Wikipedia:Utvald artikkel/2004

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Utvald artikkel Kandidatar Kalender

Arkiv: Utvalde artiklar: 200420052006200720082009201020112012201320142015201620172018201920202021202220232024

Diskusjonar: 200720082009201020112012201320142015201620172018201920202021202220232024



I dag er det laurdag, 27. april 2024Oppdater sida


Veke 40

Felix Mendelssohn

Felix Mendelssohn (3. februar 18094. november 1847) var ein tysk romantisk komponist av jødisk opphav. Han var kanskje det største vidunderbarnet etter Mozart.

Mendelssohn vart fødd i Hamburg som son av ein bankier, Abraham, som igjen var son av den kjende tysk-jødiske filosofen Moses Mendelssohn. Felix sin familie konverterte til kristendommen og flytte til Berlin i 1812. Søster hans var Fanny Mendelssohn (seinare Fanny Hensel), som òg var ein velkjend pianist.

Mendelssohn fekk pianoundervisning av mor si da han var seks, og da han var sju vart han undervist av Marie Bigot i Paris. Frå 1818 studerte han komposisjon med Carl Friedrich Zelter i Berlin. Han gjorde truleg sin første offentlege konsert som niåring, da han deltok på ein kammerkonsert. Han var tidleg ein produktiv komponist, og skreiv sitt første publiserte verk, ein pianokvartett, da han var 13 år gammal. Goethe møtte den unge Mendelssohn og fekk straks sansen for honom: «Når eg er trist, kom og muntre meg opp med spelet ditt!» Les meir.
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 41

Eksteriør av synagoge, rue Joseph Dupont, Brüssel

Synagoge (frå gresk συναγωγη) er den generelle termen for jødiske bønne- og forsamlingshus. Hovudrommet i ein synagoge inneheld normalt ei ark (aron hakkódesj eller hekhál) der torárullane blir lagra; ei opphøgd leseplattform (bima eller tebá) for torálesing og leiing av bønn, og eit evig lys (ner tamíd) til minne om den sjuarma lysestaken i Tempelet i Jerusalem. I ortodokse synagogar er det oftast eit fysisk skilje, mehissá, mellom manns- og kvinnedelane av synagogerommet.

Andre namn for ‘synagoge’ inkluderer hebraisk בית כנסת (bet keneset), jiddisch shul, spansk/portugisisk esnoga og hovudsakleg reformjødisk tempel. Les meir her.
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 42
Sandstrand sør på Jæren, ved Ogna

Jæren er eit kystlandskap i Rogaland fylke. Fram til byrjinga av 1900-talet var stavemåten "Jæderen" i bruk. Jæren er ei kyststripe som strekk seg om lag 65 kilometer sør for Boknafjorden og nord-vest for Dalane. Nord-Jæren er rekna å vera kommunane Randaberg, Stavanger, Sola og Sandnes. Midt på Jæren ligg kommunane Time og Klepp. Sør-Jæren er kommune. Høg-Jæren omfattar dei høgareliggjande områda i Time og Hå, og delar av Bjerkreim og Gjesdal kommunar.

Jæren er med sine 1070 km2 det største låglandsområdet i Noreg. Det flate landskapet ender i sandstrender. Jæren er eit av dei beste landbruksområda i landet, men har og mykje industri. Mykje av industrien er tradisjonelt knytt til landbruk, og mykje er knytt til oljeverksemda i Nordsjøen.

Forfattaren Arne Garborg vert omtala som "jærbu og europear". Ein jærbu er anten ein som bur på Jæren, eller ein som kjem derifrå. Dialekten (talemålet) vert kalla "jærsk".

Lokalavis for jærkommunane er "Jærbladet". Jærbanen er namnet på jarnbanelina Stavanger-Egersund.
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 43
Kart over Jan Mayen

Jan Mayen er ei 373 km² stor arktisk øy. Øya er delvis dekt av ein isbre. Øya ligg på 71°N, 8°W. Her ligg òg Noregs einaste aktive vulkan, Beerenberg, som med sine 2277 meter over havet er eit av Noregs høgste fjell.

Det finst ingen utnyttande naturressursar på Jan Mayen. Den einaste økonomiske aktiviteten er drifta av den norske radio- og metrologistasjonen som ligg på øya. Enklaste reisemåte til Jan Mayen er med fly til den 1585 meter lange flystripa som finst der.

Jan Mayen, som vart annektert av Noreg den 8. mai 1929, er administrert frå Oslo gjennom sysselmannenSvalbard.

