Wikipedia:Utvald artikkel/2016

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Utvald artikkel Bullet blue.png Kandidatar Bullet blue.png Kalender

Arkiv: 200420052006200720082009201020112012201320142015201620172018


I dag er det søndag, 20. mai 2018Oppdater sida


Veke 1
«Fram», mars 1894

«Fram» var eit skip som vart bygd for Fridtjof Nansen i 1891–1892. Byggmeister var Colin Archer. «Fram» vart brukt på tre kjende polarekspedisjonar. I si tid var ho det fartøyet som hadde vore lengst mot nord, og lengst mot sør på jorda. Ho er framleis det trefartøyet som har desse rekordane.

Våren 1890 tok Nansen tok kontakt med båtbyggaren Colin Archer i Larvik. I juli 1891 starta arbeidet med spanta på Laurvig Strandværft i Rekkevika på austsida av Larvikfjorden. «Fram» fekk ein tonnasje på 402 brutto registertonn ved sjøsettinga. Største lengd vart 39,00 meter, og lengda i vasslinja 36,25 meter. Største breidda vart 11,00 meter. I tillegg kom ishuda av greenheart, som var opptil 15 cm tjukk.

Roald Amundsen fekk bygd «Maud» og fekk lov til å bruke alt han kunne gjere seg nytte av ombord i «Fram». Mykje vart fjerna. Mellom anna vart mastene, rundholt, og om lag heile riggen nedteken. I 1934 vart det utlyst arkitektkonkurranse om eit hus for «Fram». Framhuset vart vigsla 20. mai 1936. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 2
Chengdu i Sichuam

Sichuan er ein provins i Kina. Provinsen dekker 485 000 km², og er den største provinsen i det sørvestlege Kina. Sichuan har 87 millionar innbyggarar (2004). Av desse er 98 % hankinesarar, mens resten høyrer til 14 av dei offisielle etniske minoritetane i Kina. Provinsen er fjellrik med mange elvar, den største og viktigaste er Chang Jiang. Provinshovudstaden er Chengdu.

Sichuan kan delast i to topografiske halvdelar: Sichuanhøgsletta i vest, og Sichuanbassenget (det raude bekken) i aust. Sichuanhøgsletta er del av den tibetanske høgsletta. Ho er eit fruktbart område med låge bakkar og elvesletter heilt omgitt av fjell. Mot vest og nord ligg grensa til Tibet, i sør ligg Yunnanhøgsletta og i aust finst eit fleire hundre kilometer breitt belte av åsar forma av Chang Jiang og tilflytande elvar. Elvesletta er eit fruktbart og produktivt landbruksområde. Det raude bekken har subtropisk klima og rikeleg sommarregn. Heile landskapet er oppdyrka, terrassert og kunstig vatna. Sichuan er rikt på naturressursar: kol, olje, naturgass, titan, kopar, vanadium, gull og salt. Det er svært tettfolka, men ettersom det er omgitt av fjell har det i tidlegare tider vore mykje isolert frå omverda. Frå 1950-åra har omfattande veg- og jarnbanebygging opna området. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 3
David Bowie-logo

David Bowie er debutalbumet til den britiske musikkartisten David Bowie, gjeve ut i 1967 av Deram Records. Innhaldet på plata var ganske så annleis musikksjangrane Bowie seinare vart kjend for, slik som folkrockSpace Oddity eller glamrockThe Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders From Mars. NME-kritikarane Roy Carr og Charles Shaar Murray har sagt at «ein som høyrer på debutalbumet, som er vand med musikken hans frå 70-talet, vil truleg meine at det anten er sjokkerande eller rett og slett gammaldags»

Sjølv om albumet stiller seg på sida av musikken Bowie seinare skulle gje ut, har enkelte kritikarar oppdaga enkelte tema som viste fram mot seinare songar og album. «We Are Hungry Men» vert fortalt av Bowie som ein «messias-liknande» person, som seinare dukkar opp igjen i songar som «Cygnet Committee» (frå Space Oddity), «Saviour Machine» (frå The Man Who Sold the World) og «Oh! You Pretty Things» (frå Hunky Dory), i tillegg til hovudpersonen på The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars. Songen referer òg til tema som abort, barnemord og kannibalisme. «There is a Happy Land» var første gong Bowie såg på born som ein eigen rase i forhold til vaksne, eit tema som dukka opp att på The Man Who Sold the World, Hunky Dory og Ziggy Stardust. «She's Got Medals» var ei soge med homofile og lesbiske tydingar som kom før «kjoleomslaget» på The Man Who Sold the World og den biseksuelle/androgyne karakteren til Ziggy Stardust. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 4
Genesaretsjøen

Israelsk geografi er særs variert med ørkenforhold i sør, og snødekte fjell i nord. Israel ligg heilt aust i Middelhavet i Vest-Asia. Det grensar i nord til Libanon, i nordaust til Syria, i aust til Jordan og Vestbreidda, og i sørvest til Egypt. I vest ligg Middelhavet, som det meste av den 273 km lange kystlinja til Israel ligg mot, og Gazastripa. Israel har ei lita kystlinje mot Raudehavet i sør.

Arelaet til Israel er kring 27 000 km², som omfattar 445 km², med innlandsvatn. Israel strekkjer seg 424 km frå nord til sør og 114 km på det breiaste og 15 km på det smalaste. Dei israelskokkuperte israelskokkuperte territoria inkluderer Vestbreidda, 5 879 km², Aust-Jerusalem, 70 km² og Golanhøgdene, 1 150 km². Geografien i desse territoria er ikkje omtalte i denne artikkelen.

Det sørlege Israel er dominert av Negevørkenen som dekkjer kring 16 000 km², meir enn halvparten av landarealet. Nord for Negev ligg Judeaørkenen, der Daudehavet ligg ved grensa til Jordan. Daudehavet er med ei høgd på 417 meter under havnivå det lågaste punktet på jorda. Dei indre områda av det sentrale Israel er dominert av Judeafjella på Vestbreidda, medan den sentrale og nordlege kysten består av den flate og frodige israelske kystsletta. I dei indre, nordlege områda ligg Karmelberget, og innafor dei den frodige Jezreeldalen, og så åsane i Galilea. Genesaretsjøen ligg innafor dette, og grensar i aust til Golanhøgdene, som inneheld det høgaste punktet i dei israelskkontrollerte områda, Hermon på 2224 meter over havet. Internasjonalt vert det høgaste fjellet i Israel rekna for å vere Har Meron på 1208 meter over havet. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 5
Trål

Trål er ein type fiskereiskap. Ein trål er forma som ei lang trakt (trålpose), og blir slept etter eit farty - ein trålar. Tråling er ein fisketeknikk som har eksistert sidan 1500-talet, og har utvikla seg frå små handhaldne reiskapar til fabrikktrålarar som kan fiske og produsere eit hundretal tonn fisk kvart døger. Trålarar blir brukte for å fange dei fleste artane av fisk og i tillegg reker og andre skaldyr. Tradisjonelt tenkjer dei fleste på botntrålarar som fiskar reker, torsk, sei og liknande, men det blir tråla etter eit stort utval av artar på dei fleste djup. Den trålinga som går føre seg høgare i sjøen enn botntrålinga blir kalla pelagisk tråling.

Moderne trålarar finst i ein rekkje storleikar og fasongar tilpassa mange ulike typar fangst og tilhøve og inkluderer ei rekkje reiskapar i tillegg til sjølve trålposen (som i seg sjølv er sett saman av fleire samansydde delar). I dag brukar trålarane vanlegvis to tråldører eller tilsvarande innretningar som er laga for å få optimal sidevegsopning under tauing.

Det er nokre miljøutfordringar ved trålfiske: Botntråling gjer skade på botnfaunaen, trålen skil ikkje mellom ønskt og uønskt fangst og trålfiske har høgare drivstoffbruk enn kystfiske med lettare, passiv reiskap. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 6
Shlisselburg er eit fort på øya Nut

Ladoga er den største innsjøen i Europa og den 14. største i verda ut frå areal. Innsjøen ligg i Karelia og Leningrad oblast nordvest i Russland, ikkje langt frå St. Petersburg og har eit areal på 17 891 km². Han er 219 km lang frå nord til sør og har ei gjennomsnittleg breidde på 83 km. Han er i snitt 51 meter djup og på det djupaste, i nordvest, om lag 230 meter. Nedslagsfeltet hans er 276 000 km². Det er om lag 660 øyar i Ladoga, med eit totalt areal på 435 km². Overflata ligg om lag 5 meter over havet.

