå 60 000 km² til 130 000 km². Dei tre elvane som møtest i deltaet er nedre Ganga, som heiter Padma eller Pôdda i Bangladesh, nedre Brahmaputra, (Djamuna eller Djomuna), og Meghna. Utløpet av Hugli, ei sideelv til Ganga, blir gjerne rekna som den austre enden av deltaet. Ved denne elva ligg dei indiske hamnebyane Kolkata og Haldia. Aust for Gangesdeltaet ligg Chittagong, ein anna viktig hamneby til Det indiske havet, medan hamna Mongla ligg midt i. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 4
Jens Tvedt i Norsk aarbok, 1935

Jens Tvedt (1857-1935) var ein norsk forfattar som for det meste skreiv på nynorsk. Han var fødd i Kvinnherad, og var lærar fram til 1899. I 1885 vart han tilsett ved Stavanger bibliotek, i 1901 vart han sjefsbibliotekar. Totalt skreiv Tvedt 25 bøker. Sjølv om han budde 50 år i Stavanger er miljøet henta frå eit fjordlandskap som minner om barndomens Sunnhordland. Frå 1919 fekk Tvedt statens forfattarløn.

Knut Hamsun skreiv i 1939: «Det må komme en samlet utgave av Jens Tvedts beste bøker. Han var en folkelivsskildrer av rang, ekte i sin kjensle og trøysom i sin fortellermåte. Ingen vil angre på å lese ham.» Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 5
Møte mellom dei franske og indianske leiarane rundt eit seremonibål.

Den franske og indianske krigen, ein del av den større konflikten Sjuårskrigen, vart utkjempa i Nord-Amerika mellom 1754 og 1763. Namnet «Den franske og indianske krigen» syner til dei to hovudfiendane til Storbritannia:: dei kongelege franske styrkane og forskjellige indianarstammer i Nord-Amerika. Konflikten var den fjerde kolonikrigen mellom Frankrike og Storbritannia, og førte til at Storbritannia erobra Canada. Resultatet av krigen var eit av dei viktigaste i løpet av ein hundreårsperiode med krig mellom dei to landa. Frankrike og Spania var allierte i krigen, og for å kompensere tapet til Spania av Spansk Florida til britane, gav Frankrike Louisiana vest for Mississippielva til Spania. Frankrike sine koloniar nord for Karibia vart redusert til småøyane i Saint Pierre og Miquelon og stadfesta Storbritannia som den dominerande kolonimakta i Nord-Amerika. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 6
Trondheim lufthamn Værnes ligg i Stjørdal

Stjørdal er ein kommune i Nord-Trøndelag fylke. Trondheim lufthamn Værnes ligg i Stjørdal. Namnet på kommunen kjem frå tettstaden og kommunesenteret Stjørdalshalsen. Stjørdal er rik på natur og kulturminne. Ein av dei mest kjende turistattraksjonane er Steinvikholm slottSkatval, der den siste norske katolske erkebiskopen, Olav Engelbrektsson, heldt til dei siste åra før han måtte flykte frå Noreg til Belgia. Det bur omlag 22 000 i Stjørdal som er kommunen med flest innbyggjarar i Nord-Trøndelag.

Hell stasjon er ein turistattraksjon på grunn av den morosame tydinga på engelsk: Godsekspedisjonen på Hell stasjon kan mistydast som «Hell Station; God's expedition». Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 7
Gapøya i Kvæfjord

Kvæfjord kommune (nordsamisk Giehtavuona suohkan) ligg i Troms som den vestlegaste kommunen i fylket. Kommunen ligg på Hinnøya, langs Kvæfjorden med dei mindre øyene Kvæøya og Gapøya.

Kvæfjord hadde eit innbyggjartal på 3 018 i april 2011. Av desse bur om lag halvparten i kommunesenteret Borkenes.

Kvæfjord er kjend for lange jordbrukstradisjonar og store avlingar med fine jordbær og poteter, og ikkje minst for bakverket kvæfjordkake, som er kåra til Noregs beste kake. Fjorden har tidlegare òg vore kjend for det gode sildefisket.

Tre område i kommunen er verna som naturreservat: Gapøy, Gapøyholman og Gullesfjordbotn. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 8
Gulating har fått sitt moderne minnesmerke i Eivindvik. Foto: Nina Aldin Thune

Gulen kommune ligg sørvest i Sogn og Fjordane. Kommunen har ei rik soge. Namnet kjem frå det norrøne Guli, dativ Gula, av noko uviss tyding. Gulatinget vart skipa i Gulen noko før år 900. Her samla høvdingar og storbønder frå heile Vestlandet seg for å avgjera rettstvistar og hylle norske arvekongar. Tingområdet gjekk på det meste frå Agder til Sunnmøre. Tinget er svært gamalt, det var forbilde for det islandske Alltinget då det vart oppretta i 930. Gulatinget vart halde i Gulen i om lag 400 år, gjennom borgarkrigstida og høgmellomalderen fram til det omkring 1300 blei flytt til Bergen.

Gulens betydning i eldre tider kjem av at det låg strategisk plassert nært både Hordaland og Sunnfjord, og ikkje minst tente Gulen som utgangspunkt for seglinga inn Sognefjorden til Sogn. Ved Dingenes i nordvest stod det eit slag i 978 der Håkon jarl overvann kong Ragnfred, siste son til Eirik Blodøks. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 9
Kronprins Haakon bur på Skaugum i Asker

Asker kommune er ein kommune i Akershus fylke. Folk frå Asker vert kalla «askerbøringar». Namnet «Asker» kjem opphavleg av treslaget ask.

Størsteparten av arealet er skogkledd og kupert. Jorda i Asker er særs god, og landbruk med husdyrhald har det vore drive i fleire tusen år. Frå midten av 1800-talet vart Asker dessutan ein av dei fremste hagebrukskommunane i Noreg, med stor produksjon av bær, frukt og grønsaker, og etter kvart blomar. Framleis har kommunen sterkt preg av å vere ein landbrukskommune. Men utbyggingspresset som fylgje av nærleiken til Oslo har vorte sterkt i siste halvparten av 1900-talet og framover i det nye hundreåret, og i mange høve er småhus, bustadblokker, næringsbygg og vegar bygt, og vert bygt, på det som tidlegare var dyrka mark. Asker har likevel det største arealet i heile Akershus fylke for profesjonell dyrking av grønsaker, bær og blomar på friland og i veksthus. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 10
Pynteblink frå Ravensburg frå 1714.