Henry Hudson oppdaga øya i 1607 og kalte ho Hudson's Tutches. Etter det vart øya observert fleire gonger av navigatørar som gjorde krav på ho og endra namn på ho. Men først i 1614 fikk Jan Mayen det namnet øya har i dag, da Joris Carolus gav øya namn etter ein av kapteinane hans som hadde oppdaga øya tre år tidlegare.
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 44
Hammershaimb på eit færøysk frimerke.

Venceslaus Ulricus Hammershaimb (25. mars 1819-8. april 1909), òg kjend som V. U. Hammershaimb eller Venzel Hammershaimb, var ein færøysk prest og filolog. Hammershaimb vert rekna som grunnleggjar av det noverande færøyske skriftspråket. Slik kan han liknast med Ivar Aasen.

Hammershaimb er av tysk ætt på farssida, men vaks opp på Færøyane og kjende seg som færøying. Han vart utdanna som teolog i København der han vart kjend med den danske presten og filosofen Grundtvig, men busette seg på Færøyane 1855, der han var prestStreymoy. Heile tida interesserte han seg for, og studerte, dei ulike dialektane av morsmålet sitt, færøysk. Han vart prost på Færøyane i 1867, og var på Lagtinget i tre periodar. Han budde med kona i Danmark frå 1878 til han døydde i København i 1909. Les meir her.
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 45
Utsikt frå Aksla

Ålesund er ein bykommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Byen er i dag regionssenter for heile Sunnmøre, og fekk dei noverande grensene sine i 1977 da Sula vart skilt ut som eigen kommune. Ålesund er kjend for sine mange bygningar i jugendstil (Art Nouveau) — bygde i attreisinga etter bybrannen i 1904.

Ålesund kommune måler ca. 98 km², av dette er 8 km² jordbruksareal. Ålesund ligg ytst ved fjordsystema på Sunnmøre og inkluderer øyane Hessa i vest, Aspøya og Nørvøya i midten, og halvdelen av Oksnøya i aust. I nord ligg Ellingsøya atskilt frå dei førstnemnde øyane ved Ellingsøyfjorden, men det er tunnelsamband under fjorden frå byen. Hamna i Ålesund er stoppestad for Hurtigruta, og tek òg imot ferjer og lasteskip frå mellom anna Hamburg, Newcastle upon Tyne og Kingston upon Hull. Les meir.
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 46
Ymse bestikk

Ein gaffel er ein reiskap som ein bruker til å halda fast eller løfta mat med. Dei fleste gaflar i dag er laga av stål, og har eit skaft med to eller fleire tindar som vanlegvis er kurva. Det er no veldig uvanleg å eta utan gaffel i Noreg, men det var ikkje alltid slik. Gaflar var ikkje i bruk her før det 18. hundreåret. Dei som var litt kultiverte åt med to knivar, som dei brukte både for å skjera maten og for å ta han frå tallerken til munnen. Men dei fleste åt berre med hendene.

Gaflar vart først brukt i Midtausten i det 10. hundreåret, for å halda kjøtt fast medan ein skar eller rista sausen av. Dei hadde berre to tindar, og begge var beine. Gaflar spreidde seg til Det bysantinske riket der dei snart blei veldig populære blant adelen. Sølvgaflar var mest vanlege, men rike familiar brukte gaflar av gull med edelsteinar på skafta. Les meir.
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 47
Gambe på Isenheimer-altaret

Gambe er eit strykeinstrument med tverrband, flat botn og ters-/kvartstemming som var særleg populært i renessansen og barokken. Gambefamilien er nært i slekt med vihuela, rebec, gitar og liknande instrument.

Instrumentet har truleg sine røter i gitaren. Ein tenkjer seg at nokre gitaristar byrja å spela med boge ein gong på 1400-talet. Dette førte etter kvart til utviklinga av eit heilt nytt instrument med mange av særtrekka til gitaren (flat botn, tverrband), men som vart stroke i staden for klimpra. Dette instrumentet vart først halde på same viset som ein gitar, men vart seinare halde loddrett — anten kvilande på fanget eller halde mellom beina som ein cello. Den sistnemnde måten gav opphav til namnet viola da gamba, som er italiensk for «knefele». Namnet gambe er ei kortform av det italienske namnet. Les meir
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 48
Dronning Viktoria

Alexandrina Victoria (24. mai 1819 - 22. januar 1901) av det tyske fyrstehuset Hannover var dronning av Storbritannia og Irland i 63 år, sju månadar og to dagar, frå 20. juni 1837 til 22. januar 1901. Tidsrommet er den lengste regjeringstida for nokon britisk monark. Ho vart fødd i Kensington Palace i London, og døydde i Osborne House, Isle of Wight.