Det karelske neset ligg mellom innsjøen og Austersjøen og han drenerer ut i Finskebukta via elva Neva. Ladoga er farbar og er ein del av Volga-Austersjøkanalen som går frå Austersjøen til elva Volga. Ladogakanalen går i den sørlege delen og knyter Neva til Svir.

Ladoga har eit rikt fiskeliv. Det er tald 48 fiskeartar i innsjøen, som mort, brasme, sandart, åbor, hork, ein endemisk variant av nors, to artar av lagasild, åtte artar sik, fleire andre laksefiskar, og stundom den utryddingstrua støren. Kommersielt fiske var ein gong ein stor industri, men er vorte råka av overfiske. Det finst ein eigen underart av ringsel i innsjøen, kalla ladogasel. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 7
KaguFoto: Scott Meyer

Kagu er ein langbeint, blågrå fugl som er endemisk til tett fjellskog i Ny-Caledonia. Dette er den einaste overlevande medlemmen av familien Rhynochetidae. Ein annan, større art i slekta, Rhynochetos orarius, har vore skildra frå holocene subfossile funn. Kaguar har nesten ikkje flygeevne, byggjer eit reir på bakken av pinnar og legg eitt egg. Dei har vist seg sårbare for introduserte rovdyr, og er truga av utrydding. Leveviset åt arten er lite kjent fordi han er sjeldan og han lever i habitat som ikkje er lett tilgjenglege.

Kaguar gjer ei rekkje ulike lydar, oftast i duett om morgonen, kvar duett varar i ca. 15 minutt. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 8
Topografisk kart over India.

India er det største landet i Sør-Asia og utgjer hovudparten av det indiske subkontinentet. Det grensar til Pakistan i vest og nordvest, Kina, Nepal og Bhutan i nord og Burma og Bangladesh i aust og søraust. Kyststripa er rundt 7 517 km lang og grensar til Det indiske havet, med Det arabiske havet i vest og Bengalbukta i aust. Øystatane Sri Lanka og Maldivane ligg nær India, medan det indiske forbundsterritoriet Andamanøyane og Nikobarane, ein del av Søraust-Asia, ligg lenger ute i havet.

Den nordlegaste delen av landet omfattar Himalaya og lågare fjellkjeder. Elvar som Brahmaputra og Ganges renn sør frå Himalaya og gjennom den fruktbare og tett folkesette Gangessletta i Det nordindiske låglandet. Den sørlege delen av landet er dominert av Deccanplatået som er avgrensa av Dei austlege Ghatfjella og Dei vestlege Ghatfjella på kvar side. Klimaet varierer frå tropisk monsunklima i sør til temperert eller kaldt i nord.

India er ein sambandsstat sett saman av 28 delstatar og 7 territorium. Hovudstaden i India er New Delhi. Andre storbyar er Mumbai, Kolkata og Chennai.

Flatevidda på over 3 000 000 km² gjer India til verdas sjuande største land, medan folketalet på rundt 1,2 milliardar gjer det til verdas andre folkerikaste. Landet er også kjend som verdas folkerikaste demokrati. Det har ein omfattande og raskt voksande økonomi. India har den fjerde største økonomien i verda etter kjøpekraftsparitet og den niande største etter BNP. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 9
Raudrev i snø.

Raudrev er det mest vanlege rovdyret i reveslekta. Han er utbreidd over store delar av Nord-Amerika og Eurasia, men er lite representert i Afrika. Han finst også i Australia, men ikkje naturleg. Generelt deler ein raudreven inn i fargevariantane vanleg raudrev, krossrev og sølvrev. Vekta ligg normalt i området 3–10 kg og kroppslengda er som regel mellom 83–110 cm, målt frå nasetipp til halerot. Han er langbeint og hurtig, og kan nå ein toppfart på nærmare 50 km/t. Revar i varme strøk er gjerne slankare bygd. I vill tilstand kan ein forvente ei gjennomsnittleg levetid på ca. 3 år, men dette varierer frå stad til stad (underart til underart). I fangenskap lever revar opp mot 12–13 år.

Såkalla norsk eller skandinavisk raudrev har gjerne ein klar raud til raudbrun pelsfarge med kvite teikningar i brystet, på halsen, kinnet og på haletippen. Den utviklar tett underull vinterstid og blir normalt 58–80 cm lang, målt frå snutespissen til halerota. Halen, som er bustet og svært frodig, blir gjerne omkring 50 cm lang. Vekta ligg normalt i området 5–15 kg, men vekt over 10 kg er ikkje vanleg. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 10
Quneitra

Quneitra er eit stort sett øydelagd og fråflytta adminsitrasjonssenter i Quneitra guvernement sørvest i Syria. Han ligg i ein høg dal i Golanhøgdene 1 010 meter over havet. Quneitra vart grunnlagd i den osmanske tida som ein stoppestad på caravaneruta til Damaskus og vart så ein garnisonsby med kring 20 000 innbyggjarar. Han låg strategis nær våpenkvilelinja med Israel. Det arabiske namnet tyder «den vesle brua».

Den 10. juni 1967, den siste dagen av seksdagarskrigen kom Quneitra under israelsk kontroll. Han vart ei kort stund gjenerobra av Syria under Yom Kippur-krigen i 1973, men Israel tok attende kontrollen i ein motoffensiv. Byen vart nesten heilt øydelagd før israelarane trekte seg attende i juni 1974. Han ligg no i den demilitariserte United Nations Disengagement Observer Force Zone mellom Syria og Israel, ein kort veg frå den de facto grensa mellom dei to landa, og er folkesett av berre nokre få familiar. Syria nekta å bygge byen opp att og har aktivt gått i mot nyinnflytting i området. Israel var kraftig kritisert av Dei sameinte nasjonane for øydeleggjinga av byen, medan Israel har kritisert Syria for ikkje å ha bygd Quneitra opp att. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 11
Klappande hender

Klapping er det å slå handflater mot kvarandre slik at dei lagar lyd. Klapping kan brukast til kommunikasjon, som perkusjonsinstrument, ein del av leik eller dans, og er gjerne ein viktig del av applaus.

Det finst mange ulike måtar å klappa på. Ein kan variera lydbildet ved å slå hole eller flate handflater mot kvarandre, slå handflate mot handbak, eller ved å klappa ulike delar av handa mot kvarandre. Ein kan klappa hendene saman framfor kroppen eller ansiktet, men også over hovudet eller bak ryggen.

Verdsrekorden for raskaste klapping har Eli Bishop frå Boston i USA, som klappa 1020 gonger i minuttet. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 12
Den siste nattverden i ei utskjering av Gil de Siloé i eit spansk kloster frå 1400-talet i Burgos. I denne senen ser ein Jesus, elleve disiplar, Maria Magdalena som vaskar føtene hans, og hovudet til Johannes døyparen

Den siste nattverden viser til det siste måltidet Jesus hadde med disiplane sine før krossfestinga. Han delte då brød og vin med dei, og innstifta med dette den kristne nattverden. Handlinga blir særleg minna på skjærtorsdag i påskeveka, då ho etter tradisjonen fann stad. Den siste nattverden har hatt ei viktig stilling i sjølvforståinga til kyrkja, og dei ulike hovudretningane innan kristendom har utforma ulike teologiar og seremoniar til minne om han. Hendinga blir også kalla «den første nattverden», ettersom ho er rekna som byrjinga på den kristne nattverdsordninga.

«Nattverd» tyder opphavleg 'kveldsmåltid', og har seinare fått hovudtyding som rituelt kyrkjemåltid og sakrament i alle dei kristne hovudretningane. Tidlege kristne ser ut til å ha hatt minnemåltid saman som seinare blei formaliserte i kyrkja. Forskarar ser anten på den siste nattverden som ein kjelde til den seinare nattverdstradisjonen, eller forklarer soga om den siste nattverden som avleidd frå tidleg kristen nattverdstradisjon slik han er skildra av Paulus.

