AVRO-turneringa i sjakk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

AVRO-turneringa i sjakk var ei sjakkturnering halden i Nederland i 1938, sponsa av det nederlandske kringkastingsselskapet AVRO (Algemeene Vereeniging Radio Omroep). Turneringa var ei dobbel alle-mot-alle-turnering. Åtte av dei fremste spelarane i verda var med: Verdsmeister i sjakk Alexander Alekhine, tidlegare verdsmeistrar José Raúl Capablanca og Max Euwe, og dei sannsynlege utfordrarane Mikhail Botvinnik, Paul Keres, Reuben Fine, Samuel Reshevsky og Salo Flohr. Keres og Fine delte førsteplassen, med Keres som vinnar på kvalitetspoeng fordi han klarte 1,5-0,5 i partia mot Reuben Fine. Jose Capablanca, som hadde tapt berre 26 turneringsparti på 29 år, tapte 4 parti i denne eine turneringa. Forklaringa skal ligge i at han fekk eit mindre slag i løpet av turneringa.

Turneringa vart arrangert med målsettinga at den skulle kåre ein utfordrar til verdsmeisteren Alekhine, men det var inga offisiell kandidatturnering. VM-kamp mellom vinnaren Paul Keres og Alekhine vart det ikkje noko av. Forhandlingane førte ikkje fram, for ein del på grunn av utbrotet av den andre verdskrigen i 1939.

Likevel hadde AVRO-turneringa betydeleg status. Så då Verdssjakkforbundet FIDE arrangerte VM-turneringa i sjakk 1948 etter at Alekhine døydde i 1946, så vart dei seks overlenvande deltakarane i AVRO invitert (Capablanca hadde også døydd), bortsett frå at Sovjetunionen fekk byte ut Flohr med Vassilij Smyslov som hadde klart betre resultat fram mot 1948.

Speleprogram[endre | endre wikiteksten]

AVRO-turneringa vart spelt frå 6. til 27. november 1938. Spelarane vart flytta frå by til by på følgjande måte: [1]

Runde Stad Dato
1 Amsterdam Nov. 6
2 Haag Nov. 8
3 Rotterdam Nov. 10
4 Groningen Nov. 12
5 Zwolle Nov. 13
6 Haarlem Nov. 14
7 Amsterdam Nov. 15
8 Utrecht Nov. 17
9 Arnhem Nov. 19
10 Breda Nov. 20
11 Rotterdam Nov. 22
12 Haag Nov. 24
13 Leiden Nov. 25
14 Amsterdam Nov. 27

Krysstabell[endre | endre wikiteksten]

Nr. Namn Nasjon 1 2 3 4 5 6 7 8 Total
1 Paul Keres Estland XX 1= == == 1= == 1= ==
2 Reuben Fine USA 0= XX 1= 10 10 11 == 1=
3 Mikhail Botvinnik Det sovjetiske flagget == 0= XX =0 1= 1= =1 ==
4 Machgielis Euwe Nederland == 01 =1 XX 0= 0= 01 1= 7
5 Samuel Reshevsky USA 0= 01 0= 1= XX == == 1= 7
6 Alexander Alekhine Frankrike == 00 0= 1= == XX =1 =1 7
7 José Raúl Capablanca Cuba 0= == =0 10 == =0 XX =1 6
8 Salo Flohr Tsjekkoslovakia == 0= == 0= 0= =0 =0 XX

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. AVRO-turneringa partisamling på ChessGames.com. [1]