1714 markerte slutten på den verdsomspennande spanske arvefølgjekrigen gjennom fleire traktarar. Tsar-Russland ekspanderte, og vann ein viktig marinesiger mot Sverige i slaget ved Hangöudd. I Finland byja den store ufreden då landet blei invadert av Russland. Seinare på året braut den osmansk-venetianske krigen ut då Det osmanske riket erklærte krig mot Republikken Venezia.

Den dansk-norsk dronninga Charlotte Amalie og kurfyrstinne Sophia av Hannover, som ei tid var arving til den britiske trona, døydde i 1714. Kort tid etter døydde dronning Anne av Storbritannia. Stuart-dynastiet enda med henne, og hannoveranske monarkiet tok til med Georg av Hannover. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 11
Russiske svartehavsflåten ved slaget ved Sinope, 1853

Krimkrigen var ein krig utkjempa frå 1853 til 1856 mellom Russland på den eine sida og eit forbund mellom Frankrike, Storbritannia, Sardinia-Piemonte og Det osmanske riket på den andre. Krigen har namn etter Krimhalvøya, der dei fleste slaga stod, men det blei også kjempa vest i Tyrkia, i Austersjøen, Kvitehavet og i det russiske fjerne Austen.

Krigen slutta med russisk nederlag ved Sevastopol den 11. september 1855. Tsar Aleksander II, som hadde overteke styret då faren Nikolai I døydde 2. mars, underskreiv fredsavtalen ved Paris-kongressen den 30. mars 1856.

Blant dei best kjende hendingane under krigen er det fåfengde åtaket til den lette brigaden frå den britiske hæren, som blei vidkjend mellom anna gjennom Alfred Tennyson sitt dikt «The Charge of the Light Brigade». Krimkrigen var også eit ledd i utvikling av moderne krigføring, gjennom taktisk bruk av jernbane og telegraf, sjukepleie, gjennom arbeidet til Florence Nightingale og Mary Seacole, og nyhendereportasje gjennom krigskorrespondentar og fotografar. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 12
Bernhard Herre

Bernhard Herre (1812-1849) var ein norsk forfattar kjend for boka En Jægers Erindringer. Den vesle samlinga inneheld fem korte prosaperler med melankolske naturstemningar frå Herre sine mange og lange jaktturar i Nordmarka og på Krokskogen.

Etter at Herre var død innsåg Johan Sebastian Welhaven og Peter Christen Asbjørnsen at dei skissene som låg igjen etter han hadde såpass litterære kvalitetar at dei var verd ei utgjeving. Dei normaliserte nokre dialektuttrykk dei meinte ikkje passa i ei litterær tekst og gav i 1850 ut En Jægers Erindringer. Dei poetiske natursansingane til Herre har fascinert fleire generasjonar, og boka har kome ut i fleire opplag. I 1860-åra blei ho utgjeve på svensk i samlinga Skizzer från Norge. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 13
Dopplereffekten. Eit objekt flyttar seg frå høgre til venstre medan det sender ut bølgjer. Bølgjelengda blir kortare til venstre og lengre til høgre.

Dopplereffekten er endring i bølgjelengda (og difor frekvensen) til ei bølgje når kjelda er i rørsle i høve til ein observatør.

Christian Doppler analyserte denne effekten 1842 i ein monograf. Hypotesen blei først testa ut for lydbølgjer av den nederlandske vitskapsmannen Ballot i 1845. Han nytta eit jernbanetog og fleire hornblåsarar for å vise at tonehøgda var høgare når hornet nærma seg lyttaren og lågare når det fjerna seg. Fizeau oppdaga det same fenomenet hos elektromagnetiske bølgjer i 1848, uavhengig av Doppler og Ballot. I Frankrike blir effekten stundom kalla «effet Doppler-Fizeau».

Dopplereffekten er viktig innanfor astronomi, dopplerradarar og ekkokardiogram. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 14
Kantjendjunga sett frå Gangtok i Sikkim Foto: Siegmund Stiehler

Kantjendjunga er med ei høgd på 8 586 moh. det tredje høgaste fjellet i verda, det høgaste fjellet i India og det nest høgaste i Nepal.

Fjellet ligg på grensa mellom den tidlegare sjølvstendige staten Sikkim (no delstat i India) og det austlege Nepal og er det austlegaste av fjella over 8000 moh.

Fram til 1852 trudde ein at Kantjendjunga var det høgaste fjellet i verda, men utrekningar gjort av britiske forskarar i 1849 viste at det ikkje var tilfellet. George Band og Joe Brown, som var med i ein britisk ekspedisjon, var dei første som klatra til toppen, den 25. mai 1955. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 15
Oversyn over vekselverknad mellom partiklar i standardmodellen

Standardmodellen i partikkelfysikken er ein teori som skildrar dei tre naturkreftene fargekraft, svak kjernekraft og elektromagnetisme, og elementærpartiklane. Han inneheld dei lovene som styrer korleis partiklane og kreftene oppfører og utviklar seg. Dette er grunnlaget for korleis atom er bygde opp og knyt seg saman til molekyl, og dermed all vanleg materie rundt oss.

Standardmodellen er ein kvantefeltteori (QFT) som er konsistent med den spesielle relativitetsteorien. Kvantisering av bølgjefunksjonen er det som gjev opphav til partiklar. I standardmodellen er alle felt kvantisert. Standardmodellen skildrar ikkje gravitasjon og er dermed ikkje kopla til den generelle relativitetsteorien. Ein veit i dag at dei partiklane som i dag blir skildra av standardmodellen berre utgjer omtrent 2–4 % av all masse og energi i det observerbare universet. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 16
Det svarte anarkist-flagget med det uoffisielle symbolet til rørsla, ein A i ein sirkel.