Hendinga har inspirert ei rekkje kunstverk. Det best kjende av desse er truleg Den siste nattverden av Leonardo da Vinci. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 13
Dublin Bread Company etter Påskeopprøret i 1916

Påskeopprøret i 1916 var eit mislykka forsøk på å enda det britiske styret i Irland. Det braut ut i Dublinpåskemåndagen 24. april 1916, og varte i seks dagar. Til trass for at opprøret slo feil, var det eit viktig skritt i retning av opprettinga av ein sjølvstendig irsk stat.

Det var ein del av gruppa Irish Volunteers under læraren og advokaten Pádraig Pearse og Irish Citizen Army under arbeidarleiaren James Connolly som denne dagen tok nøkkelposisjonar i Dublin med makt og proklamerte ein irsk republikk uavhengig av Storbritannia frå trappa på Hovudpostkontoret.

30. april blei opprøret slått ned. Leiarane blei stilt for krigsrett, og fleire av dei blei avretta. Totalt døydde oppimot 500 menneske i uroa, rundt 54 % av dei sivile, 30 % britiske militære og politi, og 16 % irske opprørarar. Over 2 600 blei skadde. Dei fleste sivile tapa kom som følgje av britisk bruk av artilleri og maskingevær, eller fordi dei forveksla sivile med opprørarar. Bombardementet og brannane det førte til la delar av Dublin sentrum i ruinar. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 14
Heimaey

Heimaey er den største øya i øygruppa Vestmannaeyjar og den største øya utanfor kysten av Island med eit areal på 13,4 km². Øya ligg rundt 7,5 km utanfor sørkysten av Island. Ho er den einaste busette øya i øygruppa, og er for tida heim til 4 500 innbyggjarar.

I Landnåmabok er det sagt at då Ingolf Arnarsson, den første busetjaren på Island, hadde vore ein vinter på Ingólfshöfði og reiste vestover på leit etter sine ǫndvegissúlur (høgsetestolpar, noko liknande to totempålar, som på rituelt vis vart kasta i havet for deretter å flyte til land igjen. Der han flaut i land skulle vikingen som hadde kasta han bygge bygge garden sin), og fann på Hjörleifshöfði bror sin, Hjörleifur, død – trælane var òg borte. Ute i havgapet kunne han sjå båtar som segla mot ei lita øygruppe, og han sette i veg etter dei. Trælane det var snakk om hadde vorte bortførte frå Irland og vart kalla vestmenn, sidan Irland var det vestlegaste området i det som på den tida (om lag 840) var den kjende verda. Trælane kom i land på Heimaey og søkte dekning oppe i fjella og andre stader dei trudde dei var trygge, men Ingólfur fann dei og slakta alle saman. Under denne hemnjakta gav han, utan å vere klar over det, namn til forskjellige stader på øya – til dømes Dufþekja, eit område på Heimaklettur som er det høgaste fjellet på Heimaey med 283 moh., har fått namnet etter trælen Dufþakur, som det vert sagt tok sitt eige liv ved å kaste seg utfrå Heimaklettur heller enn å verte drepen av Ingólfur. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 15
Trenagle

Trenagle er oftast ein tilnærma sylinderforma nagle av tre som hovudsakleg vert brukt til å binde saman trekonstruksjonar. Naglen har ofte hovud. Han kan verka på same måte som ein spikar, ved å halda saman to trestykke, og som ein bolt, ved å halda saman fleire enn to stykke.

Trenaglar har vore i bruk til bygging sidan førhistorisk tid fordi treverk tradisjonelt var lettare tilgjengeleg og lettare å jobba med enn metall. Naglar hadde òg den fordelen framfor metall at dei ikkje rusta, noko som kunne gjera dei meir haldbare i visse høve, til dømes i båtar. I gamle grindbygningar kan det ha vore brukt berre trenaglar til å binde saman huset. Trenaglar vert og brukte til å feste bordkledningen, til å feste sperrer til rafta og til å halde store steinheller fast på taket. Desse naglane er oftast av eine. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 16
Georg Trakl

Georg Trakl (1887-1914) var ein austerriksk diktar og blant dei viktigaste lyrikarane i den tidlege ekspresjonismen. Diktinga til Trakl var i byrjinga påverka av den franske symbolismen, representert av forfattarar som Charles Baudelaire, Arthur Rimbaud og Paul Verlaine. Sidan utvikla Trakl ein eigen unik tone, prega av tungsinn og ei kjensle av lengsle og sorg. Diktinga hans krinsar om emne som liding, forgjengelegdom og undergang, kaos og det vonde. Trass i at han berre rakk å fullføre ut to diktsamlingar i løpet av tida han levde, fekk diktinga hans stor innverknad på den ekspresjonistiske lyrikken i mellomkrigstida og på tysk lyrikk etter 1945, og Trakl har blitt omtala som den fremste lyrikaren innan den tyske ekspresjonismen.

I dag blir han rekna blant dei viktigaste tyskspråklege diktarane i det 20. hundreåret, og har påverka mange kunstnarar og intellektuelle. Ludwig Wittgenstein, som las Trakl først etter at han var avliden, skreiv til Ludwig von Ficker om dikta at «eg forstår dei ikkje, men eg kjenner meg rikeleggjort av dei. Det er tonen til det verkeleg geniale menneske». I akademisk samanheng har blant andre Martin Heidegger arbeidd med Trakl sin forfattarskap. Georg Trakl har også påverka norske forfattarar som Olav H. Hauge og Jon Fosse. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 17
Flagget til Saudi-Arabia

Saudi-Arabia er eit arabisk land i Vest-Asia som dekkjer det meste av Den arabiske halvøya. Landarealet er på 2 150 000 km². Saudi-Arabia grensar til Jordan og Irak i nord, Kuwait i nordaust, Qatar, Bahrain og Dei sameinte arabiske emirata i aust, Oman i søraust og Jemen i sør. Det er det einaste landet som grensar både til Raudehavet og Persiabukta, og det meste av terrenget består av tørr, ugjestfri ørken eller øyde landformer.

Dagens Saudi-Arabia bestod tidlegare av fire fråskild regionar. Kongedømet Saudi-Arabia vart grunnlagd i 1932 av Ibn Saud. Han samla dei fire regionar til ein enkel stat gjennom ei rekkje erobringer frå og med 1902 med erobringa av Riyadh, der familien hans stamma frå. Landet har sidan blitt eit absolutt monarki, i røynda eit arveleg diktatur som vert styrt langs islamske linjer. Wahhabi-islam har blitt kalla «det dominerande trekket ved saudisk kultur». Saudi-Arabia vert stundom kalla «landet med dei to heilage moskeane», som syner til Masjid al-Haram (i Mekka) og Al-Masjid an-Nabawi (i Medina), dei to heilagste stadane i islam. Kongedømet har i alt 28,7 millionar innbyggjarar, der 20 millionar er saudiarabiske nasjonale og åtte millionar er utlendingar. Saudi-Arabia er den største oljeprodusenten og eksportøren i verda, og kontrollerer det nest største oljereservoaret i verda. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 18
Den unge Rakhmaninov i 1901

Sergej Rakhmaninov (1873–1943) var ein russisk komponist, pianist og dirigent. Han er blitt kalla «den siste romantikaren» innan klassisk musikk.

Rakhmaninov blei fødd på godset Semjonovo ved Staraja Russa i Novgorod oblast. Han var den fjerde av dei seks ungane til Vassilij Arkadjevitsj Rakhmaninov og Ljubov Petrovna Butakova. Mora hadde med fem gods inn i ekteskapet, men faren, som var ein godlynt og sosial fantast, mangla evne til å drive rekningssvarande, så etter ti år var familien nær konkurs.

