149 Medusa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
149 Medusa
Oppdaging A
Oppdaga av Henri Joseph Perrotin
Oppdaga dato 21. september 1875
Alternative namn B
Kategori Hovudbeltet
BaneelementC JPL
Epoke 31. desember 2006 (JD 2454100,5)
Aphel (Q) 346,542 mill. km (2,316 AE)
Perihel (q) 304,026 mill. km (2,032 AE)
Stor halvakse (a) 325,284 mill. km (2,174 AE)
Eksentrisitet (e) 0,065
Omløpsperiode (P) 1171,128 d (3,21 år)
Gjennomsnittleg banefart 20,18 km/s
Gjennomsnittleg anomali (M) 284,523°
Banehelling (i) 0,937°
Lengda til oppstigande knute ) 159,647°
Perihelargument (ω) 251,134°
Fysiske eigenskapar
Dimensjonar 19,7 km
Masse 8,0×1015 kg
Tettleik 2,0 g/cm³
Overflategravitasjon 0,0055 m/s²
Unnsleppingsfart 0,0104 km/s
Rotasjonsperiode ? d
Albedo 0,10
Spektralklasse S
Absolutt storleiksklasse: 10,79
Overflatetemperatur: ~189 K

149 Medusa er ein asteroide i hovudbeltet. Han er av S-typen og lys i fargen.

Han blei oppdaga av J. Perrotin den 21. september 1875 og namnsett etter gorgonaren Medusa, eit monster med hår av slangar i gresk mytologi.

Då han blei oppdaga var Medusa den desidert minste asteroiden ein kjende til, sjølv om dette ikkje var kjent på denne tida. Sidan då har tusenvis av mindre asteroidar blitt funne. Medusa var òg den mest solnære asteroiden oppdaga så langt, og slo rekorden som 8 Flora hadde halde lenge. Han fortsette å vera den næraste asteroiden til Sola inntil 433 Eros og 434 Hungaria blei oppdaga i 1898 og som leidde til oppdaginga av to nye asteroidefamiliar innanfor 4:1 kirkwood-gapet som utgjer den indre grensa til hovudbeltet.

Medusa har ein heller lang rotasjonsperiode på 26 timar.

Smålekamar i solsystemet