Anarkisme tyder opphavleg 'fråver av styresmakt' og blir av mange oppfatta som ei retning innan sosialismen, som i tillegg til å vere mot kapitalismen også vil avskaffe staten. Anarkistar flest tar derfor avstand frå politisk verksemd i vanleg tyding, som går ut på å skaffe seg makt innanfor staten (sosialdemokratar, demokratiske sosialistar) eller opprette ein ny stat (kommunistar). I motsetnad til den sentralistiske staten som styrer ovanfrå gjennom eit hierarki, er tanken at det anarkistiske samfunnet skal byggjast etter ei horisontal organisering av friviljuge samanslutningar av suverene einskildmenneske. Desse samanslutningane skal vonleg greia å samarbeida til alle sitt sams beste gjennom ein føderasjon, etter prinsippet om å yta etter evne og få det ein treng. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 17
Afghansk gut i salvar kamiz. (Foto: Steve Evans)

Salvar kamíz, også kalla panjabidress, er ei sørasiatisk klesdrakt. Drakta er ein kombinasjon av vide, pysjamasaktige bukser (salvar) og ei noko lang og stundom vid skjorte (kamíz). Kleda kan brukast av både menn og kvinner, men har ulik utforming. Salvar kamízar for kvinner er som oftast fargerike og gjerne pynta med broderi, perler og finsaum. Kleda for menn er haldne i meir nøytrale fargar og har sjeldnare broderi.

Salvar kamíz er det mest utbreidde antrekket for både kvinner og menn i Pakistan, og ofte òg i Afghanistan. I India (særleg i Panjab) og Bangladesh er salvar kamíz svært utbreidd som antrekk for kvinner, og blir stadig meir brukt. Plagget blir sett på som meir praktisk og moderne enn den tradisjonelle indiske sarien (ein kan til dømes lett køyre moped med salvarbukser), og er i ferd med å bli standardantrekket for unge eller yrkesaktive kvinner i mange byar. Les meir ...
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 18
Tierra del Fuego graphic.jpg

Eldlandet (spansk: Tierra del Fuego) er ei øygruppe i Patagonia som dannar sørspissen av Sør-Amerika. Eldlandet er ein av dei sørlegaste stadene på jorda der det bur folk. Øygruppa har lenge vore folkesett av innfødde folkestammer, men vart oppdaga av Fernando Magellan i 1520. Dei innfødde stammene er i dag nesten utrydda på grunn av konfliktar med dei kvite og epidemiar av sjukdommar som dei kvite innførte. I moderne tid er øygruppa delt mellom dei to statane Argentina og Chile. Det bur omlag 135 000 menneskje på Eldlandet.

Eldlandet er skild frå fastlandet i nord ved Magellansundet, og øygruppa dekkjer 73 746 km². I øygruppa ligg øyar av alle storleikar, heilt ned til små holmar og skjér. Den klårt største av øyane er Storøya i Eldlandet som er delt mellom dei to landa. Lengst sør ligg Hermite-øyane med den vesle Hornos-øya. Sør-neset på Hornos er Kapp Horn, det sørlegaste punktet på øygruppa. Les meir ...
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 19
Cicignons plan for Trondheim etter bybrannen i 1681

Norsk planleggingshistorie har ein politisk og ein fagleg dimensjon som grip i kvarandre. Den politiske utviklinga går frå liberalisme til sterkare politisk styring og bygging av velferdsstaten, særleg etter andre verdskrigen, og vidare til nyliberalisme frå rundt 1980. Den faglege utviklinga går frå tidleg byplanlegging til den omfattande samfunnsplanlegginga me har i dag.

Frå det i hovudsak førindustrielle samfunnet førte teknisk utvikling, industrialisering og byvekst til store endringar og krav om større politisk ansvar for folks livsvilkår. Med arbeidarrørslas framvekst blei liberalismen avløyst av sosialdemokratiet. I løpet av krigsåra og ved Fellesprogrammet til stortingsvalet i 1945 viste dei politiske partia samla vilje til velstands– og velferdsutvikling og eit utvida syn på statens og kommunanes rolle og oppgåver. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 20
Eidsvollsamlinga, måla av Oscar Wergeland.

Den norske grunnlova er den høgste rettskjelda i Noreg. Andre åtgjerder som kjem i strid med denne, må vike. Grunnlova inneheld åtgjerder om statsforma, om menneskerettar, om den lovgjevande makta (Stortinget), den utøvande makta (regjeringa) og den dømmande makta (domstolane).

Kongeriget Norges Grundlov blei vedteken av Riksforsamlinga på Eidsvoll den 17. mai 1814 av 112 menn og sanksjonert av den valde kongen, Kristian Frederik (kronprinsen av Danmark), to dagar seinare. Ved stortingsvedtak 6. mai 2014 vart språket i grunnlova omsett frå 1800-tals dansk, slik at det no er to offisielle utgåver av lovteksten - éin på «tidsmessig bokmål» og éin på moderne nynorsk. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 21
Napoleon abdiserte og drog i eksil i 1814

1814 var eit år prega av enden på Napoleonskrigane, som førte til krigshandlingar og politiske omveltingar fleire stader i verda gjennom mellom anna Kielfreden, Gent-traktaten og wienerkongressen. Napoleon abdiserte og drog i eksil, og monarkiet blei gjeninnført i Frankrike. I Noreg vart unionen med Danmark oppheva, grunnlova vert vedteken og Noreg kom i ein ny personalunion med Sverige.

1812-krigen enda offisielt i 1814 då Gent-traktaten blei underskriven. Fredsavtalen symboliserte ei byrjing på samarbeid mellom dei tidlegare fiendane Storbritannia og USA. Både 1812-krigen og avsluttinga av han gav USA større tru på seg sjølv som maktnasjon. Dette var også året då den amerikanske nasjonalsongen «The Star-Spangled Banner» blei skriven. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 22
Utbreiinga av tyrkiske språk.

Tyrkiske språk er ei gruppe av minst 35 språk som vert snakka av om lag 2,5 % av menneskeslekta. Talarar av tyrkiske språk finst frå Middelhavet og Søraust-Europa i vest til Sibir og vestlege Kina i aust.