Aleksandr Siloti, eit eldre syskenborn av Rakhmaninov, var det nye stjerneskotet på den russiske pianisthimmelen. Da han høyrte Rakhmaninov spele, innsåg han straks at han dette var eit stort, men upolert talent. Siloti føreslo at Rakhmaninov byrja hos klaverpedagogen Nikolaj ZverevMoskva konservatorium. I 1888 byrja Rakhmaninov på Siloti sitt kurs for vidarekomne og samstundes arbeidde han meir med komposisjon. I mars 1892 spelte han hovudsatsen frå Klaverkonsert nr. 1 i fiss-moll under ein konsert ved konservatoriet og hausta stor fagnad for den. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 19
Skulebok arbeidd av Tor Jonsson

Tor Jonsson (14. mai 1916–14. januar 1951) var ein norsk forfattar og journalist frå Lom i Gudbrandsdalen. Han var politisk radikal og pasifist, og er særleg kjend som lyrikar og essayist. Artiklane hans er prega av eit kritisk syn på sosiale og kulturelle tilhøve i bondesamfunnet; lyrikken lever i spenninga mellom livslyst og dødslengt. Både prosa og poesi er merka av røynsler frå hans eige liv.

Tor Jonsson var son av husmannsfolk. Då Tor var 13 år gammal, døydde far hans på arbeid. Berre 16 år gammal fekk han si første forteljing på trykk i Arbeider-Magasinet, forteljinga «Eit illminne». Hausten 1943 vart den første diktsamlinga hans utgitt; Mogning i mørkret. Boka fekk lite presseomtale, men det vart seld meir enn 1300 eksemplar. Poesien hans vert ofte omtala som brukslyrikk, ettersom dei er fri for abstrakt leik med språkbilete og ikkje prøver ut meir avanserte og abstrakte verkemiddel. Mange av dikta hans dreiar seg om to hovudtema. Det eine handlar om spenninga mellom individet og fellesskapen, det siste representert ved det heimekjende bygdesamfunnet, eit miljø han ofte opplevde som knugande. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 20
Borgund stavkyrkje

Stavkyrkje er ei kyrkje bygd av tre med berande stavar, og med veggar av ståande plankar eller bord, tillaga med øks. Det er to hovudtypar av dei eksisterande norske stavkyrkjene, mastestavkyrkjer og einskipa stavkyrkjer. Dei berande stavane, eller stolpane, i hjørna og under det heva midtrommet på mastestavkyrkjene, og i hjørna og eventuelt som mellomstolpar i veggene i dei einskipa stavkyrkjene, har gjeve namn til denne typen kyrkjer. Hjørnestavane dannar ei veggramme som vart fylt med ståande bord. I mellomalderen var det truleg omkring 1000 stavkyrkjer i Noreg, dei fleste av dei einskipa, men berre 271 steinkyrkjer. I dag står 28 av desse stavkyrkjene att. Alle er bygde av furu. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 21
Nord kardinalmerke, svart over gult, passering skal skje nord for merket.

Sjømerke eller eit seglmerke er ein gjenstand som er plassert til havs eller på land for å rettleie navigering av fartøy. Seglmerket skal gje informasjon til navigatøren om posisjon innanfor ein maritim kanal eller i ei skipslei, dei skal varsle om farar og administrere område for trygg ferdsel for båtar og sjøfly.

Sjømerke kan vere med eller utan ljos og utforma i mange variantar. Dagmerke, altså merke utan ljos, er flytande og faste merke som til dømes stakar, stenger, vardar, trebåkar (tårnliknande konstruksjonar), støypejarnsøylar og måla flekkar på bergflater. Også bygningar som markerer seg frå sjøen, som til dømes kyrkjer, er rekna som sjømerke og teikna inn på sjøkarta. Sjømerke med ljos er mellom anna fyrlykter, lanterner og ljosbøyer, og gjer såleis si nytte både om dagen og natta.

Sjømerke kan grovt reknast til tre typar, enten 1) ei flytande bøye som er forankra i havbotnen, 2) ei stong eller ein stake som står fast på land eller på havbotnen eller 3) ein varde, ein båke eller eit anna dagmerke som står på land eller på grunt vatn. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 22
Diego de Almagro

Diego de Almagro (1479−1538) var ein spansk conquistador, ein kompanjong, og seinare ein rival åt Francisco Pizarro. Han var med i den spanske erobringa av inkariket har fått æra av å vere den første europearen som oppdaga Chile.

De Almagro mista venstre auge sitt i ein kamp mot innfødde kystfolk i «den nye verda». I 1525 slutta han seg til Pizarro-brørne og Hernando de Luque i Panama for å starte erobringa av Peru.

Han kom seinare i konflikt med Pizarro-brørne og vart dømt til døden og halshoggen den 8. juli 1538. Kroppen vart hengt på Plaza Mayor i Cuzco og synt fram som eit teikn på nederlaget hans. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 23
Dei joniske øyane

Dei joniske øyane er ei øygruppe i Det joniske havet i Hellas og ein av dei tradisjonelle regionane i landet. Dei vert ofte kalla «Dei sju øyane», men gruppa inneheld mange mindre øyar i tillegg til dei sju store. Dei sju øyane er frå nord til sør: Kérkyra, òg kalla Korfu; Paxí, òg kalla Paxos; Levkáda, òg kalla Lefkas; Itháki, òg kalla Ithaka; Kefaloniá, òg kalla Kefallinia; Zákynthos og Kýthira. Dei seks nordlege øyane ligg vest for kysten av Hellas, og den sjuande, Kýthira, ligg utanfor sørspissen av Peloponnes, den sørlege delen av det greske fastlandet.

Sjølve øyane er kjende under fleire forskjellige namn. Då dei var under styret til Venezia fekk dei italienske namn, og enkelte av desse vert framleis nytta på enkelte språk som engelsk. Itháki vart kalla Val di Compare, Kérkyra fekk namnet Corfu, Kýthira vart kalla Cerigo, Lefkáda vart Santa Maura og Zákynthos vart Zante. I tillegg har dei greske namna på øyane endra seg i løpet av tidene. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 24
Aurlandsdalen

Aurlandsdalen er eit 40 km langt dalføre som ligg i Aurland kommune i Sogn og Fjordane fylke. Dalen er med den dramatiske fjellnaturen eit naturskjønt turområde som blir vitja av mange fjellvandrarar kvart år. Nedst i dalen går E16 gjennom den lengste vegtunnelen i verda. Utbygginga av Aurlandselva og vasskraftressursane i dalen blei vedtekne i 1969. Utbygginga som fylgde på 1970-talet førte til mindre vassføring i elva, endra naturtilhøve, kraftige protestar og ein av de første store debattane om naturvern i Noreg.

Sommaren 1819 reiste målaren Johannes Flintoe saman med Gerhard Munthe, som då arbeidde med eit nytt kart over Noreg, og Munthes fetter Peder Pavels Aabel gjennom Aurlandsdalen. Skisser til dei kjente bileta frå Aurlandsdalen, mellom anna Fra Bjønnstigvarden, vart til på denne turene som markerer starten på den kunstneriske oppdaginga av det norske høgfjellet. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 25
Myndehunden azawakh

Mynde tyder smal eller smekker, og er eit uttrykk som blir nytta for å skildre ei relativt homogen gruppe med hundar som opphavleg var avla som vakt- og jakthundar, men som no ofte heller er selskapshundar i den vestlege delen av verda. Mange kjenner òg myndane som veddeløpshundar.

