Åmli kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Åmli kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Agder
Adm.senter Åmli
Areal 1 131 km²
 - land 1 068 km²
 - vatn 63 km²
Folketal 1 802  (1. januar 2024)
Målform nøytral
Ordførar Bjørn Gunnar Baas (Sp)
Kommunenr. 4217
Kart
Åmli kommune
58°47′53″N 8°22′09″E / 58.798056°N 8.369167°E / 58.798056; 8.369167
Wikimedia Commons: Åmli
Nettstad: www.amli.kommune.no

Åmli kommune er ein kommune i Agder fylke. Han grensar i aust mot Vegårshei, i sør til Froland og i vest til Bygland og i nord til kommunane Fyresdal og Nissedal i Telemark fylke.

Åmli kommune ligg omkring dalføret til Nidelva, sidedalen Gjøvdal og Tovdal. Dei tidlegare kommunane Gjøvdal og Åmli vart slått saman til Åmli kommune i 1960. Åmli har sine nåverande grenser frå 1967, då tidlegare Tovdal kommune vart lagt til.

Namnet «Åmli» er avleidd av treslaget alm. Kommunevåpenet viser ein oppreist bever i sølv på blå bakgrunn.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

I Åmli kommune er det store heiområde som stort sett ligg under skoggrensa (700–800 moh.), høgst når Trongedalsnuten (929 moh.) mellom Tovdal og Gjøvdal. Elvane går mot søraust for så å bøye av mot sørvest. Nidelva munnar ut i Arendal, Tovdalselva i Topdalsfjorden aust for Kristiansand. Kommunen har fleire verna område, mellom anna Årdalen naturreservat, som grensar mot Rukkevatn naturreservat og Furubuheii myrreservat.[1]

Busetnaden i Åmli kommune er tettast rundt administrasjonssenteret Åmli. I dalføra er det spreitt busetnad.

Næringsliv og samferdsel[endre | endre wikiteksten]

Åmli kommune er etter Birkenes den største skogbrukskommunen i fylket målt etter avverka tømmer. Åmli har ein del jordbruk med allsidig drift, men med hovudvekt på hald av husdyr, særleg sau. Bierøkt er også ei viktig næring. Åmli kommune har store vasskraftressursar og det største kraftverket i kommunen er Jørundland i Gjøv.

Sørlandsbanen kryssar Åmli kommune i søraust, med stasjon på Nelaug og ei sidelinje herfrå til Arendal. Riksveg 41 (Kviteseid–Kristiansand), Telemarksvegen, går nord–sør gjennom kommunen. Frå tettstaden Åmli går fylkesveg 415 søraustover mot Tvedestrand. Fylkesvegar fører gjennom Tovdal og Gjøvdal, den sistnemnde over til Fyresdal i Telemark.[1]

Bilete[endre | endre wikiteksten]

Kjende folk frå Åmli[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]