Av språkhistoriske grunnar vert språkfamilien delt inn i to grupper, tsjuvasjisk (ofte kalla den bolgarske greina av dei tyrkiske språka) på den eine sida, og alle dei andre tyrkiske språka på dei andre. Skilnadene dei to gruppene i mellom er framfor alt fonologisk, det er mogleg å rekonstruere alle andre tyrkiske språk enn tsjuvasjisk til same urspråk. Dei tyrkiske språka er svært like kvarandre. Etter at Sovjetunionen braut saman har Tyrkia byrja å sende TV-sendingar via satellitt inn i dei tyrkisktalande områda i Sentral-Asia. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 23
Styggedalstraversen

Jotunheimen er eit fjellmassiv som ligg sentralt i Sør-Noreg mellom Ottadalen i nord, Gudbrandsdalen i aust, Valdres i sør og Sogn i vest. I området ligg dei høgste fjella i Nord-Europa, Galdhøpiggen og Glittertind. Dei atten andre høgste toppane i Fastlands-Noreg ligg i Jotunheimen, med Vestre Tverråtind på 2309 moh som den «lågaste» av desse. Totalt har området over 80 toppar på over 2000 meter. Jotunheimen er eit populært turområde, og har eit godt utbygd hyttenett og mange merkte stiar. Den mest populære ruta i Jotunheimen er turen over Besseggen, som går mellom Gjende og Bessvatnet.

I 1980 vart Jotunheimen nasjonalpark på 1151 km2 oppretta. Nasjonalparken omfattar dei sentrale delane av Jotunheimen og Hurrungane med alle dei høgste partia.

Namnet Jotunheimen vart fyrst teke i bruk, i forma Jøtunheimen, av Aasmund Olavsson Vinje, som gjekk mykje i området i 1860-åra. Jotunheim var namnet på staden jotnane heldt til i norrøn gudelære. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 24
Plakat frå USA i 1917 retta mot jiddiskspråklege innvandrar. Plakaten, som viser innseglinga mot New York med Fridomsgudinna under ein regnboge i amerikanske fargar, speler på håpet innvandrarane har om eit betre liv i det nye landet sitt, og oppfordrar dei no til å støtta det gjennom å ikkje sløsa med mat.

Innvandring viser til det å kryssa statsgrenser for å busetja seg i eit anna land enn det ein tidlegare har budd i. Omgrepet «innvandrar» kan dermed visa til menneske som har vandra inn i eit land og i nokre høve også til etterkomarar etter dei. Vandring mellom ulike samfunn har eksistert sidan før det blei oppretta statsgrenser, men ulike område har hatt ulike mengder og typar innvandring til forskjellige tider. Mottakarsamfunn har veksla mellom å oppmuntra til og avgrensa eller prøva å stoppa innvandring.

Kven ein definerer som innvandrar kan variera. Ein skil ofte mellom innvandring og grensekryssing med kortare opphald som mål, til dømes ved turisme, utdanning, korte arbeidsopphald eller andre vitjingar, men enkeltpersonar kan gå mellom dei ulike kategoriane slik at eit fullstendig skilje kan vera vanskeleg. Generasjonsmessig avgrensing kan også vera ulik. I visse land kan ein rekna nokre grupper innbyggjarar som innvandrarar, og i nokre høve også statslause, sjølv om dei har budd der i generasjonar. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 25
Andrzej Panufnik

Andrzej Panufnik (1914–1991) var ein polsk-britisk komponist, pianist og dirigent fødd i Warszawa. Musikken hans var prega av eit fritonalt tonespråk, men med inspirasjon frå polske folketonar.

I 1937 kom Panufnik til Wien for å studera under Felix Weingartner. Han studerte også musikken til komponistane av den andre wienerskulen, men mislika tolvtonemusikken til Arnold Schönberg og læresveinane hans. I nokre månader budde Panufnik òg i Paris og i London, og komponerte sin fyrste symfoni.

Under den tyske okkupasjonen av Polen under andre verdskrigen opptredde Andrzej Panufnik i ein pianoduo i kaféar rundt om i Warszawa. Panufnik komponerte også motstandssongar mot det tyske regimet, som vart populære blant mange polakkar i motstandsrørsla. I tillegg komponerte han ein Tragic Ouverture og ein ny symfoni. I 1944 flykta han frå Warszawa saman med den sjuklege mor si, rett før Warszawaoppstanden. Våren 1945 vendte han attende til eit Warszawa i ruinar for å gravleggja bror sin. Då han oppsøkte den gamle bustaden sin, fann han at alle komposisjonane som var i bustaden hans hadde blitt brukt som brennstoff på bål. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 26
Bilete av kjende bygg i Pisa frå 1830-åra.

Pisa er ein by i Italia ved elva Arno og Liguriahavet. Han er hovudstad i provinsen Pisa i regionen Toscana og har om lag 90 000 innbyggjarar. Byen er særleg kjend for det skeive tårnet som står her.

Romarane omtalte byen som gammal. Den maritime rolla til Pisa var viktig alt i antikken, og i følgje antikke forfattar vart rostrum, den spisse stamnen på krigsskipa deira, funne opp her. Han var då den einaste hamnebyen langs kysten frå Genova, som då berre var ein liten landsby, til Ostia. Dei siste åra under Romarriket forfall truleg ikkje Pisa i same grad som mange andre byar i Italia, truleg på grunn av at det omfattande elvesystemet gjorde han relativt lett å forsvare. Pisa utvikla seg som handels- og hamneby og vart det største handelssenteret mellom Toscana, Korsika, Sardinia og sørkysten av Frankrike og Spania. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 27
Fiskekrokar.

Ongul eller fiskekrok er ein meir eller mindre bøygd gjenstand som er festa til eit snøre for å fange fisk. Han er laga av eit relativt hardt materiale og er spiss i den eine enden. I andre enden vert det til vanleg festa eit snøre. Spissen har ofte mothake som vert kalla agnhald eller agnor.

Menneska har laga fiskekrokar av materiale dei har rådd over. Ein finn dei av tre, bein, skjel, stein og ulike metall. Onglane har over lang tid hatt same grunnforma: Ein heller lang legg med eit auge, eller ei plate, til å feste snøre i. Så har ongulen ein bøy opp mot spissen. Det finst enkle onglar laga for linefiske, doble for til dømes flugefiske og tredoble onglar laga for pilkar og fiskeslukar. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 28
Stein til minne om Eidsivatinget.

Eidsvoll er ein kommuneRomerike i Akershus fylke. Kommunen ligg kring sørenden av innsjøen Mjøsa og øvre del av elva Vorma som renn ut av Mjøsa.

Eidsvoll har markert seg på ymse vis i gamal og ny tid. I meir enn 600 år, i den seinaste parten av vikingtida og mellomalder, vart Eidsivating halde på staden Tingvoll attmed Eidsvoll kyrkje. Dette tinget, som opphavleg hadde vore samla på Åker i noverande Hamar kommune, var eit av dei viktigaste lagtingaAustlandet.