Myndar er anatomisk ganske like, men dei varierer mykje i storleik. Dei har ein muskuløs og straumlinjeforma smal kropp med lange smale muskuløse lemmar, djup brystkasse og opptrekt buk, eit hovud som er langt og smale, med eit langt og small snuteparti med kraftige smale kjevar. Øyrene er hengjande, men kan elles variere mellom rasa. Halen er lang og sabelforma, men kan av og til òg berast i ein krøll. Den lange halen fungerer som styreror i høg fart. Myndane jaktar med synet som sin viktigaste sans, men nyttar òg i nokon grad høyrsels- og luktesans. Dei er bygde for stor fart og har eit kraftig bitt som drep. Blant nokre myndar kan ein framleis sjå meir primitive (forstørra) rovtenner. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 26
Filip V av Spania og hertugen av Vendôme kommanderte det fransk-spanske åtaket i slaget ved Villaviciosa av Jean Alaux

Den spanske arvefølgjekrigen (1701–1714) vart utkjempa mellom fleire europeiske stormakter, hovudsakleg spanjolane lojale til erkehertug Karl, Det tysk-romerske riket, Storbritannia, Dei sameinte Nederlanda, Portugal og Hertugdømet Savoie mot spanjolane lojale til Filip V, Frankrike og Kurfyrstedømet Bayern om ei mogeleg samanslåing av Kongedøma Spania og Frankrike under eitt Bourbon-monarki. Ei slik samanslåing ville drastisk ha endra maktbalansen i Europa. Krigen vart hovudsakleg utkjempa i Europa, men omfatta òg Dronning Anne-krigen i Nord-Amerika og vart prega av kjende generalar som Duc de Villars, jakobitten hertugen av Berwick, hertugen av Marlborough og prins Eugene av Savoie.

Krigen enda med at Filip vart anerkjend som konge av Spania, men han måtte samstundes seie frå seg kravet på den franske trona og avstå mange av dei spanske områda til Det tysk-romerske riket, Dei sameinte Nederlanda, Savoie og Storbritannia, som delte Det spanske imperiet i Europa seg i mellom. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 27
Sandy Denny i 1974

Sandy Denny (1947–1978) var ein engelsk songar og låtskrivar som var verksam inna britisk folkrock frå 1967 til ho døydde etter ei ulukke i 1978. Denny vert rekna som ein av grunnleggjarane av den britiske folkrockrørsla og kanskje den viktigaste kvinnelege songaren, låtskrivaren og personlegdomen i miljøet. I løpet av den ti år lange karrieren etterlet Sandy Denny seg ei omfattande arv og er framleis viktig. Ho vert hugsa for den sentrale rolla ho hadde i utviklinga av britisk folkrock, der ho som medlem av Fairport Convention drog bandet bort frå amerikanske coverversjonar frå vestkysten til tradisjonelle engelske songar og originale songar i liknande stil. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 28
Granitt i ein vegg på Jersey.

Granitt er ein vanleg og mykje nytta bergart. Han er ein magmatisk bergart og har ein middels til grovkorna struktur. Namnet på bergarten kjem frå latin granum, som tyder 'korn', og viser til den grovkorna strukturen i steinen. Granittar kan vere alt frå raudleg til gråaktig, avhengig av den kjemiske og mineralogiske samansettinga. Granitt er definert til å ha ein fargeindeks på mindre enn 25 % (altså kor mange prosent av steinen som består av mørke stoff). Frambrot av granitt dannar av ofte knausar og avrunda massiv.

Granitt er nesten alltid massiv (manglar indre strukturar) og hard og den særskilde eigenskapen til steinen er at han lèt seg dela i tre retninger – horisontalt og to gonger vertikalt og desse kløyvningsretningene står vinkelrett på kvarandre. Dette særdraget gjer granitten veleigna til produksjon av bruksstein; brustein, murblokker og finstein. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 29
St. Magnuskatedralen i Kirkwall. Biskop Bjarne starta det andre byggetrinnet i 1188.

Bjarne Kolbeinsson (ca. 1150–1223) var ein norsk-orknøysk skald og geistleg. Han var biskopOrknøyane frå 1188 til han døydde, men i Noreg vart han kanskje mest kjend som skalden som dikta «Jomsvikingdråpa».

Biskop Bjarne høyrde til ei av stormannsættene på Orknøyane og han var aktiv i politisk arbeid. Han var fleire gonger i Noreg i viktige politiske forhandlingar og om dette er han nemnt både i Sverresoga, i soga om Håkon Håkonsson og i Bǫglunga sǫgur (baglarsogene). Mellom anna følgde han i 1194 orknøyjarlen Harald Maddadsson til Noreg for å oppnå forlik med kong Sverre Sigurdsson. Han deltok i to riksmøte i Bergen, siste gongen i juli 1223. I september det året døydde han, truleg medan han framleis var i Noreg. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 30
Senja på kart

Senja er ei øy i Troms fylke. Øya er med eit areal på 1586,3 km2 den nest største i fastlands-delen av Noreg, og omfattar dei fire kommunane Berg, Torsken, Tranøy og delar av Lenvik, som også strekker seg inn på fastlandet i aust. Øya har spreitt busetnad, fråflytta småsamfunn, levedyktige samfunn og i underkant av 8000 innbyggarar. Folkesetnaden er størst på innsida av øya langsetter Gisundet. Den største tettstaden på øya er Silsand, som ligg med Gisundbrua som knyter Senja til fastlandet. Det største fiskeværet på Senja er Gryllefjord i Torsken, som har ferjesamband om sommaren til AndenesAndøya i Vesterålen.

Senja har ein mangfaldig natur, og er derfor ofte kalla for eit «Noreg i miniatyr». Vestsida av øya vendar ut mot det opne havet og er lokalt kalla for Yttersida. Landskapet her er vêrhardt og prega av skjergard, sandstrender og bratte fjell som går rett ned i havet. Austsida av Senja, lokalt kalla Innersida, er lunare og har rolegare terreng med bjørkeskog, fruktbar jord og åsar. På den sørlege delen av Senja ligg Ånderdalen nasjonalpark. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 31
Venezia av Canaletto

Republikken Venezia var ein italiensk stat som sprang opp rundt byen Venezia. Han eksisterte i over tusen år, frå byrjinga av 700-talet til slutten av 1700-talet. Staten vart ofte berre kalla «Serenissima», ein referanse til tittelen på italiensk, «den fornemste».

I seinmellomalderen vart Venezia særs rik ved at dei kontrollerte handelen mellom Europa og Levanten og byrja å utvide landområda sine til Adriahavet og lengre. Venezia vart involvert i krosstoga nesten frå starten av og dei venetianske skipa assisterte erobringa av kystbyane i Syria etter det første krosstoget, og i 1123 fekk dei i praksis sjølvstyre i Kongedømet Jerusalem gjennom Pactum Warmundi. På 1100-talet fekk venetianarane omfattande handelsprivilegiar i Austromarriket og skipa deira gav ofte riket ein marine. Tidleg på 1400-talet byrja venetianarane å utvide riket sitt inn i Italia og langs kysten av Dalmatia frå Istria til Albania. I 1489 vart øya Kypros, som tidlegare var ein krossfararstat, annektert av Venezia. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 32
Russisk ortodoks kyrkje i Unalaska vest i Aleutane

Aleutane er ei øygruppe på meir enn 300 små vulkanske øyar som dannar ein øyboge nord i Stillehavet. Ho dekkjer eit areal på 17 666 km² og strekkjer seg 1900 km vestover frå Alaskahalvøya i USA mot Kamtsjatkahalvøya i Russland. Ho kryssar 180°-meridianen og utgjer den vestlegaste delen av USA (og teknisk sett òg den austlegaste). Nesten heile øygruppa høyrer til Alaska og vert rekna som «den alaskiske bushen», men heilt vest ligg dei vesle Kommandørøyane som høyrer til Russland. Øyane er med sine 57 vulkanar den nordlege delen av Eldringen i Stillehavet.

Dei innfødde folka kallar seg sjølv unangan, og vert av dei fleste andre kalla «aleutar». Aleutisk er ei av to hovudgreiner av eskimoisk-aleutiske språk. I 2000 var det 8162 innbyggjarar der 4283 budde i Unalaska, den største busetnaden. Økonomien er hovudsakleg basert på fiskeri og til ein viss grad det amerikanske militæret som held til her. Dei einaste avlingane er poteter. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 33
Villsvin

Villsvinet er eit svin som lever vilt i størsteparten av Europa og Asia, og delar av Nord-Afrika. Det liknar på sin etterkommar grisen, men dei er meir hårete og mindre feite. I Noreg førekjem dei berre som streifdyr frå forvilla svenske bestandar, og jakt på dei er tillete heile året.