Av mange er Victoria rekna som den mektigaste kvinna gjennom historia. Etter som det britiske imperiet utvida seg herska ho over om lag lag ein femdel av verda. Victoria sette sterkt preg på 1800-talet. Så sterk innverknad hadde ho at ho har gitt namn til tidsepoka "viktoriatida", av dette kjem igjen uttrykka "viktoriansk" og "viktorianisme". Les meir
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 49
Utbreiinga av afrikanske språkfamiliar

Afroasiatiske språk er ein språkfamilie som inkluderer omlag 240 språk tala av i alt kring 285 millionar menneske i Nord-Afrika, Aust-Afrika, Sahel-beltet og Sørvest-Asia. Andre namn som òg blir bruka på denne språkfamilien inkluderer «afrasisk», «hamittisk-semittisk» (forelda), «lisramisk» (Hodge 1972) og «erythreisk» (Tucker 1966). Blant kjende afroasiatiske språk kan nemnast arabisk, hebraisk, somali og hausa. Les meir
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 50
Hanukkijá (hanukkalysestake)

Hanukká er den jødiske lyshøgtida som varar i åtte kveldar frå 25. kislév til 3. eller 4. tebét — det vil seie kring nymåne i desember. I 2004 varer hanukká frå solnedgang på tysdag 7. desember til solnedgang på onsdag 15. desember. Hanukká blir feira med tenning av levande lys i ein spesiell lysestake med åtte vanlege armar og ein niande arm for «tenarlyset», med feit mat og mjølkemat, glad musikk, tekstlesing og ofte med gjeving av gåver. Les meir
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 51
Kaffibønner

Kaffi er ein drikk laga av bønner frå kaffiplanten, Cichorium intybus. Bønnene blir brent og oppmalne, i ulik finheit etter korleis kaffien skal lagast. Dette pulveret blandar ein så på eit eller anna vis med varmt vatn. Kaffi er ein mykje elska, oppkvikkande, men òg vanedannande drikk.

Korleis og kva tid ein først byrja å drikka kaffi, veit me ikkje. Kaffi vert fyrst nemnd i ei etiopisk historie: Gjetaren Kaldi merker at geitene hans oppfører seg annleis og ikkje får sova om kvelden når dei har ete raude bær frå ein viss plante. Han fortel dette til ein munk, som sjølv har vanskar med å halda seg vaken under bønestundene. Oppdaginga til Kaldi løyser problemet hans, slik ho har pigga opp kaffidrikkarar sidan. Les meir
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 52
Eit typisk juletre med levande juletrelys og annan juletrepynt

Eit juletre er det treet som ein gjerne legg julegåver under og pyntar med juletrepynt til julefeiringa. Mange går rundt treet og syng julesongar. Skikken med juletre er henta frå Sveits og det katolske Sør-Tyskland, der bruk av juletre kan førast attende til 1400-talet.

I Noreg skal det fyrste juletreet ha vore brukt i Christiania (Oslo) i 1822. Fyrst frå kring 1900 vart skikken med juletre meir ålmenn. I dag har over 90% av norske husstandar tradisjonen med å pynta eit tre i heimen til jul. Les meir
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 53
Baruch Spinoza

Baruch Spinoza eller Benedictus de Spinoza (24. november 1632 - 21. februar 1677), blir saman med René Descartes og Gottfried Leibniz rekna som ein av dei store rasjonalistane i filosofien på 1600-talet. Han er rekna som grunnleggjaren av moderne bibelkritikk.

Baruch de Spinoza vart fødd i Amsterdam i ein spansk-portugisisk sefardisk familie og vart kjend for syna sine på panteisme og nøytral monisme, og dessutan av di Etikken hans er skriven i form av postulat og definisjonar som om det var ei geometriutgreiing.
Vis - Diskusjon - historikk


Utvald artikkel Kandidatar Kalender

Arkiv: Utvalde artiklar: 200420052006200720082009201020112012201320142015201620172018201920202021202220232024

Diskusjonar: 200720082009201020112012201320142015201620172018201920202021202220232024



I dag er det laurdag, 27. april 2024Oppdater sida