Eidsvoll er elles vidgjeten for at det var her den norske grunnlova vart utarbeidd og vedteken i 1814, i det huset på Eidsvoll Verk som no går under namnet Eidsvollsbygningen. Kommunevåpenet, som syner ei skålvekt i gull mot ein grøn bakgrunn og vart godkjend i 1987, har å gjere med den plassen Eidsvoll etter dette har i soga i både gamal og ny tid når det gjeld rettsskipinga, då skålvekta er eit symbol på rettferd og rettvise avgjerder. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 29
Sognefjorden sett frå Leikanger.

Leikanger er ein kommune i Sogn i Sogn og Fjordane fylke som ligg på nordsida av Sognefjorden.

Leikanger er ein fruktkommune og er samlingspunkt for mykje av frukthandelen i Sogn. I 1919 bygde Halvard Drægni ein konservesfabrikk her. Denne vart overteken av Lerum AS i 1982 og ombygd til brusfabrikk i 1993, men seinare lagd ned. I dag er den gamle fabrikken bygd om til fleirbrukshall og handelssenter kalla Saften, med matbutikk, bokhandel, frisør, sportsbutikk, bibliotek og fleire klesbutikkar. Sogn Avis og mikrobryggjeriet Balder Brygg held også til her. Leikanger Næringshage husar fleire små verksemder. I tillegg til dette finn ein mellom anna bensinstasjon, bank, bilverkstad, gartneri, byggevare, sportsbutikk, matbutikk, bruktbutikk og spa i Leikanger kommune. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 30
Keisar Franz Josef teikna av József Rippl-Rónai i 1914.

1914 var året då verdas første indirekte blodoverføring fann stad, Panamakanalen og den utvida Kaiser-Wilhelm-kanalen (Kielkanalen) opna, og Noreg feira grunnlovsjubileum med ei stor jubieumsutstilling. Men ulukker venta, som då det påstått særs trygge linjeskipet «Empress of Ireland» gjekk ned i St. Lawrence-elva etter ein kollisjon med det norske lasteskipet «Storstad», og over tusen menneske omkom i den største skipsulukka ein til då hadde opplevd.

Ulike valdsepisodar som Ludlowmassakren i Colorado, Tampico-affæren i Mexico og drapetLe Figaro-redaktøren Gaston Calmette bleikna mot skota i Sarajevo som drap den austerriksk-ungarske tronarvingen og kona hans, og følgjene av dei. Julikrisa som følgde gav anti-serbiske opptøyar, europeisk mobilisering og krigserklæringar mellom storparten av landa i Europa i det som skulle visa seg å bli den første verdskrigen. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 31
Karnilshaugen

Gloppen er ein kommune i Sogn og Fjordane, ved fjorden Nordfjord. Kommunesenteret er Sandane.

Garden Hauge i Gloppen er mest kjend for den største tinghaugenVestlandet, Karnilshaugen. Haugen ruvar godt i terrenget og frå han har ein utsyn over heile Gloppefjorden. Karnilshaugen er sju meter høg, og har ein diameter på 50 meter. Haugen er truleg ikkje ein gravhaug, men eit astronomisk merkje. Karnilshaugen er det fyrste punktet som får sol ved vintersolkverv, då sola skin gjennom eit skar i fjellet i sør. Det same skjer ved sommarsolkverv då toppen av haugen står i sol medan områda kring er skuggelagd av fjella. Det er ikkje kjent at det finst liknande stader med tilknyting til solfenomen ved solkverv i Norden. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 32
Fedje

Fedje (uttale «Feie») er ein kommune i Hordaland fylke, ytst ved havet i Nordhordland. Kommunen har ei hovudøy, Fedje, og om lag 125 småøyar og holmar. Kommunen er ikkje landfast og ein er avhengig av ferje for å koma seg dit.

Fedje er ein flat og vindfull stad, og landskapet er kjenneteikna av lite skog. Mest heile øya er dekt av myr- og lyngheilandskap, små vatn og tjørner. Tidlegare vart det drive omfattande torvdrift på øya, og det vart til og med bygd ei toglinje som tok torva til hamna i Stormark. Torvdrifta tok slutt omkring 1920, men framleis er landskapet og vegetasjonen prega av denne drifta. Myrlandskapet har gjeve Fedje eit særpreg og sjølv oppe på åsryggane finn ein fleire stader opp til to meter tjukke myrlag. Dette terrengdekkande myrlandskapet er mest vanleg i Irland, Wales og vestlege delar av Skottland. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 33
Woody Guthrie

Woodrow Wilson «Woody» Guthrie (14. juli 1912 - 3. oktober 1967) var var ein amerikansk visesongar med eit sterkt solidarisk og politisk tilsnitt til venstre. Amerikansk populærmusikk vart gjenreist og etablert av Woody Guthrie med spesielt den mest kjende songen hans som «This Land is Your Land». «Denne maskina drep fascistar», hadde han skrive på gitaren sin som eit motto for songane sine; «folket sine eigne songar», som han kalla dei.

Seinare artistar som Bob Dylan og Bruce Springsteen har vidareført arva Guthrie etterlét seg, men òg andre artistar som Phil Ochs, Pete Seeger er ein del av den arva. Guthrie sjølv bygde på den rike amerikanske folkemusikken og fagforeiningane sine songtradisjon der Joe Hill står sentralt. Tydinga hans for den populære, men òg samfunnsmedvitne songtradisjonen i USA kan ikkje overvurderast.

Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 34
Informasjon

Informasjon er eit omgrep som har ulike tydingar i ulike kontekstar. Det heng nært saman med omgrep som meining, kommunikasjon, kunnskap, data og representasjon. Same informasjonen kan representerast på fleire ulike måtarMellom anna skilt der same informasjonen er representert på fleire språk, med tre ulike alfabet. Informasjon kan representerast på ulike abstraksjonsnivå, med ulik fysisk og logisk representasjon. Det er fyrst i det siste hundreåret at vitskapen har kjent til at informasjon treng ein fysisk representasjon. Då dei fleste religionane utvikla seg, for nokre tusen år sidan, var ikkje dette kjent. Dei fleste religionane postulerte difor at livet ville ta til på nytt i ei eller anna form, etter at ein døyr, men det er uklårt kva som var tenkt å skje med informasjonen (vitet og erfaringane) til den som livna opp att. For å fungera måtte informasjonen til alle noverande og tidlegare individ mellomlagrast ein eller annan stad (ein slags sikkerheitskopi).

Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 35
Hersketeknikk

Hersketeknikk er ei nemning for metodar ein person eller ei gruppe kan bruka for å audmjuka, «psyka ned» og herska over andre personar eller grupper. Hersketeknikkar kan bli utøvde gjennom tale, stemmeleie, kroppsspråk og andre former for kommunikasjon. Dei blir brukte på alle arenaer der menneske utøver makt: i familieliv, arbeidsliv, politikk og samfunnsliv. Omgrepet blei først lansert i 1945 av psykolog og filosof Ingjald Nissen. I 1981 populariserte sosialpsykolog og tidlegare SV-leiar Berit Ås. Ho reduserte Nissens opphavelege ni teknikkar til fem og hevda at desse berre var noe menn kunne gjere mot kvinner. Sidan den tid har omgrepet «hersketeknikk» vore ein del av det norske allmenspråket, og det har også blitt kjent i ei rekkje andre land. Ås såg omgrepet i eit kjønnspolitisk og samfunnsmessig perspektiv. Seinare har tydinga blitt utvida - og etter nokre si meining utvatna - til å gjelda psykososial maktutøving på ei rekkje område. Ein kan også seia at forståinga av hersketeknikkane har blitt individualisert. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 36
Paul Robeson kring 1930

Paul Robeson (1898-1976) var ein amerikansk barytonsongar og skodespelar som også markerte seg som aktivist for borgarrettar og sosialisme. Som skodespelar utmerkte Robeson seg med rolla som Joe i musikalen Show Boat, der han la lista med si framføring av «Ol' Man River», og med tittelrolla i Othello av Shakespeare. Som songar var han særleg kjend for sine spirituals, som han spelte inn på grammofon og turnerte med i ei rekkje land. Han vitja Oslo i 1949.

Etter at andre verdskrigen braut ut heldt Robeson seg i USA, der han blei framheva som Amerikas «no.1 entertainer» og samstundes uglesett for sine politiske haldningar. Som ihuga borgarrettsforkjempar og støttespelar for fagorganiseringar og kommunisme blei han svartelista frå media og gjeven utreiseforbod frå USA. I 1958 blei utreiseforbod mot mistenkte kommunistar oppheva av høgsteretten i USA og han la ut på ein verdsturné. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 37
Navier-Stokes-likningane

Navier-Stokes-likningane er eit sett av likningar som skildrar rørsla til ei væske eller ein gass, og er kalla opp etter Claude-Louis Navier og George Gabriel Stokes. Dei er nokre av dei mest nyttige likningane ein har, fordi dei skildrar fysikken i mange forskjellige fenomen av akademisk og økonomisk interesse. Dei vert nytta for å skildre vêret, havstraumar, vasstraum i røyrleidningar, rørslene til stjerner i ein galakse, og luftstraum rundt ei vengje. Desse likningane, både den fulle utgåva og enklare utgåver, vert derfor brukt i design av luftfartøy og bilar, i studiet av blodkrinslaup, design av kraftstasjonar, analyser av kva effekt forureining har osv. I lag med Maxwell-likningane kan dei òg brukast til å modellere og studere magnetohydrodynamikk. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 38
Johhny Cash frå ein konsert i fengelset San Quentin i 1969

Johnny Cash (1932-2003) var ein velkjend musikar og skodespelar frå Arkansas i USA. Stilen hans spenner over eit vidt spekter, med element av country, rock and roll, blues og spirituals. Cash var kjent for si fyldige baryton-røyst.

Johnny Cash vaks opp under den store depresjonentrettitalet, og arbeidde på familiegarden der dei dyrka bomull, soya, mais og grønsaker. Opplevingane frå denne tida, knytt til fattigdom og ved eitt høve, flaum, har gjeve attklang i songane hans. Ei anna skilsetjande hending var dødsulukka der den to år eldre broren Jack blei kvesta i ei sag. Dødsfallet hans over ei veke seinare gjekk sterkt inn på Cash. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 39
Kostyma til ein assyrisk ypparsteprest til venstre og ein konge til høgre.

Det nyassyriske riket var eit rike i Mesopotamia som byrja i 934 f.Kr. og enda i 609 f.Kr. I løpet av denne perioden tok Assyria ein posisjon som den mektigaste nasjonen på jorda, og overgjekk Babylonia, Egypt, Urartu/Armenia og Elam i dominansen av Midtausten, Anatolia, Kaukasus, Nord-Afrika, og den austlege delen av Middelhavet. Ein del forskarar har vurdert det nyassyriske rike som det første reelle imperiet i historia til menneska.

Det nyassyriske riket vart til sist overvunne av ein samanslutning av babylonar, medarar, skytarar og andre i slaget ved Ninive i 612 f.Kr. Seinare vart både Babylonia og Assyria provinsar av Persarriket. Sjølv om assyrarane under kongedømmet til Asurbanipal øydela den elamittiske sivilisasjon, fekk den assyriske kulturen ein innverknad på det etterfølgjande riket til mederane og persarane, indoeuropeiske folk som tidlegare hadde vorte dominerte av Assyria. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 40
Marinelli-isbreen

Storøya i Eldlandet er ei øy nær sørspissen av Sør-Amerika, skilt frå kontinentet av Magellansundet. Den vestlege delen av øya ligg i Chile, i provinsane Tierra del Fuego og Antártica Chilena. Den austlege delen av øya høyrer til Argentina, i provinsen Tierra del Fuego, Antártida e Islas del Atlántico Sur. Øya utgjer størstedelen av landmassane i øygruppa som heiter Eldlandet (Tierra del Fuego).

Storøya i Eldlandet har ei flatevidd på 47 992 km², noko som gjer henne til den 29. største øya på jordkloten. Storøya er det viktigaste busetnadsområdet i heile øygruppa Eldlandet. Til saman bur det over 130 000 menneske på Storøya. Av desse lever over 120 000 på den argentinske delen, der dei største byane ligg. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 41
Genesis i 2007

Genesis er ei engelsk rockegruppe som vart danna i 1967. Bandet består i dag av dei tre lengstvarande medlemmane - Tony Banks (klaverinstrument) og Mike Rutherford (bass, gitar), som var med på å starte bandet, og Phil Collins (vokal, trommer), som kom med i bandet i 1970. Dei tidlegare medlemmane Peter Gabriel (vokal, fløyte), Steve Hackett (gitar) og Anthony Phillips (gitar), har òg spelt store roller i bandet i dei første åra av bandet. Genesis er av dei 30 mestseljande banda i verda og har seld kring 150 millionar album verda over.