Villsvinet er tett bygd med korte bein og eit stort hovud. Vinterpelsen er tjukk, og dekker heile kroppen unnteke delar av hovudet og beina. Fargen varierer både med utbreiingsområdet, men er som regel mørk grå til brun. Om våren skiftar dei til den mykje tynnare sommarpelsen over ei periode på tre månadar, før vinterpelsen nesten umiddelbart tek til å veksa ut att. Ungane har lyse, langsgåande striper. Hovudet er avlangt, med hjørnetenner omdanna til karakteristiske støyttenner. Desse krummar seg og vert som regel ikkje lengre enn 20 cm hjå hannar, men eksemplar med 30 cm lange støyttenner er heller ikkje uvanleg.

Storleiken til villsvina varierer mykje med kvar bestanden heldt til. I Kaukasus kan hannar bli så mykje som to meter lange og med masse opp til 200 kg. I 2015 vart det i Sverdlovsk oblast i Russland skote eit villsvin med ein masse på over 500 kg. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 34
I Jotunheimen ved Mjølkedøla, fjellet Storegut midt i biletet.

Nasjonalparkar i Noreg omfattar dei 44 nasjonalparkane i Noreg. Noregs fyrste nasjonalpark var Rondane nasjonalpark, som vart oppretta i 1962. Per august 2013 har fastlands-Noreg 37 nasjonalparkar med eit samla areal på 25 000 km², medan Svalbard har 7 nasjonalparkar på til saman 14 500 km². Dimed er 7 % av det norske fastlandet og 24 % av Svalbard verna som nasjonalpark. Nasjonalparkane i Noreg består for det aller meste av høgfjellsområde, som har vore utsett for lite menneskeleg aktivitet og som utgjer viktige leveområde for artar som villrein og rovdyr. Fjellbjørk dominerer i skogområda som er verna som nasjonalpark i Noreg, men det er også etablert nasjonalparkar for å verne gamal urørt barskog. Kyst- og sjøområde har vore dårlegare representert, men har hatt ei positiv utvikling dei seinare åra med opprettinga av nasjonalparkar som Ytre Hvaler og Færder.

I Noreg blir nasjonalpark rekna som ei middels streng form for områdevern. Eit svakare vern er landskapsvernområde, medan det strengaste vernet er naturreservat. I motsetnad til landskapsvernområde og naturreservat, dekker nasjonalparkar som regel eit stort område. Ifølgje naturvernlova skal ein nasjonalpark hovudsakleg bestå av statsgrunn. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 35
Fotografi i sepia av Charles-Valentin Alkan

Charles-Valentin Alkan (1813—1888) var ein fransk-jødisk komponist og ein av dei største pianovirtuosane i si levetid. Komposisjonane hans for piano solo er mellom dei vanskelegaste som nokon gong er skrivne og blir relativt sjeldan framført.

Alkan vart fødd som eitt av dei seks borna (fem brør og ei søster) i Paris. Alkan var eit vidunderbarn. Han byrja studera piano og orgel da han var seks år gammal. Sitt opus 1 fekk han utgjeve i 1828, da han var 14 år gammal. Musikken hans krev ein slåande og mesta umenneskeleg virtuositet frå utøvaren. Eit av dei mest spela stykka hans i dag er den bisarre «Marche funebre sulla morte d’un papagallo» («Sørgjemarsj over ei papegøyes død»). Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 36
Montserrat er framleis under Britisk styre

Den britiske koloniseringa av Amerika starta seint på 1500-talet og nådde ein topp då koloniar var oppretta over heile Amerika og eit protektorat vart danna over kongedømet Hawaii i Stillehavet. Britane var ei av dei viktigaste kolonimaktene i Amerika og det amerikanske imperiet deira var ein stor rival til dei spanske koloniane både militært og økonomisk.

Etter den amerikanske sjølvstendekrigen fekk dei britiske territoria i Amerika ei meir ansvarleg regjering før dei gradvis fekk sjølvstyre på 1900-talet. På denne måten fekk to land i Nord-Amerika, ti i Karibia og eitt i Sør-Amerika sjølvstyre frå Storbritannia. I dag har Storbritannia framleis åtte oversjøiske område i Amerika, som har forskjellig grad av sjølvstyre. I tillegg er ni tidlegare britiske område i Amerika, som i dag er sjølvstendige, Samveldeland. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 37
Struensee på ein miniatyr av Cornelius Høyer frå 1770

Johann Friedrich Struensee (1737−1772) var ein dansk-tysk lege og politikar. Han verka som livlege for kong Kristian VII av Danmark-Noreg frå 1769 og var den eigentlege makthavaren i Danmark-Noreg i åra 1770–1772. På grunn av sinnssjukdomen til den regjerande Kristian VII kunne hoffolk som fekk tillit hos kongen i realiteten ta over regjeringsmakta.

Med sitt stadig nærare forhold til dronning Caroline Mathilde og utmanøvrering av dei mektigaste i staben til kongen, grev Holck og utanriksminister J.H.E. Bernstorff, vart Struensee den reelle makthavaren i landet. Han gjennomførte ei rad reformer i styringsverket i tråd med ideane i opplysingstida, reformer som gjorde vesentlege inngrep i ei lang rekkje forhold i det danske samfunnet. Etter knappe to år ved makta vart han avsett ved eit kupp den 17. januar 1772 og deretter dømt til døden og avretta, 34 år gammal. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 38
Aerosolforrureining over Nord-India og Bangladesh - NASA.

Kondensasjonskjernar er små partiklar (typisk 0,0002 mm eller 1/100 av storleiken til ein skydrope) som vassdamp kan kondensere på. Vassdamp kondenserer mykje lettare når ein har kondensasjonskjernar i atmosfæren. Utan kondensasjonkjernar kan vassdamp som blir underkjølt til under 0 °C kondensere til ørsmå vassdropar, og i temperaturar over frysepunktet må lufta overmettast til rundt 400 % før dropar blir danna. For å få danna skyer og nedbør så raskt som dei oppstår i atmosfæren, må ein altså ha kondensasjonskjernar.

Talet på kondensasjonskjernar og kva dei er laga av kan påverke både strålingseigenskapane og levetida til skyer, og dermed ha ein påverknad på klimaendringar. Detaljane rundt dette er derimot noko ein ikkje heilt forstår enno, og blir framleis forska på. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 39
Byste av Ingeborg Bachmann

Ingeborg Bachmann (1926-1973) var ein av dei viktigaste tyskspråklege lyrikarane og prosaforfattarane på 1900-talet. Ho skreiv i blant under pseudonymet «Ruth Keller».

Som barn hadde ho ambisjonar om å bli musikar og tok til å komponere musikk og skrive dikt allereie i ung alder. Frå 1945 til 1950 studerte ho filosofi, psykologi, germanistikk og rettsvitskap ved universiteta i Innsbruck, Graz og Wien. Doktorarbeidet var ei kritisk analyse av Martin Heidegger sin eksistensialisme.

Magasinet Kärntner Illustrierte publiserte i 1946 den vesle novella «Die Fähre», og det var det første verket Ingeborg Bachmann fekk på trykk. For den første novellesamlinga si, Das dreißigste Jahr (1961), vann ho den tyske kritikarprisen (Deutscher Kritikerpreis). Ho blei òg medlem av Berlin kunstakademi (Akademie der Künste). To av hennar forteljingar med eit eksplisitt kvinneperspektiv, Ein Schritt nach Gomorrha og Undine geht høyrer til dei tidlegaste døma på feministiske ytringar i den tyskspråklege etterkrigslitteraturen. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 40
Utsyn over Daudehavet frå Israel over til Jordan

Daudehavet er ein salt innsjø ved utlaupet av Jordanelva som ligg med om lag like store delar i Israel og Jordan. Daudehavet er kjent for sitt salthaldige vatn og som det lågaste naturlege overflatepunktet på jorda. Daudehavet er 306 meter djupt og den djupaste hypersalte innsjøen i verda. Med eit saltinnhald på 34,2 % (i 2011), er han òg ein av dei saltaste sjøane i verda. Etter at vasstanden dei siste åra har gått sterkt ned, består Daudehavet no av to heilt separate delar. Tidlegare var det ei halvøy ved Al-Lisan. No er det turt land heile vegen. Berre eit lite bekkelaup er igjen og sørgjer for eit lite tilsig til den sørlege delen. I den nordlege delen er djupna opptil 400 meter, mens det i den sørlege berre er 4 meter.

Daudehavet har tiltrekt turistar i tusenvis av år. I Bibelen søkte kong David tilflukt her. Det var òg ein av dei første kurbadstadane (for Herodes den store), og fleire produkt er henta frå området, som salvar for egyptisk mumifisering til kalium for gjødsling. Folk har òg nytta salt og mineral frå Daudehavet til å lage kosmetikk og urteposar. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 41
Blåkval

Kvalar (Cetacea) er ein orden store pattedyr spesielt tilpassa liv i vatn. Det finst over 80 artar. Dei fleste artane held til i havet, men det finst òg nokre få tannkvalartar som lever i ferskvatn. Blant kvalane finn ein òg det største pattedyret i verda, den enorme blåkvalen som kan vege opp mot 200 tonn og bli over 30 meter lang. Den minste av alle kvalar er den vesle hektordelfinen, som normalt berre vert 1,2-1,5 meter lang og veg 35-60 kg.

Alle kvalar har ein straumlinjeforma kropp som gjev liten motstand i vatn, men kroppsforma varierer likevel ganske mykje. Dei raskaste kvalane har gjerne ein torpedoliknande kropp, mens dei langsamare artane gjerne liknar meir på eit gigantisk rumpetroll i forma. Kroppen er òg i varierande grad dekt med eit isolerande spekklag som varierer i tjuknad frå art til art. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 42
Robbie Williams framfører Bohemian Rhapsody i 2015.

«Bohemian Rhapsody» er ein song av det britiske rockebandet Queen. Han vart skriven av Freddie Mercury for A Night at the Opera frå 1975. Songen er ein seks minuttar lang suite, som består av fleire delar utan refreng: ein intro, ein ballade-del, ein operatisk passasje, ein hardrock-del og ein reflekterande koda. Songen var den dyraste singelen som var spelt inn då han kom.

Singelen vart ein stor salsuksess, og han låg på toppen av UK Singles Chart i heile ni veker og hadde seld meir enn ein million eksemplar mot slutten av januar 1976. Han vart til slutt den tredje mestseljande singelen i Storbritannia gjennom tidene. Han toppa òg listene i fleire andre land, som i Canada, Australia, New Zealand, Irland og Nederland, og vart ein av dei mestseljande singlane gjennom tidene. Sjølv om kritikarane var usamde, var «Bohemian Rhapsody» ein av dei mest populære songane til Queen og finst ofte på lister over dei beste songane gjennom tidene. Det vart laga ein musikkvideo til songen som vert rekna som banebrytande av ekspertar. I 2004 vart «Bohemian Rhapsody» innlemma i Grammy Hall of Fame. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 43
Soldatar frå TMBN/SFOR i Bosnia i 1998.

Telemark bataljon (TMBN) er ein av tre manøverbataljonar i Brigade Nord. Bataljonen er stort sett organisert og oppbygd på same måte som Panserbataljonen. Bataljonen vart oppretta i 1993, og er dimed den yngste avdelinga i Brigaden. TMBN utgjer kjerna i Hærens Hurtige Reaksjonsstyrke, som er Brigade Nord sin spydspiss med NATO-beredskap. Til skilnad frå dei andre bataljonane i Hæren, som består i hovudsak av vernepliktig personell, er Telemark bataljon ei heilprofesjonell avdeling.

Telemark bataljon har delteke i mange ulike internasjonale militære operasjonar i forhold til andre bataljonar i Brigade Nord. Avdelinga sitt første internasjonale oppdrag var i 1997: Bataljonen stilte med eitt kompani til Stabilization Force (SFOR) i Sarajevo i Bosnia-Hercegovina. Første oppdrag som eit samla bataljonsforband var til Kosovo Force (KFOR) i Priština i Kosovo, frå oktober 1999. Frå 2003 stilte TMBN ei rekke bidrag til International Security Assistance Force in Afghanistan (ISAF); først med eit kompani i Kabul til 2006. Frå 2006 har avdelinga bidrege til den ein internasjonal hurtig reaksjonsstyrke i Mazar-e-Sharif og Provinsional Reconstruction Team (PRT) i Meymaneh, begge nord i landet. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 44
Fordi strukturen i menneske og dyr er ulik vert det nytta ulike omgrep for å ta omsyn til nevroaksen.

Anatomiske retningsskildringar vert nytta for å skildra anatomien hjå dyr og menneske ved hjelp av anatomisk terminologi, og seier noko om korleis anatomiske strukturar ligg i høve til kvarandre. Dei er ikkje språkspesifikke og kan tydast av alle, med lita eller inga omsetjing. Sjølv om skildringane er standardiserte innanfor bestemde biologiske fagområder, er det likevel uunngåelege og stundom dramatiske ulikheitar mellom enkelte disiplinar. Til dømes er dei terminologiske ulikheitane problematiske fordi terminologien er noko variert når den vert nytta om menneske, i forhold til når den vert nytta om andre zoologiske kategoriar.

Virveldyr og kraniedyr (Craniata) deler ei monaleg arv og felles struktur, så mange av dei same omgrepa vert nytta for å skildra retning og plassering. For å unngå tvitydigheit er denne terminologien basert på anatomien til kvart dyr i vanleg forstand. For menneske, som er ein form for virveldyr, kan anatomiske skildringar skilje seg frå dei som vert nytta om virveldyr. Ein grunn til dette er at menneske har ein annan nevroakse og — i motsetnad til firbeinte dyr — vert skildra i anatomisk utgangsstilling. Medan hovudet vert rekna for å vera på «toppen» hjå menneske så er det kanskje ryggen som vert rekna som «toppen» hjå ein hund. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 45
Malevitsj: Svart sirkel, 1913

Suprematisme (russisk Супрематизм) var ei moderne russisk kunstrørsle konsentrert om grunnleggande geometriske former, framom alt firkanten og sirkelen. Rørsla vart grunnlagd av Kasimir Malevitsj med verk skapte rundt 1913 og presentert i 1915 ved 0,10-utstillinga i St. Petersburg, der Malevitsj og 13 andre kunstnarar stilte ut 36 verk i liknande stil. Omgrepet «suprematisme» viser til ein abstrakt kunst som byggjer på overhøgda til «rein kunstnarleg kjensle» i staden for den kunstnarlege avbildinga av ting.

Dei tidlege suprematistiske verka nytta enkle former som firkantar, sirklar og krossar. Fargepaletten for suprematismen i byrjinga var svart, kvitt, raudt, grønt og blått. Malevitsj nytta seinare fleire fargar (brunt, rosa og lilla) og former, som sirkeldelar og små trekantar, med variasjonar i tilhøvet mellom dei og illusjonar av tredimensjonalitet i verka. I verk frå 1917-1918 nytta Malevitsj kvitt på kvitt der alt som er igjen av figurane er eit svakt omriss. Malevitsj sjølv delte utviklinga av suprematismen inn i tre fasar, «svart», «farga» og «kvit». Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 46
Dobbeltstjerna SS Leporis (17 Lep)

Dobbeltstjerner er stjernesystem der to stjerner går i krinslaup rundt eit felles tyngdepunkt eller barysentrum. Fenomenet er svært vanleg i det observerbare universet - ein stad mellom ein fjerdedel og halvparten av dei stjernene ein kan observera er medlemmar av stjernesystem med alt frå to til seks stjerner.

Ein må skilja dobbeltstjerner som dannar slike stjernesystem frå optiske dobbeltstjerner, som ikkje har noko anna samband enn at det ser ut som om dei ligg tett saman fordi dei ligg i same retning sett frå observasjonsstaden. Ein kan berre skilja optiske dobbeltstjerner frå dei fysiske gjennom lang tids observasjon der ein til dømes kan sjå stjernene som utgjer optiske dobbeltstjerner bevega seg rettlinja i høve til kvarande. Mange fysiske dobbeltstjerner, særleg dei som ligg langt unna, kan sjå ut for ein observatør som eit enkelt lyspunkt. Ein må då bruka andre metodar for å avgjera om dei utgjer ei dobbeltsjerne. Den lyssterkaste stjerna på himmelen, Sirius, er eit døme på ei dobbeltsjerne. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 47
Maurfuglen Gymnopithys leucaspis

Maurfuglar, Thamnophilidae, er ein familie av små artar av sporvefuglar med habitat i subtropisk og tropisk Sentral- og Sør-Amerika. Familien samlar over 200 artar og inneheld maurvarslarar, maursmettar, maurvireoar, gloaugo, maurvaktarar og grovnebb. Dei er nært relaterte til artar i maurriksefamilien, tapakuloar og spesielt myggetarar.