Bandet var på høgda på 80-talet med studiealbum som Duke, Abacab, Genesis og Invisible Touch og singlar som «Mama», «That's All», «Taking It All Too Hard» «Throwing It All Away», «In Too Deep», «Tonight, Tonight, Tonight» og «Land of Confusion». Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 42
Nordlandsbåtar

Tradisjonelle bruksbåtar er ei vanleg nemning på båttypar som var i bruk fram til motoriseringa av fiskeria. Ein skil mellom austnorsk og vestnorsk båtbyggartradisjon.

Kjenneteikn på austnorske båtar er at dei er breie og djupe; gode å segle, men tunge å ro. Det vert brukt rorkultroret. I området der ein brukar desse båtane er skiljet mellom flo og fjøre lite. Ein har mindre trong om å drage dei på land. Det er difor ikkje noko krav om at båtane skal vere lette. Den austnorske båttradisjonen er ein del av ein tradisjon som og omfattar Bohuslän og Kattegatområdet.

Vestlandsbåtar er smalare, lettare og meir lettrodde samanlikna med austnorske båtar. Overgangen mellom kjøl og stamn er meir avrunda ved at det vert innsett eit overgangstykke, lottet eller stemnet. Dei vestnorske båten er bygde av færre bord enn austlandsbåtane. På vestnorske båtar finn ein til vanleg keipar og firkanta årar som ikkje vert vridde under roing. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 43
Den antarktiske halvøya

Den antarktiske halvøya er den nordlegaste delen av fastlandet i Antarktis. Ved overflata er ho den største halvøya i Antarktis og strekkjer seg 1300 km frå ei linje mellom Cape Adams (Weddellhavet) og eit punkt på fastlandet sør for Eklund Islands. Under isdekket som dekkjer Den antarktiske halvøya består ho av ei rekkje øyar som er skild av djupe kanalar. Kanalane er dekte av isen, men botnen av dei ligg godt under havnivå. Eldlandet, den sørlegaste delen av Sør-Amerika, ligg berre kring 1000 km unna på andre sida av Drakesundet.

Det ligg for tida mange forskingsstasjonar på Den antarktiske halvøya og fleire nasjonar har gjort krav på området. Halvøya er ein del av dei overlappande kravområda til Argentina, Chile og Storbritannia. Ingen av desse krava er internasjonalt anerkjente og dei respektive landa følgjer ikkje i dag aktivt opp desse krava. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 44
Ballhuseiden i nasjonal-forsamlinga den 20. juni 1789. Måleri av Jacques-Louis David.

Nasjon har sidan den franske revolusjonen si tid blitt brukt om ei gruppe menneske som kjenner seg i slekt ved visse felles politiske og kulturelle trekk, og somme tider ved ei førestilling om eit felles genetisk og historisk opphav. Vanlegvis er nasjonar knytte til eit avgrensa territorium og dannar her eigne nasjonalstatar eller dei har eit ønskje om å danna ein eigen stat. Nasjonane utviklar også ein eigen nasjonalkultur, der særtrekk i høve til andre blir framheva, og eigne nasjonale symbol og ritual, som nasjonalflagg, nasjonalsongar, nasjonaldagar osb. I tillegg til desse moderne tydingane av nasjon har ordet også ein lang førmoderne tradisjon. I antikken vart t.d. både jødane, grekarane og romarane rekna som eigne nasjonar eller folk. I mellomalderen voks det fram kongedøme med forholdsvis faste grenser, til dømes Frankrike, England og Noreg. Men desse samfunna skilde seg mykje ut frå dei moderne nasjonane. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 45
Pave Pius VII

Pave Pius VII (1740-1823) var pave frå 14. mars 1800 til han døydde i 1823. Han var den 251. i paverekkja. Sentralt i pavetida hans var tilhøvet til Frankrike under Napoleon, som hadde stor makt over pavestaten.

Paven og regimet til Napoleon inngjekk avtalen kjend som Konkordatet i 1801. I 1804 blei Pius VII tvinga til å reisa til Paris for å krona Napoleon til keisar i ein seremoni der Napoleon sjølv sette krona på hovudet sitt. I 1806 erklærte Napoleon at ettersom han var keisar, var paven de facto undersåtten hans, og han forventa at paven ville gripa inn mot motstandarane til Napoleon som oppheldt seg i Kyrkjestaten. Frå 1808 okkuperte styrkane til Napoleon denne staten. Natt til 6. juli 1809 blei paven arrestert og halden i fangenskap i nesten fem år. I denne tida forsøkte Napoleon ei rekkje gonger å få makt over den katolske kyrkja. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 46
Al-Jazira

Al-Jazira eller Øvre Mesopotamia er namn nytta på høglandet og den store sandura nordvest i Irak, nordaust i Syria og søraust i Tyrkia . Det strekkjer seg sør frå fjella i Anatolia, aust frå åsane på venstresida av Eufrat, vest frå fjella på høgresida av Tigris. Namnet tyder 'øy', og synte ein gong til landet mellom dei to elvane. Dei store busetnadane er Mosul, Deir ez-Zor, Ar-Raqqah, Al-Hasakah, Al-Busayrah, Diyarbakır og Qamishli.

Al-Jazirah er eit særs viktig arkeologisk område. Det er i dette området ein har funne dei første teikna på jordbruk og temming av dyr, og dermed startpunktet til dei første siviliasjonane og den moderne verda. Al-Jazirah omfattar fjellet Karaca Dağ sør i Tyrkia, der den næraste slektningen til moderne kveite framleis veks vilt. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 47
Angela Georgina Burdett-Coutts

Angela Burdett-Coutts (1814-1906) var ein engelsk velgjerar og ei av dei rikaste kvinnene i Storbritannia i Storbritannia. Gjennom eit langt liv støtta ho ei rekkje veldedige føremål innan utdanning, helsevesen, økonomisk utvikling og religion, gav hjelp til fattige og naudstilte og reiste fleire bygningar og minnesmerke.