Dette er små fuglar med avrunda venger og sterke bein, typiske fjørdrakter hos maurfuglar har farger i mørkegrått, kvitt, brunt og raudbrunt. Dei fleste artane viser kjønnsdimorfisme i mønster og farger. Nokre artar kommuniserer åtvaringar til kvarandre ved å eksponere kvite fjørflekkar på stjertfjøra eller skuldra. Dei fleste artane har kraftige nebb, ofte har overnebbet ein nedbøygning heilt i enden. Maurfuglar er monogame og forsvarar territoriet. Dei legg vanlegvis to egg i et reir som anten er hengt opp i greiner eller vert stødd av ei grein, ein stubbe eller ein jordhaug på bakken. Begge foreldra deler på oppgåvene med ruging og fôring av ungar. Etter at ungane forlèt reiret tar dei ansvar for kvar sin unge. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 48
Mae West i 1936

Mary Jane «Mae» West (1893–1980) var ein amerikansk skodespelar, dramatikar og songar. Ho starta karrieren med vaudeville og på teaterscenen i heimbyen New York. Den første hovudrolla hennar på Broadway var i teaterstykket Sex (1926), som ho i tillegg både regisserte, produserte og hadde skrive manuset til. Trass i at kritikarane hata det, var billettsalet høgt. Det berykta teaterstykket vart òg dårleg motteke av dei lokale styresmaktene og vart stansa etter eit politiraid der West og resten av skodespelarane vart arresterte.

På byrjinga av 1930-talet flytta West til Hollywood og byrja å spele inn filmar. Ho skreiv sjølv manus til dei fleste filmane sine, men fekk ofte problem med sensuren på grunn av dei mange seksuelle hinta i tekstane. Etter å ha trekt seg tilbake frå filmindustrien byrja ho igjen å underhalde på scenen og spelte òg inn fleire musikkalbum. Ho gjorde eit comeback i to filmar på 1970-talet. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 49
Ein rullestein utan mose

«Like a Rolling Stone» er ein song av Bob Dylan frå 1965. Han er ein av dei mest kjende og viktigaste songane hans, og hadde opphav i ein kort tekst Dylan skreiv før han utvikla songen til fire vers og eit refreng som han spelte inn nokre veker seinare. Songen vart gjeven ut på singel 20. juli 1965 og på albumet Highway 61 Revisited. Han er over seks minuttar lang, og berre enkelte gonger vart heile songen spelt på radio. Likevel klarte han å klarte til andreplass på den amerikanske singellista. Songen fekk kritikk frå tilhengjarane til Dylan på grunn av den hardare rockestilen, ein tydeleg skilnad frå folkemusikken han tidlegare hadde spelt.

Songen påverka musikkverda og popkulturen med dramatisk effekt, og bidrog til imaget og den ikoniske statusen til Dylan. Han har vorte spelt mange gonger av andre artistar, mellom andre Jimi Hendrix og The Rolling Stones. Musikkmagasinet Rolling Stone kåra songen som den beste songen på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene. Då Dylan vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame fortalte Bruce Springsteen «Den første gongen eg høyrde Bob Dylan var eg i bilen med mor mi og høyrde på WMCA og på kom trommeslaget som høyrdest ut som nokon hadde sparka inn døra til sjela di.» Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 50
Julepynt

Julepynt er kjøpte eller heimelaga ting av til dømes stoff, metall, plast eller ting frå naturen som blir brukt til å pynta og setta opp tablå med i heimar og på mange offentlege stader til jul. Pynten symboliserer at ein er inne i ei annleis tid, juletida. Som motiv for julepynten har ein gjerne skikkelsar og symbol ein forbind med jula. Det kan vera figurar frå juleevangeliet eller ei utvida julekrybbe, frå folkelege tradisjonar, som nissar og mus, eller figurar som har med vinter og snø å gjera, som snømenn eller isbjørnar. Det er vanleg med modellar av større julepynt, som juletre, og av julemat. Enklare former for pynt er hjarte, kuler, stjerner, snøpynt, lenker og girlanderar.

Jula er kjend som ei lyshøgtid, og både elektriske og levande lys er mykje brukte i julepyntinga. Lys kan stå som symbol for Jesus, «verdas lys», eller ha den meir praktiske funksjonen å lysa opp i mørketida. Frå gammalt av høyrde særskild fine, høge og klårtbrennande, heimelaga talglys og kyrkjelys av bivoks til juletida. På 1800-talet blei dei gamle lystypane gradvis erstatta av stearinlys. Med utbreiinga av elektrisitet tok ein også i bruk elektrisk lys i pyntinga. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 51
Jerusalem

Jerusalem er ein by i Midtausten i det historiske landskapet Israel/Judea/Palestina. Byen ligg på vasskiljet mellom Middelhavet og Dødehavet, på eit høgdedrag frå 650 til 840 meter. Jerusalem ligg aust for Tel Aviv, sør for Ramallah, vest for Jeriko og nord for Betlehem. Jerusalem har opp gjennom åra vore ein omstridd by. Byen har ei fortid som hovudstad i det sjølvstendige Israel under David si ætt, seinare hovudstad for Hasmonearane sitt rike og for Herodes sitt kongerike, noko som gjer byen viktig for jødane og for dei kristne. Byen er òg religiøst viktig for muslimane ettersom profeten Muhammed skal ha utført si himmelreise herfrå.

Jerusalem har sidan 1950 vore de facto hovudstad i staten Israel. Fram til 1967 var berre Vest-Jerusalem ein del av Israel. Sidan Seksdagarskrigen i 1967 har Israel òg styrt over Aust-Jerusalem. Israel gjer krav på heile byen som sin hovudstad, men det er ikkje internasjonalt anerkjent. Nesten alle ambassadar ligg difor i Tel Aviv. Palestinarane gjer krav på Aust-Jerusalem som hovudstad for dei palestinske sjølvstyresmaktene i ein framtidig palestinsk stat. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 52
Kommunevåpenet til Nord-Aurdal kommune i Oppland. Motiv: «På gull grunn tre blå fembladingar, 2-1»

Kommunevåpena i Noreg er heraldiske våpenmerke som blir brukte av kommunar og fylkeskommunar som kjenneteikn og symbol. Dei fleste norske kommunevåpena har enkel form og fasong utan noko tillegg utanfor skjoldet.

Frå 1930-talet vart det innført strenge krav om at dei norske kommunevåpena skulle ha ei enkel utforming, etter initiativ frå fagfolk i Riksarkivet. Nye kommunevåpen skal vera ulike fra andre våpen som dei elles lett kunna forvekslast med. Fastsettinga i kongeleg resolusjon blir gjort i form av ei kort skildring, til dømes «På gull botn ei oppveksande svart bondestridsøks» om våpenet til Telemark fylkeskommune i 1970. Ved fastsettinga følgjer det med ei godkjend teikning av våpenet i skjold og flagg som døme på riktig, heraldisk avbilding.

Etter utanlandsk skikk bruker mange av dei større byane i Noreg ei krone som er danna av ein mur på toppen av skjoldet, men murkrona inngår ikkje i dei norske fastsettingane i kongeleg resolusjon. Nokre få kommunar bruker eldre variantar av bysegl eller liknande som kommunevåpen. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 53

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 53, 2016
Vis - Diskusjon - historikk


Utvald artikkel Bullet blue.png Kandidatar Bullet blue.png Kalender

Arkiv: 200420052006200720082009201020112012201320142015201620172018


I dag er det søndag, 20. mai 2018Oppdater sida