Etter at ho blei myndig var ho sjølvstendig, og tok seg personleg av formuen sin og eigedelane sine i Coutts-banken. Burdett-Coutts fekk ei rekkje tilbod om ekteskap, men blei verande ugift heilt til alderdommen. Ho støtta ei rekkje gode føremål, både aktivt som leiar og gjennom gåver. For dette fekk ho mange takkseiingar, og blei mellom anna utnemnd til baronesse av Highgate og Brookfield av dronning Viktoria - den første kvinna i Storbritannia som hadde fått ein slik tittel i kraft av sitt eige virke. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 48
Antistoff IgG2

Antistoff er kroppseigne eggekviteemne (protein). Dei skal klassifiserast som globulin og finst i blod og andre kroppsvæsker hjå ryggbeinsdyr (vertebrata). Antistoffsproduksjon inngår i det humorale immunsvaret og er ein reaksjon på ulike immunogen. Antistoff skal oppdaga og reagera med antigen og på det vis nøytralisera og gjera ulike kroppsframande emne som til dømes virus og bakteriar uskadelege. På grunn av dei viktige funksjonane i framfor alt det humorale immunsystemet nyttar ein òg omgrepet immunglobulin (Ig).

Antistoff har i prinsipp 2 skilde funksjonar. Dei skal både identifisera og binda seg til framande emne og få andre celler og molekyl på å gå til åtak på t.d. mikroorganismar.

Produksjon av antistoff går for seg i B-celler og i plasmaceller (mogne B-celler). B-celler vert produserte i beinmergen. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 49
Kart over Europa

Europa er ein av sju tradisjonelle verdsdelarjorda. Fysisk og geologisk er Europa den vestlegaste halvøya av Eurasia, vest for Asia. Europa grenser til Nordishavet i nord, Atlanterhavet i vest, Middelhavet i sør og til Kaukasus, Svartehavet og vassvegane som går mellom Svartehavet og Middelhavet i søraust. I aust er Europa generelt skild frå Asia ved vasskiljet i Uralfjella, Uralelva og Kaspihavet.

Landskapet i Europa viser stor variasjon over relativt små område. Dei sørlege områda er derimot meir fjellkledde, medan ein nord for Alpane, Pyreneane og Karpatane glir over i åslendte landskap og breie, låge sletter, som er vidstrakte i aust. Denne utstrakte sletta vert kalla Den store europeiske sletta med hjarta i Det nordeuropeiske låglandet. Ein boge med høgareliggande område strekkjer seg så frå dei vestlege delane av Storbritannia og Irland, og held fram langs heile Noreg. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 50
Voll kyrkje i Måndalen

Ei kyrkje er eit vigsla sakralbygg for kristne gudstenester, bøn og andre rituelle handlingar. Kyrkjer finst i mange arkitektoniske former, men gjennom historia er det etablert visse hovudformer som går igjen. Det vanlegaste er å dele inn etter plantype (arkitektonisk form) og rang eller funksjon.

Ei soknekyrkje er primærkyrkja i eit sokn, altså den kyrkja kyrkjelyden i eit distrikt normalt soknar til. Kvart sokn har derfor alltid ei soknekyrkje, men soknepresten kan fungere i fleire sokn samstundes. Katedral er det same som ei domkyrkje eller biskopkyrkje, det vil seie hovudkyrkja i eit bispedømme der biskopen har sitt sete. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 51
Sola er den viktigaste lyskjelda for jorda.

Lys eller ljos er elektromagnetisk stråling som er synleg for det menneskelege auga og er grunnlaget for synsansen. Synleg lys er ein grunnleggjande faktor i vera til mennesket og andre organismar. Tilhøva mennesket har til ljoset har alltid hatt både praktiske, kjenslemessige og intuitive aspekt som uløyseleg hengjer saman, og det er få eller ingen andre ord som har så djupe og allsidig forgreina røter i kulturhistoria.

Dei viktigaste eigenskapane til synleg lys er intensitet, forplantingsretning, frekvens eller bølgjelengd og polarisering. Lysfarten i vakuum er 299 792 458 meter per sekund og er ein av dei fundamentale konstantane i naturen. I daglegtalen seier ein oftast at lyset har ein fart på 300 000 km i sekundet. Både synleg lys og all anna elektromagnetisk stråling flyttar seg alltid med denne farten i vakuum. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 52
Utkledde ungar på julefrimerke frå Ukraina. Å kle seg ut og synga julesongar for å få god mat som løn er den vanlegaste tydinga av «julebukk» i dag.

Julebukk eller julegeit er eit fleirtydig omgrep med røter i førkristen juletradisjon og bondekultur. Julebukk var dels namnet på geitebukken som blei slakta til jul, dels namnet på ein bukkefigur som dukka opp då, anten som ein oppsett figur eller som ein utkledd person. Julebukk viser au til «å gå julebukk», altså å kle seg ut og gjennom opptreden be om mat og drikke i romjula. Det finst liknande skikkar i heile Europa. Det er blitt vanleg å ha små og store halmbukkar, gjerne pynta med raude band, som julepynt. Dei minste bukkane kan henga på juletreet, medan dei største, som den tretten meter høge Gävlebocken, blir sett opp som utandørs juledekorasjonar. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 53
2014

2014 var eit år der ein markerte at det var hundre år sidan utbrotet av første verdskrigen. Samstundes hadde året utbrot og vekst av fleire konfliktar. Ukraina blei splitta mellom vestlegvende og russiskvende fraksjonar. Islamistiske militante i Levanten, Afghanistan, Pakistan, Somalia og Nigeria utførte større drapsoperasjonar og bortføringar, og tok i høve ISIL og Boko Haram kontroll over større område. Meir samarbeid blei utvist mellom USA og Cuba, som gjekk inn for å betra banda seg imellom, i afghansk politikk, der ein gjennomførte sitt første demokratiske presidentval nokonsinne, og i Burkina Faso, der militærdiktatoren gjennom 27 år Blaise Compaoré blei erstatta av ei samarbeidsregjering mellom hæren og opposisjonen etter folkelege protestar. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Utvald artikkel Bullet blue.png Kandidatar Bullet blue.png Kalender

Arkiv: 200420052006200720082009201020112012201320142015201620172018


I dag er det måndag, 17. desember 2018Oppdater sida